Pixiebelle Tallulah Arorèe
-Prinsesse & Primadonna, Diva & Dramaqueen-
Fødd 2013

Pixie er visstnok ein feilprodusert vare. Ho har for masse pels til å vere ein Chinese Crested, men for lite til å reknast som ein powderpuff. Dessutan manglar ho temmeleg mange tenner fordi ho aldri mista mjølketennene sine og måtte trekkje ein heilt haug, samt at ho har eit halvt øyra etter eit ublidt møte med ein laushund i barndomen.
Men dette hindrar ikkje frøkna i å vere verdas mest perfekte hundejente i mamma sine auge. Og Pixie VEIT det.
Ho stiller særs strenge krav til korleis ei prinsesse som ho skal behandlast, og ho er van med å få det som ho vil. Bortskjemd? Ja.
Ho er i ein eigen klasse når det gjeld å furte dersom ting ikkje går hennar veg, og er ei vaskeekte mamma-jente. Bortsett frå visst mamsen er streng. Då går ho til papsen for å få trøyst.

Pixie er litt mørkredd. Og ho likar ikkje å vere aleine. Ikkje likar ho regn, masse vind, snø eller torden heller. Dette gjer det heilt klart til ei utfordring å lufte ho når ein er busett på Vestlandet.
Ho slit litt med å forstå sin eigen storleik, så alt som ser bittelite ut på avstand kan ein heilt trygt bjeffe på. Heilt til det nærmar seg, og ho innser at hestar faktisk ER større enn ho. Då er det godt at ho kan gøyme seg bak den store veslebroren Elessär og dytte han fram for å ta dei.
Men i det store og det heile er ho ei pyse av dimensjonar, som er redd sine eigne fjertar og bjeffar på magen sin når den rumlar.

Det beste Pixie veit er jordbær og banan. Så lengje bananen ikkje er overmoden. Då kan det like gjerne vere det same.
Ho er den mest morgongretne hunden du nokon gong har møtt, og skal sove mellom mamma og pappa i senga deira om natta.
Når ho møter nokon nye skapnader, det vere seg folk eller dyr, som ho ikkje har møtt før, så er ho skeptisk. Særs skeptisk. Men gje ho nokre minutt til å forstå at du ikkje er farleg, og ho ELSKAR deg.
Det går rett og slett ikkje an å mislike nurket, sjølv om ho er noko av det særaste som nokon gong har trippa kring på fire fotar.

 

 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg