Soundtrack: Lordi – Nailed by the Hammer of Frankenstein

Stemmer det at det ikkje er mygg på Island?! For i så tilfelle vurderar eg STERKT å melde flytting!!

Eg har ei fortid der eg overhovud ikkje kunne fordra sol og sumar. Pussig greie det der med hardbarka gothar/vampar. Eg har gjort det til ei freelance-karriere å tilby meg sjølv som samanlikningsgrunnlag for alle som trur dei ikkje får farge i sola; eg blir ikkje brun. Eg kan halde meg kvit som eit laken, eller raud som ein hummar. Ingen mellomting. Pr. no kan eg framvise eit ganske heftig skilje, men når eg då samanliknar farge med Dùnedain, innser at eg lenar meir mot griserosa enn nøttebrun. Når alt kjem til alt, så gjer det ingen verdens ting heller. Eg er unik, akkurat som alle andre, og ganske stolt av å vere rar, både mentalt og fysisk! ^^

Derimot har eg blitt ganske glad i sumaren! Sjølvsagt likar eg den betre når eg ikkje går på krykkjer, med sting i kneet og ein nyleg overlevd urinvegsinfeksjon. Det følgjer nokre utfordringar med midt i badesesongen, for sånne badenymfar som meg! Men pytt-pytt. Det er andre ting eg kan gjere i finvèret! Liggje i hengjekøyen, plante i hagen, pynte ute og ete masse-masse meir is enn det som er sunt for diabetikarar!
Det er derimot EIN ting som lagar skår i gleda: Myggen.
Normale individ får eit myggstikk, klør litt, og går vidare. Eg havnar på dødsleiet. Nei, eg er ikkje allergisk (så vidt eg veit), men om myggen stikk meg på beina, klør eg så hinsides at eg held på å døøøøy!! Andre plassar på kroppen reagerar relativt normalt, men beina? Det er eit eige kapittel. Og ikkje hjelp det at eg tydelegvis er ein vandrande dessert-buffèt for blodsugarane!! Dei elskar meg! Eg er sikker på at det heng posters av meg på eit kvart mygg-tenåringsrom i verda! Det kan virke som om eg går både Justin Bieber og Rihanna ein høg gong i det kjendisuniverset der. Dessverre.
Og når det er varmt og klamt ute, klør det endå meir. Mitt beste triks så langt har vore å smørje stikka med sprit og aloe vera, og det hjelp i eit begrensa tidsrom. Men så er det like ille igjen. GAH!
Medan andre sjekkar skapet og tittar under senga etter busemannen, saumfèr eg rommet etter mygg før eg legg meg. Ikkje at det hjelp; eg er nøydd å sove med ope vindauga, og då kjem dei snikande for å forsyne seg likevel.
Nokon burde byrje å tene pengar på meg; eg kan følgje folk kring i verda, og dei er GARANTERT å sleppe myggstikk. Eg tek dei alle saman.

Utover det skal eg ikkje klage. Men noko må då eg òg ha å gjere i sumarvarmen?

 

Forglemegei i Bergen sentrum! 

Eit søt lita mu eg helste på ute på Herdla <3

Frost og Fimbul; to karar som føler dei er på heilt feil side av vindauga i varmen!

Alle snakkar om holocaust; om korleis jødane blei behandla, drepne, forfølgd og jaga rundt i verda. Me grin når me ser “Schindler’s List”, og tenkjer: -For ein modig mann! Eg skulle ynskje eg kunne gjort det same, og redda så mange mennesker!
Hugsar du den vesle jenta i den raude kåpa? Ho som er den einaste fargen i ein lang fim i svart/kvitt? Ho døyr. Verda som utspelar seg på filmen er basert på sanninga. Om mennesker som døydde. Som kjempa og flykta, mange av dei fånyttes. For så mange av dei fekk aldri kome heim til familien sin og leve eit trygt liv.

27. januar 1945 blei Auschwitz-leiren frigjort av sovjetiske stykar. Alle har sett bileta av det som møtte soldatane. Dei utsvoltne kroppane som knapt kunne halde seg oppreist. Som ikkje kunne halde seg oppreist. Død, oppklorte veggar i gasskammer, skohaugane, dei medisinske eksperimenta. Og verda lova seg sjølv ein ting: Dette skulle ALDRI gjennta seg.

09. desember, 2015. Media, sosiale media, den vestlege verda….Det boblar over med eit framandhat me knapt har sett maken til. Bygningar som var meint å huset born blir sett fyr på. Det går ikkje ein dag utan at ein kan lese om korleis dei med mørkare hud eller hår blir trakassert. På gata. I media. På trikken. Born blir dytta i grøfta av vaksne mennesker som burde vite betre. Ein ser skrått på alle ein kan sjå at kjem frå andre delar av verda. Og det er blitt greit. Ein har på mange måtar forsont seg med at folk er redde, og då er det lov. Dei kan ha ei bombe. At Mohammed gjekk i klassen din på ungdomsskulen tyder ingenting. Han kan vere farleg.

Eg blir kvalm. Og situasjonen blir ikkje mindre skremmande når Donald Trump står på talarstolen sin borte i Ju-Naiten og tek til ordet for at muslimar må ha spesial-ID. Den visa har me høyrd før, frå ein viss kunstmålar i Tyskland, som øydela ein eigentleg ganske så fancy bartefrisyre for all framtid ein gong på 40-talet. (Ein kan kanskje hevde tupèar er i ferd med å bli ei utdatert greie òg no….?)

Korleis enda me opp her? Kor tid gløymde me all medkjensla me hadde for ei folkegruppe i fortida? Kva er det som gjer situasjonen no så ulik situasjonen då, i eit sånt omfang at me syns det er greit å oppføre oss som neandertalarar?! Har me ikkje lært noko av tidlegare feilgrep?
Og ein av dei tinga som verkeleg gjer situasjonen heilt vannvittig, er korleis eg har sett enkelte KRISTNE mennesker reagere! Det får meg til å hate konseptet religion så brennande intenst at eg nesten eksploderar! Kva skjedde med “elsk din neste”, “snu det andre kinnet til” og “du skal gjera mot andre det du vil andre skal gjera mot deg”? Kjære Jesus-fanatikarar; kva i alle dagar er greia med å kalle dykk kristne om de ikkje klarar å følgje dei VIKTIGASTE reglane guden dykkar har gitt dykk?!
For ikkje å snakke om ramaskriket som kom over at religiøse symbol måtte fjernast for å huse flyktningane. Heile den situasjonen var berre flau; det var eit felles krav om at lokala skulle vere nøytrale, men brått var alle i Noregs land så religiøse at ein kunne få mark av mindre.

Er det her eg skal kome med eit råd? Ein konklusjon? Nokre velvalde ord eller ein sarkastisk og morosam avsluttning?
Eg har ingen. Eg håpar berre at folk innser kva for sinnsjuk spiral me er komne inn i, og tek tak i seg sjølv. For slike haldningar har ført til tragedie før.

 

Eg må innrømme eg følte meg litt som ein hyklar av verste sort då eg låg på operasjonsbordet for snart to år sidan og skulle “operere meg tynn”. Eg skulle så gjerne ynskje eg kunne få vist verda at ein kunne vore smellvakker utan å vere slank og radmager! Men på det tidspunktet klarte eg ikkje ein gong å elske meg sjølv; eg HATA magen min. Eg HATA dobbelhaka mi. Låra mine. Valkane og dei fullstendig feile puppane mine som var ALTFOR små i forhold til den blobby skrotten min. Feite jenter skulle ha store puppar. Punktum. 
Men samstundes HATA eg krava som samfunnet sette til utsjånaden endå meir! Og derfor låg eg der. Hyklaren. Ho som meinte at ein kunne bli elska u-an-sett korleis ein såg ut. Men som samstundes ikkje kunne fatte korleis nokon kunne elske ho. Som var så stygg.

Det var ikkje for å bli vakker og slank og fin at eg fekk innvilga operasjonen min. Det var fordi eg hadde diabetes 2, og ikkje klarte å gå ned i vekt. Eg er ikkje noko sylfide i dag heller, men kroppen min er i det minste vener med meg. Diabetesen min er visstnok vekke etter det eg blir fortald, og kroppen er lettare og kjennest friskare enn tidlegare. Sjølv om magen framleis heng litt, så kan eg sjå meg i speigelen utan å bli sucidal. Merkeleg at eg i det heile har tenkt slikt; eg bryr meg ikkje eit milligram om korleis nokon andre ser ut?!

I kjølvatnet av dette har eg ofte tenkt at eg kanskje ikkje har lov å ha ei meining om jenter som nærmast svelt seg til døde for å bli slankast mogleg. Fordi dei vil ha mellomrom mellom låra og utstikkande ribbein. Eg har vore der sjølv; eg blei aldri så tynn som eg freista å bli, men eg droppa å ete i lengre periodar, kasta opp mat og sleit veldig med mitt eige sjølvbilete.
Eg brukar det ofte som ei orsaking for at eg ikkje vil ha born; korleis er det å vekse opp med eit sånt skjønnheitstyrani?! Eg har høyrd om dei som legg seg under kniven fordi dei ikkje er nøygde med lengden på tærne sine!! Det grensar rett og slett til absurd.

Så kvifor vil eigentleg jenter vere så tynne at dei kan forsvinne bak lyktestolpar? Kvifor ville EG det? Eg, som alltid har gått imot straumen, og vore stolt som ein hane av alle punkt der eg kan skilje meg ut i mengda. Som blir irritert når nokon “stjel” mine greier, og som elskar folka mine for kven dei er, utan å bry meg ein døyt om utsjånad? Eg freistar å skilje meg ut, anten det er med klede eller hår, eller liksminke eller haldningar og oppførsel. Men tynn ville eg vere. Fordi det var det eg fekk beskjed om at ein skulle vere. Feite jenter fekk ikkje kjæraste. Dei var ikkje vellukka. Dei kom ingen veg i livet, fordi verda ville ikkje sjå dei. Ein kan klare å kome langt som freak, som bifil, eller som bygdeorginal, men ikkje som feit.
Det tok meg mange år å innsjå at menn faktisk drit i det, så lengje dei slepp å frakte deg kring med gaffeltruck. Ikkje alle har sertifikat for slikt. Har ein mot til å draume, bør ein òg ha mot til å satse. Eg er ikkje så flink der sjølv endå, men eg jobbar med det.
Framleis er det dagar er psyka mi er på bånn, men nesten aldri grunna utsjånaden min lengjer. Enkelte feil har eg, men eg likar å sjå på dei positive tinga ved meg sjølv. Som at eg har veldig mjuk hud, flotte leggar, puppar som passar til kroppen, og ikkje minst alt det positive på innsida!

Ein treng faktisk ikkje vere skjelett for å vere lukkeleg. Ein treng ikkje ein gong vere tynn! Sjå nøye på bileta i innlegget her; kva er vakkert med dette!? Jenter kan gjerne ha former. Personleg syns eg det er veldig fint med litt på kroppen. Men anten ein er litt større eller litt mindre enn gjennomsnittet, så har det ingenting å sei. Det viktigaste er å vere lukkeleg, for det er DET som gjer ein vakker. Og ein blir ikkje lukkeleg av å svelte seg sjølv. Sånt gjer ein trist og lei og deppa og hysterisk og panisk og…ja. Det er ikkje verdt det, når alt kjem til alt.


Så eg endar historia med å leggje til eit bilete av den kanskje vakraste kvinna i historien; Marilyn Monroe.
Ho hadde kanskje ikkje nådd langt idag, men det er ein SÅNN kropp eg gjerne skulle hatt!!

Edit: Det er snart eit år sidan eg byrja på dette innlegget, men det blei aldri fullført. Så eg slår eit nytt slag og freista å få det opp og ut no. It worked! ^^

http://www.kjendis.no/2013/01/03/kjendis/mote/kropp/vekt/helse/25066315/
 
http://www.dagbladet.no/2013/04/29/kultur/debatt/debattinnlegg/26907011/

Det kom jo som ei bombe. Eg planlegg noko der det siste eg treng er besøk frå tante Raud, og kven kjem på overraskelsesbesøk? Det kan bli interessant å sitje på fly i 25 timar med jamnlege besøk til det knøttvesle flytoalettet! Eg som allereie føler meg ukomfortabel på vanlege offentlege toalett?

Her i huset kjem mensen litt som julenissen på kjerringa kvar bidige gong. Det kallast PCO, og den stakkars gubben min vaknar heilt uforberedt opp til ei gretten kjerring som fresar spydige kommentarar om manglande fersk appelsinjuice i kjøleskapet. To minutt etterpå krøllar ho seg saman som ein pusekatt i armkroken hans og insisterar på å susse han på magen. Huset blir omstendig dekrorert med tampongpakkar, sjokoladepapir og tomme pepsi max-flasker, sistnemnde som oftast i større antal enn vanleg.
Han blir like overraska kvar gong, sidan eg maksimalt har mensen tre gongar i året. På både godt og vondt.

Det uventa besøket forklarar i det minste kvifor eg den siste veka har sett ut som eg har blitt skutt med hagle i trynet. Det forklarar at eg har lagt på sofaen og sutra og vore sjuk ei veke, i og med at immunforsvaret mitt er lik null når eg får mensen. Det forklarar òg all sutring, sjokoladefråtsing og merkelege lyster. Takk og pris; ei lita stund der var eg sikker på at gubben hadde treft blink, og at eg om ni månadar skulle låsast i mamma-lenkjer.
Den gong ei. Ikkje denne gongen heller. *hurra* Då kan eg halde fram å drøyme om kinesiske nakenhundar, nymfeparakittar og små bustete puseungar!

Det slo meg då eg rota kring nedi baderomsskuffa mi på jakt etter tampongar, at heile konseptet med tampongar er relativt kjipt. Ikkje at eg foretrekk bind! Eg har meir enn ein gong greidd å lime meg sjølv fast i desse bleiene, og blitt nøydd å krype til korset og KLIPPE dei laus frå dusken.
Men tampongane. I Libresse-pakkane til dømes, som for så vidt har det spenstigaste designet eg har funne i butikkane, ligg det ein sånn liten bruksanvisning nedi kvar pakke. Hadde det vore MENN som var målskiva for dette produktet, hadde det i det minste lagt eit lite klistermerke nedi der! Kanskje dei til og med hadde køyrd frukost-blandingstrikset; i kvar pakke kunne du finne ein liten samlefigur. Ei lita plastutgåve av Sylvester Stallone eller Batman.
Batman. ALWAYS there when you need him.

Det beste hadde vore om me var hermafrodittar. Eg unnar mannfolka nokre dagar med magesmerter og oppblåste magar. Dei slepp altfor billeg…

 

Det har alltid forundra meg at folk klarar å tru på ting dei ikkje har opplevd. Særleg kristendomen, som er den mest utbreidde religionen blant Ola Nordmann. Når me lever i 2011, er det framleis nokre som tviheld på trua om at ei høgare makt har skapt verda me lever i, for ikkje å snakke om alle dei pussige historiane i Bibelen. Her snakkar me om ein pensjonist som bygde ein båt, som var så stor at alle dyra i heile verda fekk plass i den! Og det  utan spikarpistol eller bandsag! (Ei venninne av meg konkluderte for så vidt med at det var det som var grunnlaget for utryddinga av dinosaurane.) Dei trur fult og fast på at Maria blei smelt på tjukken av ein fyr i skyene, utan at Josef hadde vore i nærleiken av ho med snurrebassen. Og Moses hadde ikkje dei heilt store problema med å dele hav eller samle enorme svermar med grashopper.

All respekt for dei som klarar å tru på dette! Eg har sjølv ein fyr i huset som er kristen, og eg lar han få leve i trua si. Han legg seg heller ikkje oppi at eg er spiritst.
-Javel, tenkjer du sikker då. -Dama har ingen problem med å tru på skrømt og reinkarnasjon, men å tru på at Jesus tusla ut av grava, DET er ein big deal!

Saka er at eg har hatt fleire “møter” med uforklarlege fenomen som alltid har vore ein naturleg del av mitt liv. Eg vaks opp med ein herremann i huset som hadde tendensar til å låse dørar, knirke i trapper og stable ved ved ytterdøra. Det skjedde mykje merkeleg i huset vårt, men eg var sjeldan redd. Det virka då mykje meir absurd for meg at nokon trudde på kristendomen, forstå det den som kan.

Eg rakk å bli ganske stor før eg innsåg at det var individ der ute som verkeleg trudde på Gud og kristendomen. Eg vaks opp med ein far som var ateist, og ei mor som var kristen-light når det passa seg sånn. Det var aldri snakk om Jesus eller englar, bortsett frå dei eg hadde i glansbileteboksen min, og dei mamma samla på som pryda stova vår i jula.
Så forundringa var stor då bror min ein dag kunne informere meg om at ein av kompisane hans faktisk trudde på Adam og Eva!
Trass i at eg hadde teke del i både barnekor og kristne barneorganisasjonar, var undringa mi stor. Eg klarte ikkje å styre meg frå å spørje ut denne fyren om korleis han kunne tru på noko sånt! Alle visste då at Adam og Eva berre var eit eventyr?
Så klart hadde eg høyrd historiane om epler og slangar og korsfestingar og denslags, men i mi verd var dette fine historiar som høyrde til kristendomen. På lik linje med at norske folkeeventyr høyrer med til den norske kulturen. Den stakkars guten blei ein kuriositet i mitt univers; nærmast som ein sirkusfreak som endeleg stod fram. Der og då tykte eg synd på han, og lurte på om han kanskje var litt tilbakeståande, i og med at eg aldri hadde møtt eit anna menneske som innrømma at Adam og Eva var reelle karakterar i livet deira! Ein måtte jo prøve å forklare han at dinosaurane kom til jorda før menneska, og at me var eit ledd i evolusjonen og stamma frå apene!
Han på si side var ikkje vidare imponert over innsatsen min. Forståeleg nok, kanskje!

Mamma var heller ikkje så imponert då eg ved middagsbordet entusiastisk utbraut at: -Han kompisen til bror min TRUR på Adam og Eva! Han trur det er sant!

Mamma keik opp frå middagen sin og sette blikket i meg.
-Det er mange som gjer det.
Eg blei paff. Fanst det fleire der ute?
-Jammen….Det er jo berre eventyr, prøvde eg.
Mamma var ikkje vidare interessert i å diskutere det. Ho sukka, og tenkte nok at eg ikkje akkurat hadde vore den mest engasjerte under andakta på kristenorganisasjonane.
Der tok ho feil. Eg var veldig merksam på ting som blei sagt. Eg likte historiane, men eg hadde då aldri trudd at det var meininga at eg skulle tru på det! Eg slutta då å tru på julenissen i ganske ung alder, og sjølv om troll og dragar og alvar facinerte meg frå fyrste eventyr, og sjølv om eg håpa intenst at eg ein dag skulle få møte av nokre av dei, så visste eg skilnaden på eventyr og realitet!

Seinare har eg møtt mange som har innrømma at dei trur. Trur på både det eine og det andre, skal eg vere ærleg. Nokre av dei er blant dei herlegaste menneska eg veit om, andre er så trongsynte  at det grensar til psykose. Det er eigentleg ganske imponerande at dei held fast ved trua si, og at dei kan vere så sikre på at dei har rett!

Hadde det ikkje vore for at paven har avskaffa Helvete, så kunne det jo vere dei blei skuffa den dagen dei stod der i flammane, og verten sjølv sa som Rowan Atkinson: -I’m  afraid the Jews were right.

No skal eg ikkje skjære alle under ein kam. Men eg slit litt med å forstå kva som gjer ein blogg poppis idag.
Då eg fekk min fyrste blogg for snart 10 år sidan, var det i hovudsak eit substitutt for brevskrivinga mi. Eg var x-trem på akkurat det; eg hadde over 80 brevvener frå alle krikar og krokar i verda, og med skyhøge portoprisar, blei det fort ein dyr hobby.
Blogging var derimot gratis, og det gjekk ut på mykje det same: Eg skreiv om meg og mitt, og las andre sine bloggar der dei skreiv om seg og deiras. Så la me att nokre kommentarar til kvarandre, og eg møtte masse nye, fantastiske mennesker der ute i Bloggeland.
Det var ikkje så mange som blogga då, i forhold til idag, er inntrykket mitt. Min blogg var ikkje den mest leste, men eg kjende folk IRL som hadde ganske stor fan-base. Du publiserte deg sjølv, utleverte deg på nettet til alt og alle, og DET var den store skilnaden frå å skrive små, private brev til folk kring i verda.

På den tida var det babybloggane som fekk mest merksemd. Korleis dette er idag, veit eg ikkje, for eg har knapt lest ein blogg dei siste åra. My bad. Men no er det babe-bloggane som er greia, etter det eg forstår! Motebloggar og interiørbloggar og babebloggar.
Kva i alle dagar er det som er så spennande i dei bloggane? Det er ikkje meint som kritikk verken mot lesarar eller forfattarane, men kva i alle dagar er spennande med ting som eigentleg er så A4?
Kvar gong det er noko oppe i media som går på dei mest populære bloggarane i Noreg idag, så er det blonde babes med lange lokkar som dukkar opp. Eg har vore innom nokre av bloggane deira, og eg kan ikkje sei eg kjenner det boblar entusiastisk i magen min over lesestoffet. Rett og slett fordi det er så fjernt frå MEG!

Eg har ikkje peiling på sminkemerker. Faktisk drit eg loddrett oppi det; eg er nøygd så lengje mascaraen min ikkje ligg i klumpar (noko den stort sett gjer) og blir temmeleg happy dersom lepestiften min held til eg ankjem festen.
Ikkje bryr eg meg så veldig om merkeklede heller. Faktisk mislikar eg merkeklede. Det einaste tilnærma designar-plagget eg har, er ei NoaNoa-jakke eg fann på loppemarknad i sumar til 1/8 av den orginale prisen.
Eg køyrer fullstendig min eigen stil; favorittantrekket mitt er for tida ei fillete dongeribukse som faktisk får rompa mi til å sjå ganske så snæxxi ut, svart singlett og ein sliten nettingstopp med trompetarmar. <3 på. Det dyraste klesplagget eg har kjøpt i år, kosta 250 kroner. Og då følte eg verkeleg at eg hadde vrengd lommeboka mi.

Ikkje ser eg ut som Barbie heller. Eg er lita og chubby, med bittesmå puppar. Eg har skuldre som ein okse; breie og kraftige. Trass i at eg har verdas flottaste leggar og ei rompe som er akkurat slik ho skal vere. Dette får meg med andre ord til å sjå ut som ein pyramide på hovudet. Og så er eg bleik. Kvitare enn rømme. Ikkje at eg prøver så hardt å gjere noko med akkurat det. Det passar stilen min, om eg då i det heile har ein.

Der har du meg. Ingen blonde lokkar og fullstendig blotta for peiling på det folk flest ser på som “in”. Så eg passar dermed veldig dårleg inn i lesarskaren til dei som held nettnerdane opplyst om akkurat desse tinga.

Ikkje at eg eigentleg skulle nokon plass med dette innlegget. Og om eg på noko tidspunkt hadde ein plan, forsvann denne for lengje sidan.