Hæ? Skrivekløe, for faktisk!?

Oj oj oj! Dette har ikkje skjedd på aldri så lengje; eg har faktisk skrivekløe! Så no skal eg skrive litt om morsdag, litt om eit treningsprosjekt eg har hive meg på, og leggje til litt bilete, og så får me sjå kvar dette endar! Hoho! Spennande…….!

Soundtrack: P!nk – Slut like You

Syndig godt humør er eg i òg!
Så ja! Gratulerar med dagen, alle mødre der ute! De gjer ein helsikes jobb, som eg er overlukkeleg over at eg slepp! ….sa firebornsmora. Men mine er furbabies med fire fotar og mjuke halar. Ikkje at far i huset har omfamna det faktum at titlane “mamma” og “pappa” er høgst reelle når me omtalar kvarandre ovanfor ungane. Hmfp. Så ingen morsdagsfeiring på meg i regi av den karen.
Svigermor derimot, diska opp med hjortesteik og riskrem, daimkake, sjokoladekake og kaffi og te! Og jaggu overraska svigerfar med mjølkehjarte-sjokolade til både meg og svigerinna mi! Eg tek det som ei morsdagsgåve. Eg har ikkje vore bortskjemd med sånt til vanleg! xD Ikkje minst kunne svigerfar stolt erklære at han hadde kome på denne gåveidèen HEILT sjølv! Eg er mektig imponert! <3


Dùnedain sit på si side og kosar seg med Rambo på TV, så det er mogleg at det er derfor skrivekløen vakna hjå meg. Eg har ingenting imot Sly sine filmar, men dei står ikkje så høgt på lista mi over filmar eg kosar meg med sånn til dagleg. Så då lar eg kreativiteten boble!

Okay, okay. Så over til treningsprosjekt! (det hadde du ALDRI trudd du skulle lese på MIN blogg!!)
Eg har byrja å trene, som eg har nemnd tidlegare. Babysteps. Tre dagar i veka. Litt kondis og styrketrening. Nuffin’ fancy.
Eg har ikkje batteri i badevekta, og eg måler ikkje omkretsen av verken det eine eller det andre. Ikkje gjer eg noko kjempeinnsats for kosthald-endringar heller; det er overhovud ingen fare for at dette skal konvertere over til noko trenings – og ernæringsblogg!
Alt dette går i, er at eg skal motivere meg sjølv til to ting: 1) Eg skal sjå eigne framskritt, og derav motivere meg sjølv til å halde fram treninga. 2) Eg skal motivere meg sjølv til å BLOGGE! For etter planen skal eg klare å leggje ut eit sånt bilete kvar veke.
Og som ein bonus, så kan jo folk le av den manglande framgongen min, dersom dette går fullstendig i dass? Så sjå underhaldningsverdien i dette, folkens!
Men her er då fyrste bilete i min serie “Lokkri får gongsperr tre gongar i veka”:

Sjølv er eg ganske imponert allereie; gå tilbake 10 år, og du hadde ALDRI fått sett meg i ei tettsitjande bukse med ein slimfit tanktop som IKKJE gjekk dekka heile rompa! xD
Men dette er då lerretet. The clay. Trolldeigklumpen. Kall det kva det vil; noko skal det i alle fall formast for å bli. Så får me sjå kva eg klarar å skape. Eller desturere, sånn når eg ikkje gidd meir om to veker, og krabbar oppatt i sofaen med chipsposen i fanget og augo klistra på Dr. Phil midt i beste middagstid.
Gå tilbake meir enn 10 år, og eg hadde så masse kompleksar kvar gong eg skulle ut blant folk, at det var ei kvie. Eg kunne ikkje gå nokon plass utan sminke. Ser håret mitt feitt ut? Er det ei kvise som må dekkast til med sparkel og fyllmasse?? Visar trusa mi gjennom buksa? Ser det ut som eg går med ei sloggi-truse?! Kanskje eg bør byte til string? Kan eg kle meg i noko anna så ikkje valkane visar så godt?
Eg blir heilt matt av å tenkje på det i dag! No går eg på butikken i pysjbukse med håret i ein rufsete hestehale utan å blunke! Gah, det er faktisk digg å bli tørr bak øyro på det området! <3

Sånn heilt avsluttningsvis, så sleng eg inn to selfies! Eg veit eg har sagt at eg ikkje tek selfies, berre usies, og det står eg fast ved. Det er sjeldan eg knipsar eit bilete av meg sjølv, med mindre eg akkurat har fått ny sveis. Og det tek til å bli i overkant lengje sidan eg har gjort noko med manken, men eg skal ha langt hår når eg giftar meg, så mohawk og lilla hår får berre vente. (men du kan ta deg FAEN på at eg skal ha med barbermaskin på bryllaupsnatta og skrelle av tylskapen!!)
Men tilbake til sefiane mine; eg knipsa to bilete i bilen då me skulle i middag til svigers. Det som er ganske humor, er at eg har ikkje noko filter på eller redigert det eller noko sånt. Eg har berre brukt ljos sminke, i staden for svart, lilla eller grått, som det brukar å gå i. Men eg ser ikkje ut som meg sjølv ein plass! Halsen min ser superslank ut, og eg har knapt antydning til dobbelhake, trass i vinkelen! Haha! Det var så magisk, at det må delast. Men eg har mine tvil om at dette blir normalen for min del. Klesskapet skal ryddast, og sminkekorga mi er re-organisert, så forhåpentlegvis dukkar den gode, gamle hippie-bondegotharen opp igjen innan ikkje så altfor lang tid!

 

Og heilt, heilt til slutt, så har eg fått meg fått meg sånn bloglovin-knapp på sida mi! Tok litt tid å få den på plass, fordi teknologien ikkje ville det same som meg, men eg oppfordrar folk til å klikke på den, sidan eg har knota så voldsamt med desse greiene! ^^

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg