Eit heilhjarta mote-HURRA!!

Det er ikkje ofte eg sperrar opp augo i fryd over noko eg ser i moteverda. Stort sett blir det små-flau fnising over at folk faktisk klarar å la seg styre og villede så til dei grader av noko ein gjeng homofile tøysegutar syns at kvinner skal iføre seg. 
Men i dag var det litt anleis. I dag snubla eg over ei annonse, som førte meg til ein artikkel, som ga meg ei nyhende dei aller fleste moteinteresserte allereie har visst sidan i fjor: Platåsko er på veg tilbake!!

Eg hugsar 90-talet. Åja, eg hugsar 90-talet. Den EINASTE perioden i livet mitt der eg faktisk hadde eit snev av tøysegut-klede i klesskapet mitt. Det var knæsj oransje bukser og spygrøne magetoppar. Og platåsko! Masse platåsko. Favoritten min var eit par svarte lolita-inspirerte sko eg kjøpte på klasseturen til England i 10. klasse. Og SpiceGirls. Eg var småforelska i Mel C og Geri, og både håret og kleda gjenspeigla dette. På klassefestane opptrådde me som SpiseGirls, og eg var Emma. BabySpice. Gjerne iført ein kort-kort oransj silkenattkjole. 

SpiceGirls kom og gjekk. Men skoa blei verande i skapet mitt til denne dag.
No skal det seiast at eg ikkje er den som ifører meg dei mest fargerike platåskoa, men tyr heller til den litt meir mørke typen. Gjerne med naglar og hovudskallar.

I og med at desse sjeldan er å spore i den vanlege skobutikken i gata, så må dei kjøpast frå utlandet, og blir fort rimeleg dyre. Men pyttsann.
Det var dermed med tungt hjarte at eg innsåg at tida var overmoden for å kvitte seg med det siste gode paret eg hadde. Dei var kjøpt på eit opphøyrssal i Bergen, for 250 kroner eller så, og blei ved mi side heilt til fòret i hælen ramla av som ein klump losliten skumgummi. Salte tårer og tenners gnissel, og ein kortare seremoni seinare, var dei historie.
Eg ana håpet i det fjerne då eg oppdaga at 70-tals looken var på veg tilbake i butikken. Platåskoa kom, men i ein variant eg overhovud ikkje greidde å omfamne på same måte som før. Her var det platåsko med høg hæl og timeglasforma såle. Petite og feminint, og overhovud ingenting i nærleiken av dei to-etasjers murblokkene eg tidlegare hadde gått til innkjøp av. 

Eg hugsar då eg kjøpte mitt fyrste par, sa mor mi at ho hadde hatt noko tilsvarande på 70-talet. For all del; skoa på den tida var så absolutt både tøffe og überkule, men dei slår ikkje dei frå 90-talet. Eller skoa som eg ser gotharar og metal-chics rusle kring i, og som eg sender lange og lengtande blikk etter. 

Ikkje såg dei like behagelege ut heller; dei minnar meir om dei enorme klogge-boots’ane eg kjøpte meg på IcePlanet, men som eg aldri greidde å gå lengjer i enn til bilen og vidare inn på festen. 

Men glea ville ikkje vare ved så lengje. Då eg etter nokre sekund i intens gledesrus gjekk gjennom bileta av skoa som visstnok er på veg inn i motebilete, fall motet som ein våte ullsokkar i Sognefjorden ein ruskete septemberkveld. 

Kven er det som har sydd finskoa til bestemor på eit traktordekk?! Kva i alle dagar har vedkomande sniffa!? Dette var jo berre trist! :O

Men er det ein ting eg har lært, som peeping tom i moteverda; når noko blir populært, kjem det alltid tusenvis av billege kopiar i kjølvatnet. Og desse er som regel både billegare og mykje finare enn det som bærtene i Hollywood ifører seg!
Så inntil vidare lenar eg meg tålmodig tilbake og ventar på betre tider. Men velkomen så mykje tilbake; eg ser fram til å kome opp i høgda igjen! <3



0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg