Frost – den omtenksame undulaten. Og Elessär.

Groove Coverage – Moonlight Shadow


 

Dette er Frost. Han er ein sympatisk liten kar. Sjølv om han som regel er sjefen for all faenskap som fjørballane mine finn på, og rask med å skulde på kven som helst som måtte vere i nærleiken, så har han stor omsut for dei kring han. Til dømes den blå undulaten som bur inni speiglen på badet. 
Faktisk har han mistanke om at denne andre karen slit noko med å få i seg mat, kanskje mest fordi han bur INNI skapet mitt, bak speiglen! Så derfor er det viktig å mate Speiglvend-Frost. Noko han gjer til gongs. 

Vel, eg tvilar i alle fall på at den andre fuglen går svolten. Det tek i alle fall Frost ansvar for. Pluss at han passar på at mamma ikkje blir arbeidsledig. 

Men over til nokre skikkeleg fantastiske nyhende: Me skal bli FORELDRE!! Sånne skikkelege foreldre, til ein pelskledd liten krabat på fire fotar! 
Eg og Dùnedain har prata ei stund om at me må få oss ein større og noko meir uthalden hund. Pixie er ikkje ei bikkje som er skapt for snø, regn eller sterk sol, samt at ho er ein smule mørkredd og syns ikkje vind er så kult. Så om ho er med på tur er særs vêravhengig. Lita er ho òg, så lange turar kan fort bli i overkant slitsame. (ho er sprek som ein fole, men det veg ikkje alltid opp for veldig korte bein!) 
Så me har leita og leita etter ein voff som passa for oss. Og her om dagen fann me han! 

Vår nye gutebass, Elessär! Foreløpig har han berre eit namn, men tradisjon tru endar han nok opp med to til. Alle beibiane mine har tre namn, og sånn har det nesten alltid vore. Bortsett frå Frost og Fimbul. Dei nektar å ta imot fleire namn. Dei presenterar seg dessutan stort sett som “plipp-klipp-squeeeek”, så….eg veit ikkje. 
Det er framleis ein månad til Elessär flyttar inn hjå oss, men me skal helse på han igjen om cirka 14 dagar. Han var lite beigeistra for fotoapparatet, så kvar gong linsa blei retta mot han, vrei han seg som ein liten makk! Med andre ord: Betre bilete kjem seinare!
Mest av alt er me spente på korleis han kjem til å gå saman med Pixie! Khavi er ein pus med bein i nasa, og har vokse opp med voffar opp og i mente, så ho er eg ikkje så uroleg for. Men Pixie er og blir ei primadonna og ei lita prinsesse, som krev din fulle merksemd, og furtar om ho ikkje får det! 
Når det kjem til stykkje har ho godt av å få ein bror. Ho treng nokon som kan setje seg på ho når ho ikkje oppfører seg. Og noko seier meg at Elessär er ein perfekt kandidat for jobben! 
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg