Sååå dett i dasa!

Det går mot betre tider. Håpar eg.
Siste veka har eg hangla kring med tett nase og småitchy hals, og berre hatt utruleg masse sympati med meg sjølv. Men laurdags morgon vakna eg og hadde ALL grunn til å påføre meg sjølv litt ekstra sjølvpleie. Og omtanke. Og det som ellers er påkrevd når ein vaknar med influensa. Sånn som sjokoladeis frå Ben & Jerry’s til over 60 kroner boksen. *uuups*

Men eg trur kanskje eg greidde å bremse det heilt store influensa-forfallet litt, med mine forebyggjande tiltak. Så eg tenkte eg skulle dele mine tre beste “kjerringråd” som bør følgjast når ein merkar at helsa byrjar å skrante:

Kamille-te med honning:
Eg syns det smakte hestepiss med tilsett sukker i starten, men etterkvart som eg blei van med smaken, var det eigentleg ikkje så ille. Faktisk er kamille-te beroligande og koseleg. Og eg føler meg særs alternativ når eg sit der og nippar i den.
Men framfor alt er den super-effektiv når forkjølelsen set inn! Berre hugs honningen. Det er mange som har gått på limpinnen der, og droppa den, med det resultatet at dei vaknar akkurat like sjuke som dei hadde gjort utan råda mine.
Så, altso. Honning er alfa og omega når ein fyrst skal ta knekken på ein teit forkjølelse. Og kamille-teen kan verken bli for sterk eller på nokon måte OD’ast!! Putt gjerne TO te-posar i koppen din. Og fyll på med ei RAUS te-skei honning. Eg held ein knapp på den honningen med Ole Brumm på. Den er litt ekstra…eh, søt. Hm.
Pøs på! Drikk som om du ikkje har gjort anna! Eg kan love deg du ikkje kjem til å angre! ^^ 

 

 

 

 

Sitron:
Eg har høyrd rykter om at c-vitaminar skal vere sunt og godt og forebyggjande. Om det stemmer, så bør ein sannsynlegvis få i seg rikeleg av dette òg, når vinterkulda tvingar seg ned i lungene og får deg til å rasle og surkle som ein vaskemaskin med akutt reperasjonsbehov. 
Dette er grunnen til at eg køyrer sitron-shots når eg merkar at helsa hanglar. Eit shot-glas (eventuelt eit eggeglas) med sitronsaft, anten nypressa eller frå sånne flasker som ein dryp i teen sin, morgon og kveld, og kroppen får eit ekstra lite push i rett rettning. Som vil sei vekk ifrå rennande nase, sår hals og mindre praktisk whiskeystemme. 

Søvn: 
Den som søv, syndar ikkje. Eller så har han akkurat synda, og innhentar seg sjølv. Uansett, så kan ein ikkje sove nok når ein er sjuk. Pakk deg inn i ei varm, god dyne, ta på deg favoritt-pysjamasen, få kjærasten, naboen eller romkameraten din, eller ein tilfeldig passerande til å dunke puta di så den blir luftig og og å liggje på, og bestill ein einvegs-billett til Draumeland.  Overstay your welcome. Og nyt det. Eg er overbevist om at eg har vore litt betre for kvar gong eg har opna gluggane etter ein time eller to på auga. 

 

 

 

 

 

 

….og sist men ikkje minst, har eg oppdaga at gelè faktisk er ein god ven i nauden. Eg er litt usikker på kor mykje cred den fortenar, men eg har kvelva i meg ein heil boks, og likar å tru at sidan gelè i utgongspunktet er vatn i fast form, så vil det bidra til at væske-inntaket i skrotten blir høgare. Og det skal visst vere bra det med, når ein fyrst ligg der! ^^ Såh, eg anbefalar folk å ete gelè. Om fleire føler det faktisk virkar, så gje meg ein lyd! xD
La oss håpe at eg i morgon vaknar endå friskare og raskare enn på lengje. Det ville så absolutt gjort seg.

 

Bileta er lånt frå:
http://www.123rf.com/photo_7826419_herbal-camomile-tea-on-a-white-background.html
http://www.vitalen.no/frukt/sitron.html
http://maidimoo.wordpress.com/2012/06/26/this-seems-fitting-right-now/

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg