Studenten og bloggen.

 

Det er merkeleg det her. Eg har eigentleg blogga fint lite dei siste åra, rett og slett fordi det ikkje har vore dei heilt store greiene som har foregått i livet mitt. 
Men brått er eg tilbake på skulebenken, og i same renna får eg ein intens trong til å faktisk dele kvardagen min med resten av verda igjen.  

Ikkje at det skjer så veldig mykje meir no enn det gjorde heilt i starten av august; faktisk er ikkje kvardagen min på nokon måte actionfylt og eksotisk. Her sit eg med nasa ned i ei bok mesteparten av fritida mi, og prøver å forstå meg på Hume og Kant og ein del andre støvete gamle tenkjarar, som eg ikkje ein gong vågar å freiste å skrive namnet på. Samstundes presterte skjermkortet på pc’en min å ta kvelden i går, så no har eg konvertert til laptop. Brrr….Det er så overhovud ikkje mi greie!! Eg syns laptop’ar sug rompesaft!! 
Nei, gje meg ein diger skjerm, og ei kraft-maskin som durar og bråkar (mest sannsynleg fordi eg ikkje har fått ut støvet frå førre århundre som ligg og koooosar seg innimellom vifter og ledningar….) så er eg nøygd! Og ikkje minst eit tastatur som er adskild frå musa, slik at eg ikkje konstant presterar å slette halvparten av alt eg skriv med eit ufrivilleg tastetrykk.

Vel, eg har kapitulert for kvelden. Fire puter i ryggen og laptop på fanget. Akkurat DEN situasjonen kan eg kanskje klare å bli van med! ^^ Tidleg i seng kjem eg meg òg, når eg ikkje blir sitjande oppe heile natta for å vente på lønsauke hjå simmane mine, eller skal erobre nytt territorium i Azeroth. Sjølv om eg saknar det. I alle fall Azeroth.

Så dei komande dagane blir det sannsynlegvis hovudsakeleg 1) lese seg opp på alt eg ligg etter på av ex.phil-støff, 2) klargjere den munntlege framføringa til meg og Cecilie på fredag (om bloggbabez og kvifor nokon i det heile gidd å følgje med på dei!), 3) bli ferdig med oppgåva som skal framførast på tysdag og 4) få ferdig den akademisk skriving-oppgåva mi som ligg som ein vond kløe baki tankane mine. 

 

Ein ting er derimot sikkert; eg saknar nerdetilværelsen allereie……

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg