Thinspiration? I think not.

Eg må innrømme eg følte meg litt som ein hyklar av verste sort då eg låg på operasjonsbordet for snart to år sidan og skulle “operere meg tynn”. Eg skulle så gjerne ynskje eg kunne få vist verda at ein kunne vore smellvakker utan å vere slank og radmager! Men på det tidspunktet klarte eg ikkje ein gong å elske meg sjølv; eg HATA magen min. Eg HATA dobbelhaka mi. Låra mine. Valkane og dei fullstendig feile puppane mine som var ALTFOR små i forhold til den blobby skrotten min. Feite jenter skulle ha store puppar. Punktum. 
Men samstundes HATA eg krava som samfunnet sette til utsjånaden endå meir! Og derfor låg eg der. Hyklaren. Ho som meinte at ein kunne bli elska u-an-sett korleis ein såg ut. Men som samstundes ikkje kunne fatte korleis nokon kunne elske ho. Som var så stygg.

Det var ikkje for å bli vakker og slank og fin at eg fekk innvilga operasjonen min. Det var fordi eg hadde diabetes 2, og ikkje klarte å gå ned i vekt. Eg er ikkje noko sylfide i dag heller, men kroppen min er i det minste vener med meg. Diabetesen min er visstnok vekke etter det eg blir fortald, og kroppen er lettare og kjennest friskare enn tidlegare. Sjølv om magen framleis heng litt, så kan eg sjå meg i speigelen utan å bli sucidal. Merkeleg at eg i det heile har tenkt slikt; eg bryr meg ikkje eit milligram om korleis nokon andre ser ut?!

I kjølvatnet av dette har eg ofte tenkt at eg kanskje ikkje har lov å ha ei meining om jenter som nærmast svelt seg til døde for å bli slankast mogleg. Fordi dei vil ha mellomrom mellom låra og utstikkande ribbein. Eg har vore der sjølv; eg blei aldri så tynn som eg freista å bli, men eg droppa å ete i lengre periodar, kasta opp mat og sleit veldig med mitt eige sjølvbilete.
Eg brukar det ofte som ei orsaking for at eg ikkje vil ha born; korleis er det å vekse opp med eit sånt skjønnheitstyrani?! Eg har høyrd om dei som legg seg under kniven fordi dei ikkje er nøygde med lengden på tærne sine!! Det grensar rett og slett til absurd.

Så kvifor vil eigentleg jenter vere så tynne at dei kan forsvinne bak lyktestolpar? Kvifor ville EG det? Eg, som alltid har gått imot straumen, og vore stolt som ein hane av alle punkt der eg kan skilje meg ut i mengda. Som blir irritert når nokon “stjel” mine greier, og som elskar folka mine for kven dei er, utan å bry meg ein døyt om utsjånad? Eg freistar å skilje meg ut, anten det er med klede eller hår, eller liksminke eller haldningar og oppførsel. Men tynn ville eg vere. Fordi det var det eg fekk beskjed om at ein skulle vere. Feite jenter fekk ikkje kjæraste. Dei var ikkje vellukka. Dei kom ingen veg i livet, fordi verda ville ikkje sjå dei. Ein kan klare å kome langt som freak, som bifil, eller som bygdeorginal, men ikkje som feit. 
Det tok meg mange år å innsjå at menn faktisk drit i det, så lengje dei slepp å frakte deg kring med gaffeltruck. Ikkje alle har sertifikat for slikt. Har ein mot til å draume, bør ein òg ha mot til å satse. Eg er ikkje så flink der sjølv endå, men eg jobbar med det.
Framleis er det dagar er psyka mi er på bånn, men nesten aldri grunna utsjånaden min lengjer. Enkelte feil har eg, men eg likar å sjå på dei positive tinga ved meg sjølv. Som at eg har veldig mjuk hud, flotte leggar, puppar som passar til kroppen, og ikkje minst alt det positive på innsida!

 

Ein treng faktisk ikkje vere skjelett for å vere lukkeleg. Ein treng ikkje ein gong vere tynn! Sjå nøye på bileta i innlegget her; kva er vakkert med dette!? Jenter kan gjerne ha former. Personleg syns eg det er veldig fint med litt på kroppen. Men anten ein er litt større eller litt mindre enn gjennomsnittet, så har det ingenting å sei. Det viktigaste er å vere lukkeleg, for det er DET som gjer ein vakker. Og ein blir ikkje lukkeleg av å svelte seg sjølv. Sånt gjer ein trist og lei og deppa og hysterisk og panisk og…ja. Det er ikkje verdt det, når alt kjem til alt. 

 
Så eg endar historia med å leggje til eit bilete av den
kanskje vakraste kvinna i historien; Marilyn Monroe.
Ho hadde kanskje ikkje nådd langt idag, men det er
ein SÅNN kropp eg gjerne skulle hatt!! 

Edit: Det er snart eit år sidan eg byrja på dette innlegget, men det blei aldri fullført. Så eg slår eit nytt slag og freista å få det opp og ut no. It worked! ^^

 

http://www.kjendis.no/2013/01/03/kjendis/mote/kropp/vekt/helse/25066315/
 
http://www.dagbladet.no/2013/04/29/kultur/debatt/debattinnlegg/26907011/

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg