Det å gjere noko med livet

Eg har akkurat posta innlegga mine frå turen min og Kriss til Latvia. Og eg har feira jul i BaleBy; av ein heller stusseleg variant. Sjølve julafta var det berre meg, pappa og bestao. Og voffane sjølvsagt. God mat, tradisjonen tru, men me mangla juletre, og mesteparten av kvelden berre sat me og såg TV. 

Det blir ein del dautid når ein er heime i jula. Og mi dautid har eg brukt på å fundere på vegen min vidare her i livet. Eg er jo så absolutt ein “ta-livet-som-det-kjem”-person (til Kriss si store fortviling? xD) men eg er òg ein type person som drøymer seg vekk, og gjerne med STOOOORE draumar! Som igjen ikkje alltid er like enkle å realisere. 
Men etter planen skal året 2014 vere året der eg faktisk sit med ei ferdig utdanning. Ei vaskeekte bachelorgrad! Og så då? Kva skjer etterpå? Ein kan sei at det er på tide å få seg ein jobb då. Så ja. Det er sannsynlegvis ein plan. Eg -skal- søkje på jobbar no over nyttår, med håp om i det minste å få meg ein skikkeleg sumarjobb. 
Men så då? Når eg ikkje skal studere, og før eg faktisk får meg ein jobb som er relatert til det eg enda opp med som stor?
Det er der tanken på å melde seg på frivilleg arbeid av ein eller annan sort melder seg. Eg ga meg i kast med å leite litt kring på nettet for å finne litt info om akkurat det, og blei faktisk litt overraska over at det KOSTAR å reise ut for å hjelpe folk/dyr/miljø/osb? “Få en opplevelse for livet”! Joda. Men å betale kr 15.000 ++ (stort sett minimumsbeløpet) for å reise ut og hjelpe folk syns eg høyres litt ut som å booke seg ein luksusferie…? Eller det ein kanskje kallar “opplevjingsferie”? Tiltaket i seg sjølv er jo tipp topp det, men brått føler eg heile greia blir meir som ein ferie-ting for rike, “bortskjemde” ungdomar frå vesten som vil reise på safari for å sjå korleis fattige har det!
Så nei. Då ville eg heller reist gjennom ein organisasjon som “anset” deg. Ikkje at eg treng betaling, men for min del vil eg HJELPE, ikkje oppleve?

Så det er ein ting eg skal fundere meir på i 2014. Neste mål på agendaen er å få ferdig bøkene mine. Haha, kor mange år har eg ikkje masa om det no? *fnys* Men eg er eigentleg byrja å bli nøydd til å få gjort noko med det, sånn at eg kan få ting til å gå framover!!
For eg vil bli gründer! Wohoo, right? Men eg har ørten geniale idèar til ting eg vil starte opp. Gjerne saman med andre, men det viktigaste er strengt tatt å satse, hoppe og freiste å lande sånn nokon lunde på beina.

Stakkars Kriss er sånn passe imponert over planane mine, trur eg! xD Han syns ikkje det er nokon vidare god idè å planleggje ei reise til land der folk er sinte på kvarandre og ting generelt ikkje står så veldig bra til. Men av ein eller annan grunn føler eg meg vannvittig FRI no! Eg kan ikkje forklare det så nøye og bra her og no, men ein kveld var det berre som om brått verda var så open og låg framfor meg, klar til å bli erobra, satsa på, taken in og så vidare!
Eg veit eigentleg ikkje kva det tyder. Og eg veit eg kanskje er litt mystifistisk her. Men det er på høg tid å gjere ein del ting eg har utsett litt for lengje. Og eg må innrømme: Eg gler meg! ^^ 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg