Viva La Latvia!

Stakkars Kriss ligg lettslengd på senga vår og tastar på nettbrettet sitt. Han er varm. Det same er eg, men eg har emigrert opp i vindaugskarmen, i berre boxer og ein litt for stor singlet, og håpar at ingen tek seg ein tur ut i bakgarden medan eg sit her. Det er varmt. Eg drikk pisslunka pepsi light, for pepsi max har dei jammen ikkje her. Tomeito-tomato. Det går uansett mykje for det same. Aircondition var det heller ikkje her på huset, med unntak av den øverste etasjen. Eg reknar med det er ein eigen prisklassen der oppe òg. 

Men sutring til sides. Me har det fantastisk. Rommet vårt er smashing, trass i varmen. Det er ljost og fint og romsleg nok til to individ som er vande å bu i sardinboks frå før av. I kjellaren er det spa og basseng, og eg går med seriøse planar om reservere meg eit opphald der i løpet av morgondagen!! Bodypeeling, ryggmassasje og andletsbehandling. Whohoo!!

La oss no oppsummere dagen. Me reiste heimanfrå klokka 04:00 i natt, og flyet vårt kring 06:30 frå Flesland. Eg var trøytt, så eg sov mesteparten av turen, på skuldera til Kriss. Stakkars. Flyseter var viste seg å ikkje vere hans fyrsteval av soveplass! ^^ Cirka to timar i søtt lite propellfly, wroom-wroom, og så var me her då!
Eg hadde lese meg opp på at taxisjåførane kunne vere temmeleg sleipe, men han me enda med virka då som ein hyggeleg kar. Eg spurde kor mykje han skulle ha for å køyre oss til hotellet vårt, me fekk ein pris, og det var det me betalte. Koselege mannen. Kom på 112 kroner i norske peng, og det syns eigentleg ikkje eg var så ille?

Når me kom hit, opna himmelen seg, og det ramla bøttevis av vatn frå himmelen. Litt som heime, eigentleg. Me rusla litt i dei to kjøpesentera som ligg på andre sida av gata her, kjøpte oss masse drikke og litt å bite i, før me gjekk på ein restaurant som dei kalla Čili Pica der eg kjøpte meg ost- og baconpannekaker med fløytesaus, medan Kriss fann seg ein pølse – og skinkepizza som tydelegvis fall i smak då han kunne få den utan kvitlauk! xD 
Så gjekk me heim. Og sov. Og sov. Og sov litt til. Vakna i 8-tida om kvelden, og gjekk ut for å kjøpe litt meir å ete på. Det blei sjokolade i ulike variantar, pølsebrød, meir fluider og eg freista å prøve meg på ein lasange, som ein fekk med seg kald frå butikken og med MASSE sjampingjong i. Det er jo eg så glad i….Men den var sånn sett god; betre enn mykje av det ein gjerne får servert på våre “delikatesse-butikkar” heime i Noreg! (NB! NB! Dei har Deli’s her!!)

Så no er me tilbake på rommet for å koooose. Og ikkje minst planleggje resten av opphaldet vårt!! 
Kriss saknar Khavi og Angus og Raphaela. Han freistar å drukne sorgen i sjokomjølk og episodar med Simon’s Cat! <3 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg