2. Sundag i Advent: The Q-Tip Cleaner Strikes Again!!

Så var eg i gong igjen. I dag har eg vaska kjøleskapet med q-tips. Ikkje heile, vel og merke, berre innimellom alle små krikar og krokar der eg ikkje kom til med andre verktøy. Men REINT, det blei det!

Soundtrack: Boney M – Mary’s Boychild/Oh My Lord

Kveldsroen har omsider senka seg over den Borlaugske residens. Dagen har vore heftig lang, sidan småfuglane i hagen atter ein morgon sat og lurte på kva eg dreiv med når eg sto opp før dei rakk å sleppe sin fyrste morgonfjert.


Og til ein forandring tok eg med meg mobilen ut då sola keik over snødekte fjelltoppar og fekk teke eit bilete! Eg er nesten på grensa til å vere imponert sjølv.

Jolegåvene er nesten ferdig innpakka, men slike ting tek tid når ein har så mange assistentar som eg har. Spesielt Èowyn skulle vore filma der ho rullar rundt i jolebanda mine eller parkerar stompen godt nøygd oppi gåvelapp-boksen min. Men ein må velgje sine krigar; det er vanskeleg å bære kattar vekk med kamera i neven. Spesielt når ein annan har innteke bordet så snart ein flyttar den fyrste.

Så då er det snart lalletid for vaskefantomet. Dùnedain rømde nettopp til skogs for å få ut litt frustrasjon (trur eg?) etter at eg har piska han med kjøkenvasking heile ettermiddagen.
Neidå, han påstår eg er snill med han. Stort sett. Og så fekk han katte-kakeform i kalendaren sin, så då burde han vere happy?

Snillaste naboen vår kom på døra med nordlandslefser til oss i dag òg, så no er planen å nyte stilla, momse lefser og glo på ein episode av SouthPark før eg kryp til køys. (tusen takk, Anne Marie!! Nostalgien flommar på av nordlandslefser med sukker!!)
Nok ein hektisk dag står for døra i morgon, og og og!! Eg har heilt gløymd å sei at eg greidde å presse meg inn dørane på Gina Tricot nede på Torgallmenningen i går, TRE MINUTT før dei stengde, og EG FANN TØFLANE MINE!! Litt store i størrelse, men åååh såh vaarmeh!! <3

PS! Eg angrar allereie på at eg nemnde “ro” her i huset. Dei småtelepatiske pusekattane plukkar det tydelegvis opp, for no var det på tide med ein ny episode i skrekk-serien “Potteplante Massakeren”. Hurra.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg