Ei veke igjen til jol!!

Soundtrack: Alf Prøysen – Julekveldsvise

Atter ein gong sat eg her, og kik på kalendaren, medan eg lurer fælt på kvar dei 17 dagane i starten av desember blei av. Det skjer kvart år. Kvifor er ikkje stova pynta med glitter og stas, englar og fjøsnissar?! Kvifor er ikkje peparkakene på plass i fine kakeboksar ute i trappegongen? Kvifor ligg det framleis ein bunke jolekort som ikkje har havna i postkassa til utstilling på TV-benken? Og kva skjedde med å vere tidleg ute med jolegåvene? Eg er framleis berre HALVVEGS!! (greit, den skuldar eg på at eg framleis ventar på resten av løna mi, og at eg har jobba non stop sidan fyrste delen av den tikka inn på konto’n)

Og som kvart einaste bidige år, sit eg her og tenkjer: -Greit. I år gjekk det ikkje. Men til NESTE år….!!
Eg har mine tvil, for å sei det slik. Eg sit nok med tomme kakeboksar, ein haug ukjøpte jolegåver og ikkje-innpakka jolepresangar på same tida i 2019 òg, skal du sjå. 

Men eg har i det minste vore på jolemarknaden inne i by’n, som til orientering var MAGISK, og eg stikk innom der igjen i morgon med Ida-mi, som er heime på ein kjapp mini-ferie. Fyrst nokre timar på kontoret, og så tilbake til kandiserte epler, magiske karusellar og nybakte smultringar med sjokolade! <3 *poff* og Lokkri er 5 år igjen. 
Eg og Kæsskiss var der og sjekka utvalet førre veke, og det er lengje sidan jolestemninga har site sååå laust hjå meg! ^^ Sjølv om både eg og Kæss var særs einige om at jolerap ikkje er eit greie me heng oss på. Eg fekk knipsa nokre stemningsbilete då, men det var dette med meg og mobiltelefon-kamera. Makan til makkverk. Så i morgon har eg notert meg at speiglrefleksamera er med på morroa. Basta bom! Her skal det fotografarast! ^^

Kæsskiss blei så flau då eg skulle ta dette bilete, så eg måtte smugfotografere! Men fyren i kassen såg ut som tatt frå ein Asterix-film, så korleis kunne eg IKKJE ta bilete?! 

 

Meg og min aller bestaste ven; raudlege, småfrosne og i skikkeleg jolestemning! <3

 


ALT var av sjokolaaaade!!!

 

Og så har eg jo sjølvsagt opna jolekalendaren min! Dunedàin tek verkeleg innpå med poeng her: 

12. desember, og karen hadde kjøpt jole-einhjørningar til meg!! 

Finaste glittre-hestane!! Dei skal få plass på joletreet når eg ein gong får det. Inntil vidare prydar dei ein ljosestake på veggen her. 
Så kom 14. desember, og ein  mykje treng RedBull dukka opp i kalendaren: 

Det er den bestaste typen, kors på halsen! Og det kjem godt med, når morgontrøytte meg (klokka 15 på ettermiddagen….) skal på laaaaang vakt på stasjonen. Og der har det for så vidt vore fullstendig Texas denne helga…! Eg har laga så sinnsjukt masse mat dei siste dagane, at eg nesten tilta! Det er ikkje så ille sånn sett, men når du er aleine på jobb, blir det i overkant hektisk. Til og med kundane reagerte, og berre: -Huff, er du heilt aleine her? Stakkars, går det bra? Blir du ikkje heilt utsliten?
Det er lissom heilt greit når kundane berre er snille og fulle av forståing for at ting ikkje skjer på eit trylleslag. Det er verre om ein har kundar som blir sure og slår seg vrange. Det skjer heldigvis ytterst sjeldan. Og eg merkar at eg kjem til å sakne kundane mine vannvittig masse der borte. (kollegaene òg, don’t get me wrong! Eg blir utruleg lett glad i folk! <3 ) 
Funny story når me fyrst snakkar om jobben; Dunedàin og eg var på joleshopping førre måndag, og eg kom innom ein skobutikk der eg såg dei hadde skoa eg har sikla på sånn cirka sidan i sumar. Platå FTW! Så eg måtte helse på. Nesten 1200 kroner, stod det på prislappen. Men dei trengde å få høyre eit god jol frå meg like fult. I talk to shoes as well. 
Så oppdagar eg at glidlåsen har fått seg ein knekk, og spurde varsamt den fine butikkdama der om dei selde dei billegare grunna det. 
Joda! Eg kunne få dei for 600 kroner!! Så Dunedàin bladde opp til jolepresangen min på staden, og eg rusla lukkeleg ut med eit par nye sko. På beina. 
Det fekk konsekvensar; etter nokre timar på joleshopping, hadde eg ei vatnblemme på størrelse med ei drue på hælen. Ao. 
Så då eg kom på jobb på fredag, halta eg litt. Hælen var framleis ganske sår, og eg hadde ikkje brukt sko som pressa på såret til då. R-Boz (my boss) ser på meg med store auge, og kjem i full fort bort i kassen. 
-Går det bra? Kva har du no gjort deg?!
Eg forklara at det var berre eit gnagsår, og eg kunne sjå at minst femten kilo ramla av skuldrane hennar. Hehe, eg trur det tyder på at min uflax-kvote er oppbrukt til LANGT inn i nye året! xD Og eg har ikkje tenkt å skade meg meir på ei stund. Det får halde. Eg har som mål å kome gjennom 2019 utan så mykje som eit blåmerke!! *bank i bordet* 

Men den siste kalendargåva! La oss ikkje gløyme den: 

Sjååå den fine engelen som engelen min har kjøpt!! 😀 Eg ELSKAR sånne søte små englar! Men det er vel ikkje noko folk -ikkje- har fått med seg; huset mitt er reine Himmelriket når det går mot jol. Eg skuldar på mor mi; ho har hatt engledilla sidan eg var knøtt. Og akkurat som med ho, så blandar eg ikkje nissar og englar!! Då kan dei byrje å slåss, og det ville gitt ein knekk i jolefreden, det! (ja, eg ELSKAR alle dei rare greiene og interne fjaset familien min har gåande!) 

Til sist må eg få nemne at det blei faktisk ein liten jolelunsj på meg og damene mine, med Helle og Novelia på slep. Nett’n og Janne og Solveig og meg mekka tapas med så masse godt at eg nesten måtte rulle meg på jobb etterpå! Og eg fekk demonstrert mine fantastiske kunstar til å snakke beibisk. 
For ja; eg elskar ungar. Eg er blitt gamal nok til å innrømme det no. Hadde dei kome med slumre-knapp og ein stand-by knapp, så skulle eg gjerne hatt ein 5-6 stykkjer! Men freelance, kunstnar og deltidsarbeidarar slit nok litt med å få både tid og økonomi til å gå opp, og det er derfor veldig sannsynleg at dei like greit kan halde seg frå å få born. I alle fall denne utgåva av rasen. My babies will forever be those of fur, paws and wings. 

Men no har eg vel masa nok. Så eg finn køya, og er klar for nye eventyr i morgon. Etter at eg har sjekka batteriet i speiglrefleks’en min….!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg