Romantisk middag….på IKEA??

Mannen blei skuffa i går. Alt gjekk i eitt frå eg slo opp augo til hovudet traff puta seint utpå kvelden ein gong. Og då seier det seg sjølv at det ikkje blir nytt kapittel i jolebloggen, som han brukar som substitutt for dagane der han ikkje får opna kalendar. I går var det nemleg min pakkedag! 

Soundtrack: Tone Damli – Mitt Hjerte Alltid Vankar

Dùnedain slo på stortromma i går og hadde lagt ein parfyme i kalendaren til meg!
Det var eigentleg veldig perfekt, for mitt vanlegvis så utømmelege lager av parfymer tok til å bli skralt etterkvart! Eg drøymer om den dagen eg klarar å spore noko Dalì-parfyme av rette sorten igjen, men det er faen meg heilt trakkande umogleg å oppdrive!!
I dag fekk mannen ein Lion-sjokolade, som er favoritten her i huset. For han, vel og merke.

Men la oss oppsummere gårsdagen:
Me rulla ut på vegen så snart Dùnedain fekk auge, og ferda gjekk fyrst til Åsane der Villmarkens Son skulle sjå etter nye brukte ski og skisko. I skrivande stund står han i kjellaren og beundrar dei og klargjer dei for ein tur i skogen når mørket legg seg over Dalen.
Så fyrst Fretex, og deretter hadde eg nokre ærend på IKEA. Og på IKEA har dei joletallerken på denne tida av året, og sidan eg og min tilkomande ektemann har prata om å spandere på oss sjølve eit jolebord (eg er tross alt sjølvstendig næringsdrivande, og mine jolebord kan fort bli stusselege. Eg kranglar med sjefen, drikk meg snydens og får sparken dagen derpå.) så tykte no ein gong han kavaleren min at den kunne me då ta på IKEA?
Eg var ikkje vidare imponert over pinnekjøtet; det var rett og slett for lite salt! Ikkje skrelte dei potetene heller, så medan eg sat der og gnog på pinnane angra eg innerst inne litt på at eg ikkje berre gjekk for pølse og pommes frites.
Men den eigentlege grunnen til at mannen ville på restauranten mistenkjer eg var riskremen. Eg har aldri møtt eit menneskje som er så tussete etter riskrem og risengrynsgraut som den fyren min?! Eg trur seriøst han kunne levd på det om han hadde fått moglegheita!!

As long as he’s happy. Eg fekk meg sjokolademuffins. Men kvaliteten på maten på IKEA er så som så etter mi meining. Eg saknar når dei hadde and på menyen, eg! Det er den beste IKEA-maten eg har kjøpt nokon gong!

Så skulle me vidare. Og for fyrste gong i mitt liv greidde me å køyre oss vill i Bergen. Det er skills for ei wannabe-brevdue som meg!! Dùnedain gløymde å skifte fil ein plass på Danmarksplass, og me konkluderte med at me kunne like gjerne ta ein runde mot Haukeland/Nattland og sjå korleis folk hadde pynta i den hood’n. Men ein stad på vegen køyrde me inn i feil gate, og brått var eg like forvirra som ein nyslept fjert i ein korgstol. Så om nokon la merke til ein mystisk bil som sirkla rundt og rundt i området Brann Stadion – Haukeland i går, og snudde i kvar bidige einvegskøyrde gate, så var det berre oss.
Til sist måtte me krype (rulle) til korset og køyre tilbake til Danmarksplass, og kome oss på rett veg ved hjelp av Google Maps. Nedtur.

Så var det mat til dyra, mat til oss, og nokre jolepresangar, før eg brått sjekka meldingane mine for å sjå kva butikk i Os pakkane mine hadde havna på. Til mitt store sjokk oppdaga eg at ein av pakkane mine var stranda i, gjett kvar? *trommehvirvel* Strusshamn. Ofc.
Det er nesten TRE ÅR sidan eg flytta derifrå, men framleis insisterar Posten på at det er der pakkane mine skal.
Så blei det tur til Askøy, før me snudde nasa mot Os. Tre pakkar var kome til svigermor, ein pakke på Nore Neset, og ein pakke som me trudde var landa på Osøyri, men det viste seg at dei var COOP på Amfi.
Eg følte at eg trengde litt trøyst etter alle desse bomturane, så eg kjøpte meg ein liten pipp og ein krans til å ha på gongdøra når eg fyrst passerte blomebutikken der dei har så hinsides masse fin jolepynt.


Treng eg meir jolepynt? Nei. Bryr eg meg? Nei.
Når det ikkje blir joletre i år, så får eg pynte med andre ting.

Trøytte og slitne kom me heim seint på kvelden, med dårleg samvit for ungane som hadde vore så lengje heime aleine. Men dei hadde mat, vatn, varme og alle blei godt lufta før me la i veg, så dei hadde ikkje hatt det såååå ille. Det verste var vel at mamsen og papsen hadde vore vekke i tuuuusen år!!
Me bar inn kasse på kasse og pose på pose (og eit par sekkar) med ting som me hadde gått til anskaffelse av i løpet av dagen, og no ser stova mi ut som eit Amazon-lager. Men det er ein trøyst at no ventar eg berre på EIN pakke til i posten før eg er i mål. Litt verre for kadlen; han riv snart av seg det vesle håret han ikkje har fordi han manglar ein presang til meg.
Seriøst? Eg har sagt han kan kjøpe ein mjølkesjokolade på Kiwi og setje sløyfe på, og eg er happy as can be?!
Men enkelte kan rett og slett ikkje ta imot gode råd frå kjerringi si! :p

Khavi er minst nøygd av alle. Ho likar at huset er ryddig og reint, organisert og alt er på sin plass. Sånn er det IKKJE no. Så ho kjem inn, et, set seg på toppen av kassane og ser anklagande på meg før ho set i songen: “Slepp meg ut, her trives eg ei!! (trur det er ein samle? Eller ein klagesong? Same shit, different asshole.)

Så i dag skal resten av gåvene pakkast inn, jolekorta (som ENDELEG var komne!!) skal skrivast og så skal eg rydde og sortere litt rot før dagen mest sannsynleg går mot ein ende.
Dùnedain sender eg på skitur så han ikkje går i vegen. :p

Heilt til sist tenkte eg å inkludere eit bilete av *ta-daaaam* MEG SJØLV!
Eg har jo gjort det klart at eg veldig sjeldan tek selfies; eg tek usies. Det er som regel eit anna individ eller ein furbaby saman med meg på mine bilete, og strengt tatt er ikkje dette ein selfie sidan det var Kriss som tok det då me var på jolemarknaden på laurdag.
Tenkte eg skulle få illustrere det gufne vêret som Bergen viste oss den dagen, for eg såg faktisk ganske så velsteld ut heilt til me kom tilbake til garasjen!

Strike å pose, baby!

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg