Takk januar – hei februar!

Og så var me allereie ei veke inn i februar, og eg har ikkje hatt noko spennande å skrive om sånn cirka heile førre månad. For gjett kva? Eg har vore sjuk, eg.

Soundtrack: Alaska Vet – Animal Planet

Så januar har i stort sett gått i å liggje horisontalt og telje kvister i takpanelet. Lucky me. Det har vore halsbetennelse, forkjølelse (mogleg influensa, men i så fall med ganske lite feber….), omgongssykja…you name it, I’ve had it.
No er eg derimot forhåpentlegvis på beina igjen. Ein blir hinsides slapp og sliten i kjølvatnet av ein sånn runde, så eg kjempar framleis mot trongen til å berre sove vekk dagane. Men men. Roma blei ikkje bygd på ein dag, så eg får ta den tida som trengst.

 

Eg har vel og merke ikkje vore den einaste pasienten her i huset; på måndag var det primadonnaen vår, Pixie, som trengde ALL merksemd som var å spore frå heile flokken. Ho måtte nemleg til dyre-tannlegen og trekkje tre tenner.
Ho er mista aldri mjølketennene sine, så framtennene hennar er ikkje dei sterkaste bikkjetennene ein kan ha. Det er ikkje uvanleg blant kinesiske nakenhundar, så vidt eg har forstått dyrlegane, men det er likevel ikkje gøy å havne i narkose og vakne utan fleire av framtennene sine. Ho var som ei våt fille, som sleva og skolv då eg henta ho. Så det måtte mykje kos, våtfòr og merksemd frå alle medlemane av flokken for å få ho gjennom dei fyrste dagane. Fyrste dagen var det tilfellet at det var naudsynt, men ho har utnytta det for alt det er verdt. Vetle sniken.

Pasient & Primadonna: Herifrå kan det berre gå oppover!

Ho er i fin form igjen no, sjølv om ho framleis får medisinar, for både smerte og potensielle betennelsar, og ho er ikkje vidare begeistra for akkurat det.

Etter å ha vore nærmast isolert i fjellheimen i aldri så lang tid, så er eg rett og slett sosialt underernært, og heile meg SKREIK etter å kome meg ut blant folk igjen!! Så det var ganske så allright å ta seg ein tur til KæssKiss, som akkurat har kjøpt seg ny kåk, og hjelpe han med flyttelasset + å montere ny sofa! <3 Eg er så stolt over karen; han har kome så langt sidan han var ein beskjeden liten og forkomen knert som eg adopterte på Universitet! xD You go boy! Han inspirerar meg så vannvittig! ^^
Og i dag fekk eg nye negler!

Må sende litt hugleik i rettning Elisabeth; ho legg dei mest fantastiske neglene eg nokon gong har hatt!!
Eg har tenkt eg skulle lagt ut bilete kvar bidige gong eg har vore der, men eg sug jo i å faktisk leggje ut bilete….Så eg skal prøve å bli flinkare til akkurat det….Eg syns jaffal dei blir skamtøffe kvar bidige gong!

Trass i å vere temmeleg helselaus, så har eg faktisk byrja å trene. Ikkje masse; tre dagar i veka får halde sånn i fyrste omgong. Ein må byrje ein plass. Dei dagane eg har vore nokon lunde oppegåande, så har eg freista å gjere nokre akrobatiske sprell her i stova. Men det krev litt. Eg meinar; det er ikkje mykje som gjer meg flau. Om eg dansar halvnaken rundt i stova når folk passerar utanfor, eller får meg ein runde hanky-panky med vidopne vindauge, så gjer det meg ingenting. Men kom igjen når eg skal TRENE! Då må til og med Dùnedain evakuere, for du får meg faen ikkje lengjer ut av komfortsona enn som så!! Ikkje at eg får så mykje ut av treninga foreløpig; eg har gnagsår på beina (frå gåtur) og gongsperr herifrå til Helheimen, men eg lever i håpet om at det kjem noko godt ut av det til sist. Gjerne i form av musklar eller kondis, men eg feirar ingenting endå!!

Vel, eg kryssar fingrane for at det berre går oppover med meg òg herifrå. Det får jaggu vere grenser for kor mykje sjuk det skal vere mogleg å vere! Kanskje eg til og med kan få gjort noko fornuftig arbeid igjen snart, sidan hjernen min ikkje ligg i ein tåkete bomullsdal lengjer? Eg lengtar litt tilbake til 1300-talet og trollkjerringane mine i skogen der!!

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg