Eg har venta og venta på at min wrap skulle kome, og i dag dukka den ENDELEG opp på mobilen min!
Soundtrack: SIA – Puppies are Forever
Eg blir gjerne litt overraska når den kjem. I fjor var den stappfull av obskur middelalder-musikk og Grieg og gregorianske munkar. Det har gjerne vore det eg har guffa når eg skriv, for å kome i rette stemninga og reise så langt tilbake i tid som 1300-talet. Det var fint lite av både hardcore metal og ontsj-ontsj-bass på den tida.
Men i år trur eg er fyrste gong lista mi er representativ for min musikksmak.
Øverst på lista truna dronninga mi: P!nk.
Eg føretrekk kanskje metal, rock og old school hiphop/rap, men P!nk har vore heltinna mi sidan hennar fyrste album. Eg ELSKAR den dama!!
Det er ein klisjè, men nokre gongar lurer eg på om ho verkeleg sit og spionerar på meg og skriv tekstane sine OM meg. Anten det, eller så tenkjer eg og ho skremmande likt om det meste.
Og så må eg nemne at eg ein gong var ute med ein gjeng kollegaer, der me byrja å snakke om kven kring bordet som likna på ulike kjendisar. Me hadde ei med oss som var rimeleg lik Miley Cyrus, og så snur ei av jentene seg mot meg og seier: -Men du liknar jo på P!nk!
Seriøst. Det var nok berre fordi eg hadde knæsj rosa hår på det tidspunktet, men OMG. Det er kanskje det fiiiiinaste komplimentet eg har fått i mitt LIIIIIV, så eg tek det med meg til grava! <3
Men tilbake til wrap’en min.
Det kom nok ikkje som ei overrasking at den var dominert av Rammstein, Lordi og The Rasmus. HIM glimra med sitt fråvèr dette året, og var i staden blitt erstatta av Die Antwoord? Pussig, for eg tykkjer ikkje akkurat eg har høyrd så mykje på dei i år?
Og i januar skal eg ha høyrd på eit band som heiter Stargate? Det fekk meg til å klø meg litt i hovudet, og eg måtte faktisk google for å sjå kven i alle dagar dette var. Ikkje at eg blei masse klokare, og i og med at det ikkje ligg ute noko band med det namnet på Spotify, så trur eg kanskje app’en min har røykt sokkane sine. Det er eit -produksjonsselskap- så vidt eg veit, og kvifor dei har rota seg inn på lista mi må gudane vite!
Det kan vere eg tek feil, men eg finn dei ikkje og eg kan ikkje minnast at eg aktivt har søkt opp nokon med det namnet.
Men alt i alt; medan dei fleste eg har snakka med skjemst litt over alt det rare dei har høyrd på siste året, så vil eg påstå at mi er høgst representativ for det eg vanlegvis guffar på høgtalarane. Sånn utan å nemne at N’Sync sin “Bye Bye Bye” gjekk på repeat gjennom sumaren etter premieren på Deadpool & Wolverine. *kremt*
No er det uansett jol, og her i huset spelar me derfor berre jolemusikk i desse dagar. Den manglande jolestemninga har faktisk kome snikande etter at helga har gått med til å vaske ned gongen, så den duftar friskt av grønsåpe, ljosa og adventstjerna er komne på plass og eg har fått gjort klar i alle fall TRE gåver med god hjelp på nyfikne pusekattar som var særs hjelpsame då jolebanda skulle surrast kring pakkane!
P!nk og Rammstein er blant de beste konsertene jeg har vært på. Den som ikke liker P!nk er en poop, haha.. 🐰
Såååå sant!! I tillegg til Gåte, så er P!nk og Rammstein folk som verkeleg KAN dette med å lage show og underhalde!! <3
Og det går ikkje an å IKKJE like P!nk. Dama virkar berre heilt rå og dødskul, og eg har lyst å ha ho som venninne!! :p
Haha.. ja, har vært på Gåte også ‘back in the days’, ble en knallbra aften 😜🐰
Jaaaah! Er mange år sidan eg var på konsert med dei, og det var i eit relativt lite lokale i heimbygda mi. Men fy faen for eit liv dei laga! 😀 Og Gunnhild si stemme er jo i ein eigen liga … Gotta luv ’em! 😉
Samme her, studentkroa i Harstad for nøyaktig 20 år siden 🙈🐰