Arrival Australia – Status: Varm, nøygd og foreløpig fobi-fri!

Eg trur eg aldri har følt meg så rein som eg gjorde då eg omsider sette føtene på australsk jord, og fekk kome heim til Janne og dusje!! Eg var rett og slett seig frå ytterst til innerst!
Sidan eg utruleg nok greidde å sove cirka 80% av turen nedover, var eg uforskamma opplagd då dei andre to ville sjangle i seng. Oppdatering av bloggen stod på programmet, men det skulle jo då vise seg at Janne, som sat på kodane til nettet, var djupt i draumeland eller omegn, og det blei dermed kryssord på sengekanten før eg kraup under dyna og sovna til <chirr chirr> lydar frå små eksotiske insekt ute i Australianatta.

Turen nedover gjekk så godt som knirkefritt, om eg sjølv skal sei det. Kristin har sikkert sin eigen versjon av historia, men den overlet eg til ho å blogge om. Ingen har vel sagt at det skal vere lett å vere fanga attmed Lokkrisen i over eit døgn, fordelt på minimal plass?
Me startar før take-off i Bergen:

 

THE BITCH IS SLEEPING må vere med. Surpromp-pose med rooooosa sovemaske! xD
Bergen-Oslo gjekk på skinner. Stolt som ein hane trippa eg av landgongen (luftgongen?) i Tigerstadens Utkant, og marsjerte kring på flyplassen for å hamstre meg noko fòr i form av ein knusktørr baguett, pepsi max og kryssordpenn. Bladet hadde eg allereie kjøpt på Flesland, utan å ofre det ein tanke at eg hadde fint lite å bruke til utfyllinga.
Kristin sitt fly var forseinka, og det blei lang ventetid i restauranten til Peppes, akkompanjert av ein snorkande herremann på tvers over benkane i bakrunnen.
Så sjekka me inn bagasjen.

in

Det var stor skilnad på min og Kristin sin bagasje! No er vel og merke min koffert mindre enn halvfull, men dette er dama som har vore ute ein uvèrsdag før, og oppdaga at her trengst det meir plass på vegen heim enn på vegen dit!

st

Kristin kjøpte toast, for å døyve den verste frukostabstinensane. Eg hadde framleis baguetten i halsen (rett og slett fordi så tørt brød ikkje glir stort lengjer ned av seg sjølv) så eg stod over. 
Så var det inn på flyet, og avgarde til Sverige. 

I Sverige var det på høg tid med lunsj, og i god tru var det dette som havna på min lunsj-tallerken. Det er ikkje noko eg anbefalar for andre levande individ: Dette var då rett og slett KAKE med salt pålegg! Gah, eg greidde å tvinge i meg litt over halvparten, før kvalmen var på topp, og resten fekk liggje i fred. Men pepsi max’n var god!

Og så var det over på QatarAir. Dette måtte fotograferast, for det er faktisk eit 5-stjerners flyselskap (!). Etter å ha vore på farten sidan klokka halv 5 om natta, var det godt å kome ombord og sige ned i setet for å sove, Kun avbrote av matpause etter matpause. Og maten var GOD! Slå den! GOD flymat? Sal opp ein gris til meg, er du snill, ‘cos I wanna fly!

Og sånn berre for syns skuld, var det meste teksta på arabisk i tillegg til engelsk.

Så var me i Quatar. Landet der folk spring etter deg for å yte service, og ingen vil sjå visumet ditt. Kristin var så som så nøygd med temperaturen, og medan eg kledde av meg eit par lag, slengde ho på seg skjerfet og fann fram strikketøyet. Til opplysning er strikkepinnar lovleg å ha med på flyet, men ikkje fortel det til nokre potensielle kaprarar! Før du veit ordet av det står dei og truar deg til å kræsje inn i Eiffeltårnet med strikkesettet. Hm.

Eg fann fram kryssordet.

Å gå gjennom sikkerheitskontrollen i Qatar var ei opplevjing av dei sjeldne. Alle andre kontrollar eg hadde vore igjennom, hadde dei krevd at eg skulle ta pc’en ut av sekken, og skoa skulle av. Det kom jo ikkje som ei bombe at Lokkri reiser til varmare strøk i fòra støvlettar med metallbeslag.
I Qatar derimot, prøvde eg å lirke data’n min ut sekken, men blei stogga av ein småleg stressa liten kar som veia med armane og prøvde å forklare meg at data’n kunne bli nedi der. Ikkje var det ein kjeft som reagerte på at det blinka og lyste og peip som eit tivoli kring meg då eg vandra gjennom porten. Dei vinka meg vidare. Kanskje dei ikkje føler noko trong til å vere like overparanoide der nede, som de me i vesten har utvikla?

Så kom me ombord i flyet igjen. Nytt fly med betre seter, betre tv og endå betre mat! Eg kom meg igjennom Paranormal Activity 2 og Fantasia mellom høneblundane, men sove mest heile vegen nedover. At sovestillingane kanskje ikkje var dei mest ergonomiske, kjenner eg i hovud, skulder, kne og tå idag. 
Det beste av alt var vel at eg, i jakta på den forsvunne hovudputa mi, greidde å setje armen fast mellom vindauga og setet. Bom fast. Uansett kor eg vrei og drog, sat eg like forbanna som limt fast. Det var like før Kristin måtte påkalle assistanse, då eg på mirakulaust vis greidde å rive armen opp og fram. Jiiz, det hadde jaggu blitt drama om flyvertinnene hadde vore nøydd å kome og SKRU av setet for å få meg laus?!

13 timar og litt til seinare, landa flyet i eit mørkt og klamt land. 
-Eg mislikar vèret her allereie, var eit av dei fyrste sitata eg kunne merke meg frå Kristin. Janne stod og venta på oss med solhatt og flippflopp’ar utanfor, og så var det å jogge avgarde til tog og buss. Der fekk eg òg erfare at det er ikkje alltid økonomien er samarbeidsvilleg når ein er på tur, for minibankkortet mitt var ikkje brukande ein plass. Eit par telefonar seinare, trudde eg at eg hadde fått opna det, men eg er framleis like fattig, for heller ikkje idag var det nokon pengar å få ut. Sidan det no er blitt morgon oppe i det kalde nord, skal eg straks prøve å ringje banken igjen. Det er rimeleg kjipt å måtte låne peng i hytt og pine hjå dei stakkars jentene mine her!

Visumet som eg sleit ræva av meg for å få printa ut, var det derimot ingen som ville sjå! Sløve aussies. Her krev dei papir på det meste, men sjå det skal dei ikkje! Humbug.

Ingen edderkoppar er observert, vèret er klamt og varmt og eg har fått pepsi max i kjøleskapet. Livet er slett ikkje så verst down under! 
Dagen idag har me tilbragt i Geelong; ein såkalla småby her nede. Hah, kyss meg der sola aldri skin. Det er nesten så me ikkje treng å farte til Melbourn og Canberra og Sidney. Dei har jo ALT eg kan ynskje meg ein time unna her!!

Men resten av den story’n tek me seinare. No skal tørsten sløkkjast, og Kristin skal ta runden sin på data’n min her. Eg skal prøve å leite opp den kjølegaste plassen i huset og slå meg ned der.

2 kommentarer
    1. Eg likte ikkje å fly første gongane, men no syns eg det er heilt greit. Og om 6-7 år, skal vi og til Australia.. Med heile familien. Og då skal vi vere i ein heil mnd. Heile desember.. ;D
      Kor lenge skal du vere i Australia?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg