Soundtrack: Die Antwoord – Peanuttbutter + Jelly
Ikkje før klokka 12 i morgon, vel og merke! Men har eg nemnd at eg ELSKAR å sove? Og drøyme? For det grensar til ein hobby i verda mi. Anten eg er på zombie-jakt, i ein alveskog, eller eg rett og slett berre surrar omkring i eit særs overabstrakt og absurd univers. Eg likar meg der.
Og i tillegg kjem eg ganske rett ifrå “møte” hjå Gabbi og Harelabb. Planen var å innføre meg i oppgåvene mine kring serveringsdame-jobben hjå dei når dei giftar seg om nokre veker! (IIIIIH!!!!) Men det gjekk jo ikkje. Me blei, tradisjon tru, sitjande og skravle om alt mellom himmel og jord, og brått var det på tide å snu snuten heimover.
Men eg er ikkje fødd bak ovnen og oppvaksen i Amerika; eg har servert før! Så det skal gå så fint så. Eg likar å tru at eg veit kva eg driv med.
I tillegg introduserte Gabbi meg for Scrivener, og eg kløøøøør etter å skrive!!
No innser eg at det å kaste seg inn i eit fantasy-univers og gje etter for den søte kløe, vil resultere i ein særs sur svie når eg skal opp og tene til livets opphald i morgon, så eg freistar å styre unna.
Det har ellers vore ei hendelsesrik veke.
Måndag feira me bursdagen til verdas bestaste lillebror, og den fantastiske nevøen min som alt er blitt 2 år!! Herregud, det er som om det berre er nokre månadar sidan me gjekk og venta på fyrste nurk, og no er #2 blitt så stor?!
Noko skeptisk til heile oppstyret…!
Så kom tysdag, og eg slepte med meg Mr. Sunney på Hereditary. Som skrekkfilm-fanatikar vil eg understreke at filmen var fantastisk, og at eg trur det er ein moglegheit for folk som ikkje er like herda som meg å bli noko skremde av den! Stemninga var nydeleg, bileta var vakre og skodespelarane var fantastiske. Oppbyggninga i historia var fantastisk, og det einaste som skurra var at handlinga kanskje gjekk litt over hovudet på folk. Eg måtte i alle fall dobbelsjekke at eg hadde forstått den, og blei positivt overraska over at eg faktisk hadde fått med meg det aller aller meste! Hurra! Eg er overhovud ikkje så dum som eg ser ut til! xD
Og dei siste 20 minuttane var INTENSE!! Hadde ei jente som sat ved sidan av meg, som på eit punkt kviskra til venninna si: -Seriøst, eg orkar snart ikkje meir!!
Hadde døgnet hatt fleire timar, skulle eg skrive ei anmelding av den, men akk. Berre sjå den. Gjer det. Do it! Do it NOW!! Du treng ikkje å på død og liv bli skremd; berre nyt!!
I går berre jobba eg. Fyrste vakt aleine i 7 timar! Og det gjekk eigentleg veldig bra, sjølv om eg skal innrømme at då eg stod og steikte burgar nummer ørten-og-fem, tenkte eg med meg sjølv at det MÅ vere noko meir til livet….!
Heldigvis kom ein fin-fin kundemann inn rett etterpå og sa at eg såg så utruleg snill ut, og dermed elska eg jobben min igjen. Men eg har no søkt på fast jobb i filmbransjen. Kryss fingrane!! (eg vil ikkje sei stort meir om jobben; sjølv om eg veit at det garantert blir ein hard kamp om stillinga, så blir eg kjempetrist om eg ikkje får den!!)
Og idag? Jobba på kontoret. Ein jobb eg òg elskar. Sitje og ordne ting i skjema og booke og sortere og sende mail og andre sånne koseting. Det er nesten så eg ikkje treng betaling, for eg kosar meg verkeleg med arbeidsoppgåvene! ^^
Og så var det grillings hjå Gabbi og Harelabb, som tidlegare nemnd.
Me var noko tidleg ute då me snudde nasa mot deira casa, så me stoppa fyrst på McDonalds. Den teite magen min treng jo mat før eg kan ete (don’t we all?), for visst eg er veldig svolten når eg kastar meg over middagen, blir alt berre au og uff, og så kjem alt i retur. Så eg måtte ha meg ein liten cheeseburgar for å roe det verste kaoset i skrotten.
Deretter gjekk Dùnedain innom Biltema, og kom ut igjen med denne:
Atter ein gong gjekk det opp for meg kvifor eg verkeleg ELSKAR den mannen! Faen så bad ass harry!! Hihi! Eg skal ha ein sånn sjølv, når eg byrjar å pimpe bilen min på sikt. Samt rosa leopard-fløff på rattet, bubblegum-wonderbaum i speiglen, og bass i bagasjen. Wow. Eg kjem til å ha den råaste rånebilen syd for Nordpolen!!
Men eg har framleis skrivekløe. Damn it.
Snur snuten mot å løyse kryssord på senga. Kanskje det kan dempe det verste suget.