Etter ein koseleg tur til Bulandet for å avlevere barnevogn, jolepresangar og litt jolestemning, kom me heim til tre pusejenter underernært på både kos og merksemd, og med meir oppsamla energi enn eit lite atomkraftverk. Og ishus. (pusane har hatt varme på badet, så dei har ikkje hatt det vondt!) Eg har akkurat vore og henta mitt fjerde vedlass for å få opp temperaturane, og no byrjar det omsider å merkast!

Soundtrack: Knitring i peisen

Pixie trives best i høgda når ho er på tur. Litt sånn som pusane heime.

Sjølv om turen vår eigentleg skulle vare ei helg, så blei den noko avstumpa då pusepassaren vår blei sjuk. Så me reiste opp til Bulandet fredag og returnerte seint i går. Sjølv om det er ein lang tur, og voffane som var med på lasset tykte det blei nok timar i bil, så var det utruleg koseleg. Både turen, med jolemusikk på full guffe, og det knappe døgnet me var hjå Gunvor. Finaste jenta mi som skal ha beibis om mindre enn to månadar!! <3 Både Pixie og Elessär meinte eigentleg at livet uti havgapet var verd turen, sjølv om det nok var ganske godt å kome heim til systrene sine!

 

Dùnedain slo opp augo i dag tidleg og lurte på om eg ville springe opp i vegen og kjøpe is då isbilen passerte, noko som eg tykte var særs uaktuelt. Ikkje berre frys eg i mitt eige hus no medan eg ventar på at kåken skal bli varm igjen, men ute er det eit vèr som eg i alle fall veit at eg ikkje bestilte på Black Friday.
Det regnar. Teite regnet. Eg ville ha SNØ til jol, ikkje ei grå sørpe full i salt og sand?! Kva skjedde med mitt winter wonder land?! Her er det i alle fall ikkje lengjer!!

Verdas finaste Gunvor med den nydelege beibimagen!!

Eg og Gunvor hadde som vanleg ganske mange verdsproblem å løyse, og han kavaleren min fekk endeleg rusla ein tur rundt og sett seg om i den bulandske naturen. Han presterte å gløyme å ta med seg jakke, så han var temmeleg kald då han omsider kom tuslande heimatt. Han lånte med seg kamera mitt, og rakk å ta nokre fine bilete før han sprang heim og kraup under varmepumpa.
Planen er i alle fall at eg returnerar til Noregs vestlegaste punkt i februar for å vere husmor/barnevakt/vaskehjelp/psykisk stønad/hobbytante, og eg merkar allereie at eg gler meg noko heilt vannvittig!!

Bulandet i solnedgong



Gunvor sa så passande at det har vore ein ganske stor omveltning i min haldning til småborn, i og med at då ho sette sin fyrstefødde til verda held eg ho så langt frå meg som råd, på strak arm, medan eg trippa nervøst i påvente av at ho skulle kome tilbake frå handleturen sin og avlaste meg. Eg var seriøst LIVREDD ungar. Eller, ikkje ungane. Eg var redd for at eg skulle gjere noko feil! Miste dei ned eller på annan måte skade dei for livet.
Men seriøst; eg elskar eigentleg ungar. Eg vil berre ikkje ha nokre sjølv!

I dag skal det i alle fall vaskast igjen. Vanlegvis føretrekk eg å ta bakinga FØR eg vaskar ned kjøkenet, men eg gjer eit unntak i år. I morgon og kanskje onsdag eller torsdag blir det bakedag, og før det skal kjøkenet bli reint og fint. Har innsett at det kanskje kan vere ein fordel å vere sikker på at det hygeniske er heilt på plass før eg byrjar å lage mat på disken. Tvillingane mine har nemleg ikkje heilt forstått at disken er fy-fy området endå, men eg trur kanskje det byrjar å synke inn etter x antal rundar med fresing og kjefting frå mi side….
Men før eg tek heilt pause, så skal pusejentene mine få vise fram dei to siste kalendargåvene mine, sidan eg har havna litt på etterskot med dei:

Èowyn presenterar Geisha-sjokoladane med karamell, nøttekrønsj og havsalt som låg i kalendaren min i dag. Og til høgre poserar Thrall med gåvekortet kadlen hadde laga på 1/2 times fotmassasje!

 

 

[skrive på morgonkvisten, posta på kvelden. Huset er varmt og kjøkenet er påbyrja!!]

 

 

Det er hardt å vere husmor. No som eg har teke meg joleferie og vil ha stålkontroll på huslege sysler, så har eg litt å hengje fingrane i. Som å skaffe jole-pynte-puter, til dømes. 

Soundtrack: Lordi – Merry Blah Blah Blah

Dei stakkars putene som bur i sofaen min får hard medfart.
Elessär har adoptert ei som er hans kosepute. Teppet eg har i sofaen er Èowyn sin koseklut. Begge to ligg og kosar og suttar på hjørnene, og slikt slit gjerne litt på tekstil i lengda.

Så eg har gått på sofapute-jakt, og det blei etterkvart sofapute-krig. Eg kan ikkje fjerne koseteppe/puta til dei to englane mine, men eg har eit håp om å få snike inn nokre som pyntar litt opp i stova som i det minste kan få liggje til over jol. Så får eg heller ta krigen med nurka etterkvart som dei stel dei frå meg.
Det er alt anna enn enkelt. Kvifor? Fordi ALT som er fint er i velour. Det er faen meg velour opp og i mente i ALLE butikkar!! Og når ein har fire pelsballar som nyttar seg av sofaen, så blir det veldig fort fluffy velour. Og det vil eg ikkje ha.
Eg må ha puter som tåler at det ligg ein furbaby på den utan at halve dyret ligg igjen på trekket etterpå. Ein kvart katt hist og her kan eg leve med, men velour suuuug til seg pelsdottar!
Og dukkar det opp noko eg likar som IKKJE er velour, så kan du banne på at prisen kryp opp under 500-lappen. La oss sei det slik at det er det ikkje verd når eg veit at dei held seg fine til cirka 2. joledag. Kring klokka 12.00.
Så jakta/krigen held fram. Eg skal tråle interiør-sjapper over helga på jakt etter bytte. Og eg kjem ikkje til å gje meg så lett heller!! (endar vel med at eg må sy dei sjølv, og det ville vore krise!!)

Gardiner derimot, det er meir mi greie. Eg har fått nye dompap-gardiner i gongen, og i stova har eg funne meg ljose gardiner med raude snøkrystallar. Dei eg hadde var rimeleg klare for utskiftning, for å sei det slik. Men no har eg kapper, og pusane skal hoppe temmeleg høgt for å få tak i dei!
Verre er det at det ser ein smule hillbilly ut med stikkontakten til adventsstjerna hengjande ved vindauga, så eg funderar meg på om eg må finne meg ein lengjer ledning eller ein meir diskrèt skøyteledning…

Vèr venleg å ignorer eventuelle lidande potteplanter og diverse snutekunst på vindaugo! Eg er ikkje kome så langt endå…

 

It’s beginning to look a lot like Christmas, om ikkje anna!! <3 <3

 

Khavi berre måtte ut eit ærend rett før eg hadde tenkt å gå til ro for natta. Gradestokken ute visar at det er noko kaldt for ein liten pus å vandre rundt i snøen heile natta, så som gode foreldre gjerne gjer, så sit eg oppe og ventar på at ho skal kome heim. 

Soundtrack: Alicia Keys – Little Drummer Girl

Dùnedain har tatt kvelden, og det ser det jammen meg ut til at Winnie har gjort òg, ut ifrå liggjestilen å dømme.

Eg har gjort ein skikkeleg innsats i dag, og fått gjort ferdig alle jolekorta samt henta siste pakken som i dag var havna hjå Nærbutikken i Hagavik.
Etter det bar det i full fart vidare til frisøren, som tok for seg både hår og negler i dag. Flinkaste Elisabeth; min favorittfrisør gjennom tidene! <3 Ho forstår galskapen eg lid av, og er meir enn gjerne med på den! xD
Måtte forevige frisyren ho ga meg, for eg klarar ikkje å gjenskape det her på eigahand:


Eg har ynskt meg slike buns på toppen sidan eg var cirka 14, men ALDRI fått det til sjølv! Eg sug seriøst i å ha langt hår. Blæh. Eg kan knapt vente til eg kan få det vekk-vekk-vekk, og berre ha kort gøy hår som til og med EG klarar å gjere gøye ting med! Det vil sei: Mohawk. Det blir det som blir standaren.
Og eg fekk fixa neglene mine, noko som verkeleg var naudsynt, for det var like før to av dei ramla av. Ikkje berre den “falske” delen, men halve tuppen. Så no er dei masse kortare, og forhåpentlegvis held dei seg fine til jol! (med desse fargane kan eg i det minste halde dei litt ved like sjølv)


*banne litt stille for seg sjølv over kvaliteten på bileta i dag* Skjønar ikkje heilt kva som er greia med kamera mitt i dag, men eg er ikkje nøygd med korleis bileta mine blir!!
Anyways.

Men eg byrjar i det minste å få kontroll over jolekaoset mitt. Sånn på ein måte. Eg har framleis mykje vasking og endå meir baking igjen på planen, men pakkane er i det minste klare til å distribuerast!
Kjøpe nokre jole-hunde-kjeks i jolepresang til Pixie i år, og dei var berre heilt sinnsjukt skjønne!


Dei både lukta og såg så gode ut at eg hadde lyst å smake! Greidde å styre meg, men dei lukta skikkeleg jolekakete!!
Pixie fekk prøvesmake ein før eg pakka dei inn, sånn at eg veit at ho likar det. Ho ELSKA dei! Elessär derimot ga meg eit blikk som sa: -Er dette etande? Seriøst??
Han gumla det til sist i seg, så ikkje Pixie skulle ta det frå han, noko ho hadde gjort med STOR glede!
Har eigentleg berre igjen å kjøpe noko godt til pusane då! Dei må vere her aleine på jolafta stakkars, men eg skal i alle fall sørgje for at dei har ALT det beste dei veit å ete tilgjengeleg! <3
Har eg nemnd at eg elskar dyra mine? Høgare enn himmelen?

Og så var det min kalendardag i daaaag! Wheee!!
Eg byrjar å mistenkje at han kadlen min tek til å kjenne meg altfor godt? Hihi! Eg tømde siste rest av lageret eg allereie hadde i dag, så denne kjem godt med. Då vaknar eg kanskje i løpet av morgondagen likevel? Den var jo blitt varm av å liggje i kalendaren rett ved vedovnen, så det måtte uansett chille litt i kjøleskapet.

No skal eg ut og leite etter katten igjen, med eit inderleg håp om at ho har bestemd seg for å ta kvelden ho med. Eg er nemleg STUPTRØYTT og skulle gjerne ha krabba under dyna saman med Dùnedain snart!!

 

 

Mannen blei skuffa i går. Alt gjekk i eitt frå eg slo opp augo til hovudet traff puta seint utpå kvelden ein gong. Og då seier det seg sjølv at det ikkje blir nytt kapittel i jolebloggen, som han brukar som substitutt for dagane der han ikkje får opna kalendar. I går var det nemleg min pakkedag! 

Soundtrack: Tone Damli – Mitt Hjerte Alltid Vankar

Dùnedain slo på stortromma i går og hadde lagt ein parfyme i kalendaren til meg!
Det var eigentleg veldig perfekt, for mitt vanlegvis så utømmelege lager av parfymer tok til å bli skralt etterkvart! Eg drøymer om den dagen eg klarar å spore noko Dalì-parfyme av rette sorten igjen, men det er faen meg heilt trakkande umogleg å oppdrive!!
I dag fekk mannen ein Lion-sjokolade, som er favoritten her i huset. For han, vel og merke.

Men la oss oppsummere gårsdagen:
Me rulla ut på vegen så snart Dùnedain fekk auge, og ferda gjekk fyrst til Åsane der Villmarkens Son skulle sjå etter nye brukte ski og skisko. I skrivande stund står han i kjellaren og beundrar dei og klargjer dei for ein tur i skogen når mørket legg seg over Dalen.
Så fyrst Fretex, og deretter hadde eg nokre ærend på IKEA. Og på IKEA har dei joletallerken på denne tida av året, og sidan eg og min tilkomande ektemann har prata om å spandere på oss sjølve eit jolebord (eg er tross alt sjølvstendig næringsdrivande, og mine jolebord kan fort bli stusselege. Eg kranglar med sjefen, drikk meg snydens og får sparken dagen derpå.) så tykte no ein gong han kavaleren min at den kunne me då ta på IKEA?
Eg var ikkje vidare imponert over pinnekjøtet; det var rett og slett for lite salt! Ikkje skrelte dei potetene heller, så medan eg sat der og gnog på pinnane angra eg innerst inne litt på at eg ikkje berre gjekk for pølse og pommes frites.
Men den eigentlege grunnen til at mannen ville på restauranten mistenkjer eg var riskremen. Eg har aldri møtt eit menneskje som er så tussete etter riskrem og risengrynsgraut som den fyren min?! Eg trur seriøst han kunne levd på det om han hadde fått moglegheita!!

As long as he’s happy. Eg fekk meg sjokolademuffins. Men kvaliteten på maten på IKEA er så som så etter mi meining. Eg saknar når dei hadde and på menyen, eg! Det er den beste IKEA-maten eg har kjøpt nokon gong!

Så skulle me vidare. Og for fyrste gong i mitt liv greidde me å køyre oss vill i Bergen. Det er skills for ei wannabe-brevdue som meg!! Dùnedain gløymde å skifte fil ein plass på Danmarksplass, og me konkluderte med at me kunne like gjerne ta ein runde mot Haukeland/Nattland og sjå korleis folk hadde pynta i den hood’n. Men ein stad på vegen køyrde me inn i feil gate, og brått var eg like forvirra som ein nyslept fjert i ein korgstol. Så om nokon la merke til ein mystisk bil som sirkla rundt og rundt i området Brann Stadion – Haukeland i går, og snudde i kvar bidige einvegskøyrde gate, så var det berre oss.
Til sist måtte me krype (rulle) til korset og køyre tilbake til Danmarksplass, og kome oss på rett veg ved hjelp av Google Maps. Nedtur.

Så var det mat til dyra, mat til oss, og nokre jolepresangar, før eg brått sjekka meldingane mine for å sjå kva butikk i Os pakkane mine hadde havna på. Til mitt store sjokk oppdaga eg at ein av pakkane mine var stranda i, gjett kvar? *trommehvirvel* Strusshamn. Ofc.
Det er nesten TRE ÅR sidan eg flytta derifrå, men framleis insisterar Posten på at det er der pakkane mine skal.
Så blei det tur til Askøy, før me snudde nasa mot Os. Tre pakkar var kome til svigermor, ein pakke på Nore Neset, og ein pakke som me trudde var landa på Osøyri, men det viste seg at den var havna hjå COOP på Amfi.
Eg følte at eg trengde litt trøyst etter alle desse bomturane, så eg kjøpte meg ein liten pipp og ein krans til å ha på gongdøra når eg fyrst passerte blomebutikken der dei har så hinsides masse fin jolepynt.


Treng eg meir jolepynt? Nei. Bryr eg meg? Nei.
Når det ikkje blir joletre i år, så får eg pynte med andre ting.

Trøytte og slitne kom me heim seint på kvelden, med dårleg samvit for ungane som hadde vore så lengje heime aleine. Men dei hadde mat, vatn, varme og alle blei godt lufta før me la i veg, så dei hadde ikkje hatt det såååå ille. Det verste var vel at mamsen og papsen hadde vore vekke i tuuuusen år!!
Me bar inn kasse på kasse og pose på pose (og eit par sekkar) med ting som me hadde gått til anskaffelse av i løpet av dagen, og no ser stova mi ut som eit Amazon-lager. Men det er ein trøyst at no ventar eg berre på EIN pakke til i posten før eg er i mål. Litt verre for kadlen; han riv snart av seg det vesle håret han ikkje har fordi han manglar ein presang til meg.
Seriøst? Eg har sagt han kan kjøpe ein mjølkesjokolade på Kiwi og setje sløyfe på, og eg er happy as can be?!
Men enkelte kan rett og slett ikkje ta imot gode råd frå kjerringi si! :p

Khavi er minst nøygd av alle. Ho likar at huset er ryddig og reint, organisert og alt er på sin plass. Sånn er det IKKJE no. Så ho kjem inn, et, set seg på toppen av kassane og ser anklagande på meg før ho set i songen: “Slepp meg ut, her trives eg ei!! (trur det er ein salme? Eller ein klagesong? Same shit, different asshole.)

Så i dag skal resten av gåvene pakkast inn, jolekorta (som ENDELEG var komne!!) skal skrivast og så skal eg rydde og sortere litt rot før dagen mest sannsynleg går mot ein ende.
Dùnedain sender eg på skitur så han ikkje går i vegen. :p

Heilt til sist tenkte eg å inkludere eit bilete av *ta-daaaam* MEG SJØLV!
Eg har jo gjort det klart at eg veldig sjeldan tek selfies; eg tek usies. Det er som regel eit anna individ eller ein furbaby saman med meg på mine bilete, og strengt tatt er ikkje dette ein selfie sidan det var Kriss som tok det då me var på jolemarknaden på laurdag.
Tenkte eg skulle få illustrere det gufne vêret som Bergen viste oss den dagen, for eg såg faktisk ganske så velsteld ut heilt til me kom tilbake til garasjen!

Strike å pose, baby!

 

 

Så var eg i gong igjen. I dag har eg vaska kjøleskapet med q-tips. Ikkje heile, vel og merke, berre innimellom alle små krikar og krokar der eg ikkje kom til med andre verktøy. Men REINT, det blei det!

Soundtrack: Boney M – Mary’s Boychild/Oh My Lord

Kveldsroen har omsider senka seg over den Borlaugske residens. Dagen har vore heftig lang, sidan småfuglane i hagen atter ein morgon sat og lurte på kva eg dreiv med når eg sto opp før dei rakk å sleppe sin fyrste morgonfjert.


Og til ein forandring tok eg med meg mobilen ut då sola keik over snødekte fjelltoppar og fekk teke eit bilete! Eg er nesten på grensa til å vere imponert sjølv.

Jolegåvene er nesten ferdig innpakka, men slike ting tek tid når ein har så mange assistentar som eg har. Spesielt Èowyn skulle vore filma der ho rullar rundt i jolebanda mine eller parkerar stompen godt nøygd oppi gåvelapp-boksen min. Men ein må velgje sine krigar; det er vanskeleg å bære kattar vekk med kamera i neven. Spesielt når ein annan har innteke bordet så snart ein flyttar den fyrste.

Så då er det snart lalletid for vaskefantomet. Dùnedain rømde nettopp til skogs for å få ut litt frustrasjon (trur eg?) etter at eg har piska han med kjøkenvasking heile ettermiddagen.
Neidå, han påstår eg er snill med han. Stort sett. Og så fekk han katte-kakeform i kalendaren sin, så då burde han vere happy?

Snillaste naboen vår kom på døra med nordlandslefser til oss i dag òg, så no er planen å nyte stilla, momse lefser og glo på ein episode av SouthPark før eg kryp til køys. (tusen takk, Anne Marie!! Nostalgien flommar på av nordlandslefser med sukker!!)
Nok ein hektisk dag står for døra i morgon, og og og!! Eg har heilt gløymd å sei at eg greidde å presse meg inn dørane på Gina Tricot nede på Torgallmenningen i går, TRE MINUTT før dei stengde, og EG FANN TØFLANE MINE!! Litt store i størrelse, men åååh såh vaarmeh!! <3

PS! Eg angrar allereie på at eg nemnde “ro” her i huset. Dei småtelepatiske pusekattane plukkar det tydelegvis opp, for no var det på tide med ein ny episode i skrekk-serien “Potteplante Massakeren”. Hurra.

Eg skulle hatt ein funksjon som ga terningkast på saker og ting her på denne sida mi. Det manglar eg. Så då får eg trille ein sjølv for jolemarknaden i år: SKUFFANDE & MANGELFULLT MED PLATT PLOTT OG MED FRÅVERANDE KARAKTERAR!

Soundtrack: Christina Aguilera – The Christmas Song

Nope, det var ikkje mykje å skryte av denne gongen. Tidlegare er det lite som får meg i så herleg jolestemning som å tusle rundt blant bodane, med pariserhjulet og den gamaldagse hestekarusellen som ljoser opp førjolsnatta.
I år var heile kalaset lagt til Torgallmenningen og Fisketorget. Borte på Festplassen har dei jo laga eit slags brakke-paradis for testing av korona, men likevel. Heilt seriøst. Kunne dei ikkje flytta dei skura sine vekk derifrå og gitt oss ein jolemarknad i staden?? Jaudå, eg veit eg framstår som ein sutrete fem-åring som ikkje fekk den nyaste iPhone’n til jol, men ein køddar ikkje med joletradisjonane til Lokkrisen!!

Vanlegvis klarar eg gjerne å finne ei eller to herlege jolegåver når eg fyrst er det, medan eg prøvesmakar smoltringar, crêpes med sjokolade, go’bitar frå Asia/Tyrkia/Hellas (gyros FTW!!), men i år var det BERRE dette som var å finne på. Bortsett frå mat-ting, så hadde Outland (<3) to små bodar, og det var eit par stader dei selde ullsokkar. Og….det var sånn cirka det??
Opplevjinga blei ikkje betre av at det pøseregna/sludda og den einaste køen som var LANG var den framfor boden som selde kandiserte epler. Så for ørtande år på rad blei det ikkje til at eg fekk smakt dei. Det har vore målet mitt KVART år, hakk i hjel på det å kome seg opp i pariserhjulet utan å døy av høgdeskrekk, men akk. Ei heller i år.

Ei heller i år. Next year, maybe.

Litt jolsk stemning var det å hente, vel å merke. Eg fekk meg crêpes med banan og nugatti, og ein smoltring med sjokolade. Sunt som fy. Eller ikkje.
Og Bergen er ganske fint når mørket fyrst legg seg, det er ikkje til å kome ifrå:

 

 

 

 

My partner in crime poserar under tvang

 

 

 

Me bestemde oss heller for å råne litt rundt og sjå på verda. Like greit. Vêrgudane var ikkje heilt på vår side denne dagen.

Og så var det min tur til å opne kalendarpakke!! I går fekk Dùnedain sånne sjokoladeskeier som du puttar i varm mjølk og rører til dei løyser seg opp. I dag fekk eg ei sløyfe med følgjande lapp på:  1/2 times helmassasje!
Kreativt og relativt billeg alternativ til husafyll, og eg tenkjer eg skal nytte meg av dette tilbodet allereie no i kveld!

 

PS! Hugsar de den colaen som eg berre MÅTTE hente til kadlen min i går, fordi Coca Cola nissen lissom var på Lagunen? (berre juks; det var ei stakkars ung studine som sto der som vikar….) Vel, den står framleis her. I kjøleskapet mitt.

Anten var boksen for liten til at karen brydde seg med den slurken den inneheld, eller så var han så skuffa at det ikkje var nissen sjølv som delte den ut at det ikkje var verd å bry seg med. Hmpf. Utakk er verdas løn, eller kva det no enn heiter.

Då dumpar eg ned i sofaen iført ei varm og god joggebukse, og med chipsposen på fanget. Fordi eg har fortent det. 

Soundtrack: Kurt Nilsen – Stjernesludd

Eg har nemleg gått laaaangt i motbakke OG motvind. Han karen som skulle plukke meg opp på busshaldeplassen hadde rømd på skitur, og trudde ikkje eg skulle kome heim før kring midnatt.
Då me omsider oppnådde kontakt, innsåg eg at eg ikkje kunne sitje i ein time i eit iskaldt busskur og vente på å bli plukka opp, så eg la i veg.
No har det seg slik at eg er komen i ein alder der eg tenkjer: -Åååh, guuuud! Eg har ei ein slik ein livsviktig refleks med meg på denne strabasiøse ferda! (eller noko tilsvarande og hakket mindre dramatisk)
Men samstundes var det veldig koseleg å tusle oppover bakkane medan vinden susa og snøflaka dansa i mørkret. Eg måtte berre passe på å hoppe ned i grøfta og gøyme meg i snøen når dei som ikkje kan fartsgrensa passserte.
Til slutt blei eg faktisk plukka opp, og då eg tok opp mobilen for å sjekke tilstanden på mascaren som eg var sikker på hadde gitt meg ein look som ville gjort Alice Cooper sjalu, så blei eg faktisk positivt overraska!


Eg vil påstå at den sat imponerande bra! Hurra for Estee Lauder!! Utlandet må snart opne opp att så eg kjem meg på taxfree’n og handle inn meir!!

Men kvar kom då dette kvinnemennesket frå, som la ut på tur i platåsko og flekk ny boblejakke (som er jolepresang frå gamlingane, men som eg har LOOOVA å berre bruke i dag, for så å pakke ned og leggje under treet!) med nordavind frå alle kantar?
Ho hadde vore på teater, nemleg!
Snillaste Solveig lurte på om eg ville vere med ho og sjå Don Quijote! Og så KLART eg ville!! Eg meinar, eg har hatt lyst å sjå det teaterstykkje sidan eg var lita! (jadda, eg har alltid vore litt pussig)
Blei ikkje skuffa. Eg lo godt og kosa meg masse! Eg har ikkje vore på teater på sikker 15 år, så det var absolutt noko eg sette pris på! (tuuuusen takk Solveig!! <3 )

 

 

 

 


Eg anbefalar dei som har sjansen til å få med seg denne på det sterkaste; eg STORkosa meg! 😉

Så det har ikkje blitt så mykje vasking på meg i dag. Det har gått litt i eit, får’n sei! Fyrst var eg cirka Hordaland rundt for å hente pakkar på Osøyro, Nore Neset og til sist på Strusshamn. På Strusshamn, lissom?! Det er nokre år sidan eg budde DER, men likevel insisterar diverse nettbutikkar på å sende varene mine dit, uansett kor mange gongar eg freistar å endre adresses!!
I tillegg fekk eg ei melding om at Norli hadde send meg ein pakke i dei små timar på morgonkvisten, så eg reiste og henta den, berre for å kome heim og motta endå ei melding om at dei hadde send meg ein pakke til. Eg meinar; seriøst? Driv Posten med noko slags førjolsterror i desse dagar?! Og kan nokon stoppe dei? Finst det ingen reglar mot denne typen terror?! Eg berre spør….

Men eg hadde ein del andre ærend som eg fekk ordna undervegs òg. Litt nom til helga, støvkost og andre viktige ting til hus og heim, nye gardiner, og ein bomtur til Gina Tricot for å sjå om dei framleis hadde tøflane mine, som eg tenkte å kjøpe i gåve til meg sjølv. Spoiler alert: Nope, det hadde dei ikkje.

I’ll be missing you….

 

Det var unicorn-slippers! :'( Tok bilete sist eg var innom for å vise Dùnedain noko eg ynskte meg til jol, men eg får klare meg med dei tøflane eg allereie har. Dei er litt digre og klumpete, men det er EKTE unicorns-slippers då. Av EKTE einhjørningspels. Kors på halsen.

Siste stopp på turen blei å snakke med dei som delte ut Coca Cola på Lagunen i dag, fordi han som sat og hadde så frykteleg lyst på cola ikkje ooooorka å gå sjølv.


Og deretter bar turen heim for å levere Gabbi (som blei med oss på shoppingrunden i dag) så ho skulle rekke å støvsuge og vaske ned huset før ho fekk gjestar. Det er i alle fall det eg trur ho driv med når ho ikkje er under min observasjon.
Deretter bar det til by’n for å leike kultivert kulturperson. Og no sit eg då her.

I morgon er det fram med vaskebøttene og grønsåpa igjen. Anten før eller etter eg har farta på jolemarknaden i by’n med Kriss. For i skrivande stund ser stova mi slik ut: (eg må på førehand åtvare om STERKE inntrykk!!)

Eg skjemst IKKJE – alt må bli verre før det kan bli betre! Og eg lovar på tru og ære at eg skal vise fram kor flott det blir til slutt, sjølv UTAN joletre!

Så var endeleg desember i gong, og eg er godt forberedt. Her skal det bakast og vaskast og jolehandlast og pyntast! Men joletreet uteblir i år….

Soundtrack: Netflix -14 Topper: Ingenting er Umulig 

 

I år blir det joleblogg! Eg er klar som eit egg for alt eg har planlagd, så no er det berre å vente på at Grinchen skal snike seg ned pipa og stikke kjeppar i (h)jula for meg….


Den fyrste luka i adventskalendaren vår gjekk til Dùnedain. Han fekk cheese doodles med sjokolade, og blei ein glad gut. I dag var det min tur, og han hadde slått til med Peppa Pig-kalendar til meg, med sjokolaaaade!! Så då har eg TO kalendarar denne månaden! 



Og så var strengt tatt startskotet gått: I går vaska me ned HEILE yttergongen, noko som inkluderte veggar, tak, dørar, vindauge, møblar og blomepotter. Det mangla eigentleg berre at eg henta fram tannkosten og q-tips. I fjor gjorde eg det. Eg sto på kjøkenet og vaska komfyren med q-tips.
I dag fekk eg ikkje teke meir enn nokre kjøkenskap, for gjett kven som spratt ut av senga klokka 05.30 i dag??
Jepp. Eg har teke meg litt halvvegs “ferie” for å vie all den tid og kjærleik eg har til førjolstida til akkurat førjolstida. Det skulle etter planen inkludere nokre late dagar på morgonkvisten, men kven er det som sprett ut av senga før fuglane fis?? Jau, det er underteikna.
Bakdelen er at eg må vente med å byrje vaskesjaua til stakkars Dùnedain får auge, for han er ikkje fullt så morgonfrisk. Og nedvasking blir ikkje det same når eg ikkje får guffe Boney M medan eg rallar med i beste Lokkri-stil. Og eit sånt sirkus er vanskeleg for ein stakkar å sove gjennom.

 

Piska mann i husmormodus

Og så har han lova meg å hjelpe, så eg lar han ikkje sleppe så lett unna heller!

For å toppe det heile, så har snøen lava ned i det siste, og Elessär er ein veldig glad gut som aller helst skulle vore uteboff. Han sit i vindauga og stirer lengselsfullt ut på den kvite bøen, der hjorten dansar og elgen flyg. Eller noko sånt. (dårleg med elg her oppe når eg tenkjer etter, men det var ein rev som jaga ein hare nedover vegen forbi huset vårt her om dagen!)

Khavi er mindre nøygd; ho er rimeleg raske turar ut og me har knapt lukka døra bak ho før ho står på trappa og gaular igjen. Pixie frys i stompen når ho skal ut og gjere sitt fornødne, og fèr som eit skot ut, pissar, og kjem som eit skot inn igjen. Rett til peisen og varme seg.

Planane framover.

  • Jolemarked i Bergen
  • Lage marsipan
  • Bake cirka 7 kakesortar (og litt konfekt!!)
  • Ein av dagane = tradisjonsbakedag med Kriss (jødekaker og serinakaker!! <3 )
  • Vaske-vaske-vaske
  • Ferdig jolehandel
  • Guffe jolemusikk
  • Pynte

Og ikkje minst kome over sorgen over at me ikkje får opp joletreet i år. Eventuelt kan eg ta inn treet og ikkje pynte det, og i staden la det bli naturleg teke over at pusekattar.
La oss håpe dei er blitt litt tørre bak øyro innan neste jol, sånn at eg får treet mitt på plass då.

Ha ei fantastisk førjolstid alle saman!

 

Medan eg sat og tasta i veg på ynskjelista mi går, så merka eg at det klødde litt i den blogge…foten? Fingeren? 
Eg saknar bloggen min. Så no startar eg på nytt. Igjen.

Soundtrack: Celtic Woman – Teir Abhaile Riu

Heldigvis er ikkje ein av dei som har ein fanskare å forhalde meg til. Så vidt meg bekjend er det berre eg sjølv som av og til ser tilbake på skribleria mine, og kring jol sjekkar ein og annan ut ynskjelista mi.
Men det er mest for min eigen del eg har ein blogg. Akkurat som at eg ein gong i tida førde dagbøker, berre for meg sjølv. No var dagbøkene mine vel og merke eit djupdykk i menneskesinnets mørkaste sider til tider, og det har eg ingen behov for å lufte offentleg på nett. Takk og pris. Eg likar berre å skrive, og for så vidt så har eg fint lite mørke ting å skrive om, i alle fall på den mentale fronten. Litt verre er det kanskje med den brennande interessen eg sit med for det makabre og mørke sånn ellers, men det får verda berre leve med.

Ein av grunnane, trur eg, til at eg ikkje har vore så engasjert bloggmessig er det nitriste designet eg har på sida mi. Ja, det er til å grine av. Eg veit.
Så i ekte korona-and tenkte eg kanskje at det var på høg tid med ei oppussing. Det blir planen for romjola, for tida framover er jaggu tettpakka nok med ting eg skal nå over. Eg har sett meg ei deadline på 1. desember for skriveprosjektet mitt, eg og Dùnedain er byrja på bryllaupsinvitasjonane våre, jolepresangar skal kjøpast inn, og eg og fine mannen min driv å lagar adventskalendar til kvarandre. Og i kveld/ettermiddag (alt etter kor mykje eg klarar å skrive i løpet av dagen) skal me ta bilete til jolekorta sånn at eg kan få dei framkalla.
Så, ja. Det er er heftig mykje på tapeten for tida. Men veit du kva? Eg elskar det. Eg saknar det skikkeleg hektiske livet som gjerne slår ut i full blome når eg til dømes jobbar på eit filmprosjekt. Ting skjer. Hjernen jobbar. Du skal ha kontroll på ti tusen ting og alt går i eitt. Og det er den diggaste kjensla eg veit.

Konklusjonen min er med andre ord: I romjola, om ikkje heile slekta på begge sider skal slåss om kvalitetstid med oss, så skal eg lage ny header, og starte bloggen min på ny frisk. Som om den er splitter ny.
Og eg gler meg. Samstundes som eg har eit håp om at 2022 ENDELEG skal bli året der eg klarar å bli ein aktiv bloggar igjen!!

Snøen kom. Til slutt. Eg er temmeleg overbevist om at Jolenissen har send gåver via PostNord denne gongen, for den er berre tre veker for sein. Og så var det heller ikkje GRENSER for kor mykje han sende når han fyrst var i gong?!

Soundtrack: It’s my Life – Bon Jovi

Elessär elskar det. Papsen gjorde den tabben å sei at naboen berre skulle ta vekk snøen då han køyrde traktoren forbi og brøytte vegen for oss, og etter det har bikkja stått vakt i vindauga og lurt på om han skulle ta alt, eller om det skulle bli noko att til han. Og står han ikkje på den posten, så ligg han ved utgongsdøra og grin fordi han har mest lyst å vere ute og danse i snøen.

Pixie og pusane er meir skeptiske; snø stod overhovud ikkje på ynskjelista deira i år. I alle fall ikkje slike mengdar! Pixie slit med å finne ein plass ho kan setje rompa nedpå for å få gjort sitt fornødne, og pusane går snart på VEGGANE fordi det er så kjipt å vere inne. Og ute er det kaldt. Og dei forsvinn i snøen. Rododendroen min har òg dukka fullstendig under i snøfallet, så eg ventar i spenning på korleis den ser ut til våren!


Og eg sit oppe i natta. Dùnedain har for lengst gått til ro, og resten av dyrehagen søv/halvsøv rundt i huset. Mensen melde sin ankomst i dag, så eg har lagt som eit slakt på sofaen eller senga og sove vekk dagen, medan eg har vore sinnsjukt sjølvmedlidande. Smertestillande tok berre toppen av all ao’en, og då finst det ikkje nok sjokolade på denne planeta til å få meg opp og i gong med nokon verdens ting fornuftig.
No har det heldigvis avteke litt, og då melde skrivekløen seg! Det er digg. Eg hadde som mål å klare å skrive jamnt og trutt, og har så langt greidd å halde meg til det. Men eg skal ha helgepause, sånn at hjernen ikkje blir heilt rømmegraut. Lovar likevel bra at eg faktisk klarar å skrive kvar dag, og kjenner ei glede med det eg gjer! Hurra!

Jolepynten skulle for så vidt ned i dag, men eg har ikkje lyst å fjerne den. Treet var så fint i år, og den himmelske hærskare med englar som danderar stova mi er så vannvittig koseleg! Huset har vore opplyst av så masse små og store ljos og stjerner og treet har dufta så fantastisk, og så skal alt berre pakkast ned og hivast oppatt på loftet. Do not like.


Årets tre-tema var “fantasi”. Neste år trur eg at “vinter” skal vere tema, om eg berre finn att dei jolekulene som tydelegvis ikkje var på loftet her hjå meg. Eg har f*** meg jolepynt til å pynte tre hus, ein villa, eit par herskapsgardar og ein utedass, men den er spreidd for alle vindar. Jadda.

Faktisk så er eg ganske optimistisk for året 2021, eg! Det er ikkje akkurat som om det skjer allverdens, og eg føler meg asosial som ein frosk i ein karpedam, men om verda på død og liv skal stå på pause, så vil eg gjere det beste ut av det. Det inneber sjølvsagt jobbing heimanfrå, men det er òg ei fantastisk orsaking til å spele både WoW og Sims på kveldane!
Eg ser for meg at det i stor grad blir slik 2021 kjem til å bli, dessverre. Det vil jo sei at det meste av ting eg hadde gleda meg til utgår, i år som i fjor. Bursdagsfeiring, utdrikkningslag, hausttakk, jolebord…og eg fryktar for at det spøker for bryllaupsplanane. Men sånn sett brenn det ingen plass. Eg får sei som Gabbi sa: -Du æ’kke amish og bringer skam over slekta fordi du lever i synd heller!!
For ein gongs skuld i livet løftar eg blikket og ser framover. Med glede. Det er så masse fantastisk eg har i vente, og det er så mange ting eg gler meg til når verda byrjar å gå tilbake til normalen! Om det skulle ta litt lengjer tid enn planlagd, så forsvinn det ikkje heller. Det gir meg berre endå meir tid til å glede meg og spare opp til dei tinga som måtte koste nokre kroner! <3