Det har vore eit vaskeekte SKITÅR! 2020 går ned i historia som eit makkverk av dimensjonar, og måtte me heretter gjere eit unntak for historiebøkene, og berre hoppe direkte frå 2019 til 2021.
Soundtrack: The Truth about Love – P!nk
Jepp, her er eg igjen. Det har sin heilt logiske forklaring kvifor det knapt blei skrive eit ord i bloggen gjennom heile 2020, for kva svarten skulle ein eigentleg skrive om?! Det skjedde fint lite. Ingen bursdagfeiring (verken min eigen eller nokon andre sin), ingen ferieturar, ingen HaustTakk, og alle sat på kvar si tue og tvinna tommeltottar. Det har vore eit keisamt og LANGT år.
RIP fine Kira
Derfor er eg varsamt optimist for 2021. Det er ti tusen ting eg gjerne skulle gledd meg til, men når året byrjar med eit leirskred som øydela liva til alle i ei heil bygd nede i aust, så vågar eg ikkje sjå positivt på kva me har i vente. Det at voffsejenta vår i BaleBy sovna stille inn rett over jol bleiknar i forhold, men det gjer meg heller ikkje meir positiv.
Eg har ikkje så mange mål for året, som sagt. Eg skal skrive. Om eg står fast i forfatteria mine, så skal eg i det minste produsere eit blogginnlegg. Eg skal trene. Ikkje nokre svære greier, men får eg stramma opp lår, mage og armar bittelitt til bryllaupet i august, så er eg happy. Etter det skal eg gå tilbake til å forfalle inn i eva. Eg skal kutte røyken. Nuff said. Og eg skal gjere mitt beste for å planleggje bryllaup. Sånn at eg kan få klipt av meg dette lange ragget som eg har spart ut på toppen. Eg likar ikkje langt hår, så enkelt er det.
Med det legg eg 2020 bak meg, nyt heilsteikt kalkun på denne siste av årets joleferie, og siktar mot nye høgdar. Eller dalar. Alt etter kva skjebnen vil.
Musikken byrjar å spele, og alle snur seg. All merksemd blir retta mot den bakre delen av lokalet, der dei store dørane går opp, og brudepikene og brudesvennane kjem inn på rekkje og rad. Dei har krans på hovudet og kvite kjolar. Fine dressar og kanskje ljos i hendene. Alt er tilrettelagd for den andre hovudpersonen for dagen, som stig inn i rommet, med blomar i håret og slep og slør. Og ikledd….ein potetsekk.
Soundtrack: Gregorian Choir – Nothing Else Matters
Dette er for augneblinken mitt vetle mareritt. Eg las på ei bryllaupsside nyleg: “Valet av brudekjole er kanskje det mest personlige valet av klesplagg du nokon gong kjem til å gjere.” og eg tenkte: -Kyss meg midt i kaviarkrysset!! For det er jo ei sanning i det, men så var det ein million faktorar som gjer at eg får lyst å rive ut det lange håret som eg har spart ut i over eit år no. Nettopp fordi eg vil ha ei fin frisyre til den store dagen. For eg veit AKKURAT korleis brudekjolen min skal sjå ut. Vel, nesten. Den skal ha lange ermar, som eg likar å referere til som trompetermar. Sølvbroderi, ljos i fargen (helst kvit), ganske enkel, men med korsett. Og eg vil ha kappe med hette i mesh, ikkje noko klassisk brudeslør. Og draumekjolen min ligg for all del til sals på nettet, men den ville ha kosta meg 21.000 kroner.
Eh, nei. Så mykje pengar GIDD eg ikkje kaste vekk på ein kjole eg skal bruke ein gong i livet. Då føler eg mykje heller for å spytte inn litt ekstra i god mat og drikke, ei skikkeleg bryllaupsreise og bra musikk til sjølve festen. Så eg byrja å leite. Saumfòr finn.no, leita gjennom alt av bryllaupsbutikkar i Bergen (via nett; det er jo ikkje lov å gå ut i desse dagar….), sjekka opp med folk som syr….Men draumekjolen uteblir. Senke litt på krava? Okay, la oss prøve. Følgjande resultat sit eg då att med: 1) Det er masse fine kjolar, men dei snurpar seg saman kring føtene, og vil redusere meg til ei trippande høne med egg klar i bakvegen om eg skal vere iført dei. 2) Stroppelaus kjole? Jaudå, men eg manglar relevant fylde i det øvre partiet, og ville nok ha enda med heile brudestasen hengjande som eit slapt skjørt kring livet før eg kom til alters. 3) Eg har ei kroppsform som med tida vil få forskarar til å klø seg i hovudet den dagen dei opnar kista mi i arkeologiens namn; eg ser ut som ein opp-ned pyramide, med superflotte bein, og skuldrar/nakke som ein okse på steoridar. 4) Nei, korte ermar funkar ikkje. Ikkje korte skjørt heller. Nope! ….og finn eg noko eg tenkjer kan fungere, kan du ta deg faen på at dei ikkje finst i anna enn størrelse 36. Og la oss berre innsjå det; eg kan slanke meg til eg blir BLÅ i trynet, men størrelse 36 kjem eg aldri til å klare å skvise vomba inn i.
Hadde dette vore for cirka 20 år sidan, med andre ord nokre år før eg gifta meg førre gong, så hadde det vore heilt greit med ein svart brudekjole, og eg kunne sett den saman bit for bit med nydelege gothiske element. Den gong sa min komande ektemann at han berre hadde TO krav til bryllaupet: Me gifta oss i kyrkja, og at eg stilte i kvitt. Greit. Eg var jo nøygd med kjolen min den gong, men eg ser jo i ettertid at den var ein smule….bløtkake. Silkeroser og netting på armane; check. Laaaangt slep; check. Så då var i alle fall eg nøygd. Den gong. Kjolen ligg framleis i ein kasse, lagra vekk, men den er uaktuell i denne omgong. I og med at bryllaupet blei ein katastrofe utan sidestykkje, så la oss sei at det er ein av grunnane til at det ikkje fristar.
Så kva gjer ein chubby liten wannabe-alv når ein kjem i ei sånn knipe som dette? Eg for min del kryssar fingrane for at verda gir gode ting til snille folk. Ellers så får eg berre hoppe i det, og stille i strisekk.
Eg har slite med angst store delar av livet. Eg byrja å slite psykisk i ganske ung alder, og hovudsakeleg var det depresjon som prega tenåra mine. Men i 20-åra kom angsten i tillegg. Det var matangst, angst for at eg var ubrukeleg på alle rare måtar, prestasjonsangst, sosial angst….Men eg har kjempa masse for å få kontroll på meg sjølv, og i dag er det høgst sjeldan det slår til. Bortsett frå arachnofobi og ein hinsides høgdeskrekk som gjer at det er kvalmande å sjå folk klatre i fjell eller hoppe i fallskjerm på TV. Eg brukar å sei eg blir svimmel av å stå på tå, og det er jaggu ikkje langt frå sanninga!
Men i natt hadde eg ei opplevjing utanom det vanlege; eg fekk angst i ein draum. Og det blei med inn i vaken tilstand. Det er år og dag sidan eg måtte kapitulere og gå og leggje meg fordi eg ikkje fekk kontroll på hjernen min. Det ligg framleis baki der og murrar, men no må eg berre le litt av heile greia.
Det merkelegaste var at draumen ikkje var på nokon måte skummel eller i nærleiken av eit mareritt. Eg er stort sett fan av mareritt, eg! Monster og spøkelser og zombiar; eg blir som regel skuffa når eg vaknar fordi det var så spennande! Så ja; them horrorfilms have fucked me up. Nei, i denne draumen veksla eg mellom å vere på ein familieferie i noko yngre dagar, og vere på ein eller annan slags “leir” med alle slags folk eg kjenner. Folk eg har studert med, barndomsvener, slekt og familie…Ei herleg røre. Og eg hadde med kattane mine. Innimellom utspelte draumen seg i ei hytte, og innimellom eit fancy hotell. Eg delte rom med bror min, som i draumen var ein tween i eine augneblinken, og ein tenåring i neste. Nokre gongar var rommet vårt i ein mørk, fuktig kjellar (men for all del; det var fine og skikkelege rom!) og så kunne det brått vere på loftet. Innimellom var det eit flott hotell, men så var me tilbake til noko som minna meir om ei fint oppussa brakke. Ei lita stund inni der var me i huset der besteforeldra mine frå Arna budde. Og den delen av draumen eg hugsar best var då me skulle reise heim. Ute var det full snøstorm, og eg sprang rundt som ei hovudlaus høne for å få pakka alle tinga mine. Finne kattane mine. Rekke å kome meg på stranda før me skulle reise. (ja, for det var jo logisk oppi snøstormen….?) Eg måtte klatre i stigar, famle meg fram i mørke kjellarar, finne ting på dei merkelegaste plassar (kleda mine var brått ute på ein altan, på eit tidspunkt), berre for å oppdage at eg hadde tatt med meg dei merkelegaste ting på denne ferien, som skulle få plass i kofferten. Ei lampe, puslespel, bittesmå leikefigurar og plastdinosaurar….Det dukka stadig opp nye ting som eg måtte hugse å ta med. Og sjølv om eg visste at eg hadde fått plass i kofferten min då eg reiste til denne staden, og eg hadde ikkje kjøpt noko under opphaldet, så var det ikkje nubbesjans for å få kofferten igjen. Så kjem det brått ein fyr; ein fyr kledd som ein soldat når han kom, og som ein rockeband-musikar i neste augneblink, som skulle ha rommet eg budde på. Dermed hasta det ekstra masse å få alt ut. Og så skulle me brått pakke med oss ein DIGER skrivepult som såg ut som ei blanding av eit antikk victoriansk møbel og noko kjøpt på IKEA. Og så kjem det mest facinerande: ALT føregjekk med trekkspelmusikk i bakgrunnen….!! Ein marsj eller noko; eg blei i alle fall maksimalt stressa. Eg sprang og klatra og leita og kava.
Så bråvakna eg. Eg såg på klokka, og konkluderte i ei slags halvsvime at eg måtte stå opp og jobbe. Eg klatra over Dùnedain, som framleis var djupt i draumeland, og kræsja fyrst i klesskapet, så i baderomsdøra, før eg fekk vimsa meg inn i stova. Hovudet mitt snurra som ein karusell, og eg var framleis så stressa at eg skolv. Eg lufta bikkjene, og sette meg for å jobbe. Men den forbaska trekkspelmusikken dura framleis inni skallen min, og eg sleit med å halde kontroll på pusten. Hjernen min var så på hurratur, og eg greidde overhovud ikkje å samle tankane på ein flekk! Så eg kapitulerte og kraup opp i senga igjen.
Etter å ha sove eit par timar, blei det betre. Takk og pris. Men det rare er at eg har ikkje stressa på lengje. Eg har ingenting som ligg og tyngjer meg som eg MÅ får gjort innan nokre tidsfristar. Så kva som utløyste galskapen må gudane vite.
Ja, tenk det. Eg har bestemd meg for å avlyse heile oktober. Månaden med Halloween og skrekk og gru og grøssarfilmar og det som høyrer med. Koronaen skulle jo ha lagd seg etterkvart, skulle den ikkje? Ingen vits i å køyre favorittmånaden min når ein ikkje ein gong får lov å feire den gøyaste dagen i året!!
Soundtrack: Kristin Solli – Hvem I Flammer
Då eg var lita var det fysjom-fy å feire slik ei kommers tulle-amerikansk høgtid. Men akk, eg lengta sånn etter moglegheita til å kle meg ut som eit lite monster, ein creepy zombie eller ein mystisk vampyr. Trick or treat. Skjære ut graskar. Sjå skrekkfilmar sjølv om eg eigentleg ikkje hadde lov. “I Noreg har me jolebukk!” var argumentet. Men det er overhovud ikkje like gøy å vere utkledd som ein sliten fjøsnisse som å vere ei fandenivoldsk heks med vorter på nasa!! Her har me omfamna både morsdag og farsdag, McDonalds og at jolenissen bur på Sydpolen. Då gjer det vel overhovud ingenting å dyrke ein aldri så liten hedensk tradisjon som ikkje ein gong har amerikansk opprinning? (alle veit vel at det er ein keltisk tradisjon, som har opphav hjå våre vener på dei britiske øyene?)
Etterkvart som eg blei eldre, var det festane som freista mest. No matter; feste kunne me gjere heile året, men eg for min del ville kle meg ut. Og då kom argumentet: “Det er berre noko som butikkane har funne opp for å tene pengar!” Men eg lagar kostymane mine sjølv, eg! Det einaste eg legg ut for som standard, er linsene. Eg ELSKAR alle dei supercreepy linsene ein kan få tak i, og Halloween er på sett og vis det einaste tidspunktet der det er nokon lunde innanfor å gå med slikt. Sjølvsagt kunne eg brukt dei året rundt, men kvite zombieauge krev på ein måte litt ekstra, og ulikt Goth-Lokkri, er det svært sjeldan eg gidd å bruke tid på liksminke og fancy kjolar. Men på Halloween står eg gjerne på badet i tre timar for å lage perfekte ormehòl på haka og skyggeleggje nasa og augehòla på heilt rett måte. Eg har vore killer-clown, zombie, psyko-pasient og voodoo-prestinne siste åra, sånn for å nemne noko. Hovudsakeleg med å bruke ting eg likevel har i skap og skuffer. Men eg kjøper gjerne nokre små ekstra-ting, berre for å gjere kostymet ekstra kult, sjølv om det ikkje hadde vore like naudsynt til ei kvar tid. Og skal ein kjøpe, finn ein dei beste kostymane på bruktbutikkar og Fretex.
I år skulle eg ha svarte, heildekkande sclera-linser, og køyre anten possessed evil girl eller gå full demon. Eg har òg leika med tanken på å vere gravid zombie med oppriven mage, men det krev så mykje førearbeid at eg har tenkt å avvente den aldri så litegrann.
Så ja; eg elskar Halloween. Sjølv om det har vore år eg av ulike grunnar har vore nøydd å stå over, så er det noko med den stemninga. Mørke kveldar der regnet piskar mot vindauga; det knitrar i peisen, og ein kan med godt samvit krølle seg saman i sofaen med ein varm kopp te og eit mjukt teppe, medan ein køyrer horror-maraton på skjermen. Men nokon fest blir det neppe, sidan verda er midt inne i ei slow going apokalypse. Fullstendig blotta for zombie-angrep og tøffe fall out-outfits, der folk kjempar med maskingevær for å sikre seg den siste boksen med hermetisk lapskaus på Rema 1000. I staden fyller me havet med medisinske eingongsmasker, slåss om dopapir og ni-les avisene i håp om nyhende om at presidenten i Amerika stryk med. Litt av ein gjeng.
Eg føreslår dermed at me avlyser heile oktober, og hoppar rett til november, sånn at eg kan fokusere på ein annan kjær, amerikansk skikk: Hausttakk.
Korona-viruset har stengd ned samfunnet. Eg for min del er veldig glad; eg har diabetes og eg har forkjølingsastma. Og folk flest har teke lock down veldig fint, så eg tenkte å bidra med mitt. Her er gode råd til kva ein kan finne på når ein likevel skal halde seg innanfor husets fire veggar!
Soundtrack: Utvandrerne – Netflix
Noreg er i lock down. Folk får heimekontor, og alt av arrangement er avlyst. Treningssenter og uteplassar held stengd. Alle skal halde seg heime, så langt som råd. Men er det eigentleg så ille? Du kan gå rundt i pysjen heile dagen, ikkje stresse og gå heilt utan sminke eller med håret slengd opp i ein rufsete hestehale. Og ikkje minst kan ein bruke tid på dei ein er mest glad i!
Om du har born: – Bygg eit teppe – og putefort i stova, og les eventyr med lommelykt inne i mørkret! – Lag kakao med marshmallows, og benk dykk i sofaen med ein god film for heile familien! – Spel brettspel! – Trolldeig! Eit undervurdert vidunder. Bygg eit familiebilete saman, der alle lagar ein figur kvar og lim det i ei ramme når det er ferdig. – Om alle er friske, men heimeverande, og vèret tillèt det, så kan ein vere ute og leike SAMAN! Lær ungane dine leikane DU elska då du var liten; Stjele egg, Boksen går, Krig (leiken altso…om andre enn meg hugsar den?) Bro Bro Brille, Haien kommer…..Lær dei leikane som kanskje ikkje er så vanlege lengjer! – Alle i familien teiknar eit bilete med MASSE fargar, i eit felles tema. Kjæledyra dykkar, årstider, draumehuset….Kjøp matchande rammer når folk slepp ut i friluft igjen, og heng dei opp saman!
Er du innestengd med kjærasten din: – Start på vårreingjeringa! Så slepp de ta den når de er i 120% i jobb igjen! – Prøv noko nytt på kjøkenet; lag pastasaus frå grunnen av, prøv deg på noko eksotisk, komponèr ein pizza med fyll de aldri har prøvd før! La deg inspirere på Pinterest! – Lag ei kjærastebok; finn fram bilete og skriv ned historiar frå livet dykkar saman. Det er eit nydeleg minne å ha til seinare <3 – Finn favorittfilmane dykkar; Dùnedain elskar action (stakkars…) og eg er horrorfanatikar. Prøv å finne noko begge kan elske saman! – Brettspel funkar her med! – Om ein kan gå ut, så kan ein jo starte med hagearbeidet tidleg? Skjære tre, rydde gamalt lauv, fixe gjerdet….Du finn GARANTERT noko som skal gjerast!
Sit du aleine: – Spel dataspel! Det finst MMO-spel for ein kvar smak, der du kan samarbeide med andre og chatte og skravle så masse du orkar! – Lag fotobok! Sjølv brukar eg helst Fotoknudsen sin nettbaserte program, sjølv om eg er litt sinna på dei fordi dei er så treige med å levere. Men dei har fantastisk fine design-moglegheitar! – Sortèr den roteskuffa di, som du har kjefta på deg sjølv over at du endå ikkje har orden i…. – Ring ein ven! Det er framleis lov! – Lag deg ein kopp varm te, pakk deg inn i det mjukaste teppet, og sjå alle filmane eller seriane i listene dine på Netflix eller Youtube eller HBO; whatever’s your poison of choice! – Prøv deg på handarbeid! Eller eit anna hobbyprosjekt. Igjen: Pinterest er STAPPFULT av geniale idèar som MÅ prøvast!
Eller gjer ALT SAMAN! Tid og overskot burde dei fleste ha nok av i desse dagar, med mindre dei er sengjeliggjande. Happy Lock Down alle saman! <3
Oj oj oj! Dette har ikkje skjedd på aldri så lengje; eg har faktisk skrivekløe! Så no skal eg skrive litt om morsdag, litt om eit treningsprosjekt eg har hive meg på, og leggje til litt bilete, og så får me sjå kvar dette endar! Hoho! Spennande…….!
Soundtrack: P!nk – Slut like You
Syndig godt humør er eg i òg! Så ja! Gratulerar med dagen, alle mødre der ute! De gjer ein helsikes jobb, som eg er overlukkeleg over at eg slepp! ….sa firebornsmora. Men mine er furbabies med fire fotar og mjuke halar. Ikkje at far i huset har omfamna det faktum at titlane “mamma” og “pappa” er høgst reelle når me omtalar kvarandre ovanfor ungane. Hmfp. Så ingen morsdagsfeiring på meg i regi av den karen. Svigermor derimot, diska opp med hjortesteik og riskrem, daimkake, sjokoladekake og kaffi og te! Og jaggu overraska svigerfar med mjølkehjarte-sjokolade til både meg og svigerinna mi! Eg tek det som ei morsdagsgåve. Eg har ikkje vore bortskjemd med sånt til vanleg! xD Ikkje minst kunne svigerfar stolt erklære at han hadde kome på denne gåveidèen HEILT sjølv! Eg er mektig imponert! <3
Dùnedain sit på si side og kosar seg med Rambo på TV, så det er mogleg at det er derfor skrivekløen vakna hjå meg. Eg har ingenting imot Sly sine filmar, men dei står ikkje så høgt på lista mi over filmar eg kosar meg med sånn til dagleg. Så då lar eg kreativiteten boble!
Okay, okay. Så over til treningsprosjekt! (det hadde du ALDRI trudd du skulle lese på MIN blogg!!) Eg har byrja å trene, som eg har nemnd tidlegare. Babysteps. Tre dagar i veka. Litt kondis og styrketrening. Nuffin’ fancy. Eg har ikkje batteri i badevekta, og eg måler ikkje omkretsen av verken det eine eller det andre. Ikkje gjer eg noko kjempeinnsats for kosthald-endringar heller; det er overhovud ingen fare for at dette skal konvertere over til noko trenings – og ernæringsblogg! Alt dette går i, er at eg skal motivere meg sjølv til to ting: 1) Eg skal sjå eigne framskritt, og derav motivere meg sjølv til å halde fram treninga. 2) Eg skal motivere meg sjølv til å BLOGGE! For etter planen skal eg klare å leggje ut eit sånt bilete kvar veke. Og som ein bonus, så kan jo folk le av den manglande framgongen min, dersom dette går fullstendig i dass? Så sjå underhaldningsverdien i dette, folkens! Men her er då fyrste bilete i min serie “Lokkri får gongsperr tre gongar i veka”:
Sjølv er eg ganske imponert allereie; gå tilbake 10 år, og du hadde ALDRI fått sett meg i ei tettsitjande bukse med ein slimfit tanktop som IKKJE gjekk dekka heile rompa! xD Men dette er då lerretet. The clay. Trolldeigklumpen. Kall det kva det vil; noko skal det i alle fall formast for å bli. Så får me sjå kva eg klarar å skape. Eller desturere, sånn når eg ikkje gidd meir om to veker, og krabbar oppatt i sofaen med chipsposen i fanget og augo klistra på Dr. Phil midt i beste middagstid. Gå tilbake meir enn 10 år, og eg hadde så masse kompleksar kvar gong eg skulle ut blant folk, at det var ei kvie. Eg kunne ikkje gå nokon plass utan sminke. Ser håret mitt feitt ut? Er det ei kvise som må dekkast til med sparkel og fyllmasse?? Visar trusa mi gjennom buksa? Ser det ut som eg går med ei sloggi-truse?! Kanskje eg bør byte til string? Kan eg kle meg i noko anna så ikkje valkane visar så godt? Eg blir heilt matt av å tenkje på det i dag! No går eg på butikken i pysjbukse med håret i ein rufsete hestehale utan å blunke! Gah, det er faktisk digg å bli tørr bak øyro på det området! <3
Sånn heilt avsluttningsvis, så sleng eg inn to selfies! Eg veit eg har sagt at eg ikkje tek selfies, berre usies, og det står eg fast ved. Det er sjeldan eg knipsar eit bilete av meg sjølv, med mindre eg akkurat har fått ny sveis. Og det tek til å bli i overkant lengje sidan eg har gjort noko med manken, men eg skal ha langt hår når eg giftar meg, så mohawk og lilla hår får berre vente. (men du kan ta deg FAEN på at eg skal ha med barbermaskin på bryllaupsnatta og skrelle av tylskapen!!) Men tilbake til sefiane mine; eg knipsa to bilete i bilen då me skulle i middag til svigers. Det som er ganske humor, er at eg har ikkje noko filter på eller redigert det eller noko sånt. Eg har berre brukt ljos sminke, i staden for svart, lilla eller grått, som det brukar å gå i. Men eg ser ikkje ut som meg sjølv ein plass! Halsen min ser superslank ut, og eg har knapt antydning til dobbelhake, trass i vinkelen! Haha! Det var så magisk, at det må delast. Men eg har mine tvil om at dette blir normalen for min del. Klesskapet skal ryddast, og sminkekorga mi er re-organisert, så forhåpentlegvis dukkar den gode, gamle hippie-bondegotharen opp igjen innan ikkje så altfor lang tid!
Og heilt, heilt til slutt, så har eg fått meg fått meg sånn bloglovin-knapp på sida mi! Tok litt tid å få den på plass, fordi teknologien ikkje ville det same som meg, men eg oppfordrar folk til å klikke på den, sidan eg har knota så voldsamt med desse greiene! ^^
Og så var me allereie ei veke inn i februar, og eg har ikkje hatt noko spennande å skrive om sånn cirka heile førre månad. For gjett kva? Eg har vore sjuk, eg.
Soundtrack: Alaska Vet – Animal Planet
Så januar har i stort sett gått i å liggje horisontalt og telje kvister i takpanelet. Lucky me. Det har vore halsbetennelse, forkjølelse (mogleg influensa, men i så fall med ganske lite feber….), omgongssykja…you name it, I’ve had it. No er eg derimot forhåpentlegvis på beina igjen. Ein blir hinsides slapp og sliten i kjølvatnet av ein sånn runde, så eg kjempar framleis mot trongen til å berre sove vekk dagane. Men men. Roma blei ikkje bygd på ein dag, så eg får ta den tida som trengst.
Eg har vel og merke ikkje vore den einaste pasienten her i huset; på måndag var det primadonnaen vår, Pixie, som trengde ALL merksemd som var å spore frå heile flokken. Ho måtte nemleg til dyre-tannlegen og trekkje tre tenner. Ho er mista aldri mjølketennene sine, så framtennene hennar er ikkje dei sterkaste bikkjetennene ein kan ha. Det er ikkje uvanleg blant kinesiske nakenhundar, så vidt eg har forstått dyrlegane, men det er likevel ikkje gøy å havne i narkose og vakne utan fleire av framtennene sine. Ho var som ei våt fille, som sleva og skolv då eg henta ho. Så det måtte mykje kos, våtfòr og merksemd frå alle medlemane av flokken for å få ho gjennom dei fyrste dagane. Fyrste dagen var det tilfellet at det var naudsynt, men ho har utnytta det for alt det er verdt. Vetle sniken.
Pasient & Primadonna: Herifrå kan det berre gå oppover!
Ho er i fin form igjen no, sjølv om ho framleis får medisinar, for både smerte og potensielle betennelsar, og ho er ikkje vidare begeistra for akkurat det.
Etter å ha vore nærmast isolert i fjellheimen i aldri så lang tid, så er eg rett og slett sosialt underernært, og heile meg SKREIK etter å kome meg ut blant folk igjen!! Så det var ganske så allright å ta seg ein tur til KæssKiss, som akkurat har kjøpt seg ny kåk, og hjelpe han med flyttelasset + å montere ny sofa! <3 Eg er så stolt over karen; han har kome så langt sidan han var ein beskjeden liten og forkomen knert som eg adopterte på Universitet! xD You go boy! Han inspirerar meg så vannvittig! ^^ Og i dag fekk eg nye negler!
Må sende litt hugleik i rettning Elisabeth; ho legg dei mest fantastiske neglene eg nokon gong har hatt!! Eg har tenkt eg skulle lagt ut bilete kvar bidige gong eg har vore der, men eg sug jo i å faktisk leggje ut bilete….Så eg skal prøve å bli flinkare til akkurat det….Eg syns jaffal dei blir skamtøffe kvar bidige gong!
Trass i å vere temmeleg helselaus, så har eg faktisk byrja å trene. Ikkje masse; tre dagar i veka får halde sånn i fyrste omgong. Ein må byrje ein plass. Dei dagane eg har vore nokon lunde oppegåande, så har eg freista å gjere nokre akrobatiske sprell her i stova. Men det krev litt. Eg meinar; det er ikkje mykje som gjer meg flau. Om eg dansar halvnaken rundt i stova når folk passerar utanfor, eller får meg ein runde hanky-panky med vidopne vindauge, så gjer det meg ingenting. Men kom igjen når eg skal TRENE! Då må til og med Dùnedain evakuere, for du får meg faen ikkje lengjer ut av komfortsona enn som så!! Ikkje at eg får så mykje ut av treninga foreløpig; eg har gnagsår på beina (frå gåtur) og gongsperr herifrå til Helheimen, men eg lever i håpet om at det kjem noko godt ut av det til sist. Gjerne i form av musklar eller kondis, men eg feirar ingenting endå!!
Vel, eg kryssar fingrane for at det berre går oppover med meg òg herifrå. Det får jaggu vere grenser for kor mykje sjuk det skal vere mogleg å vere! Kanskje eg til og med kan få gjort noko fornuftig arbeid igjen snart, sidan hjernen min ikkje ligg i ein tåkete bomullsdal lengjer? Eg lengtar litt tilbake til 1300-talet og trollkjerringane mine i skogen der!!
For ørtande gong har legen min permitert seg. Og det er ikkje ein gong same legen; eg får sjeldan ha ein lege meir enn eit års tid, før dei brått finn ut at NO var tida inne for å rømme jobben.
Soundtrack: Wheeler Dealers
Spørsmålet då er: Er det meg det er noko gale med?! Eller rettare sagt; står det så gale til at legane slit seg ut? Etter at eg har vore der 4-5 gongar, kastar dei handklede inn, stappar legelisensen der sola aldri skin og rømmer til sydlegare strøk. Det er i alle fall min teori.
På onsdag som var, hadde eg legetime. Så i helga bestilte eg ein ny, og får beskjed om at legen min har teke permisjon, og eg har fått midlertidig ny fastlege. Ut ifrå namnet trur eg at eg har vore hjå denne karen før, og han var veldig hyggeleg og flink! Men eg føretrekk kvinneleg lege. Ein vaksen legemann er heilt greit, sånn type “har sett alt i mi tid”, så lengje han er hyggeleg og lett å prate med. Eg har overhovud ingenting imot yngre mannelegar, men så var det den greia med å undersøkje ting….der nede. Av ein eller annan grunn er det pinlegare å gå til ein fyr som er YNGRE enn deg med sånne ting, og ekstra ille er det om det er ein KJEKK lege! Eg likar ikkje å gå til legedamer som er overdrive pene heller, berre så det er sagt. I’m not being sexistic. Det er berre noko med å blottleggje valkar og skavankar for individ som strålar perfeksjonisme i alle rettningar. Og ikkje kan ein trøyste seg med at dei berre er dumme og deilige, for det krev ein viss intelligens for å faktisk bli lege. Poenget er uansett at dei skumlaste legane er dei unge legemannane, når det skal takast celleprøver eller denslags.
Men så var det denne greia med at eg skremmer Fanden på flatmark, og oldemor hans med. Favorittlegen min i dei hine hårde dagar (som for ordens skuld gjekk ut i permisjon og aldri kom tilbake….) sa ein gong at ho blei så glad kvar gong eg kom inn på kontoret, for eg hadde ein sånn herleg utstråling! <3 Må ha vore håret mitt, for så snart det ikkje var lilla lengjer, forsvann ho. Ein må vel og merke ta i betraktning at det er jaggu ikkje mykje som fungerar normalt hjå meg heller. For å ta ein lett og kjapp oppsummering av nokre rare funksjonar på meg:
– Immunforsvaret mitt slår seg av cirka to veker i månaden. – Når eg blir sjuk, er eg elendig på dagtid, men så kjem kvelden, og eg kan vere eit fyrverkeri heile kvelden og natta, for så å bli like elendig igjen dagen etter. – Eg blir solbrend berre eg ser sola. Og når eg er blitt solbrend, blir eg sengjeliggjande fordi det føles som om eg har feber; eg frys og er svimmel, og blir fullstendig ubrukeleg. – Dersom eg får myggstikk, hovnar det opp til ein golfball, og får eg det på armar og bein blir dei gjerne til blåmerker, og det klør heilt inn i beinet. (myggstikk andre stader klør, men på ingen måte like ille!) – Eg nys når eg tenkjer på sex. – Om nokon fortel om noko som høyres skikkeleg vondt ut, så får eg vondt i halebeinet. – Eg HATAR sylteagurk, men ELSKAR essensen av dei. Så eg må ha det på burgaren, berre for å ta det av.
Ikkje veit eg om dette er normale funksjonar hjå ein gjennomsnitteleg homo sapiens, men tydelegvis blir det for mykje for legane. Sånn sett burde eg fått innpass som undervisningsmateriale i helseutdanninga. Det var kanskje der eg skulle ha retta karrieren.
Det er rart med det; sånne nyttårsforsett. Me er visst i den veka i året der flest bryt ut av dei, så då er det kanskje på tide at eg startar med mine?
Soundtrack: Hva Vi Elsker – Seigmenn
Ein del av planen min var absolutt IKKJE å sitje oppe klokka halv fire på natta og ete knekkebrød med berre smør, medan eg slåss med bikkja som insisterar på å stå på tastaturet og sleikje tallerken min. Eg kunne freiste å skryte på meg at det var gode grunnar til situasjonen, som at det hadde noko med eit sunt kosthald og ein intens skriveprosess som førte til at eg sit oppe og jobbar i natta. Men den gong ei. Her er det halsbetennelse, menssmerter, og ein døgnrytme som er snudd fullstendig på hovudet som har skulda. For året har ikkje starta vidare bra; det har vore temmeleg svingande form reint fysisk. Eg har tusen prosjekt gåande (føler eg) men det har vore omgongsykja og forkjølelse og generelt ikkje ein form som tillèt dei heilt store krumspringa.
Men eg skal ha for innsatsen! Eg har greidd å kome meg på jobb dei dagane eg skulle på kontoret, og eg har trent yoga EIN gong! Eg har byrja på heile tre blogginnlegg, men to gongar har nettet mitt forsvunne midt i prosessen, og eg mista store delar av innlegga. Påfølgjande banning og nesten ein pc ut vindauga. Så planen no er å bli frisk. Her om dagen hadde eg faktisk somla meg til å bestille legetime, berre for å kome ned i området med dekning på mobilen for å motta ei melding frå legekontoret om at timen min var avlyst grunna sjukdom. Oh the irony. Så eg har eit håp om å få ein ny time neste veke, der legen kan finne ut kva det er som feilar immunforsvaret mitt for tida.
Og deretter har eg ein plan: Eg har bestemd meg for at eg framleis lever i 2019. Sånn inntil vidare. 2020 startar når eg berre klarar å bli -frisk- sånn at eg klarar å gjere noko fornuftig. Så medan alle andre slit med å halde sine forsett, set eg i gong med mine: – Skriv! – Innfør ein smule med fysisk aktivitet! – Få orden i alt rotet mitt! – Halde meg såpass frisk at eg ikkje må avlyse fleire avtalar!!! Siste er alfa og omega. Til no har eg vore nøydd å avlyse/flytte TRE avtalar berre i januar, fordi kroppen har slått seg vrang. Men nok er nok! Eg nektar plent å køyre på med eit nytt 2018, for det var eit av dei mest håplause åra i mitt liv så langt! Uflaks og sjukdom og fandens oldemor.
Eg er eigentleg litt imponert over meg sjølv, sånn kokkeleringsmessig! Det er nesten så eg burde vurdere å starte kokkeblogg! *superhøg på seg sjølv* Noko eg strengt tatt burde vurdere framfor vanleg forfattar for tida; det er jaggu ikkje mykje som føregår sånn kreativt ellers….!
Soundtrack: Nightwish – Ghost Love Score
Det er den tida på året igjen; lista over ting eg vil og bør og skal gjere, er lang som eit vondt år, sjølv om eg i teorien burde konsentrere meg om å skrive. Men med den andre lista i bakhovudet, blir eg i staden sitjande som ein apatisk sau og berre stire tomt framfor meg. Orda som skulle havne i boka forsvinn som ei lett tåke i fjellheimen, og eg sit att og lurer på kvar dagen blei av. Det er vel det dei som driv med slike ting til dagleg kallar skrivesperre? Dei som skriv altso. Ikkje dei apatiske sauane.
Akkurat no sit eg i det minste god og mett i sofaen, med fyr i peisen og eit stort glas iskald pepsi max, og ein temmeleg avslappa dyrehage kring meg. Dùnedain jobbar på badet; han riv baderomsplater og driv med sånne tekniske ting der ute som eg ikkje er kvalifisert til å forstå. Tidlegare i dag laga han verdas beste kalkunsalat. Sjølv om han gløymde salaten. Og pitabrøda. Men flink er han då, den kadlen min! <3
Når me fyrst er inne på dette med kalkun; i helga arrangerte eg og Dùnedain HaustTakk! Det det blei ein heidundrandes suksess! Eg har ALDRI laga kalkun før, og skal innrømme prosessen totalt (inkludert å lage stuffingen) tok meg cirka 6 timar. Det skulle vel i teorien ta normale folk cirka 4, men resultatet var verdt det. Blei så klam om hjarterota då vår irske ven Derek sa at det smakte som ein irsk jolemiddag! 😀 Anten han sa det for å vere høfleg eller ikkje, så vel eg å ta det til meg, og smiler framleis av fine kommentaren!
Resten av gjestane hadde med ein fantastisk waldorfsalat, ei herleg ostekake (som Dùnedain serverte utan botn! Jiiz, det kjøkenpersonalet eg har kring meg?! Haha!) og superdigg saus med ris….Ris med saus? Psj. Eg åt mest saus med ris. Det er allereie teke opp og avgjort at dette er ein tradisjon som er komen for å bli.
Me fekk til og med GÅVER av dei snille venane våre! Strengt tatt ikkje naudsynt, men IIIIIH for alt som kjem innpakka! Eg hadde btw aldri trudd eg skulle bli den stolte eigar av eit oppblåsbart ljosande reinsdyr?! xD Men takk, Lene og Derek! No er eg i alle fall det! xD
I det store og det heile har det gått kast-i-kast siste veka, sånn omtrent. Huset skulle jo vaskast og ordnast til HaustTakk, og svigerfar var her for å setje opp vedovn, KæssKiss og eg måtte ha oss ein mykje sakna rånetur etter gamalt, og så hadde me Sjonkel Rolf på vitjing, noko som blei sett stor pris på av Elessär som har sakna han masse. Det blei til og med så trist når Sjonkel reiste heim at han måtte sitje litt midt på golvet og grine ein skvett!
Pixie set VELDIG stor pris på den nye vedovnen vår!
Med alt dette, var då planen at me skulle ta igjen den sløve sundagen på etterskot. Me hadde tenkt å liggje fyllesjuke på sofaen heile dagen, glo på Netflix og ete kalkunrestar. Sånn blei det ikkje, så plan B blei å ta det att på måndag. Det gjekk heller ikkje etter planen. Me enda opp med å tilbringe dagen på Lagunen, der me i utgongspunktet skulle handle inn middag for resten av veka, men brått sprang Dùnedain senteret rundt på jakt etter gåver til adventskalendaren vår! Stakkars mannen; alt han må gjennom for dette kvinnfolket han har funne seg….!
Eg på mi side, vakna i dag, fit for fight. Eg hoppa ut av senga (i slow motion, vel og merke.) ordna meg frukost og med ein trufast RedBull i lanken gjekk eg i gong. Med å lese avisa. Og sjå Last Week Tonight. Sjekke Facebook. Skrive to linjer i boka mi, og sletta ei side eg ikkje var nøygd med. Og så såg eg nokre episodar av SlappedHam, og etterpå ga eg opp. Det var ikkje meir i toppetasjen som var verd å få på papir. I staden gjekk eg inn og sov middag. Før middag. Situasjonen er ikkje unik, vel og merke. Eg er jamnleg temmeleg ubrukeleg etter at det har vore mykje som har stått på. Av og til misunner eg mennesker med “normal” funksjonsevne! Ikkje at eg klagar. Tidlegare hadde ein sånn periode ført til at eg hadde blitt sengeliggjande; deprimert og med angst, rett og slett fordi eg hadde vore mentalt utsliten. No blir eg berre mentalt tappa. Og det er heilt greit! Det går an å hente seg innatt med litt søvn, og berre tømme kroppen for tankane. Det er spesielt normalt i samanheng med visittane til Tante Raud. That lady’s a bitch. I dagane før ho dukkar opp, gjer ho sånne merkelege ting som å få meg drøyme om born og denslags. At ein kan bli så føkkings melankolsk og sutrete og ikkje minst grumpy og ha så kort lunte som den dama kan gje deg?! Eg HATAR meg sjølv i den perioden av månaden. Igjen forsterkar det berre så til dei grader alt eg BURDE fått gjort; jolegåver og bilete til jolekort, boka mi, ting som skulle vore rydda og vaska, og midt oppi det heile kjem det frå Dùnedain: -Ja, me skal ikkje gifte oss allereie til sumaren då? Der og då fekk eg lyst å rive ut alt håret eg til no har spart opp. Endeleg hestehale, og RØTSJ! NEI søte snille fine deg! Eg klarar ikkje ein gong å fullføre innlegget eg byrja på om planleggjing av bryllaup!? Korleis skal eg då, stressa som eit helvete, klare å planleggje eit reelt eit?! For all del; det ordnar seg. Men akkurat no var det eit særdeles dumt spørmål….! Og oppfølgjarspørsmålet var kanskje ikkje hakket betre: -Kva med til vinteren….?