Soundtrack: Boney M – White Christmas

Aaaah….Det er fint lite som gir meg meir jolestemning enn Boney M. Eg klandrar gamlingane; opp gjennom heile barndomen var det standard i desember. Joleplata til Boney M snurra og gjekk til vasking og baking og sølvpussing. Det blei liksom ikkje jol utan!

Eg fekk betennelsesdempande av legen denne veka, for den skuldera mi som driv å tullar seg. Men eg kunne ikkje starte på den, før eg kunne slutte på smertestillande, noko eg MÅ ha for å kome gjennom arbeidsdagen. Så, vel og merke med vondt i hjarta, sa eg ifrå meg vakta mi i dag. Men no merkar eg at det var på høg tid med ein fridag. Eg vann ein sal-konkurranse her om dagen då! To kinobillettar!! <3 Så då må eg berre finne ein film eg har lyst å sjå med go’guten min, samt eit tidspunkt der eg har TID til sånne fritidssysler…!
Det har gått i EITT siste tida; jobb-jobb-jobb og endå litt meir jobb, play-date med favoritt-englane mine, Synne og Samuel, og handletur med svigermor, noko som resulterte i at eg endeleg fekk med adventsstake!! Samt eit awsomme lure-skinnbukse!! <3 Jolekaker kom ho òg med, så medan eg har jobba i det siste, har Dunedàin nærmast levd på peparkaker, kromkaker, nøttetoppar og kransekake! xD Makan til godtemoms….(veit du les her inne, svigermor! Så heilt offentleg: Tusen takk! U are the BEST! <3 )

Innimellom freistar ein då å få seg ein liten blund på sofaen, mellom slaga. Men her kjem litt av grunnen til at me no har teke ei ganske stor avgjersle, eg og Dunedàin:

Om nokon legg merke til den massive vetle beibien som passar på at mamsen får sove i fred? Jepp, sånn kviler me her i huset. Og konklusjonen er at me treng sårt meir golvplass, med ein sånn diger bamse i huset! Han har passert 30 kilo no, og er endå ikkje ferdig å vekse. Gentle giant, greit nok. Men han trur framleis han er på størrelse med Pixie, så ting kan brått bli i overkant valdsamt her.
Derfor har me bestemd oss for å flytte på oss. Til Bontveit. Der kan me bu billeg, sidan Dunedàin har hus der oppi, fram til me får spart opp til å kjøpe hus, kanskje hakket meir sentralt.
Samstundes hjelp det på å flytte til eit hus som har skikkeleg varme, og der du ikkje delar rom med rotter og mus, og der det dryp frå taket over senga vår.
Så det er siste nytt på husfronten. Me søkte jo om lån, men fekk avslag grunna dårleg budsjettering det siste året. Det er kanskje ikkje rart då; eg tente så godt som ingenting medan eg var sjuk, og me held så vidt hovudet over vatnet i store delar av året. Men eg ynskjer no 2019 velkomen med opne armar, og eit håp om at det skal bli eit år utan mykje au og blæh og sutring og grining.

Men det var den adventskalendaren vår!!
Den 6. desember hadde jolenissen putta fin-fine hjarte-teiknestifter i kalendaren min!

Syns dei var dødssøte! ^^ *squeeee!!*
Og i går låg det ein av mine favorittar i lomma mi:

Mars-sjokolade!! Heilt fantastisk å nyte ein sånn når ein kjem heim etter ei lang kveldsvakt.
Og så har eg for så vidt innsett at desse gåvekalendarane mest av alt blir ein konkurranse i kven som kjenner kven best i forholdet! xD Ein vil jo helst finne ting som passar perfekt til kjærasten sin, og som lyser opp dagen hans/hennar!
For å sei det sånn: Dunedàin ledar med eit hestehovud på meg så langt! Han har verkeleg gått i seg sjølv for å finne dei PERFEKTE gåvene! <3

Soundtrack: Snorkinga til Elessär

Dette kan guten!! Eg kasta meg over kalendaren då eg kom heim frå nattevakt, som den entusiastiske skitungen eg er. Og sjåååå kva flinke Dunedàin hadde funne til meg! <3

Det er ei DRAGEBOK!! Søtaste vesle skriveboka med DRAAAAGESKJELL! Såh det såh! xD
Han stakkars, fekk “berre” tapas-wraps-pinnar av meg i går. Men det var fordi eg kom over den geniale vesle greia, og tenkte at han trengde dei så han slepp å sitje og hakke opp grillpinnar i framtida! Åååh, jiiz for ein teit og tung settning….!

Men no skal eg sove. Ute SNØR det (sånn i tilfelle nokon ikkje las ingressen!) og eg kryssar fingrane til krampa tek meg for at eg vaknar til ein kvit og snødekt hage utover dagen!!

Soundtrack: Skruk – Det Lyser i Stille Grender

NB! Dette innlegget skal etter planen innehalde fleire bilete på sikt, men sidan eg manglar desse foreløpig, kjem dei forhåpentlegvis seinare, eventuelt i eit anna innlegg! 😉

Det er litt vedmodig når ei innspeling er over. Du har levd i di eiga vesle boble i over ei veke, der verda er prega av kablar og budsjett og ein haug med fine folk som held seg i same bobla. Brått er kvardagen der igjen, og du merkar du faktisk saknar å stå tidleg opp for å møte på sett med walkie-talkie i baklomma, dokumentmapper på alle kantar, og eit fantastisk crew som gjer ein heilt utruleg innsats frå morgon til kveld.
Film er ein livsstil. Når eg fortel folk om korleis det gjerne artar seg, og korleis ALT dreiar seg om jobben din i periodane det står på (i alle fall når ein jobbar med kortare innspelingar) er det mange som ristar på hovudet og spør: -Korleis ORKAR du?!
Det er ikkje vanskeleg. Ikkje når du lever for det, og elskar kvart minutt av det.
Som produsent i denne runden, fekk eg sett mindre av det som skjedde framfor kamera enn når eg har vore foto, lyd, skodespelar eller i prod.design-avdelinga. Men det var ei fantastisk opplevjing, og eg gjer det gjerne igjen! Det er ei lita kontorrotte i meg, når alt kjem til stykkje!

I am Cornholio! I need TP for my banghole! (anar ikkje kvifor hovudet mitt syng den, men….)

Innimellom kan det vel og merke bli mykje for ein kvar entusiast, og i går enda eg opp med å duppe av på sofaen. Det siste eg sa til mine effektive og trufaste prod.ass’ar Jenny og Wenche, var: -Vekk meg om eg snorkar!
Eg merka ikkje ein gong at eg hadde sklidd inn i draumeland, før nokon prikka borti meg og kviskra: -Vakne! Du snorkar! Dei går på opptak!
Eg snorkar vanlegvis berre når eg er i overkant trøytt og sliten, og dette var vel det endelege provet på at NO trengde eg ein fridag.
Så eg måtte sei ifrå meg jolebordet med den andre jobben. Det gjekk rett og slett ikkje! :'( Kroppen protesterte, hovudet arrangerte parade, og ryggen gjekk ut i streik. Veldig kjipt; eg hadde verkeleg sett fram til å hive innpå med pinnekjøt i godt selskap, svinge meg på dansegolvet og hive nedpå ein dram eller to. Men vil ikkje kroppen, så vil ikkje kroppen.
Pixie skulle jo i tillegg vere med på innspeling denne dagen, og ho starta dagen med å glefse tak i Elessär, og knekke ei tann…Heldigvis hang den berre igjen etter ei hudfille, og kunne nappast ut. Ho har berre mjølketenner (long story), og dei vil etterkvart ramle ut av seg sjølv. Men det tek til å gå hardt utover hjørnetennene hennar! Ho kjem til å bli ei tannlaus lita dame på sikt, er eg redd….Men innsatsen hennar var det ingenting å sei på, trass i tannfellinga! Ho er vesle primadonnaen til mamma, ho. Ein tannlaus liten kinesar-diva.

Men no har jola gjort sitt inntog i heimen, så smått i alle fall. Jolemusikken siv ut av høgtalarane, adventstjerna er komen opp, og joleljosa lyser opp utanfor.
Og tradisjon tru renn det inn med snaps frå folk som har kome hakket lengjer og starta jolebaksten. Eg tek det litt på sikt. Fyrste veka skal eg jobbe som ein tulling, så det blir ikkje mykje tid til nedvask i år heller, ser det ut som.
Ha ei flott adventstid, alle saman!

Soundtrack: Halvdan Sivertsen – Josefs Julevise

Fyrste pakken kalendaren gjekk til Dunedàin, og han fekk fingerlause hanskar av meg. Så var det den tyngste pakken i kalendaren til meg som nummer 2.
Inni var det duftljos!! Fantastiskaste yashmin-dufta! <3 Held det fram slik, så blir dette tidenes kalendar! xD

Soundtrack: Metallica – Enter Sandman

I dag er dei svarte, med knæsj-rosa Playboy-bunnies på. Eg har etterkvart byrja å utvikle eit aldri så lite kosesokk-dilemma; etterkvart som dei blir vaska, blir dei mindre og mindre kosete, og meir og meir….posete. Men dei er på, døgnet rundt.
For eg bur i eit veldig kaldt hus. VELDIG kaldt. Det er omtrent som om me har greidd å bruke opp oppvarmingskvota vår, og huset vil rett og slett ikkje bli varmt lengjer! Før held det greit med to panelovnar, varmekablar på badet og ein flyttbar varmeovn. Det er tydelegvis ikkje nok lengjer, og huset er konstant guffent. Det er kome til det punktet der me har to val når me er heime: Pakke oss ned under x antal pledd og krype opp i sofaen (og glane på Netflix) eller rett og slett ta ovnen opp på soverommet og leggje oss. Eventuelt kan du ta ein lang, varm dusj, og utsetje leggjetida litt.
Eg merkar at det tærer på meg at det er sånn. Eg har jo sjølvsagt lyst å GJERE noko i huset; rydde og vaske, lage skikkeleg mat, skrive litt, jobbe på eit eller anna kreativt nivå, game….Men når alt som skal gjerast over teppekanten må utførast i eksimo-kostyme, blir det fort temmeleg knotete.
Så eg drøymer meg vekk til eit hus med vedovn og varme golv.

Då eg var yngre, og husdraumen var noko laaaangt der framme, når eg blei gamal og hadde skikkeleg jobb og alt sånt som vaksne ordnar seg med (ha i minnet at eg framleis slit litt med å bli skikkeleg vaksen, så eg føler ikkje tida har gått heilt frå meg!) hadde eg rett og slett grandiose planar. Huset mitt skulle ha svært kjøken med kjøkenøy og vedovn og store vindauge like ved kjøkenbordet, sånn at eg kunne stå over bordet og bake til jol, medan snøen lava ned utanfor. Det skulle ha tårn, heimekino i kjellaren, bibliotek à la Beauty & the Beast-style, man-cave med øltappekranar og biljardbord til min mannlege motpart, hemmelege rom og basseng i hagen. Og boblebad vegg i vegg med soverommet.
Sakte med sikkert blir draumen strippa for element. Stort kjøken blir til “litt meir skapplass”, og heimekino blir “med plass til TV’en”. No er eg nede i “varme golv og vindauge som kan lukkast skikkeleg”.
Så, ja. For tida drøymer eg veldig intenst om ein litt mindre u-landsstandard på hus og heim. Alt ordnar seg, det er eg klar over. Men det kan godt ordne seg før eg må fram med ishakke og spade for å grave fram sofaen min!!

Inn i mellom alt dette, byrjar jolestemninga å snike seg på. Eg og Dunedàin har laga oss jolekalendar, og er som to små ungar som sitrar i spenning over kva som er i dei ulike pakkane.

Iiiih! 12 av pakkane er til meg!! 😀 Og den aller aller tyngste er miiiin! ^^ Hihi! Helsing Lokkri, 5 år.

I går vandra eg ein liten tur gjennom sentrum av Noregs vakraste by, altso Bergen. Fine Bergen. Trur ikkje det finst ein by som er finare kring joletider!! Ljos og kaldt og alt er berre vakkert. Eg forbannar alltid meg sjølv over at eg ikkje er utstyrt med speiglreflekskamera mitt til ei kvar tid, for det er så mykje eg har lyst å fotografere!! Og mobilkamera er ikkje ein dings eg klarar å bli vener med. Eg er old school og vanskeleg. Bileta mine blir ALDRI sånn eg vil ha dei når eg skal ta bilete med dei. Så eg klarte ikkje å fange korleis området kring Kjøttbasaren såg ut som ei gate i Diagon Alley, eller kor magisk tårnet på Havnekontoret var drapert i ljos. Men eit hint av magien er der i alle fall. Eg trur eg blir nøydd å ta meg ein tur og ta nokre SKIKKELEGE bilete. Ein dag eg har varm kåpe, skikkelege hanskar og ikkje minst varme sko….

Jepp, ein runde til med kamera er definitivt påkrevd. Trur eg skal freiste å dra med Dunedàin. Han er ganske glad i å ta bilete han med! Så kan Elessär og Pixie få seg ein luftetur dei med.

Soundtrack: Ingenting. Headset’et mitt streika.

Dette er livet mitt for tida. Og eg elskar det. Minst like bra blir det neste veke, når innspelinga startar for alvor!! 😀 No er det hovudsakeleg planleggjing av detaljar som kven skal køyre med kven, kven kan ete kva, kvifor er det ikkje sånn, og kva gjer den dingsen der? Kven er han, og kvifor skal ho vere med, og hugsa eg å kjøpe meir RedBull, og så vidare og så vidare. Ein kan bli litt surrete i hovudet av sånt, men det er ein herleg buzz som foregår. So I have that going for me.

Akkurat no skal eg freiste å ikkje krisemaksimere at me manglar sete til EI rumpe til blockingen på måndag, og at me er ein prod.ass i underskot på tysdag. Men det er det fine med utfordringar då; dei utfordrar. Me like.

Grunnen til at eg, midt i arbeidstida *dask på lanken* berre MÅTTE setje meg ned og skrive i dag, var den noko spesielle opplevjinga eg hadde på bussen i dag.
Då den svinga opp på Möhlenpris, stod det ein hærskare av vektarar der. Ingen slapp av bussen utan å bli kontrollert. Nuvel, trass i at dei har vore heftig masse etter meg den siste tida (eg legg skulda på at eg ser så skremmande normal ut no! Ingen rare hårfargar eller mohawk, crazy sminke, sære klede….vel, ikkje så VELDIG sære, i alle fall….) så har dei endå til gode å faktisk ta meg for noko. Denne dama har både kvitteringar og billettar i orden, bank i bordet!!
Vel, tre stopp tidlegare, kom det på ein pappa-mann, ei mamma-dame og ei barnevogn med knøtt. Han stod bak med barnevogna, og ho sette seg to seter lengjer framme.
I det me rullar opp framfor årsmøtet i Billettkontrollforbundet, heretter kalla BKF, viste mannen billetten sin. Så hiv han seg nærmast av bussen, og seier han skal av. Ein av vektarane ser frå kona hans, bort på han som småspring avgarde, og tilbake på kona, før han ropar: -HEI! STOPP!!
Mannen seg opp farten. Kona kjem veltande av bussen og ropar noko, og vektarane legg etter rømningsmannen. Dei får innhenta han rett før eg skal passere, og eg rusla liiiiitt saktare for å klare å få med meg kva oppstyret dreiar seg om.
-Eg må gå. Eg har det travelt, seier springe-mannen, og legg til noko om at han må tilbake på bussen. Som han akkurat sprang ifrå.
-Du sa du skulle av, svarar vektaren.
Kona skyt inn noko, men eg får ikkje med meg kva. Barnevogna står framleis igjen inne på bussen.
-Ja, eg skulle av, svarar mannen.
-Vel, eg såg at du ga billetten din til ho, seier vektaren, og peikar på kona.
Ho protesterar, og mannen presterar å sei: -Ja, men ho må jo ha billett når det er kontroll!
-De må ha KVAR SIN BILLETT, er det siste eg får med meg at vektaren seier, før eg har kome meg forbi folkemengda og er utanfor høyrevidde.
Eg tenkte med meg sjølv at “sharing is caring”, og vurderte om eg skulle skyte det inn i den noko oppheta debatten som føregjekk bak meg, men slo det frå meg.

Men då var lunsjpausen min over, og eg vonar eg har vore underhaldning nok for denne gong. Dunedàin har forresten nærmast konkludert med at eg må ta meg eit sabbath-år, der me kan bu på hytta hans oppi fjellet ein periode, sånn at eg kan skrive og han kan lage musikk. Og sjølvsagt då leve på luft og kjærleik.
Nei, la meg heller håpe me faktisk får resten av lånet innvilga og kan kjøpe oss tak over hovudet snarast. I dag var det tjukt med is på bilen, og eg byrjar å frykte korleis denne vinteren skal gå om me ikkje får oss eit varmare hus…..

Soundtrack: TYLGlenn øver til jolekonsert

Eg elskar å pynte neglene mine. Det kan lissom aldri bli nok glitter og bling og lengde og det som ellers er mogleg å klistre på dei. Men eit stadig tilbakevendande problem, er jobben min. Å jobbe med mat er særs upraktisk når ein har lange klør med masse fargerikt dill, og dei meir praktiske ikkje-kontorske jobbane eg har hatt i filmbransjen, har ein tendens til å gå hardt utover neglene.
Førre gong eg fekk utstyrt meg med eit sett velstelte ti, køyrde eg like gjerne tre av dei fast i eit kamerastativ og bokstaveleg talt røska dei av. Ao.

Men så var det denne fantastiske dama då, Elisabeth. Ho har bestemd seg for at ho skal kombinere sin kjærleik for hår, med sin kjærleik for negler. Dermed treng ho modellar, når ho skulle hive seg i gong med noko som så fint heiter SNS. Eg skal ikkje hive meg ut i noko av det tekniske terminologiane kring dette fenomenet, men kort sagt går det meir på at ein styrkar eigne negl, og på ein finurleg måte “byggjer” dei. Heilt greit, eg stiller gjerne som øve-prøvekanin, eg!
La meg sei; eg er ikkje skuffa:


Foto: Elisabeth

Til og med ein liten pegaus-horning på eine ringfingeren, og blåsvarte steinar på den andre!! 😀 Og gliiiitter i tuppane! Dæng.
Det som var genialt for min del, var rett og slett at dette er MIN lengde på neglene. Eg må jo fylle på, men det er mi negl som på ein måte “byggjer” vidare for den støypte delen! Og dei føles meir naturlege enn mange av dei andre typane eg har freista å halde. Så får eg håpe at denne sorten faktisk held til sånne apekattar som meg, som ikkje er skapt for pent kontorarbeid og denslags!
Tusen takk, Elisabeth!! Og så kan ein følgje ho på @colortasticnailstudio på Instagram! 😉 Eg ser i alle fall fram til å byggje vidare på noko som ikkje berre bøyer seg og flisar seg i alle rettninga, trass i at Elessär allereie har hinta om at han har tenkt å by på ein utfordring eller to i prosessen med å ha velstelte negler!

Eg hugsar då eg var på Gran Canaria for nokre år sidan og fekk fixa neglene. Det gjekk mykje i same stilen; fransk manikyr med svart tupp. Dama som manikyrerte meg var skikkeleg koseleg, og me blei sitjande og skravle. Eg forklarte at eg hadde høyrd at denne typen manikyr blei omtala som “gothisk manikyr”. Ho lo litt, og sa at det var eit veldig merkeleg fenomen det der. Ho hadde hatt eit større antal norske kundar, som gjerne var i gata “rocka” eller “gothere”, og dei ba om akkurat det same!
Så me konkluderte med at stilen måtte vere norsk-gothisk manikyr.
I ettertid trur eg kanskje det kan vere på sin plass, for om ein googlar, så kallar ein det visstnok berre “black French manicure”.
Så då veit du det! Ein lærer kvar dag, om det så berre er noko nytt om negler.

Og visst nokon lurte på det soundtracket øverst i innlegget, så er då TYLafantane arbeidstittelen på meg og Dùnedain sitt musikalske samarbeid! xD

Soundtrack: Maryland – Vonda Shephard

Det var omtrent sånn det føltes å vakne i dag. Dovregubben med følgje hadde full Riverdance-fest, iført kloggar, på innsida av skallen min. Oooh, the pain!! Men denne gongen var det sjølvpåførd, og kunne ordnast med paracet. Takk og pris.

Men sånn skal det vere dagen derpå etter Halloween. Min absolutte favorittdag, vel og merke saman med jolafta. Og sidan mordarklovnane har helde seg i ro siste åra, tok eg sjansen på å vere klovn i år. Trass i at Sara sende meg eit blikk og spurde om eg var ei djevel-rocke-chick eller noko i den gata. Så eg måtte låne meg litt lepestift frå Eline, aka Menstrollet, til å pynte nasetuppen, sånn at det blei noko tydelegare kva gate eg eigentleg freista å halde meg i.
I det store og det heile var eg veldig nøygd med kostymet mitt. Til ein forandring droppa eg alt av voks og latex, og køyrde ei meir subtil klovnesminke i år. I overkant subtil, kan det kanskje hevdast. Eg hadde til og med kjøpt eingongs-hårfarge i rosa, noko eg i løpet av dagen har innsett at kombinert med hårsprayen eg fann i tølene etter besta, utgjorde eit ganske heftig resultat, som framleis står mohawkstyle no seint på kvelden. Så får det heller vere at den sikkert gir meg mitt eige private hòl i ozonlaget. Faktum er no i det minste at det virkar.
Festlegheitane blei arrangert hjå Sara, og ho stilte som vanleg med punsj med augeepler, samt fantastiske sjokolademuffins som hadde fluffy eggedosis-smak på frostingen. Eg trur eg sneik til meg 3-4 stk, hovudsakeleg for å få momse frosting.
Masse herlege folk, både jolenisse-babes, vampyrar, skrømt, og ein funny bunny boy. Beer-pong og drikkeleikar. Og ikkje minst fekk eg med fine-Eline, som har så bissi timeplan at ho klarar i snitt å presse inn to dagar med Lokkri-tid i året! Så wheee for det! ^^

 


Joker-chick Sara, skeleton-Cathrine og moi
Foto: Sara

Meg og TampongTrollet Eline <3

Kveldens antrekk! Svart frakk, platå-støvlettar til langt oppå leggen og raud nasetupp blei lagt til seinare.

Då klokka gjekk mot halv 12, skulle festen forflytte seg til ein uteplass. Tidlegare Klubb KOK, der eg ikkje har vore sidan 2006 eller så. Det var til og med FØR det var både Tiger og LUX, eller kva no enn dei har heitt opp igjennom åra! Jiiz. Tida flyg.
Køen var lang som eit vondt år. Men med god underhaldning og masse god stemning, gjekk ventetida relativt kjapt. Me kom inn, etter at Cathrine hadde freista å hjelpe ei demon-bærte med å rette ut flokane i det tupperte håret hennar (noko ho ikkje sette vidare pris på….!) og eg freista å orientere meg i lokala.
Kort oppsummert: Golvet var så klissete at eg var redd skosålane mine skulle stå att bak meg for kvart steg eg tok. Baren hadde berre drikkevarer for barnehagestadiet (ingenting over 20%!) og sjølv om dansegolvet var tettpakka, sleit eg med å forstå kva dei dansa til.
Det var då eg følte meg gamal. Skikkeleg gamal. Eg trur eg aleine heva gjennomsnittsalderen med minst 20 år, og for fyrste gong i mitt liv slo tanken meg at musikken her berre var dunk-dunk og bråk. Innimellom kjende eg igjen eit hint av orginalane som var sampla, men i neste augneblink drukna det i basstaktar og onka-chonka-chipp-chopp-lydar.
Eg bestilte meg ein drink i baren, og ba om ein syrleg ein. Det fekk eg til gongs; det blei som å drikke sitronsyre. Med ekstra sitron. Så eg freista med ein søt ein for å rette meg sjølv inn på rett spor. Den smakte dårleg blanda hushaldningssaft. Til slutt ga eg opp, og gjekk for ein øl. Som havna på golvet.
Det blei spikaren i kista. Brystkassa mi gjorde opprør i kjølvatnet av den noko sur/søte opplevjinga eg nyleg hadde gått gjennom. “Bringesvie”, som xGubbelusken bruka å kalle det.
Så eg snudde rundt, klatra opp trappa og gjekk ut for å trekkje frisk luft. Der dumpa eg ned på ein benk, opna veska, og innsåg at mobilen min tydelegvis var blitt igjen på vorspielet. Hurra.
Sidan Dunedàin var utanfor rekkjevidde, og sidan ingen bussar hadde tenkt seg utover mot mine heimtrakter dei neste 4 timane, bestemde eg meg like gjerne for å hoppe i ein taxi og rulle heim på den noko meir ekstravagante måten. Klokka var sikkert ikkje blitt 2 ein gong, så eg følte meg noko gamal der eg sat. Igjen.

Ikkje at det akkurat har skremd meg frå å føle ein trong til å emigrere ut på by’n i ny og ne, men det er mogleg eg vel uteplassane med større omhu. Eg har vel og merke oppdaga at eg burde utvide horisonten min aldri så lite grann, sidan ruta mi har gått mellom BrukBar, Finnegans og Garage dei siste åra. No er Garage historie, og eg føler ei trong til å gå på jakt etter eit nytt vatnhòl. Forslag blir mottekne med takk.

Så blei det kanskje ikkje tidenes -lengste- Halloween-fest på meg i år, men kjekt var det no like fult. Dunedàin hadde skåre ut tidenes mest awsomme graskar-lykt, som fekk plass på altanen vår. Innmaten blei det kokt suppe på, men min entusiasme for den retten kan eg fint halde for meg sjølv. Det var….spesielt.
Me hadde kjøpt inn snop til trick or treaters’ane, men det kom ingen småmonster på døra her hjå oss i år. Nokre blei observert der dei rusla forbi, men noko held dei tydelegvis frå å kome oppom oss. Ingen tap sånn sett; eg et gjerne snopet sjølv, eg! I kjølvatnet av det har eg i tillegg konkludert med at smarties-linser smakar kliss likt uansett farge, i motsetjing til NonStop som faktisk har ein viss variasjon. Kors på halsen!!

Du Vet Hvem Jeg Er – Sidsel Endressen

Vinteren kjem. Så eg pakkar meg ned under tre tepper i sofakroken, tenner stearinljos og røykelse, vurderar ein kopp te, og har flokken samla kring meg. På Spotify surrar lista mi med haustsongar, i påvente av at tida skal kome når eg kan setje på jolemusikk. Men fyrst er det Halloween <3
Klovnekostymet mitt er klart. Graskaret står klart til utskjering oppå kjøleskapet. Planen var å ta den jobben i kveld, men så kolapsa Dunedàin, som skulle vere min medkuttar, og måtte kapitulere og finne loppekassa. Klokka 20. Stakkars mannen. Han har verkeleg snudd døgnet siste månaden….

Eg orkar ikkje gå i detalj for alt som har feila meg siste tida. Det har vore kular og oppskjæring og blod og spy og Fandens oldemor. Ho veit å blande seg, den dama.
I ein periode klarte eg rett og slett ikkje å løfte hovudet frå senga. Eg sov minimum 14 timar i døgnet, og psyka mi var så i kjellaren som den ikkje har vore på årevis. Eg gjekk ned 5 kilo på under tre veker, fordi maten ikkje ville bli der eg putta den. Enkelte dagar klarte eg ikkje ein gong å drikke. Redninga har vore kirsebærsaft frå Lerum og Mariekjeks. Det har på eit vis fått blitt i magen, sjølv om det verken har vore noko næringsrikt eller energirikt. Vombafyll, som me seier heime. Eg skal vere å så ærleg at eg ikkje klarte å sjå for meg at eg skulle klare å bli frisk og oppegåande igjen, og hadde mest lyst å gjere kort prosess.
Men så skjedde underet! Mirakelet! Kvitt ljos og ljomande trompetar! EG BYRJA Å BLI BETRE!!
Brått var eg oppegåande nok til å stå opp om morgonen, og faktisk -bli- oppe! Eg klarte å gjere husarbeid, ta meg av dyra mine, sitje oppreist, ete mat….Det tok litt tid før eg klarte å kome meg ut og rundt omkring, men før eg visste ordet av det, var eg tilbake i jobben mine, og følte meg som verdas heldigaste menneske!

Så, då var verda ein smule oppdatert. Og eg skal halde fram og pleie skrivekløen. Til sist tenkte eg å inkludere eit lite blinkskot av flokken (minus pippegutane mine; dei sit på kjøkenet og syng!), særleg med fokus på Elessär, som tydelegvis har the time of his life i sofaen! xD

Soundtrack: Mrs. Robinson – Simon & Garfunkel

Det er veldig sjeldan at eg har mareritt. Eg kan ha ubehagelege draumar, men det dei fleste ville definert som eit mareritt, er som regel ting eg syns er superunderhaldande, og eg blir frustrert når draumen tek slutt. Eg ville jo vite korleis dette enda!
Men i natt hadde eg då ein av dei draumane som gjorde at eg låg stiv som ein stokk og stira framfor meg i fleire minutt, før eg slo på ljoset og våga å sove igjen. Det var ikkje handlinga som var skremmande, men måten hjernen min leikar regisør gjennom historia.

Det starta med ei blond, ung dame. Det var ikkje meg; eg observerte berre det som skjedde, litt som om eg såg ein film som var filma delvis i hovudpersonen sitt POV. Ho var kledd i ein rosa fluffy fjærvest, tøflar og shorts, og det føltes som om ho var midt i prosessen med å anten gjere seg klar til å gå ut, eller akkurat var komen heim og på veg til sengs.
Brått er det ein annan person i huset med ho, som viste seg å vere hennar eigen dobbelgjengar. Denne personen angreip karakteren, og drap ho med kniv. Så byrja historia på nytt. Igjen blei ho drepen, men på ein ny måte. Og så skjedde det igjen. Denne gongen var hovudkarakteren litt meir obs på at noko ikkje stemde. Ho var redd. Og endå ein gong blei ho drepen.
Då ho igjen var tilbake ved start, greidde ho på ein eller annan måte å unngå mordaren, berre for å oppdage at det ikkje var ein dobbelgjengar, men snarare nokon utkledd som ho sjølv, iførd ei maske. Ho fann ei slik maske under eit bord, tok den på seg, og freista å unngå mordaren. Ho blei klar over at det konstant “spawna” nye versjonar av ho sjølv, samt nye mordarar. Mordarane var nye og ulike menneskjer heile tida, iførd masker.

Så kobla hjernen min inn, for no forstod den at dette ikkje kom til å skremme meg, og eg var ein av dobbelgjengarane i historia. Saman med orginalen, og ein annan dobbelgjengar, barrikaderte me oss på eit bittelite bad. I panikk freista me å klatre ut vindauga, men oppdaga at mordarane hadde spikra att vindaugo. Eg og den eine dobbelgjengaren freista å halde att døra, for den gjekk ikkje an å låse, medan orginaldama freista å bryte opp vindauga. Så står brått nokon på andre sida av glaset og freistar å slå seg veg inn! Ei ung dame greidde å ta seg inn, og me slåss med ho og fekk vridd kniven hennar ut av handa på ho. Men i prosessen, glapp døra opp, og eg såg min med-klone får ein kniv over strupa gjennom glipa i døra, før eg sjølv forsvann inn i mørkret, og forstod at dei hadde klart å ta knekken på meg òg.

Så langt var det intenst, men overkomeleg. Så kom den som fekk blodet til å fryse til is inni meg. Historia utspann seg på ein TV-skjerm. Ei reporter-dame snakka om dei brutale drapa, og eg var bak ein fyr som sat i ein sofa og såg på. Så kom musikken. Åh, herregud. Den musikken. Eg kan ikkje forklare kva som fekk hjarta til banke seg veg gjennom brystkassa mi, men trommene, songen….Det var blod overalt, og det var merkelege, farga ljos-flash i rommet. Så kom det kravlande ei kvinne bortover golvet; ho mangla eit bein, var tilgrisa i blod, og kledd i lakk og lær. Så kom det fleire. Den same kvinna, men alle var skada på ulike måtar. Forvridde, såra og blodige. Alle var kledd ulikt, med ulike frisyrer. Dei var same person, men samstundes ikkje. Eg var ein av dei.
Mannen i sofaen snudde seg. Andlete hans var fult i kutt og glasskår. Av ein eller annan grunn måtte me kome oss vekk ifrå han. Og ruta gjekk oppover langs veggane, mot taket. Mot eit kvitt ljos der oppe. Medan musikken held fram.


Eg slo opp augo, og heiv etter pusten. Eg blunka nokre gongar, slo på ljoset og innsåg at det er kanskje ein god ting at eg ikkje er ansvarleg for sound traxx i filmverda.