Hei – som det går!!

Dazed & Confused – Die Antwoord ft. God

Jiiz! Det skjer så masse for tida! Og no går eg inn i ei av dei mest hektiske vekene på lengje, ganske snart! 
So wazzup? 
Vel, fyrst av alt fekk prosjektet til Tommy og underteikna, kortfilmen “Min Elskede“, stønad frå NFI og Vestnorsk Filmsenter!! It’s ON ppl!! Til hausten blir det film, og den skal bli så hinsides bra at eg allereie no har lov å vere i overkant stolt! Hell yeah! 
Så, ein del arbeid der. 

I dag har eg vore hjå dyrlegen med Pixie og sjekka gebisset hennar, og veterinæren var særs nøygd med den perlekvite tannrekkja til beibisen min. Vel, det vetle ho har igjen av den. Pixie har litt kinesisk nakenhund-issues med tennene, i og med at ho aldri mista mjølketennene sine. Så ho har under halvparten av det normale antalet tenner igjen i kjeften! Men ho klarar seg fint, og dei ho har blir pussa kvar kveld, til hennar store irritasjon. Tannpuss er IKKJE gøy, så det resulterar i at eg og Dùnedain må sitje og halde ho og syngje fine songar til ho for å få ho gjennom traumaet. Kvar. Bidige. Kveld. 
Men det er verd det. (ikkje spør Pixie; ho vil garantert nekte for det!) 

Fysioterapeut-timar, by-tur med Ida, Jokke, BK og Rolf Eirik, bilkøyring (jepp, eg prøver igjen!!), husvask, filmprodusent-møter, jentetur på by’n med Wenche….Det har som sagt ikkje mangla på ting i avtalebokji mi. 
Førre helg snudde eg og Wenche verda på hovudet. Eller i det minste by’n. Drog med oss ein random nordlending heim på nachspiel, skremde tydelegvis livet av han, og så hoppa han i ein taxi heim. Og så vidt eg hugsar, er BrukBar sin drink “Selfie” knallgod!! Sånn mental note til meg sjølv, så eg hugsar at eg skal kjøpe den neste gong eg havnar på by’n. 
Denne helga blei det berre ein tur på Finnegan’s med Ida, som var så flink å kome innom hovudstaden på Vestlandet. Der fann me ein brisen BK, ein debatt-klar Jokke, og ein snill Rolf Eirik som svippa oss heimatt tidleg på natta. Ida var kjip og bestilte billettar sørover tiiiidleg på morgonkvisten dagen etter, så me måtte avrunde (etter mitt syn) noko tidlegare enn eg følte for! 😉 

Fine nerdane mine!! 

 

Men me hadde ein herleg kveld like fult. Blei litt mange pils, og BK sa så passande då han såg meg for fyrste gong på over eit år: -Og du; du ser meir Ina ut enn nokon sinne!
Jokke spurde derimot kvifor i alle dagar eg hadde fjerna alt håret, og la til han syns eg var masse finare med langt, oskeblondt hår. I beg to differ. 

Eg skal vere flinkare å oppdatere framover. Trur eg. Det har seg gjerne sånn at når eg får meir å gjere, disponerar eg tida betre. Og sundag er fyrste gong i jobb igjen på eit halvt år! Det skal bli digg. Eg er lei av å vere halt, og no fungerar kneet greit, stort sett. Jippi!
Og vidare har eg full timeplan, så det blir mindre sløving og meir effektivisering. Basta bom. *krysse fingrane* 
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg