Mareritt: Sjeldan vare

Soundtrack: Mrs. Robinson – Simon & Garfunkel

Det er veldig sjeldan at eg har mareritt. Eg kan ha ubehagelege draumar, men det dei fleste ville definert som eit mareritt, er som regel ting eg syns er superunderhaldande, og eg blir frustrert når draumen tek slutt. Eg ville jo vite korleis dette enda! 
Men i natt hadde eg då ein av dei draumane som gjorde at eg låg stiv som ein stokk og stira framfor meg i fleire minutt, før eg slo på ljoset og våga å sove igjen. Det var ikkje handlinga som var skremmande, men måten hjernen min leikar regisør gjennom historia. 

Det starta med ei blond, ung dame. Det var ikkje meg; eg observerte berre det som skjedde, litt som om eg såg ein film som var filma delvis i hovudpersonen sitt POV. Ho var kledd i ein rosa fluffy fjærvest, tøflar og shorts, og det føltes som om ho var midt i prosessen med å anten gjere seg klar til å gå ut, eller akkurat var komen heim og på veg til sengs. 
Brått er det ein annan person i huset med ho, som viste seg å vere hennar eigen dobbelgjengar. Denne personen angreip karakteren, og drap ho med kniv. Så byrja historia på nytt. Igjen blei ho drepen, men på ein ny måte. Og så skjedde det igjen. Denne gongen var hovudkarakteren litt meir obs på at noko ikkje stemde. Ho var redd. Og endå ein gong blei ho drepen. 
Då ho igjen var tilbake ved start, greidde ho på ein eller annan måte å unngå mordaren, berre for å oppdage at det ikkje var ein dobbelgjengar, men snarare nokon utkledd som ho sjølv, iførd ei maske. Ho fann ei slik maske under eit bord, tok den på seg, og freista å unngå mordaren. Ho blei klar over at det konstant “spawna” nye versjonar av ho sjølv, samt nye mordarar. Mordarane var nye og ulike menneskjer heile tida, iførd masker. 

Så kobla hjernen min inn, for no forstod den at dette ikkje kom til å skremme meg, og eg var ein av dobbelgjengarane i historia. Saman med orginalen, og ein annan dobbelgjengar, barrikaderte me oss på eit bittelite bad. I panikk freista me å klatre ut vindauga, men oppdaga at mordarane hadde spikra att vindaugo. Eg og den eine dobbelgjengaren freista å halde att døra, for den gjekk ikkje an å låse, medan orginaldama freista å bryte opp vindauga. Så står brått nokon på andre sida av glaset og freistar å slå seg veg inn! Ei ung dame greidde å ta seg inn, og me slåss med ho og fekk vridd kniven hennar ut av handa på ho. Men i prosessen, glapp døra opp, og eg såg min med-klone få ein kniv over strupa gjennom glipa i døra, før eg sjølv forsvann inn i mørkret, og forstod at dei hadde klart å ta knekken på meg òg. 

Så langt var det intenst, men overkomeleg. Så kom den som fekk blodet til å fryse til is inni meg. Historia utspann seg på ein TV-skjerm. Ei reporter-dame snakka om dei brutale drapa, og eg var bak ein fyr som sat i ein sofa og såg på. Så kom musikken. Åh, herregud. Den musikken. Eg kan ikkje forklare kva som fekk hjarta til banke seg veg gjennom brystkassa mi, men trommene, songen….Det var blod overalt, og det var merkelege, farga ljos-flash i rommet. Så kom det kravlande ei kvinne bortover golvet; ho mangla eit bein, var tilgrisa i blod, og kledd i lakk og lær. Så kom det fleire. Den same kvinna, men alle var skada på ulike måtar. Forvridde, såra og blodige. Alle var kledd ulikt, med ulike frisyrer. Dei var same person, men samstundes ikkje. Eg var ein av dei. 
Mannen i sofaen snudde seg. Andlete hans var fult i kutt og glasskår. Av ein eller annan grunn måtte me kome oss vekk ifrå han. Og ruta gjekk oppover langs veggane, mot taket. Mot eit kvitt ljos der oppe. Medan musikken held fram. 


Eg slo opp augo, og heiv etter pusten. Eg blunka nokre gongar, slo på ljoset og innsåg at det er kanskje ein god ting at eg ikkje er ansvarleg for sound traxx i filmverda. 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg