Og så var me allereie ei veke inn i februar, og eg har ikkje hatt noko spennande å skrive om sånn cirka heile førre månad. For gjett kva? Eg har vore sjuk, eg.
Soundtrack: Alaska Vet – Animal Planet
Så januar har i stort sett gått i å liggje horisontalt og telje kvister i takpanelet. Lucky me. Det har vore halsbetennelse, forkjølelse (mogleg influensa, men i så fall med ganske lite feber….), omgongssykja…you name it, I’ve had it.
No er eg derimot forhåpentlegvis på beina igjen. Ein blir hinsides slapp og sliten i kjølvatnet av ein sånn runde, så eg kjempar framleis mot trongen til å berre sove vekk dagane. Men men. Roma blei ikkje bygd på ein dag, så eg får ta den tida som trengst.
Eg har vel og merke ikkje vore den einaste pasienten her i huset; på måndag var det primadonnaen vår, Pixie, som trengde ALL merksemd som var å spore frå heile flokken. Ho måtte nemleg til dyre-tannlegen og trekkje tre tenner.
Ho er mista aldri mjølketennene sine, så framtennene hennar er ikkje dei sterkaste bikkjetennene ein kan ha. Det er ikkje uvanleg blant kinesiske nakenhundar, så vidt eg har forstått dyrlegane, men det er likevel ikkje gøy å havne i narkose og vakne utan fleire av framtennene sine. Ho var som ei våt fille, som sleva og skolv då eg henta ho. Så det måtte mykje kos, våtfòr og merksemd frå alle medlemane av flokken for å få ho gjennom dei fyrste dagane. Fyrste dagen var det tilfellet at det var naudsynt, men ho har utnytta det for alt det er verdt. Vetle sniken.

Ho er i fin form igjen no, sjølv om ho framleis får medisinar, for både smerte og potensielle betennelsar, og ho er ikkje vidare begeistra for akkurat det.
Etter å ha vore nærmast isolert i fjellheimen i aldri så lang tid, så er eg rett og slett sosialt underernært, og heile meg SKREIK etter å kome meg ut blant folk igjen!! Så det var ganske så allright å ta seg ein tur til KæssKiss, som akkurat har kjøpt seg ny kåk, og hjelpe han med flyttelasset + å montere ny sofa! <3 Eg er så stolt over karen; han har kome så langt sidan han var ein beskjeden liten og forkomen knert som eg adopterte på Universitet! xD You go boy! Han inspirerar meg så vannvittig! ^^
Og i dag fekk eg nye negler!
Må sende litt hugleik i rettning Elisabeth; ho legg dei mest fantastiske neglene eg nokon gong har hatt!!
Eg har tenkt eg skulle lagt ut bilete kvar bidige gong eg har vore der, men eg sug jo i å faktisk leggje ut bilete….Så eg skal prøve å bli flinkare til akkurat det….Eg syns jaffal dei blir skamtøffe kvar bidige gong!
Trass i å vere temmeleg helselaus, så har eg faktisk byrja å trene. Ikkje masse; tre dagar i veka får halde sånn i fyrste omgong. Ein må byrje ein plass. Dei dagane eg har vore nokon lunde oppegåande, så har eg freista å gjere nokre akrobatiske sprell her i stova. Men det krev litt. Eg meinar; det er ikkje mykje som gjer meg flau. Om eg dansar halvnaken rundt i stova når folk passerar utanfor, eller får meg ein runde hanky-panky med vidopne vindauge, så gjer det meg ingenting. Men kom igjen når eg skal TRENE! Då må til og med Dùnedain evakuere, for du får meg faen ikkje lengjer ut av komfortsona enn som så!! Ikkje at eg får så mykje ut av treninga foreløpig; eg har gnagsår på beina (frå gåtur) og gongsperr herifrå til Helheimen, men eg lever i håpet om at det kjem noko godt ut av det til sist. Gjerne i form av musklar eller kondis, men eg feirar ingenting endå!!
Vel, eg kryssar fingrane for at det berre går oppover med meg òg herifrå. Det får jaggu vere grenser for kor mykje sjuk det skal vere mogleg å vere! Kanskje eg til og med kan få gjort noko fornuftig arbeid igjen snart, sidan hjernen min ikkje ligg i ein tåkete bomullsdal lengjer? Eg lengtar litt tilbake til 1300-talet og trollkjerringane mine i skogen der!!
For ørtande gong har legen min permitert seg. Og det er ikkje ein gong same legen; eg får sjeldan ha ein lege meir enn eit års tid, før dei brått finn ut at NO var tida inne for å rømme jobben.
Soundtrack: Wheeler Dealers
Spørsmålet då er: Er det meg det er noko gale med?! Eller rettare sagt; står det så gale til at legane slit seg ut? Etter at eg har vore der 4-5 gongar, kastar dei handklede inn, stappar legelisensen der sola aldri skin og rømmer til sydlegare strøk. Det er i alle fall min teori.
På onsdag som var, hadde eg legetime. Så i helga bestilte eg ein ny, og får beskjed om at legen min har teke permisjon, og eg har fått midlertidig ny fastlege. Ut ifrå namnet trur eg at eg har vore hjå denne karen før, og han var veldig hyggeleg og flink! Men eg føretrekk kvinneleg lege. Ein vaksen legemann er heilt greit, sånn type “har sett alt i mi tid”, så lengje han er hyggeleg og lett å prate med. Eg har overhovud ingenting imot yngre mannelegar, men så var det den greia med å undersøkje ting….der nede. Av ein eller annan grunn er det pinlegare å gå til ein fyr som er YNGRE enn deg med sånne ting, og ekstra ille er det om det er ein KJEKK lege! Eg likar ikkje å gå til legedamer som er overdrive pene heller, berre så det er sagt. I’m not being sexistic. Det er berre noko med å blottleggje valkar og skavankar for individ som strålar perfeksjonisme i alle rettningar. Og ikkje kan ein trøyste seg med at dei berre er dumme og deilige, for det krev ein viss intelligens for å faktisk bli lege.
Poenget er uansett at dei skumlaste legane er dei unge legemannane, når det skal takast celleprøver eller denslags.
Men så var det denne greia med at eg skremmer Fanden på flatmark, og oldemor hans med.
Favorittlegen min i dei hine hårde dagar (som for ordens skuld gjekk ut i permisjon og aldri kom tilbake….) sa ein gong at ho blei så glad kvar gong eg kom inn på kontoret, for eg hadde ein sånn herleg utstråling! <3 Må ha vore håret mitt, for så snart det ikkje var lilla lengjer, forsvann ho.
Ein må vel og merke ta i betraktning at det er jaggu ikkje mykje som fungerar normalt hjå meg heller. For å ta ein lett og kjapp oppsummering av nokre rare funksjonar på meg:
– Immunforsvaret mitt slår seg av cirka to veker i månaden.
– Når eg blir sjuk, er eg elendig på dagtid, men så kjem kvelden, og eg kan vere eit fyrverkeri heile kvelden og natta, for så å bli like elendig igjen dagen etter.
– Eg blir solbrend berre eg ser sola. Og når eg er blitt solbrend, blir eg sengjeliggjande fordi det føles som om eg har feber; eg frys og er svimmel, og blir fullstendig ubrukeleg.
– Dersom eg får myggstikk, hovnar det opp til ein golfball, og får eg det på armar og bein blir dei gjerne til blåmerker, og det klør heilt inn i beinet. (myggstikk andre stader klør, men på ingen måte like ille!)
– Eg nys når eg tenkjer på sex.
– Om nokon fortel om noko som høyres skikkeleg vondt ut, så får eg vondt i halebeinet.
– Eg HATAR sylteagurk, men ELSKAR essensen av dei. Så eg må ha det på burgaren, berre for å ta det av.
Ikkje veit eg om dette er normale funksjonar hjå ein gjennomsnitteleg homo sapiens, men tydelegvis blir det for mykje for legane.
Sånn sett burde eg fått innpass som undervisningsmateriale i helseutdanninga. Det var kanskje der eg skulle ha retta karrieren.
Det er rart med det; sånne nyttårsforsett. Me er visst i den veka i året der flest bryt ut av dei, så då er det kanskje på tide at eg startar med mine?
Soundtrack: Hva Vi Elsker – Seigmenn
Ein del av planen min var absolutt IKKJE å sitje oppe klokka halv fire på natta og ete knekkebrød med berre smør, medan eg slåss med bikkja som insisterar på å stå på tastaturet og sleikje tallerken min.
Eg kunne freiste å skryte på meg at det var gode grunnar til situasjonen, som at det hadde noko med eit sunt kosthald og ein intens skriveprosess som førte til at eg sit oppe og jobbar i natta. Men den gong ei. Her er det halsbetennelse, menssmerter, og ein døgnrytme som er snudd fullstendig på hovudet som har skulda.
For året har ikkje starta vidare bra; det har vore temmeleg svingande form reint fysisk. Eg har tusen prosjekt gåande (føler eg) men det har vore omgongsykja og forkjølelse og generelt ikkje ein form som tillèt dei heilt store krumspringa.
Men eg skal ha for innsatsen! Eg har greidd å kome meg på jobb dei dagane eg skulle på kontoret, og eg har trent yoga EIN gong! Eg har byrja på heile tre blogginnlegg, men to gongar har nettet mitt forsvunne midt i prosessen, og eg mista store delar av innlegga. Påfølgjande banning og nesten ein pc ut vindauga.
Så planen no er å bli frisk. Her om dagen hadde eg faktisk somla meg til å bestille legetime, berre for å kome ned i området med dekning på mobilen for å motta ei melding frå legekontoret om at timen min var avlyst grunna sjukdom. Oh the irony. Så eg har eit håp om å få ein ny time neste veke, der legen kan finne ut kva det er som feilar immunforsvaret mitt for tida.
Og deretter har eg ein plan: Eg har bestemd meg for at eg framleis lever i 2019. Sånn inntil vidare.
2020 startar når eg berre klarar å bli -frisk- sånn at eg klarar å gjere noko fornuftig. Så medan alle andre slit med å halde sine forsett, set eg i gong med mine:
– Skriv!
– Innfør ein smule med fysisk aktivitet!
– Få orden i alt rotet mitt!
– Halde meg såpass frisk at eg ikkje må avlyse fleire avtalar!!!
Siste er alfa og omega. Til no har eg vore nøydd å avlyse/flytte TRE avtalar berre i januar, fordi kroppen har slått seg vrang. Men nok er nok! Eg nektar plent å køyre på med eit nytt 2018, for det var eit av dei mest håplause åra i mitt liv så langt! Uflaks og sjukdom og fandens oldemor.
Så då prøver eg igjen: Here goes! Velkomen 2020!
Innimellom baking og pynting, shopping og husvask, så må det skrivast ynskjeliste, i år som alle andre år. Og her er mitt bidrag i år! Illustrert versjon!!
Soundtrack: P!nk – Secrets
Fyrst må eg understreke min store lidenskap for lister, og min enorme glede for at verda ellers har byrja å innsjå kor fantastisk gøy det er! Egoforlag har MASSEVIS av gøye bøker for sånne entusiastar som meg! Det er spesielt tre bøker som står på ynskjelista mi no:
Vi To – ei bok om forhold
Min Bucket-liste – ei bucket-liste mellom to permar (iiiih!!)
Boken om meg – som er ei reinspikka liste-bok som eg verkeleg hadde ELSKA!!
Det har òg blitt observert ein del liste-bøker på Norli, så sånne bøker generelt er dødsgøy!!

Av litt billegare alternativ, så ynskjer eg meg:
- Ein løpar til spisebordet (ein ikkje-jolete ein!!)
- Hårstæsj (hårstrikkar, spenner, klips….Hovudskallar, einhjørningar, dragar, alveisk….Sånne lokkriske)
- Gøy-teite øyredobbar (i same kategoriane som over her!)
- Laserleike til Boromir (sånn liten penn!)
- Sjokolade og marsipan
- Gode sminkebørstar i alle størrelsar!
- Kvitvin (elskar søte vinar!)
- Duftpinnar (som dei under; gjerne sånne som luktar “ocean” eller “peach” eller noko anna som passar til badet eller til stova!)
- Ballerinafigurar (dei har desse bl.a. på Nille!)
Dei har dei blant anna på Kremmerhuset, heilt nede i 9,- stk! Drøyner om å ha eit joletre med MASSE sånne pippar på ein gong….Alle typar, anten dei er av glas eller plast eller fjør og isopor, står på ynskjelista! ^^
Ynskjer meg òg ei litt dekorativ honningkrukke! Treng ikkje vere noko dyre greier, berre den er litt søt og orginal, kanskje noko i rettning desse:
Forelska meg dessutan fullstendig i denne mugga som eg fann på COOP Obs! Den hadde vore sååå fint å ha jole-varmsjokoladen i til jolefrukosten!!
Av litt dyrare ting på lista, så ynskjer eg meg:
- Thunder/plasma-ball (sånn med torden inni!! Dei har dei finaste på Teknikk Magasinet!)
- Printer med scanner og kopifunksjon
- Dalì-parfyme (Dalìflor og Dalìstyle)
….men parfymane til Rhianna er skikkeleg fantastiske dei med!! Dei har små, billege flasker på Normal!!
Og så var det dørmatte. Eg har sinnsjukt lyst på ei av desse dørmattene:
Etter at drikkefontena til pusane tok kvelden i haust, så har me ikkje somla oss til å kjøpe ny. Så det står på ynskjelista! Favoritten min er faktisk den billegaste, i blå eller kvit keramikk, frå Banggood!
Men det var eit par andre fine eg snubla over òg, som denne frå Zoopermarked eller denne frå VetZoo!
Eg har blitt litt hekta på Funko POP! vinyl-figurar, skal eg innrømme. Det skulle ikkje skje, men det er nokre som rett og slett berre MÅ få ein plass i nerdehuset mitt:
- Deadpool (gjerne den som ligg!!)
- Buffy, Angel & Spike frå Buffy the Vampire Slayer
- Alle frå LotR/Hobbiten!!
- Freddy Kreuger
Ellers treng eg pengar. Både fordi me skal gifte oss, og fordi me skal pusse opp kjellaren. Og gåvekort på tattoo er heller ikkje å forakte!
Og sånn heilt til sist, i tilfelle nokon framleis hugsar at det er mogleg å kjøpe CD’ar og LP’ar; her er dei eg har aller mestast lyst på:
- P!nk – Hurts 2B Human
- Lordi – Sexorcism
- Die Antwoord – $O$
- Nick Cave & the Bad Seeds – Ghosteen
Det var det for i år! Var litt ekstra gøy no som eg endeleg fekk bileta og linkane til å funke, så eg tok kanskje litt av. Men om du lurer på kva eg ynskjer meg til jol, så vonar eg du har fått svar no!
Eg er eigentleg litt imponert over meg sjølv, sånn kokkeleringsmessig! Det er nesten så eg burde vurdere å starte kokkeblogg! *superhøg på seg sjølv* Noko eg strengt tatt burde vurdere framfor vanleg forfattar for tida; det er jaggu ikkje mykje som føregår sånn kreativt ellers….!
Soundtrack: Nightwish – Ghost Love Score
Det er den tida på året igjen; lista over ting eg vil og bør og skal gjere, er lang som eit vondt år, sjølv om eg i teorien burde konsentrere meg om å skrive. Men med den andre lista i bakhovudet, blir eg i staden sitjande som ein apatisk sau og berre stire tomt framfor meg. Orda som skulle havne i boka forsvinn som ei lett tåke i fjellheimen, og eg sit att og lurer på kvar dagen blei av.
Det er vel det dei som driv med slike ting til dagleg kallar skrivesperre? Dei som skriv altso. Ikkje dei apatiske sauane.
Akkurat no sit eg i det minste god og mett i sofaen, med fyr i peisen og eit stort glas iskald pepsi max, og ein temmeleg avslappa dyrehage kring meg. Dùnedain jobbar på badet; han riv baderomsplater og driv med sånne tekniske ting der ute som eg ikkje er kvalifisert til å forstå. Tidlegare i dag laga han verdas beste kalkunsalat. Sjølv om han gløymde salaten. Og pitabrøda. Men flink er han då, den kadlen min! <3
Når me fyrst er inne på dette med kalkun; i helga arrangerte eg og Dùnedain HaustTakk! Det det blei ein heidundrandes suksess! Eg har ALDRI laga kalkun før, og skal innrømme prosessen totalt (inkludert å lage stuffingen) tok meg cirka 6 timar. Det skulle vel i teorien ta normale folk cirka 4, men resultatet var verdt det. Blei så klam om hjarterota då vår irske ven Derek sa at det smakte som ein irsk jolemiddag! 😀 Anten han sa det for å vere høfleg eller ikkje, så vel eg å ta det til meg, og smiler framleis av fine kommentaren!
Resten av gjestane hadde med ein fantastisk waldorfsalat, ei herleg ostekake (som Dùnedain serverte utan botn! Jiiz, det kjøkenpersonalet eg har kring meg?! Haha!) og superdigg saus med ris….Ris med saus? Psj. Eg åt mest saus med ris. Det er allereie teke opp og avgjort at dette er ein tradisjon som er komen for å bli.
Me fekk til og med GÅVER av dei snille venane våre! Strengt tatt ikkje naudsynt, men IIIIIH for alt som kjem innpakka! Eg hadde btw aldri trudd eg skulle bli den stolte eigar av eit oppblåsbart ljosande reinsdyr?! xD Men takk, Lene og Derek! No er eg i alle fall det! xD
I det store og det heile har det gått kast-i-kast siste veka, sånn omtrent. Huset skulle jo vaskast og ordnast til HaustTakk, og svigerfar var her for å setje opp vedovn, KæssKiss og eg måtte ha oss ein mykje sakna rånetur etter gamalt, og så hadde me Sjonkel Rolf på vitjing, noko som blei sett stor pris på av Elessär som har sakna han masse. Det blei til og med så trist når Sjonkel reiste heim at han måtte sitje litt midt på golvet og grine ein skvett!

Med alt dette, var då planen at me skulle ta igjen den sløve sundagen på etterskot. Me hadde tenkt å liggje fyllesjuke på sofaen heile dagen, glo på Netflix og ete kalkunrestar. Sånn blei det ikkje, så plan B blei å ta det att på måndag. Det gjekk heller ikkje etter planen. Me enda opp med å tilbringe dagen på Lagunen, der me i utgongspunktet skulle handle inn middag for resten av veka, men brått sprang Dùnedain senteret rundt på jakt etter gåver til adventskalendaren vår! Stakkars mannen; alt han må gjennom for dette kvinnfolket han har funne seg….!
Eg på mi side, vakna i dag, fit for fight. Eg hoppa ut av senga (i slow motion, vel og merke.) ordna meg frukost og med ein trufast RedBull i lanken gjekk eg i gong. Med å lese avisa. Og sjå Last Week Tonight. Sjekke Facebook. Skrive to linjer i boka mi, og sletta ei side eg ikkje var nøygd med. Og så såg eg nokre episodar av SlappedHam, og etterpå ga eg opp. Det var ikkje meir i toppetasjen som var verd å få på papir. I staden gjekk eg inn og sov middag. Før middag.
Situasjonen er ikkje unik, vel og merke. Eg er jamnleg temmeleg ubrukeleg etter at det har vore mykje som har stått på. Av og til misunner eg mennesker med “normal” funksjonsevne! Ikkje at eg klagar. Tidlegare hadde ein sånn periode ført til at eg hadde blitt sengeliggjande; deprimert og med angst, rett og slett fordi eg hadde vore mentalt utsliten. No blir eg berre mentalt tappa. Og det er heilt greit! Det går an å hente seg innatt med litt søvn, og berre tømme kroppen for tankane.
Det er spesielt normalt i samanheng med visittane til Tante Raud. That lady’s a bitch. I dagane før ho dukkar opp, gjer ho sånne merkelege ting som å få meg drøyme om born og denslags. At ein kan bli så føkkings melankolsk og sutrete og ikkje minst grumpy og ha så kort lunte som den dama kan gje deg?! Eg HATAR meg sjølv i den perioden av månaden.
Igjen forsterkar det berre så til dei grader alt eg BURDE fått gjort; jolegåver og bilete til jolekort, boka mi, ting som skulle vore rydda og vaska, og midt oppi det heile kjem det frå Dùnedain: -Ja, me skal ikkje gifte oss allereie til sumaren då?
Der og då fekk eg lyst å rive ut alt håret eg til no har spart opp. Endeleg hestehale, og RØTSJ!
NEI søte snille fine deg! Eg klarar ikkje ein gong å fullføre innlegget eg byrja på om planleggjing av bryllaup!? Korleis skal eg då, stressa som eit helvete, klare å planleggje eit reelt eit?!
For all del; det ordnar seg. Men akkurat no var det eit særdeles dumt spørmål….! Og oppfølgjarspørsmålet var kanskje ikkje hakket betre: -Kva med til vinteren….?

Eg skulle vere flink å blogge, eg. Så skjedde livet. Frå dag til dag føler eg at det ikkje skjer nokon verdens ting nytt i livet mitt, men når eg no såg på kor tid eg sist skreiv noko her, så innsåg eg at livet mitt har vore ganske så innhaldsrikt!
Soundtrack: Haunted – Shane MacGowan, The Pogues & Sinead O’ Connor
På dagtid freistar eg å skrive. Eg har vore i kontakt med eit større forlag, som har meld interesse for ei av bøkene mine. Så, hurra! 😀 Dermed har eg sett meg som mål å skrive 2000 ord kvar vekedag, men eg har til no nådd det målet tre gongar. Eg klarar vanlegvis 7-800 ord, før noko lagar krøll i strukturen.
Handlinga i boka er lagt til 1300-talet, og eg har brukt over ein månad berre på research. Eg blir i overkant irritert når bøker ikkje klarar å vere nokon lunde historisk korrekte, så eg har site med nasa i bøker, avhandlingar, filmar og dokumentarar som tek for seg denne tidsperioden, berre for å vere sikker på at eg ikkje gjer den tabben sjølv. Eg hiv meg over google berre eg skriv inn eit måltid, for å sikre meg at ingrediensane i maten fanst i Noreg på den tida!
Det einaste som var i overkant kjipt, var at boka måtte vere på bokmål. Og som veldig mange har fått med seg, så er ikkje det mitt fyrsteval av skriftspråk. Eg gjekk MANGE rundar med meg sjølv før eg tok ei avgjersle om å gå vekk ifrå nynorsk. For no. I framtida, på eit eller anna tidspunkt, kjem folk til å plukke ned nynorske bestselgjarar frå hyllene i gledesrus, men det er fyrst når eg har fått dei hekta på galskapen.
Håpet er at eg får send inn eit fyrsteutkast før jol, så får me sjå kvar det endar.
Eg har fleire prosjekt i tillegg. Eg og Tommy jobbar med ein ny film, og eg har fått tilbod om ein produsentjobb på endå eit prosjekt over jol. Så om berre verda kan vere snill med meg framover, så har eg kanskje ei inntekt når våren nærmar seg! Noko som hadde vore fantastisk, når ein ser på alt ein treng pengar til i dette samfunnet. I og med at eg har forflytta meg så langt frå folkeskikken som ein omtrent kan kome i Hordaland, så merkar eg i det minste at økonomien har blitt betre! Eg har nesten ikkje shoppa på eit år, samanlikna med det shoppoholikaren min i meg vanlegvis ville gjort! Og berre eit dumt impulskjøp, og det kom på 40 kroner! Haha!
Kjøpte noko på New Yorker som eg trudde var ein fantastisk stileg topp/tunika, berre for å kome heim og oppdage at:
1) Det eg trudde var ein strikk over bringa var ein temmeleg solid stoff-ting, noko som gjorde at den breie brystkassa mi ikkje hadde nubbesjans til å få den på seg
og
2) Det var faktisk ikkje ein topp i det heile! Det var ein sånn bukse/shorts-ting, som er eit klesplagg eg overhovud ikkje støttar. Kven vil KLE AV SEG for å gå og pisse?!
La oss håpe eg har lært at ein bør PRØVE kleda før ein kjøper dei til neste gong….(har gjort akkurat same tabben ein gong før, nemleg. Men den sydde mamma om til verdas søtaste snø-leopard-kjole for meg! <3 )
I går blei Boromir kastrert. Han er dopa på smertestillande, men eg er veldig spent på om han held seg like roleg når han er ferdig å gå på dei. Krage var i alle fall fullstendig utelukka; han tvang seg under sofaen og vrei seg ut av den medan kragen sat fast i sofakanten.
Det var i alle fall på høg tid å få det gjennomført. Guten har vore så full i hormonar at han har klatra opp på Khavi og bite seg fast i nakken hennar kvar sjanse han har hatt. Så ho vil ikkje vere vener med han, og insisiterar på å vere utepus i så stor grad som mamsen hennar kan tillate.



Og så har det vore Halloween! Eg og Dùnedain feira i ei føkkings veke! Det var party hjå Sara, der me stile som voodoo-prest & prestinne, og der eg brukte nesten all mi tid på å planleggje kostymet hans framfor mitt eige. Det tok eg på sparket dagen før! Men det blei knallbra like fult.
Så køyrde me skrekkfilm-veke, og åt så masse snop at me fekk vondt i magen begge to. Sidan ingen kom på døra vår, blei det ekstra masse snop på oss! Ao.


Sidan eg og Dùnedain er så godt i gong å skape våre eigne tradisjonar, så bestemde me oss like greit for å leggje opp til ein til: HaustTakk. Mest av alt er det for at eg skal ha ein orsak til å lage kalkun! Det er cirka noko av det beste eg veit, rett bak hjortekjøt og kinesisk mat. Og det å faktisk ha eit spisebord er berre heilt fantastisk, for då er det til og med mogleg å gjennomføre noko sånt! Det er noko eg sakna intenst alle åra eg budde på Askøy….Eg lurer fælt på kvifor eg ikkje allereie har gjort det? Kalkunen ligg i alle fall klar nedi frysaren, klar til å bli støffa og servert med digg tilbehøyr.
Det beste som har skjedd i haust må vere at eg og Dùnedain ENDELEG fekk ordna oss ein skikkeleg ferietur saman!! Sidan Gabbi og Harelabb hadde bestemd seg for å feriere på Mallorca, bestemde me oss like greit for å prøve det same, akkurat den veka dei hadde bestilt tur. Og så fann me eit hotell i Palma Nova, der eg var på jente/flatfylla-tur i 2000!
La meg berre sei det var fantastisk. Eg hadde store planar om å blogge der òg, sidan det er noko eg alltid brukar å gjere på ferie, men når me kom heim på kvelden var me stort sett så slitne at me kræsjlanda på senga og sovna. Verken eg eller Dùnedain har ro nok i ræva til å liggje på kvar vår solseng i timesvis, så me leigde bil, og var på road-trips, dyrehage, museum, vitja gamle kyrkjer og borger og tårn, shoppa (jadda, eg fekk shoppa litt. Kontrollert shopping.) og var i theme-parken Katmandu. Me greidde til og med å spore opp gamle Banana Joe’s; stampuben til meg og jentene då me var der nede for snart 20 år sidan!! Men den snertne DJ’en hadde gitt opp karrieren og forflytta seg til nye jaktmarker. Var uansett veldig nostalgisk å sitje der med ein strawberry daiquiri i handa og mimre. Lysholmer ICE er tydelegvis ikkje ei greie lengjer, så eg måtte gå for noko nytt.
Og eg oppdaga at Woo-Woo er ein himmelsk god drink, så lengje den er laga på rett måte! Men det var då på ein annan pub…
Me greidde å karre oss på stranda to gongar, og begge gongane var etter at sola var gått ned. Badeferie meg i rompa.









Ellers har eg slite med ein hersens hoste i snart to månadar. Det er byrja å bli betre, og legen meinar det berre er eit virus som må gå over av seg sjølv. Me ventar på ny peis i stova, og eg har fått blod på tann kring idèen om å få pussa opp kjellaren til soverom med walk-in closet og nytt bad. I går var det såpass påtrengjande kreativitet på feltet at eg måtte designe badet og innreie det. Det hadde blitt awsomt.
No har eg vel og merke budd her oppe i fjellet i snart eit år, og eg har endå ikkje posta bilete av innsida av huset, slik eg lova folk på nettet!! :O Så, det står på to-do lista mi. Samt ta bilete til jolekort.
Tl;dr: Det skjer ganske mykje meir enn det eg trudde, og eg har det ganske travelt. Derfor er eg blant dei sløvaste bloggarane i cyber space.
Til å ikkje ha gjort ein drit siste vekene, så har eg jaggu fått gjort masse!
Soundtrack: Pesande voffar og leikande pusar <3
Det er vaaarmt! Bergen hiv om seg med varmerekordar (sånn føles det i alle fall!!) og det er knapt mogleg å puste i huset vårt. Ikkje er det masse hjelp i å opne så mange vindauge heller, for ute er det ikkje hakket betre.
For å toppe situasjonen, så kom det to-tre tordenskrall i stad, og straumen var borte vekk. Så då sit me her i mørkret; Dùnedain les ei bok, og eg brukar opp siste rest med straum på pc’en i håp om at eg i det minste skal få skrive eit blogginnlegg medan eg ventar på ljoset. Hurra. Det aller største problemet er eigentleg at me ikkje har vifta i gong her utan straum, og eg føler med pelsballane mine som ligg og småsutrar i varmen.
Eg kan ikkje lufte dei ute heller, for myggen et meg bokstaveleg talt opp. Story of my life. Er eg ute i skuggen, kjem myggen. Og i sola kosar kleggen seg. Kunne telje opp mitt sjuande kleggbit på leggen i dag! Whoop-whoop! Det er òg ein ny rekord; trur aldri eg har hatt meir enn 2-3 stykkjer samstundes før.
I dag har eg spelt inn musikkvideo med SandmarX/Sandra (og Marcus). Kæsskiss tipsa meg om ein fantastisk location; ein nedlagd betongfabrikk, som var så godt som fullstendig tømd inni. Den skal rivast snart, så eg er veldig glad me tok turen før dei fekk fullførd det!! Eg mistenkjer at den blir veldig bra!!


Skal filme tre-fire klipp til seinare, men desse må jobbast litt med på førehand, så eg har ein del arbeid framfor meg. Får lov å leggje videoen her når den er ferdig, så kan alle sjå kor flink eg er! xD
Etterpå stakk eg og Sandra ned på stranda nedanfor huset her og bada, etter å ha innteke ein særs digg lunsj (i mitt tilfelle kyllingnudlar frå Deli de Luca). Og så kom eg heim og alt blei mørkt. Så ingen Azeroth på meg i kveld! 🙁
Men det som er aller kjipast med denne black out’n, er at det går ikkje an å tenne stearinljos heller! Då blir me i alle fall kokt levande!! Og vatn har me heller ikkje, sidan me har brønn med pumpe.
Eg har i alle fall bestemd meg for at prioritet nummer EIN er varmepumpe, når me tek over huset her. Ikkje så mykje for oppvarmingi sin del, men så til dei grader for å kjøle ned huset, dersom denne klimakrisa vår skal halde fram!!
I går var det dobbel bursdag + 1 års bryllaupsdag for Gabbi og Harelabb! <3 Dei hadde thai-bufeet, og Harelabb mekka sjølvsagt verdas beste drinkar. Hurra for finingane mine! 😀
Og på måndag var det ridetur for fyrste gong på kring 20 år! Haha! Eg trudde ikkje eg skulle kome så langt som opp på ein hesterygg igjen i dette livet!
Men eg og Dùnedain lånte oss kvar vår hest, og eg kom meg opp på ein fjording med namn Solvin, som tydelegvis hadde heilt eigne planar for korleis denne rideturen skulle gå for seg. Han lunta nokre steg, før han følte for lunsj. Eller second breakfast. Ikkje veit eg, men det blei noko i overkant mange matpausar på den hesten, før me snudde nasa tilbake til stallen!
Kjekt var det uansett, med unntak av dei 6 kleggane som fann leggane mine særs innbydande….På eit tidspunkt stod valet mellom å la dei halde fram matgildet på foten min, for å klamre meg fast på hesteryggen ned ein bratt bakke, eller hoppe av og vise dei ein rask og velretta veg til dødsriket medan eg leidde hesten i taumane. Eg gjekk for det siste.
I tillegg har flokken blitt utvida med eit lite grått nøste som har fått namnet Boromir Månestøv den Grå.
Han er heilt nydeleg, og såååå tøff i trynet! xD Han får Pixie med og leike; noko ho omtrent ikkje har gjort sidan ho var kvelp! Og Elessär er den beste storebroren minipusen kunne bedt om. Han passar på, vaskar og kosar med beibisen vår. Det ser til tider noko brutalt ut, og eg sit litt med hjarta i halsen når storebror har pusehovudet i munnen!

Men han er heilt hinsides varmsam! Kan ein be om ein meir fantastisk voff enn dei me har!? xD
Khavi er den einaste som framleis er skeptisk, men dagen i dag har passert utan noko vidare fresing, så eg trur det går framover! * hurra *
I det store og det heile blir det lite tid til å vere heime og sløve i varmen. Eg føler eg har farta i eitt, i alle fall siste veka! Og midt oppi det heile har eg gitt meg i kast med eit skriveprosjekt som skal vere ferdig til 20. august. Eit forlag har utlyst manus som kan bli potensielle bok-seriar, og eg må ha klar 3 kapittel før fristen går ut, sånn at eg får vere med i konkurransen. Så eg bestemde meg for å køyre på med ein historisk roman, type drama. Så får me sjå då, om bohem-livet mitt kan bære litt frukter!
Tenkte òg eg skulle dele nokre bilete frå turen til Los Angeles, sidan eg fyrst no har fått tak i ein kortlesar som tek kortet eg brukte på andre sida av Dammen. Sånn stort sett, innser eg at eg MÅ bli flinkare å ta bilete sånn til kvardags!! Eg innser jo at blogg-innlegga mine kunne blitt hakket meir interessante om eg kunne pryde dei med nokre illustrasjonar hist og her! Så, framtidig mål: Bruk no telefonen når du har den, di førkje!














Men så kom blogginga mi til ein brutal slutt her, fordi Boromir bestemde seg for å assistere meg, både i form av sekretær som dansar på tastaturet, og som skjerf i tilfelle eg skulle føle meg kald og forfrosen i varmen.
I tillegg må eg vel ut og lufte desse stakkars firbeinte pelsdottane eg har i hus, for eg trur Elessär er dauden nær, så dramatisk som han gjer seg.
Klokka 5 ga eg opp, og rulla ut av senga igjen. Det var visst ikkje meininga at eg skulle sove denne natta, gitt! Så her sit eg og ser på dokumentarar om dinosaurar, medan morgonsola kik inn stoveglaset mitt. Rein idyll!
Soundtrack: P!nk – Walk me Home
Eg er på norsk jord igjen. Sjølv om California var heilt fantastisk, så var det endå meir fantastisk å kome heim til flokken min. Dùnedain henta meg på flyplassen, med begge voffane i bilen, og det var ikkje grenser for gjennsynsglede! Sjølv om døgnrytmen min er heilt føkked, så er eg glad for å vere heime. Eg hadde lova meg sjølv at det fyrste eg skulle lage til middag skulle vere fiskebollar i kvit saus, men så langt som å lage middag sjølv har eg endå til gode å kome. I går blei det frosenpizza, sidan eg skulle rett på Foo Fighters-konsert, og i dag blei det pizza på Nestun. Me tek det seinare; fyrst og fremst må kjøleskapet fyllast opp igjen, for han karen min har berre renska ut det som var her for å sleppe å gå på butikken! xD
Men ja! Foo Fighters!! Konserten var amazeballs!! Eg reiste med Ida, og eit venepar av ho, men halvvegs i konserten måtte eg gje tapt. Eg landa på Flesland klokka 13.45 på torsdag, etter å ha reist frå L.A. klokka 14.15 dagen før. Eg sov kanskje ein halvtime på ferda mot Noreg, sidan eg hadde musikalske innslag frå setet bak meg mesteparten av vegen. Ei mor med to døtre frå USA hadde òg planar om å ta seg til Norden, og dei held konsert stort sett konstant. Hadde det vore småborn, så hadde eg hatt litt forståing. Men her snakka me born i småskule-alder, og mor deira hadde ikkje vit til å be dei roe seg aldri så lite grann når ljosa blei dimma for at folk skulle få sove. Eg var freista meir enn ein gong til å snu meg og frese nokre velvalde ord i deira rettning, men eg beit det i meg. I staden køyrde eg filmmaraton, og fekk sett både Wonderwoman og Aquaman, samt Monsters Inc. på ferda.
I tillegg til å vere trøytt, var føtene mine hovne, eg hadde mens-au (sjølvsagt kom den RETT før eg skulle avgarde med fly og tre flyskifte…) og to av myggstikka mine er betente. Så, ao. Eg fekk heldigvis snill sjåfør; Rolf Eirik tilbydde seg å køyre meg heimatte, medan han forsikra meg om at eg ikkje var blitt gamal. xD
Så sov eg vekk heile fredagen, berre avbrote av eit kjapt måltid cirka midt i kvileprosessen.
Eg vakna til nyhendene om at me skulle freiste å pare Elessär. Medan eg var i USA blei eg kontakta av ho me kjøpte koseguten vår av, som lurde på om me var interesserte i å krysse han med ei tispe (Karma) som ville bli mamma. Det var sjølvsagt litt vanskeleg å organisere dette frå andre sida av dammen, men eg spurde Dùnedain om han ville ta kontakt og snakke med eigaren av Karma, noko som ikkje blei gjord før i går ettermiddag.
Me sa ifrå om at Elessär er eit resultat av ei tjuvparring, og at han overhovud ikkje er ein utstillingshund, trass i at han er rein schäfer. Det gjorde ingenting, forsikra eigaren seg om. Han var berre interessert i ein sunn og frisk hund utan hofteproblem, og då han møtte guten vår var han overbevist om at han var den perfekte kandidat. Sjølvsagt, me visste jo det heile tida! <3
Så då fekk han prøve seg på Karma, men sidan dette var fyrste parring for dei begge, såg det ikkje ut som det gjekk heilt slik naturen ville at slike ting skulle gå til. Nuvel, me skal gjere eit forsøk til i løpet av helga. Lesären til mamma har uansett hjartesorg, og vil aller helst tilbake til denne flotte dama han fekk lov å prøve seg på! xD Sutrar og grin og skal ha trøyst. Vetle klompen! xD

Sånn ellers er eg sliten, men happy. Og rastlaus. Ein av grunnane til at eg ikkje fekk sove, var rett og slett at eg låg og vrei meg og tenkte på alt husarbeidet eg har framfor meg, og som eg gler meg til! xD Så no skal eg vaske klede, pakke ut av kofferten, skrive handleliste og støvsuge sofaen! xD
Paranoid? Eg? Næh. Kan eg aldri tenkje meg. Men når ein har særs merkelege reaksjonar på eit insektsbit, så skal det noko til å la vere! WARNING: Ein smule grafisk!!
Soundtrack: The Rasmus – End of the Story
Eg er typen som aller helst ventar med å gå til lege til nokon må bære meg inn. Så eg er strengt tatt ikkje vidare paranoid, sånn til vanleg. Men ein av dei fyrste dagane her borte, var det noko som beit meg på leggen. Fyrst trudde eg det var eit vanleg myggstikk, og føya det til rekkja av catering-kundane mine.
Men så byrja det å bli i overkant ømt, og ikkje minst stort og LILLA!! Så då merka eg uroen vekse litt heilt innerst i sjela. Det var som eit skikkeleg sårt blåmerke, som klødde intenst i midten. Så gjekk kløen over, men det er framleis temmeleg lilla.
Så då gjer eg som folk flest: Tyr til google. Bad move. Det einaste som matcha stikket, så vidt eg kunne finne, var brown recluse. For dei som ikkje veit kva det er, så er det denne karen her:
Dette, ladies and gentlemen, er ein type edderkopp. Og resultatet av å la det skure og gå, er overhovud ikkje eit fint syn. Eg skal spare dykk for akkurat det. Men det er ein viss fare for å utvikle nekrose, og det likar eg ikkje tanken på. Fysjom.
Heldigvis er eg ikkje så skremd at eg må rushe til noko akuttmottak, med heftig hyperventilering og dødsangst. Eg slit meir med arachnofobien min, eg. Tanken på at eg har hatt eit sånt kryp på leggen min, som varsamt lar tennene søkkje inn i huda mi og laga mayhem. (stikket er visstnok smertefritt, men blir vondt seinare….)
Vel, om eg ikkje akutt-amputere, så kan det vente til eg er tilbake i Noreg. I mellomtida skal eg ete biff i kveld, drikke opp bringebær Smirnoff ICE’n min og nyte den siste kvelden i Palm Springs, før eg returnerar til L.A. i morgon!




























