Bergen Jolemarknad-anmelding: SKUUUUUFFA!!!

Eg skulle hatt ein funksjon som ga terningkast på saker og ting her på denne sida mi. Det manglar eg. Så då får eg trille ein sjølv for jolemarknaden i år: SKUFFANDE & MANGELFULLT MED PLATT PLOTT OG MED FRÅVERANDE KARAKTERAR!

Soundtrack: Christina Aguilera – The Christmas Song

Nope, det var ikkje mykje å skryte av denne gongen. Tidlegare er det lite som får meg i så herleg jolestemning som å tusle rundt blant bodane, med pariserhjulet og den gamaldagse hestekarusellen som ljoser opp førjolsnatta.
I år var heile kalaset lagt til Torgallmenningen og Fisketorget. Borte på Festplassen har dei jo laga eit slags brakke-paradis for testing av korona, men likevel. Heilt seriøst. Kunne dei ikkje flytta dei skura sine vekk derifrå og gitt oss ein jolemarknad i staden?? Jaudå, eg veit eg framstår som ein sutrete fem-åring som ikkje fekk den nyaste iPhone’n til jol, men ein køddar ikkje med joletradisjonane til Lokkrisen!!

Vanlegvis klarar eg gjerne å finne ei eller to herlege jolegåver når eg fyrst er det, medan eg prøvesmakar smoltringar, crêpes med sjokolade, go’bitar frå Asia/Tyrkia/Hellas (gyros FTW!!), men i år var det BERRE dette som var å finne på. Bortsett frå mat-ting, så hadde Outland (<3) to små bodar, og det var eit par stader dei selde ullsokkar. Og….det var sånn cirka det??
Opplevjinga blei ikkje betre av at det pøseregna/sludda og den einaste køen som var LANG var den framfor boden som selde kandiserte epler. Så for ørtande år på rad blei det ikkje til at eg fekk smakt dei. Det har vore målet mitt KVART år, hakk i hjel på det å kome seg opp i pariserhjulet utan å døy av høgdeskrekk, men akk. Ei heller i år.

Ei heller i år. Next year, maybe.

Litt jolsk stemning var det å hente, vel å merke. Eg fekk meg crêpes med banan og nugatti, og ein smoltring med sjokolade. Sunt som fy. Eller ikkje.
Og Bergen er ganske fint når mørket fyrst legg seg, det er ikkje til å kome ifrå:

 

 

 

 

My partner in crime poserar under tvang

 

 

 

Me bestemde oss heller for å råne litt rundt og sjå på verda. Like greit. Vêrgudane var ikkje heilt på vår side denne dagen.

Og så var det min tur til å opne kalendarpakke!! I går fekk Dùnedain sånne sjokoladeskeier som du puttar i varm mjølk og rører til dei løyser seg opp. I dag fekk eg ei sløyfe med følgjande lapp på:  1/2 times helmassasje!
Kreativt og relativt billeg alternativ til husafyll, og eg tenkjer eg skal nytte meg av dette tilbodet allereie no i kveld!

 

PS! Hugsar de den colaen som eg berre MÅTTE hente til kadlen min i går, fordi Coca Cola nissen lissom var på Lagunen? (berre juks; det var ei stakkars ung studine som sto der som vikar….) Vel, den står framleis her. I kjøleskapet mitt.

Anten var boksen for liten til at karen brydde seg med den slurken den inneheld, eller så var han så skuffa at det ikkje var nissen sjølv som delte den ut at det ikkje var verd å bry seg med. Hmpf. Utakk er verdas løn, eller kva det no enn heiter.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg