Jolestemning i Bergen, samt litt hus-news

Soundtrack: Metallica – Enter Sandman

I dag er dei svarte, med knæsj-rosa Playboy-bunnies på. Eg har etterkvart byrja å utvikle eit aldri så lite kosesokk-dilemma; etterkvart som dei blir vaska, blir dei mindre og mindre kosete, og meir og meir….posete. Men dei er på, døgnet rundt. 
For eg bur i eit veldig kaldt hus. VELDIG kaldt. Det er omtrent som om me har greidd å bruke opp oppvarmingskvota vår, og huset vil rett og slett ikkje bli varmt lengjer! Før held det greit med to panelovnar, varmekablar på badet og ein flyttbar varmeovn. Det er tydelegvis ikkje nok lengjer, og huset er konstant guffent. Det er kome til det punktet der me har to val når me er heime: Pakke oss ned under x antal pledd og krype opp i sofaen (og glane på Netflix) eller rett og slett ta ovnen opp på soverommet og leggje oss. Eventuelt kan du ta ein lang, varm dusj, og utsetje leggjetida litt. 
Eg merkar at det tærer på meg at det er sånn. Eg har jo sjølvsagt lyst å GJERE noko i huset; rydde og vaske, lage skikkeleg mat, skrive litt, jobbe på eit eller anna kreativt nivå, game….Men når alt som skal gjerast over teppekanten må utførast i eksimo-kostyme, blir det fort temmeleg knotete. 
Så eg drøymer meg vekk til eit hus med vedovn og varme golv. 

Då eg var yngre, og husdraumen var noko laaaangt der framme, når eg blei gamal og hadde skikkeleg jobb og alt sånt som vaksne ordnar seg med (ha i minnet at eg framleis slit litt med å bli skikkeleg vaksen, så eg føler ikkje tida har gått heilt frå meg!) hadde eg rett og slett grandiose planar. Huset mitt skulle ha svært kjøken med kjøkenøy og vedovn og store vindauge like ved kjøkenbordet, sånn at eg kunne stå over bordet og bake til jol, medan snøen lava ned utanfor. Det skulle ha tårn, heimekino i kjellaren, bibliotek à la Beauty & the Beast-style, man-cave med øltappekranar og biljardbord til min mannlege motpart, hemmelege rom og basseng i hagen. Og boblebad vegg i vegg med soverommet. 
Sakte med sikkert blir draumen strippa for element. Stort kjøken blir til “litt meir skapplass”, og heimekino blir “med plass til TV’en”. No er eg nede i “varme golv og vindauge som kan lukkast skikkeleg”.
Så, ja. For tida drøymer eg veldig intenst om ein litt mindre u-landsstandard på hus og heim. Alt ordnar seg, det er eg klar over. Men det kan godt ordne seg før eg må fram med ishakke og spade for å grave fram sofaen min!! 

Inn i mellom alt dette, byrjar jolestemninga å snike seg på. Eg og Dunedàin har laga oss jolekalendar, og er som to små ungar som sitrar i spenning over kva som er i dei ulike pakkane. 

Iiiih! 12 av pakkane er til meg!! 😀 Og den aller aller tyngste er miiiin! ^^ Hihi! Helsing Lokkri, 5 år. 

I går vandra eg ein liten tur gjennom sentrum av Noregs vakraste by, altso Bergen. Fine Bergen. Trur ikkje det finst ein by som er finare kring joletider!! Ljos og kaldt og alt er berre vakkert. Eg forbannar alltid meg sjølv over at eg ikkje er utstyrt med speiglreflekskamera mitt til ei kvar tid, for det er så mykje eg har lyst å fotografere!! Og mobilkamera er ikkje ein dings eg klarar å bli vener med. Eg er old school og vanskeleg. Bileta mine blir ALDRI sånn eg vil ha dei når eg skal ta bilete med dei. Så eg klarte ikkje å fange korleis området kring Kjøttbasaren såg ut som ei gate i Diagon Alley, eller kor magisk tårnet på Havnekontoret var drapert i ljos. Men eit hint av magien er der i alle fall. Eg trur eg blir nøydd å ta meg ein tur og ta nokre SKIKKELEGE bilete. Ein dag eg har varm kåpe, skikkelege hanskar og ikkje minst varme sko….

 

 

Jepp, ein runde til med kamera er definitivt påkrevd. Trur eg skal freiste å dra med Dunedàin. Han er ganske glad i å ta bilete han med! Så kan Elessär og Pixie få seg ein luftetur dei med.  

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg