Khavi Malawi Maluski

Khavi Malawi Maluski
-Assistenten & Matriarken-
Fødd 2012

Khavi er sjefen i flokken. Namnet har ho etter ein krigarhøvding i Alvefolket, men er det ein ting Khavi ikkje er, så er det ein krigar.
Med mindre nokon er stygg med nokon i syskenflokken! Då hiv ho seg ut i slåsskamp med kva som helst, for ingen rører dei ho er glad i!

Det tok lang tid før Khavi fann ut av dette med jakt. Ho flytta inn med meg medan eg budde på Askøy, og i starten kom ho stolt heim med byte to gongar: Ein gong eit eikelauv og ein gong ei larve.
Teknikken hennar var kort og greit å stupe ut i graset og håpe at ho landa på magen oppå det ho freista å fange. Det funka sånn ‘meh’.
Men etter at me flytta dit me no bur har jaktinstinkta blomstra, og no tek ho (dessverre) både mus og fuglar.
Likevel er det tørrfòr som er det beste alternativet. Ho har endå til gode å kome heim med noko som skal delast, og om det er fordi resultata er så som så eller fordi ho vil ha det for seg sjølv skal eg ikkje uttale meg om.

Kresen? Ja. Det har ho nok etter mor si. Underteikna, med andre ord.
Det skal vere Friskies, og til nauden litt kokt fisk. Noko anna dug rett og slett ikkje.

Sjølv om Khavi beskyttar flokken sin med nebb og klør om naudsynt, er ho ikkje så glad i herrepusar. Dei blir jaga frå gard og grunn så snart dei viser seg. Men andre kjetter blir ynskt velkomne med opne poter.
Ho har opp gjennom åra hatt mange pusevenninner, og ho gamlemor sjølv funderar på om jenta rett og slett er lesbisk.

Sånn til dagleg trives Khavi aller best i Skrivarstovao med mamsen, der ho kan passar på at mamma jobbar og gir ho velmeinte råd når det må til. Og ikkje minst passar ho på at mamsen tek pausar når det trengst!
Dessutan er Khavi ein pratepus. Det blir både mange og lange samtalar, der Khavi ausar av sin visdom. Ho svarar når mamsen spør ho om noko, og så kravlar ho opp på fanget mitt, set klørne i knea mine og ser lengje og tankefullt på meg. Mamsen må dermed berre innsjå at her skal det ikkje skrivast meir på ei stund.
Dùnedain påstår at Khavi må vere ei gamal sjel fanga i ein kattekropp, for ho let til å vere både grublande og klok. Ho finn ut av det ho vil finne ut av, og gir blaffen i alt som ikkje er så viktig. Og ikkje minst nyttar ho sjansen i å sjå dumt på papsen når han gjer noko som rett og slett blir for dumt.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg