Av og til regnar det i Australia!

Ikkje at det på nokon måte kan samanliknast med regnbygene heime i Bergen og omegn, men nokre dråpar kom då ned frå oven idag. Eg måtte ut og “prøve” regnet litt; det var vått her nede òg. Knapt nok.
Medan dagen så vidt er i gong der heime, gjer me oss klare for å ta kvelden her. Kristin har alt funne senga, og Janne har funne dusjen. Og kvar andre plassar enn framfor data’n finn ein meg?

Vèret har vore fantastisk, og eg har marinert meg i solfaktor 30. Så langt er eg framleis kvit som rømme, men eg har faktisk litt håp om å skifte litt farge her nede! (håpar den kommentaren ikkje ga nokon heime varige mèn!) Kristin har ikkje vore vidare nøygd med klimaet, og det er så utruleg facinerande å vere på “den andre sida” av den situasjonen! Eg er jo vanlegvis den som forbannar solskin og varme, men av ein eller annan merkeleg grunn syns eg ikkje det er så ille når eg sjølv har vald det! Heime kan det regne og snø året rundt for min del, men her nede er det faktisk digg med varme! Kristin er ikkje like einig, og har hoppa frå skugge til skugge mesteparten av dagen.

Fotoapparatet mitt har vore med på sightseeing idag, men det var verre å få det inn i bloggen i rett rekkjefølgje, så me får ta det som det kjem.
Dagen har me i alle fall tilbragt i Geelong, med eit minibankkort som framleis var like lite samarbeidsvilleg. Eg prøvde kvar ein minibank som var å spore i byen, men hellet uteblei.

Fyrste stopp på ruta, var i eit lite stykkje himmelrike for min del. I utstillingsvindauga stod denne karen og helsa oss velkomen, og slike som meg kan då ikkje gå forbi vidare utan problem. StarWars og WoW-effektar og Living Dead Dolls og KryptKiddies og….Eg har ikkje ord. Noko seier meg at eg blir nøydd å ringje heim og be om forskot på bursdagspresangar mot slutten av ferien!

Neste stopp blei frukost. Me fann oss ein koseleg liten pannekake-krok på eit kjøpesenter, og Janne var snill nok til å låne meg nokre kroner for å få mat i skrotten. Hawaii heitte denne stasen, og var fylt me: d kylling og ost og ananas og bacon. Nomnomnom! Janne bestilte dessert i same slengjen, og serveringsdama kom siglande med eit FJELL av ein rett: Pannekaker med vaniljeis og jordbær og andre bær og vaniljekrem. Heldiggvis for oss andre, har Janne sine begrensningar, og delte villeg med oss. Eller mest meg. Eg er alltid behjelpeleg når folk ber om assistanse til å fordøye desserten sin!

Når kaldblodige vikingar kjem over palmetre på gata, blir følgjet augneblinkeleg oppstil og avfotografert. Kristin gjorde her den skremmande observasjonen at edderkoppar gjerne lever på slike plassar. Derav den litt elegante peikestilen.

Frå eit kjøpesenter til eit anna. Og når dei faktisk har butikkar med slike celebre namn, så dokumenterast dette. Ikkje at eg trur noko av det innanfor (herreklede) falt i smak hjå denne dama, men eg har i det minste eit bilete som dokumenterar…eh, ting.

Vel heime sette me i gong planleggjinga av morgondagen og dagane framover. Det blei bestemd at me droppar Canberra. Sydney lokka meir, sidan spøkelsesturnèen dei adverterte om på nettet ikkje var tilgjengeleg før i mars. Dermed snur me snuten mot storbyen i morgon, og kryssar fingrane for at hostel’et me til slutt landa på har ein overkomeleg standard. *fingers crossed* 

Etter nokre timar i dei utruleg fine, men dog så upraktiske, Emily Strange-skoa mine, verkte dei fleske musklar og områder under knea til det ekstreme. Eg hadde planlagd å kjøpe meg eit par sandalar når eg var her nede, men det skulle vise seg å vere noko til oppgåve! Eg tråla kvar skobutikk, men det einaste som var å spore var flipp-floppane dei her nede kallar “thongs”. Til STOR forvirring for oss nordbuarar, som forbind det med meir…hm, minimaliserte klesplagg. Men til slutt kom eg, med stor hjelp frå Kristin, over desse her, som viste seg å vere både Mekka og Nirvana for såre føt. Så då kunne turen halde fram! 
For ordens skuld er thongs flipp-flappar med “feste” mellom stortåa og tåa ved sidan av, noko som garantert gir deg nokre fantastiske gnagsår mellom tærne. I alle fall for sånne pusefotar som denne dama er velsigna med. 

Når ein fyrst har fått eige rom, og har klart å rote det til på rekordtid, så bør ein kanskje vise det fram. Standaren for studentbolegar er overraskande høg her nede, og eg har fått tildelt dette rommet. Eg klagar overhovud ikkje; eg vurderar nesten å flytte inn her hjå Janne og Janet!! Janet er då roomien til Janne, og ei fantastisk herleg og sprudlande jente! :o)

Og så lysbrytarane her nede! Dei er så små, og heilt umoglege å finne! Det fekk eg erfare då eg vakna midt på mørke natta og ville ut og strø. I jakta på lysbrytaren feilrekna eg fullstendig lengda mellom senga og veggen, og gjekk med eit brak i kofferten, før eg famla meg fram og braka inn i veggen. Og så fann eg lysbrytaren omsider. Dei har til og med ein knapp du må trykkje på for å få straum i stikkontaktar og lysbrytarar! Eit merkeleg folkeslag, desse aussie’ane.

Som sagt er standaren høg. Dette er kjøkenet til damene som held til her! Det er noko anna enn minihybel-studentbolegane heime i Noreg! :O

Så tilbake i den geniale butikken som eg skal ruinere meg i. Sjølv om det klør i lommeboka, kjem eg nok neppe heim med verken Darth Vader – eller Yoda-ryggsekk! Men blid og nøygd poserar eg gjerne saman med dei!

Kristin konstanterte at eg ikkje endrar meg uansett kor langt ut i verda eg reiser. Data’n og blogge-kløen held seg godt ved like. Legg og merke til skotøyet eg har drege med meg nedover! xD

Eit lite utdrag av NOKO i den geniale butikken. Det blir nok fleire bilete derifrå, av alt eg ikkje har plass til i bagasjen, og skal tråle eBay etter når eg vinn i LOTTO!!

Desse trefigurane pryda strandpromenaden i Geelong, og var visst obligatoriske fotoobjekt for ein kvar turist. Og som turistar må ein følgje reglane. Det blei med desse karane. Me var sårbeinte og kokte i toppen på dette tidspunktet, så turen held fram på jakt etter middag (kylling. Bombe?) og go’sko til moi.

Kristin er flink turist som knipsar bilete av meir turistiske motiv. For å verkeleg vise at eg er på ferie, stal eg nokre bilete frå hennar kamera, sidan eg tydelegvis er meir detalje-freak og tek bilete av lysbrytarar og anna rart.

Så var det å pakke koffertane igjen, og setje kursen mot Sydney. Etter å ha oppdatert seg litt på nettet, virkar det som om dei fleste hostel’ane er under kakkerlakk-domene. Så lengje eg slepp edderkoppane, er eg eigentleg nøygd. 
Bankfolka er i alle fall kontakta for andre gong, i håp om at minibankkortet no skal vere brukande i Oceania. La oss no ENDELEG håpe at ikkje alle som er ansett i Sogn og Fjordane Sparebank er inkompetente? ;op
Korleis det blir med updates frå meg dei næraste dagane gjenstår å sjå. I motsetjing til heime, er gratis internett i følgje Janne luksus her nede, og eg er usikker på kor mykje tid og krefter, og ikkje minst dollar, eg vil invistere i å få blogge! Eg skal jo ruinere meg når eg returnerar til den gøyale butikken her i nærleiken!
No worries. Det meste ordnar seg for snille jenter!

3 kommentarer
    1. Reiste du verkeleg til andre sida av kloden med berre EIT bankkort? Og eg som trudde DU var LITT reisevant? Tvi tvi

    2. Hei Ina!
      Kjekt å følgja med på kva du driv med. Nyt dagane i varmen, for her er det kaldt. Kos deg vidare. Klem:-)

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg