Kvinneleg stand-up. Hipp hurra.

The Rasmus – Empire

Kva gjer ein på når ein ligg på sofaen med ein fullstendig bedøva fot på venstresida (myggstikk. Eg dempar dei med lokal-bedøvelse….) og ein halvvegs fungerande fot til høgre? Glor på stand-up. Og til dei som lurer på kvifor eg ikkje ligg ute i sola og nyt vèret: Dùnedain tok solkremen min med seg til Austevoll. For å dykke. Jævlig med sol nede på havbotn, har eg høyrd?

La oss no sjå litt på fenomenet “kvinnelege komikarar”. For eg klarar ikkje heilt den sjargongen. Klart, det finst morosame damer! Eg berre….kjem ikkje på så veldig mange i farten? Samanlikna med antal menn, vel og merke. Eg kan ramse opp sikkert hundre menn som driv med stand-up som får meg til å le så eg tissar på meg! Blant favorittane kan eg nemne Eddie Izzard, Dagfinn Lyngbø, Fluffy, Robin Williams, John Oliver….(okay, sistnemnde er vel meir talk-show host, men eg tissar, eg tissar!!) 

 

 

 

Men no har eg då freista å kome gjennom tre kvinnelege moroklumpar, sånn på rappen. Eg starta med Amy Schumer, og blei flau. Så køyrde eg på med Tig Notaro, og kjeda meg. Så runda eg av med Amy Wong, og følte det var noko der, men det traff ikkje heilt blink hjå meg. 

 

 

 

Personleg tykkjer eg desse tre damene er i heilt ulike båsar, og utøver heilt ulike former for komedie. Dei er sjølvironiske, joda. Men det blir ikkje like morosamt som når karane gjer det! Kvifor? Fordi dei er så forbanna sinte!! (ikkje Tig. Trur eg. Gudane veit; det gjekk så sakte i svingane der at eg duppa av….) Eg får kjensla av at når damer utøver sjølvironi, blir det ein sånn: -Dette er grunnen til at eg hatar meg sjølv, og kvifor alle damer bør hate seg sjølv, og derfor er det morosamt! 
Menn tek det meir i rettning: -Joda, så er eg ein liten tjukkas med altfor store øyrer, men det er no arti’ lell!
Ikkje kjenner eg meg igjen i det dei pratar om heller. Innimellom føler eg nesten at dei berre freistar å vere eklast mogleg for å overgå gutta-boyz sin prompehumor: -Ooooh, sjå på meeeeg! Eg kan snakke om bæsj og analsex og korleis musa mi har utvida seg fordi eg har pult altfor mange mannfolk!
Cheers luv, men det blei litt TMI for min del, skal eg vere ærleg. Og eg er ikkje ein gong kjend for å vere vidare prippen akkurat; eg snakkar veldig rett frå levera sjølv! Dei som kjenner meg veit at både skitne vitsar og sex-prat sit ganske så laust hjå meg. Men eg er ikkje interessert i å høyre korleis dei enorme fitteflappane til morrodama redda 12 personar frå eit skipsbrot då dei spende dei opp mellom to palmetre og seigla tilbake til fastlandet!? 

Eg har fundert på om det kanskje til sjuande og sist kjem til at eg ikkje er ei “normal” jente, som ville stilt i høge hælar og miniskjørt, men perfekt frisert hår og knallraud lepestift dersom eg hadde stått på scenen og freista å gjere stand-up. All cred til damene som vågar det; eg hadde ikkje våga sjølv! Men eg hadde nok trappa opp i haremsbukse og ein topp med noko nerdete greier på. Mannfolk stiller jo særs gjerne i dongeribukse og t-skjorte, utslitne joggesko og eit ølglas i neven. Showet mitt hadde nok dreia meir i rettning Eddie Izzard sin humor, og i glaset hadde det sannsynlegvis vore tequila. 

Eg ler av teite nerdereferansar og tørr humor. Gjerne sånn som grensar til så teit at ein ikkje heilt veit om ein skal le eller grine. Ordspel og sarkasme. 

 

Så enkel er eg. Om nokon kan anbefale skikkeleg herleg-teite damer som har matchande humor, så tek eg gjerne imot tips! Hadde vore kjekt å få servert litt magemuskel-trim frå den kvinnelege delen av befolkninga òg!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg