Opp med handa alle som tykkjer edderkoppar er skumle i små format! 

Australsk creature feature (2024)
Med Noni Hazlehurst, Jermaine Fowler & Alyla Browne
Regi: Kiah Roache-Turner
Lengde: 1 time 31 minutt

Eg har seriøs arachnofobi. Edderkoppar er kanskje blant dei mest fascinerande skapnadane me har på jorda, men fytti helsike så livandes redd dei eg er!!
Sting har ingenting å kome med i forhold til Arachnophobia (1990), som fekk meg til å sitje med beina krølla opp under meg ei god stund etter at rulleteksten hadde glidd over skjermen, men edderkoppar er skumle. Ingen tvil om det.

Sting er ein australsk-produsert film, men handlinga føregår i New York. Midt i ein heftig snøstorm møter me 12 år gamle Charlotte (Alyla Browne) som virkar som om ho er komen midt i den verste opprørske tweens-epoken. Ho bur saman med moren, stefaren og lillebroren, og det virkar som om ho er sint på alt og alle. Ho er ein liten nerd, som lagar teikneseriar saman med stefaren sin, Ethan (Ryan Corr).
Så finn ho ein edderkopp som har kome frå det ytre rom og kræsjlanda i dokkehuset til grandtanta si. Den får namnet Sting, etter alvesverdet som Frodo arva etter Bilbo i Ringenes Herre.

Høyres dette for cheesy ut? Jaudå. Men eg trur på karakterane så langt. Dei spelar truverdig nok, og sjølv om unge Charlotte kan vere direkte ufyseleg til tider, så heiar eg på ho. Eg er kanskje litt inhabil sidan eg sjølv har vore ein veldig sint liten nerd i mine yngre dagar, men ho er eigentleg veldig tøff og eg likar tøffe jenter.
Edderkoppen Sting veks i ein uhyrleg fart, for ho et seg god og mett på det ho finn av kakerlakkar, kattar og papegøyar i bygarden ho har havna i. Så byrjar ho å forsyne seg av folk, og kravlar kring i ventilsystemet på bygarden.

Med slike kryp i hus tykkjer eg det må vere innafor å be om å få senka husleiga ein smule …!

Eigentleg er det heilt greit at den åtte-beinte gjesten ikkje veks seg til Shelob-storleik (Lord of the Rings-referanse sidan me likevel var innom temaet!) for ho er skummel nok som ho er. Og effektane er det heller ikkje noko å sei på.
Det trekk nok opp ganske mykje at eg i utgongspunktet får frysningar berre av å tenkjer på små edderkoppar, men Sting er overhovud ikkje ein dårleg film.  Den revolusjonerar nok ikkje creature-feature sjangeren, men som monsterfilm er den slett ikkje verst. La det vere ei åtvaring; dersom ein meteoritt kræsjar gjennom vindauga i rommet der du oppbevarar samlinga di med antikke dokker, så ikkje ta den med heim berre fordi den kan plystre!!

Det står til liv. Så vidt. Men eg kjedar meg noko agalaust!!! 

Soundtrack: P!nk – You Make Me Sick

I dag var eg hjå dyrlegen med Eòwyn for årskontroll, og etterpå tok me ein kjapp handletur. Det er kanskje det mest spennande eg har gjort på lengje.
Ei veke til, så får eg vite om eg kan få lov å kome ut av tvangstrøya. Men armen er framleis vond, så eg er ikkje så veldig optimistisk …

Eg kan så smått byrje å jobbe litt igjen om ikkje anna. Kontorstolen er heva til max nivå, noko som gjer at eg kan kvile armen mot låret medan eg skriv. Men det er ikkje så veldig gunstig for ryggen å sitje slik i lengda, og eg blir forferdeleg sliten samt føler eg får krampe i underarmen etter kort tid. Not fun.
Ikkje føler eg noko vidare trong til å eksponere meg for folk på nært hald heller, for sjølv om eg hadde skura meg sjølv ned med lut og grønsåpe, ville eg framleis følt meg nasty etter å ha hatt denne skinna mi på i over ein månad.

Livet er frykeleg keisamt når det skal vere på denne måten, det er ikkje til å stikke under ein stol. Sjølv om eg aller helst vil vere isolert, så saknar eg å vere ute blant folk no som våren byrjar å krype innpå oss. Eg vil ut og drikke utepils, feire bursdagen min, farge håret rosa eller lilla igjen og hengje med favoritt-menneska mine!!
Men eg har for så vidt slått meg til ro med at mars er ein ganske dum månad å bli fødd i. I fjor fekk eg heldigvis feira meg sjølv litt (whoopie!) men ellers har dei siste åra vore ein mindre oppløftande straum av influensa, nedstengjing av landet, uflax og teite hendingar.
Heldigvis kom den nye expansionen til World of Warcraft ut i byrjinga av mars, og eg er blitt ein jævel til å spele med ei hand!

Og i går klarte eg faktisk å jobbe litt, men med alle pausane eg må leggje inn får eg ikkje skrive så mykje i slengjen. Så stakkars Eirill må nok vente litt, for når eg fyrst byrjar å skrive klarar eg ikkje stoppe.
Det er fullt i toppetasjen, for å sei det slik! Eg har allereie ganske mange bøker klare. Og eit par film – og TV-seriemanus sånn for å vere heilt sikker.

Så slik er ståa her hjå meg. For det meste er eg å finne i sofaen der eg glor på Bones med ein pus eller ein voff på fanget. Men eg får heller finne litt trøyst i at om ikkje anna har eg i det minste klart å kome up to speed på alle seriane eg har planlagd å få tid til å sjå! 😉

Kjøpte ny bamse til Elessär i dag, sidan Terry og Nassif byrjar å bli ganske så utslitne etterkvart. Den fekk namnet Aragorn, og det var så vidt eg fekk tillatelse til å låne han for å ta bilete, for storeguten vår er rimeleg overbeskyttande ovanfor kosedyra sine!

 

Eòwyn-mi: Friskmeld og ein smule fornærma etter å ha blitt drassa til dyrlegen i dag!

 

Det tek 10 minutt å lage seg ein skikkeleg frukost med to brødskiver for tida. 9 av minuttane går med på å skjære brød.
[tl;dr] Eg har to brot i venstre arm, men lar ikkje det stogge meg frå å vere skodespelar når moglegheita byr seg! 

Soundtrack: P!nk – Barbies

Kvar har det blitt av Lukritzia?
Ho lever. Ho er berre særs redusert for tida. Likevel var ho i forgårs skodespelar i ein viking-thriller som blir spelt inn på Gudvangen i desse dagar, og tilbragte 8 timar i iskald vind med knekt arm i rolla som bekymra mor for ein autistisk son som likte å ete rå fisk på torget.
Neidå, livet mitt er ikkje keisamt sjølv om eg for tida har to brot i venstre arm, sannsynlegvis brist i brystbein og ribbein, og skrubbsår på knea.
Smertestillande er ein fin ting, sjølv om eg eigentleg ikkje er så veldig fan. Eg var førebudd på å vakne med intense smerter etter at eg under innspelinga var involvert i ein lettare slåsskamp, drassa kring på ei viking-øks og slamra med dører for å hindre småskumle menn å ta seg inn i stova mi.
At Dùnedain i tillegg har emigrert til BaleBy for å leike dreng hjå gamlingane var vel og merke noko angstframkallande, for fram til eg reiste på innspelinga var eg ikkje i stand til å kle på meg sjølv eller vaske meg, eg kunne ikkje skjære brød, bære ved eller generelt gjere nokre rørsle som innebar at eg måtte bøye meg.
Men det har gått over all forventning så langt, sjølv om eg innsåg at det var litt ekko i kjøleskapet mitt då eg returnerte frå Sogn. “Nokon” hadde drukke opp all mjølka mi før avreise, så dermed måtte eg bite tennene saman og skjære brød framfor å ete müsli slik planen min opprinneleg var. Men eg er heldigvis ikkje ei som skyr ei utfordring, så sjølv om det tek minst tre gongar så lang tid med morgonstell, frukost-mekking og husoppvarming enn det som er vanleg når eg fungerar som normalt, så har eg klart meg greit!

Så, kva har skjedd?
Vel, eg tok meg ein tur på glattisen ein vinterkveld for kring fjorten dagar sidan. Eg hadde vore hjå ei venninne og feira bursdagen hennar, og Dùnedain hadde henta meg heimatte. Like utanfor bildøra var det klink is, så eg forsvann på ein liten seigletur nedover bakken utanfor stovedøra mi. På ein eller annan måte gjorde eg eit imponerande hallingkast og landa på magen. Det må ha vore instinktet som slo inn og sa at halebeinet mitt har fått nok juling opp igjennom, og at eg måtte freiste å skåne det. Eg hadde ikkje ein gong platåsko på beina, men skaplege vinterstøvlettar!!
Enden på visa blei at eg braut overarmen på to plassar, og låg face-down på isen med mørbanka bringe og ribbein. Og skrubbsår på knea.
Men å la han stakkars karen min ta meg på legevakta var fullstendig uaktuelt, for eg var sikker på at skuldera berre var ute av ledd, og ville poppe på plass etter ei god natts søvn.
Jadda, eg veit. Eg likar å tru at eg kan gå av meg eit brot i ankelen òg, eg. True story.
Då eg vakna dagen etter og ikkje klarte å kome meg ut av senga måtte eg sjå sanninga i øyro likevel. Legevakta neste, der dei var særs forundra over korleis eg hadde kome meg gjennom natta  utan smertestillande.

Dermed blei det ei veke på sofaen, til Pixie sin store glede. Ho var happy over å ha mamma som fast inventar, og då eg omsider klarte å krøke meg tilbake til Skrivarstovao mi var det ei furt lita frøken som ikkje såg på situasjonen med vidare milde auge!

Men så mykje bokskriving har det ikkje blitt, for eg blir framleis sliten i armen etter nokre setningar. Dette blogginnlegget er faktisk det lengste eg har klart å skrive så langt! (og det fordelt på to dagar!)
Likevel har eg ikkje så mykje til orsaking til å sitje på ræva og glo på Botched dag ut og dag inn no lengjer, i og med at eg faktisk har vore ein heil dag på filmsett og vore skodespelar. Det får vere grenser!
Like før dette svalestupet mitt hadde eg fått beskjed om at eg hadde fått rolla som “Mikel’s Mother” i filmen Dark Skulls; ein norsk-amerikansk thriller i regi av som skulle spelast inn i Gudvangen.

Portane til Njardarheimr i Gudvangen. Bilete er lånt frå VisitBergen.

Eg var heilt knust då legen fortalde meg at eg måtte gå innpakka i tvangstrøye fram til i alle fall 17. mars! No freakin’ way!! Eg sende mail til produsentane og sa ifrå at eg var noko redusert og at eg hadde full forståing for det dersom dei ville byte meg ut, men at eg var kapabel til å stille opp om dei let meg. Og dei ville ha meg likevel!!
Det skal seiast at eg hadde sumarfuglar frå ei anna verd i magen då eg reiste mot Sogn på sundag, for eg var livredd for at eg ikkje skulle klare jobben. Kor ofte får ein moglegheit til å spele ei rolle i ein internasjonal spelefilm lissom?! Vanlegvis får eg hovudsakeleg rollar som komiske eller skumle karakterar, men no skulle eg få vere seriøs skodespelar goddamit!

Ho heitte berre “Mikel’s Mother” i manus, så eg ga ho namnet Gjøri!

Men folk var rett og slett fantastiske, og det var så utruleg gøy å få vere på eit filmsett der eg BERRE skulle vere skodespelar! Når eg er involvert er eg potet med ansvaret for minst to funksjonar!
I dei fleste scenene spelte eg mot Thor Rosland og britiske Ewan (som eg i farten ikkje kan hugse etternamnet til!! Eg lovar å linke til det når eg sporar han oppatt!)

Mikel (Ewan) og Rolf (Thor), med lyd og kamera i bakgrunnen. ACTION! Foto: Katja Kolle Giljarhus

Dei var så flinke at eg må bøye meg i støvet. Proffe til beinet begge to (og for så vidt alle andre eg fekk æra av å møte der!) og så utruleg koselege! Om ikkje nokon plukkar opp desse karane og gjer dei til superstjerner, så gjer gjerne eg det … om eg berre ein gong får eit budsjett som tillet det!
Sjekk ut den føreløpige Dark Skulls-traileren her!

Og med det forlet eg tastaturet til fordel for litt kvilepause på sofaen. Dùnedain er i BaleBy og leikar dreng på Fjorleifstad saman med boffane, og eg køyrer solo med ein arm i selskap med to pusejenter som er særs lite nøgde med at snøen held fram å lave ned her me bur!

Gjøri og Mikel utanfor stova deira i vikingland. Han må ha hatt ein storvaksen far, den guten, for han ruva nokre hovud over mor si! Foto: Katja Kolle Giljarhus

 

 

Amerikansk zombie-flick (2002)
Med Milla Jovoich, Michelle Rodriguez & Ryan McCluskey
Regi: Paul W.S. Anderson
Lengde: 1 time 40 minutt

På byrjinga av 2000-talet kunne DREPT for dei støvlettane som Milla har i filmen! Og for ein date med Michelle.

Zombie-filmar er min favoritt blant skrekkfilmar. Og den fyrste filmen i Resident Evil-franchiesen ligg høgt på lista over dei eg tykkjer er best.
For zombiane oppfører seg faktisk som zombiar; hjernedaude og … ja, daude. Dei GÅR. Eller subbar, er kanskje meir korrekt. For eg veit ikkje kor mange gongar eg må sei det før Hollywood høyrer etter: ZOMBIAR KAN IKKJE SPRINGE!!

Resident Evil er basert på dataspela som kom på 90-talet, og dei var awsomme.
Som eg tidlegare har sagt så har eg minimalt med speletimar, men eg har sett på andre spele. Det er kjekkare når ein uansett ikkje kan handtere ein handkontroll for fem flate øre. Og det er snart 30 år sidan sist eg spelte noko residentisk-evilsk. Men eg hugsar ceberius’ane og når lickers kom i 2’aren. Og dei er absolutt like creepy i filmen som i spelet.
Nokre av zombiane og til dels nokre av monstera kunne med fordel vore practial make-up framfor digitale, men så er eg blodfan av arbeidet til Tom Savini, så det er mogleg eg er inhabil.

Me møter ei ung kvinne (Milla Jovovich) som vaknar etter å ha falt bevisslaus om i dusjen, og ho kan ikkje hugse korleis ho havna der eller kven ho er.
Brått brasar det maskerte menn inn i heimen hennar og drar ho med seg inn i eit tog som har stått parkert i kjellaren hennar. Sånt som gjerne skjer ein kva som helst torsdags ettermiddag.
Dei skal nesten ei mil under jorda, der det lugubre laboratoriet til The Umbrella Corporation ligg fordi AI-systemet som styrer fasilitetane har gått fullstendig agurk og drepe alle som arbeidde der nede. Men fordi det lurer ein skummel infeksjon i lufta, så forblei dei ikkje så veldig daude likevel.

Michelle Rodriguez som Rain – eit av mine aller fyrste girl crush!

Og dei har følgd oppskrifta: Veltande masser av svoltne lik som vraltar seg nedover korridorane.
Tog-scena på slutten er framleis like spennande sjølv om eg har sett denne filmen ganske mange gongar etterkvart. Eg held pusten frå dei byrjar å rulle til dei omsider når toppen.
Laser-fella er upåklageleg effektiv ganske tidleg i filmen, og slutten er akkurat så dystopisk som ein zombie-film skal vere. Ikkje minst er damene beintøffe. Ingen hylande bimboar her, og sjølv i miniskjørt sparkar Milla rompe.
Sjølv om det gjekk heftig fort i nedoverbakke med filmane som kom seinare, så må ein rett og slett berre innsjå at den fyrste Resident Evil-filmen fortenar ein plass høgt på lista. Og det er ikkje berre fordi eg hadde ein tenåringsforelskelse i Michelle!

Amerikansk skrekk/science fiction (1986)
Med Sigourney Weaver, Michael Biehn & Carrie Henn
Regi: James Cameron
Lengde: 2 timer 17 minutt

-Hey Vasquez! Have you ever been mistaken for a man? 
-No. Have you?

Om ein fyrst skal lage ein oppfølgjar som er verdig sin forgjengar, så må ein kanskje setje sjølvaste James Cameron i registolen. Og han er heilt tydeleg mannen for jobben, for det er sjeldan at det funkar å lage ein god film nummer 2 etter ein knallsuksess som Alien (1979).  Vel å merke tok det nesten ti år, men det var verd ventetida.

Ripley (Sigourney Weaver) går med på å bli med tilbake til planeta Acheron på eit redningsoppdrag då ingen lengjer oppnår kontakt med kolonistane som blei sende dit.
Ho er ikkje veldig entusiastisk, for ho veit kva slags skapnader som ventar der. Og no er det ikkje berre ein. Her kryr det av dei.
Dei finn ei einaste overlevande lita jente som kallar seg Newt (Carrie Henn), og Ripley påtek seg ei morsrolle for denne stakkars foreldrelause jenta. Til tider med livet som innsats.

“Get away from her, you bitch!”

At Ripley er ein badass er det nok få som er villege til å krangle om. Og sjølv om me no veit korleis xenomorph’ane ser ut, er dei framleis ganske fryktinngytande, særleg når dei kjem etter heltane i hopetal.
Historia er ikkje komplisert; eit redningsteam som skal berge nokon frå romvesna sine klør og som strandar på ei ganske så aude planet langt pokker-i-vold uti verdsrommet. Men du helt pusten nokre gongar likevel, for i ei saleg blanding av androidar, syre-blod, tronge gongar og aliens i hælane så blir det intenst.
Cameron kan dette. Og sjølv om dei fleste røykte ombord i romskipa på 70, 80 og 90-talet, så kjøper me det. Teknologien me faktisk har i dag ser mykje meir fancy ut IRL enn kva det gjorde ombord i romskipa i gamledagar, men pyttsann. Eg personleg elskar å sjå korleis folk for snart 50 år sidan såg for seg framtida. Ein kan ikkje forvente at kunstarar skal vere synske heller?

Aliens lenar kanskje litt meir mot science fiction og action enn mot skrekk og gru, men dette er og blir ein monster-flick. Xenomorph’ane er rettleg uhyrlege, farlege og føyer seg inn i creature feature rekkja saman med King Kong, Godzilla, Jaws og Predator. Og dinosaurane i Jurassic Park (1993) for den saks skuld.
H.R. Giger visste kva han gjorde då han designa desse romvesena på 70-talet, og til denne dag held dei stand mot veldig mykje av det som har dukka opp på sølvskjermen i seinare tid.
Hatten av.

“Game over, man! Game over!”

 

Amerikansk skrekk/science fiction (1997)
Med Laurence Fishburne, Sam Neill & Kathleen Quinlan
Regi: Paul W. S. Anderson
Lengde: 1 time 36 minutt

Etter å ha sett denne filmen igjen i vaksen alder, så innser eg at den har klart noko ganske unikt: Den blir meir skremmande til tørrare du blir bak øyro!

Eg var altfor ung fyrste gongen eg såg Event Horizon. Kanskje 12 år eller så.
Den gong hadde eg berre lest kort om filmen, og tenkte det høyrdes ut som verdas skumlaste grøssar, men blei veldig skuffa etter å ha sett den. For all del; dei scenene som var skumle var ille nok, men sjølve konseptet gjekk tydelegvis over hovudet på meg.

I følgje tekstplakatane som innleiar filmen, skulle me ha hatt ein base på månen i 2015, og vore i gong med gruvedrift på mars i 2032. Me byrjar med andre ord å få det litt travelt.
Hopp endå litt lengjer fram i tid, og me er der historia byrjar for gjengen vår.
Eit lite redningsteam, med Captain Miller (Laurence Fishburne) i spissen blir send ut på eit oppdrag ved Neptun, heilt ytterst i vårt eige solsystem. Dei har med seg Dr. Weir (Sam Neill) som i si tid var med og bygde eit unikt fartøy, kalla Event Horizon, som er i stand til å bruke svarte hòl til å forflytte seg kvar som helst i verdsrommet.
Denne vidundermaskina forsvann på jomfruferda, men no har dei plukka opp eit signal som tilseier at det har dukka opp igjen. Problemet er berre at ingen veit kvar det har vore dei siste sju åra, og Dr. Weir er nærmast besatt av å finne og redde romskipet sitt, om han så må gå over lik.

Vel, litt lik blir det. For mannskapet som ein gong gjekk ombord i Event Horizon for å teste det, dukkar opp litt her og der i ulike former. Men det er ikkje desse daudingane som til sjuande og sist er det skumle her. Det er kva som hende med dei etter at dei forlet jorda.

Alt tilseier at det har hend litt av kvart ombord på dette romskipet …

Medan vonde minner og skremmande syn plagar utsendingane, byrjar dei å pusle saman kva som eigentleg har skjedd ombord. Og det er ikkje koseleg.
Verdsrommet er så ufatteleg stort, og me veit ikkje kva som gøymer seg der ute. Men i Event Horizon er det ingen aliens. Ingen chestbursters rundt frukostbordet og anal-probes. Det er noko heilt anna som lurer i den iskalde uendelegheita, og det er ikkje noko du har lyst å stifte nærare kjennskap til.

På mange måtar har ikkje Event Horizon tålt den mykje omtalte tanna til tida. Dei brukar framleis CD’ar, dei røyker ombord i romskipet sitt, trykkjer bilete på papir og dei digitale effektane er litt så som så.
Men det kan me tilgje. Dei visste ikkje betre og hadde ikkje den same teknologien som me faktisk har i dag den gongen på 90-talet.
Science fiction er gjetting. Eg hadde aldri i verda trudd vedkomande dersom nokon hadde fortalt meg at eg kom til å ha halve livet mitt lagra på ein liten duppedings eg kunne stappe i lomma om eg fekk høyre det i 1997.
Konseptet i seg sjølv funkar. Det kunne med fordel vore forsterka litt kva desse stakkarane som har stranda ombord på eit tomt romskip verkeleg har i vente, sjølv om me veldig tydeleg forstår at det ikkje er snakk om skillingsbollar og kakao med krem.
Samanlikna med mykje av det filmskaparar i dag vel å vise oss, er dette nesten litt pusete. Men det er kanskje verre å ikkje ha fått det servert visuelt med t-skei, for då må du skape eigne bilete. Og når ein tenkjer etter er det nok lite som kan samanliknast med dei eigne bileta me dannar oss på eigahand? Eller kanskje det berre er i mitt hovud det blir så ille at eg tykkjer denne faktisk lar seg vippe opp på ein liten 5’ar?

 

Eg må vere litt distriktpolitisk engasjert og lette hjarta mitt litt. 

Soundtrack: The Rasmus – You Want it All

Dei som bestemmer i dette landet tykkjer av ein eller annan merkeleg grunn at alt av tilbod utanfor Oslo kan kuttast, kappast, fjernast eller minimerast. Skule eller helse; for som dei seier i den Tine-reklamesnutten som gjer meg like forbanna kvar bidige gong: “tenk at det bor folk her?”
(debatten om kvifor eg hissar meg opp over den, får me ta ein annan gong)

Men jau. Det BUR faktisk folk resten av Noreg. Ikkje alle kan sitje på ein utekafè i hovudstaden med nasa ned i ein cappuwrappocchino og meine at verda blir betre berre den blir bilfri. Nokon må faktisk produsere det kvite dei puttar i dei koffein-baserte drikkane sine, anten dei føretrekk jur-juice eller havremjølk. Det er bøndene som ordnar, om du ikkje heng med. Og dei kan ikkje dyrke korn i ein bakgard midt på Carl Johan. Eller halde kyr i ein funkisbolig på Frogner.
Fjorden der aust har dei føkka så heftig opp at fisken ikkje lengjer vil bu der, så det må nokre barske folk langsmed kysten ordne, slik at fine byfruer kan få ta tran-pillene sine til frukost.
Vil du ha pinnekjøt til jol, så må nokon halde sauar. Og føretrekk du svineribbe, så trengs det at nokon passar grisen fram til den kjem på bordet. All salaten du trykkjer i deg ordnar bøndene òg, i tillegg til egg, kylling, epler og jordbær. For å nemne noko.

 

MØØØØ! Bilete er lånt frå Nationen.

Men så kjem me til noko litt finurleg som gjerne følgjer med når det bur folk ein plass: Dei treng litt meir enn jorda dei dyrkar. Eit helsetilbod til dømes. Til og med bønder blir sjuke ein gong i blant, og til slutt blir dei gamle og treng kanskje litt ekstra hjelp i form av ein fungerande aldersheim eller ein doktor som kan hjelpe når blodtrykket går i taket fordi dei som bestemmer let til å ha gløymd oss fullstendig.

Nokre av dei som bur i utkant-Noreg får born. Og desse borna treng ein skule å gå på. Barnehage. Kanskje eit fritidstilbod.
Det trengst butikkar, bensinstasjonar, verkstader, og ikkje minst transporttilbod når folk skal bu ein plass.
I heimbygda mi er me i tillegg avhengige av bilen, for bussen ser me kanskje ein gong kvart skotår om me er heldige. Der har dei plukka vekk politiet, banken og no skal dei i gong å loppe oss for aldersheimen. Alt skal til Sogndal fordi det er større. Og har du ikkje eigen bil, så har du eit problem dersom du treng nokre av desse tenestane, for det ligg gjerne ein drøy time med buss unna. Inkludert ferje.
Igjen spora eg litt av, men det er likevel dette som er poenget mitt: Kvifor i alle dagar skal alt samlast og skjærast ned på i eit så langstrakt land som Noreg?
Kvifor skal det ikkje vere forsvarleg dekning av ambulanseteneste, sjukehus, fødestover og opplæring av våre små håpefulle utan at det skal gå fullstendig på helsa laus? Kva skal desse pengane dei sparar inn gå til? Skal dei som held landet vårt i gong og sørgjer for at me ikkje er nøydd å importere oksekjøt som er så proppfullt i antibiotika at det nærmast veks sopp på innsida av blodårene på dei over landegrensene vere nøydd å leve i eit samfunn der hjelpen når ein treng det er tre timar unna på speilblankt vinterføre fordi nokon med slips tykte det var litt dyrt å drifte ein skikkeleg ambulanseteneste?

Bygde-Noreg ligg mellom fjordar og fjell. På forblåste holmar ute ved kysten. Blant rasutsette vegstrekkjer og er kobla saman med ferjer som ikkje alltid går når dei skal.
Men det bur folk der. Dei vel distriktet framfor bylivet, og eg forstår dei. Eg lengtar tilbake dit sjølv. Det er noko unikt med livet på bygda. Og dei som har forstått dette tykkjer eg me skal ha respekt for.
Eg kjem aldri til å forstå kvifor nokon tykkjer det urbane livet der du bur i ein boks stabla oppå naboen er betre enn å ha grøne bøar, skog og fjell like utanfor stovedøra di. Men eg forlangar ikkje at me skal vere einige om kva som er best.
Eg forlangar berre at politikarane skal dra nasa ut av sitt eige kaviarkryss og sjå at det er noko utanfor Ring 3!

 

Amerikansk zombie/action-flick (2012)
Med Milla Jovovich, Sienna Guillory & Michelle Rodriguez
Regi: Paul W. S. Anderson
Lengde: 1 time 35 minutt

Oh boy. Here we go again. For femte gong.

Det er veldig lengje sidan eg prøvde meg på Resident Evil-spelet. Det blei med den eine gongen. Ikkje fordi spela er dårlege, men fordi EG er det.
Og så vidt eg hugsar var den fyrste filmen ganske så tru mot orginal-konseptet. Og eg elska den.
Milla Jovovich er rå, og Michelle Rodriguez like så. Zombiar er min favoritt-sjanger blant skrekkfilmar, og eg er ein sucker for bad ass damer som sparkar romper og tek namn. Eller noko i den dur.

Så eg gjekk i gong med ei ganske positiv innstilling då eg såg at me skulle få eit gjennsyn med Rain (Michelle Rodriguez) i denne filmen, og at Luther West (Boris Kodjoe) kom tilbake. Dei har vore favorittane mine i historia, i tillegg til Alice (Milla Jovovich)! Det trass i at det har gått litt nedover med franchisen etter den eksplosive fyrstefilmen.
Men det tek ikkje så lang tid før eg innser at reunion eller ikkje reunion; dette sug litt.

Du køddar ikkje med desse damene!! Sjølv om Rain ikkje virkar like stø på avtrekkjaren som ho ein gong var …? 

Alice vaknar opp etter noko eg vil anta er eit rimeleg iskaldt bad. Ei stund er ho småbornsmor i forstad-USA, og i neste er ho den rå krigaren me etterkvart byrjar å bli ganske godt kjend med.
Umbrella Corp. har atter ein gong fått kloa i ho, og no må ho sleppe unna og kome seg vekk.
Innimellom får me nokre glimt av zombiane, men dei havnar litt i bakgrunnen av action-sekvensar og mutantar.
Denne gongen skal me verkeleg få oppleve alt me allereie har opplevd ein gong før, nemleg! Det virkar som om hjernene bak denne filmen har teke ein brainstorming-runde og notert ned ALT dei har fått høyre frå fansen at var kult i tidlegare rundar. Det velkjende laser-nettet som verkeleg fekk pulsen til å stige i fyrste filmen, mutantmonsteret med hjernen på utsida, den intenst kule opningsscena frå Resident Evil: Afterlife (2010) der ei dame blir forvandla til ein zombie ein regntung dag i Tokyo … Check, check, check.
Generelt føles filmen som ein oppsummering av alt som har vore awsomt så langt i serien, putta inn i ei random rekkjefølgje. Me er på ein togstasjon (hint, hint: Fyrste filmen?), The Axman (eller menn; her er det to! Twice the fun!) gjer ein liten opptreden, og det same gjer The Licker, som nemnd.
Men kvar er zombiane? Dei spøkjer berre litt i skuggane, noko som forvandlar dette meir til ein action-sci-fi-sak enn ein skrekkfilm.
Og så kom nazi-zombiane. Eller var det nazi-zombiar? Ikkje ein gong Internett klarar å bli einige om det. Men dei ser ut som nazi-zombiar, og kvakkar det som ei and så er det gjerne ei and. Eller ein nazi-zombie.
Nyskapande? Nope. Dette har Tommy Wirkola allereie fordjupa seg i då han laga Død Snø i 2009.

Til trass for dette tafatte forsøket kom det endå ein film i franchisen. Og ein reboot. Og ein TV-serie som fekk ein sesong på Netflix sjølv om eg tykte den eigentleg var ganske bra!
Og i år skal det kome ENDÅ ein reboot.
Eg gir opp. Det får vere grenser kor mykje dei skal mjølke denne kua her. Ho er snart knusk tørr. Tørr. Innskrumpa rosin-style.
Terningkast (veldig svak) tre, fordi eg diggar Milla og Michelle. Og zombiar. Sjølv om den eigentleg burde fått ein 2’ar.

Handletur. Eg tuslar avgarde med handlevogna, medan Dùnedain pantar flasker. Telefonen min ringjer og det er mannen som lurer på kva reol eg gøymer meg bak. 
-Eg ser deg, seier han og rundar stabelen med woksausar på tilbod. 

Soundtrack: Ed Sheeran – I see fire

Sidan han no står rett framfor meg og handlevogna mi, legg eg på. Men han held fram å prate i telefonen.
-Eg tok med chips sidan det var tilbod. Skal eg hente ein til med salt til deg?
Eg ser rett på han. Han ser forundra tilbake på meg ein augneblink før han senkar mobilen.
-Eg er visst litt bonde på by’n i dag, seier han stille. -Eg har ikkje fått nok kaffi.

Dùnedain er ein vims. Ein fantastisk, perfekt og god vims. Min vims.
Me er ulike som natt og dag på dei fleste områder, men eg ville ikkje bytt han ut for noko i verda. Og han har noko eg har innsett at er det viktigaste i ein partnar for min del: Lidenskap.
Ikkje av den romantiske sorten. Takk og pris. Det er ikkje eit snev av romantikk i denne skrotten heller.
Men av den typen som verkeleg elskar og brenn for sine ting.
Eg gjekk ikkje heilt beint den kvelden eg møtte han for fyrste gong, men gjennom det noko tåkete tequila-blikket mitt fekk eg dratt han med meg opp til karaokeskjermen. Og han kunne syngje. Og han prata med slik innlevelse om musikk at eg blei heilt fascinert.

Meg og draumemannen på High as a Kite-konsert 2022

I mine yngre dagar trudde eg at det var god humor eller six-pack eg såg etter i ein partnar. Humor er alltid eit pluss, men eg har innsett at det er ikkje eit naudsynt punkt på lista mi. Det eg ser etter i eit mann/kvinnfolk er lidenskap. Eg kan bli like betatt av ein person med masse kunnskap kring noko han eller ho er engasjert i som eg kan falle for nokon som er gode til å danse eller male. Så lengje dei elskar sine greier og har sjølvtillit når dei får vise kva dei kan.
Og det treng ikkje vere romantisk tiltrekkjing; eg elskar å omgje meg med folk som brenn for noko. Det er nok derfor eg har ei greie for nerdar. Eg blir så hinsides stolt når nokon som vanlegvis er litt stille og tilbaketrekte får vise kva dei er gode for, anten dei er gode til å spele piano eller har skills i dataspel. Eller berre sit på vanvittig mykje kunnskap på eit noko obskurt felt og kan slå om seg med gode argument.
Politikar, dansar, gamer eller skodespelar. Eller berre nokon som veit meir enn gjennomsnittet om vaskemaskiner.
Eg diggar det.

Kva i alle dagar er det som får ein godt vaksen mann til å kike ned på tissefanten sin og tenkje: -Hm! Kanskje ei fullstendig ukjend dame kunne tenkje seg å sjå han her?

Soundtrack: Miracle of Sound – Valhalla Calling

Eg og ei venninne tok ein prat om dette fenomenet i går. Og det slo meg at i heile mitt liv har eg faktisk berre motteke EIT dick pic! Det var i tillegg på den tida mobiltelefonane hadde så dårleg oppløysning på bileta sine at du måtte gjette deg fram til kva du såg på. Litt sånn “connect-the-dots”-konsept.
Ikkje at eg saknar det på nokon måte; eg tykkjer eigentleg ikkje at det mannlege kjønnsorgan er så veldig innbydande. Tidlegare var eg sjølvdiagnostisert med det eg kalla “kuk-angst”; det vil sei ei ibuande frykt for brått å bli vitne til ein snabb i fri dressur på eit uventa tidspunkt.
Når det var planlagd at den skulle dukke opp var det greit. Men pikkar frå det store intet kunne eg glatt styre min entusiasme for.

Bilete er lånt frå Horsenetwork

Det er eigentleg litt fascinerande korleis mange gutar og menn slit med usikkerheit kring sine eigne kjønnsorgan, men å dele ut bilete til jenter dei ikkje ein gong har møtt heilt ukritisk er null stress.
Kva forventar dei eigentleg? At dei kvinnelege mottakarane skal bli så entusiastiske over den piskeklare laksen til avsendaren at dei hiv seg over telefonen for ein booty-call med det same dei opnar meldinga?
Trur dei at vår fyrste tanke er at me skal sende noko tilbake? Og er det så allright å gå kring og vite at pikken din ligg i DM’en til eit kvinnfolk du ikkje anar kven er?

Uansett så byrja eg å filosofere litt kring temaet.
Kanskje er det rett og slett slik at eg utstrålar noko på eitkvart bilete av meg online som skrik at å sende noko slikt til meg er ein særs dårleg idè. Og la meg understreke: Det ER det.
Dersom ein korttenkt kar hadde site og nappar løken, og brått fått eit innfall om å vidarekommunisere syslene sine til meg, så er det ein viss fare for at han hadde kome til å angre. Hardt og lengje, pun intended.
Eg hadde ikkje vore i stand til å motstå trongen til å gje fyren ei solid analyse i retur, som han mest sannsynleg ikkje hadde sett vidare pris på. Generelt har eg lite fint å sei om denne kjøtstanga mannfolk går kring med mellom beina, og ikkje få meg til å byrje på den tafatte sekken som heng under!!
Den funkar til formålet, men eg har inga interesse av å fordjupe meg i fysiologien, særleg ikkje på framandfolk.

Og så var snøballen i gong å rulle: Kva meir kunne ein gjort med eit rykande ferskt snoppe-shot?
Å sende eit i retur hadde vore ein god start. Eg har aldri send nokon så mykje som eit lettkledd bilete av meg sjølv, langt mindre eit bilete av staken! Noko som nok kokar ned til at eg ikkje HAR ein, men det treng jo ikkje karen å få vite.
Reaksjonen hadde nok vore upåklageleg når han opna fila og stira rett på eit heftig utstyr med ein knytneve i eit godt grep kring rota og teksten: -Og her er min!
Eit anna alternativ hadde så absolutt vore å svare med eit: -Takk for tilskotet til samlinga mi! for så å gje han ein link til nettsida eg har oppretta med eit nydeleg galleri av tilsende understell. Med fullt namn, må vite.
Det sneik seg inn eit realt kunstverk i tankane mine medan eg sat og funderte. Eit slikt pixlete bilete samansett av mange små bilete, som summa sumarum utgjer eit anna bilete, om det gir meining? Der du kan klikke på eit og få opp eit STORT bilete av ynskjeleg kølle for nærare inspeksjon.
Men i og med at eg har vore lite utsett for desse noko spesielle sjølvportretta, så måtte konseptet sjølvsagt vore eit samarbeidsprosjekt mellom meg og alle kvinner der ute som mottek denslags junk-mail.
La det vel og merke vere ei åtvaring til alle deletrengde herremenn der ute: Berre gje faen. Ikkje del ut dine edlare delar på måfå, for tenk om nokon som meg får kloa i dei. Det vil ikkje ende godt.