The Gory Story

Soundtrack: World of WarCraft – Boralus Theme

Eg kraup til korset i dag. Eigentleg hadde eg fått legetime neste fredag, men eg trudde den var i går. I morgon er det ei veke sidan verkebyllen min ikkje ville meir. Pixie gjorde eit hopp, og eg sa POPP, og i etterkant av dette har eg skifta plaster og tørka gørr to gongar dagleg. La oss sei det slik: Det byrja å ta på. 
Så etter ei nattevakt der eg følte eg hadde feber, kaldsveitta, følte at verda snurra og kvalmen ulma som berre juling, ringde eg i dag til legevakten. 
-Såret gror ikkje, og eg føler eg har hatt feber i natt. Sidan eg har diabetes tek eg til å bli litt paranoid, sa eg til sjukepleiardama i telefonen. Ho meinte ikkje eg var paranoid (takk og pris!!) og ba meg stikke innom i 14-tida. 

Så eg gjorde akkurat det. Det blei tre timar på legevakten, og eg hadde berre fått i underkant av 4 timar med søvn, var kvalm og uggen, og sat på venterommet og hangla. 
Til slutt tok legemannen meg inn. Eg forklarte situasjonen, og han løysna bandasjane mine. 
-Hm, sa han. Aldri eit godt teikn. 
-Hm?? 
Eg kjende magen knyte seg. “Hm” er aldri eit godt teikn hjå legen. 
-Me må inn på eit anna rom, sa han. Det lova heller ikkje bra. 

Han tok meg med inn på eit mini-operasjonrom. Eg likar å kalle det for akkurat det. Dei hadde stor lampe i taket. Ergo: Operasjonsrom. 
Igjen klemde han litt på såret mitt. 
-Det er som drueklasar inni her, sa han. Eg var freista til å sei: -Tusen takk, eg har laga dei sjølv! (men beit det i meg)
-Så, kva er planen, spurde eg. Han byrja å finne fram verktøyet sitt medan eg vagla meg på bordet. 
-Eg må skjære det opp, sa han. -Eg skal lage eit lite kryss og fjerne det som er inni. 
-Det høyres ut som ein fantastisk idè, svara eg nervøst. 
-Har du fått bedøving hjå tannlege før?
-Ja, eit par gongar. Men det er ikkje noko eg syns noko særleg om, sa eg. Han humra. 
-Nei, dei færraste gjer nok det, svara han og fann fram sprøyta. Han fjerna plasteret, medan eg fortalde at han måtte vere veldig snill med meg, for eg slit med agliofobi. 
-Eg kan knekke foten, og tru eg kan gå det av meg, pokker så tøff i trynet, sa eg. -Men når eg veit eller forventar at noko kjem til å gjere vondt, får eg heilt panikk! 
Han lova på tru og ære at han skulle vere varsam, før han la til: -Eg brukar den sterkaste bedøvelsen eg har, men grunna betennelse i vevet, vil du nok kjenne litt likevel….
Så stakk han. Det varte i cirka fem timar for kvart stikk. Minst. To stikk. Og så seier han: -No skal eg berre setje eit stikk midt nedi såret. 
-Ja, det høyres jo ut som ein strålande god idè, utbraut eg. Han lo litt igjen. Og eg skreik litt. 

-Det er lov å banne, sa han. 
-Eg gjer mitt beste for å la vere, svara eg. Litt blei det likevel. På eit tidspunkt skreik eg mellom samanbitne tenner: -Inni helvetes svartaste gamperæva!!
Verken sprøytene eller at han skar i meg var det vondaste. Og medan han stod der og stira ned i krateret i sida mi, konkluderte han med at det var ikkje så ille som han hadde frykta. 
-Ille nok, kjennest det ut som, argumenterte eg, der eg låg halvvegs i fosterstilling og beit meg sjølv i armen. 
-Vil du sjå det eg fekk ut?
-NEI!! Då gjer det berre endå meir vondt!! 
Han humra igjen. Han klaup og pressa og skylte med noko som isa og svei langt inn i marg og bein. Midt i det heile fekk eg til og med ein liten pustepause. Blodet rann, og eg freista å halde fokuset på “my happy place”. Det stod ikkje så bra til der heller; noko anna hadde eg heller ikkje forventa når nokon stod med ein skapell over ribbeina mine. 

Eg anar ikkje kor lang tid det tok, men til slutt var han ferdig. Han hadde fjerna nokre gufne kvite klumpar frå meg. Eg blei plastra saman, og fekk med meg antibiotika og sjukemelding med heim. 
Kvit som eit laken og kvalm som ein alke (skudd i mørkret; eg veit ikkje kor kvalme alkane eigentleg er….) sat eg ei stund etter i bilen. Snille Dùnedain kjøpte is og kryssord og sjokolade og chips til meg, og sa han var kjempestolt av meg som hadde kome meg gjennom det. Han VEIT kor hysterisk redd eg blir av sånne ting. Og eg følte meg ganske tøff sjølv òg, trass i at eg føler meg litt mørbanka. Det blir ei lita stund til eg skal løfte på bandasjane og sjå kva som har skjedd der, og glad er eg for det! No får såret berre vere vondt, eg vere dopa og kroppen få kvile. Så kryssar eg fingrane det eg klarar for at dette var siste kapittel i den særs grusame helsehistoria mi frå 2018.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg