Bushfire, regnskogvandring og papegøyar!

 

I går var me ute og verkeleg leika turistar. Klokka 07.36 om morgonen stod me morgonfriske *kremt* og klare utanfor Base, og venta på bussen vår. Ein kvit minibuss stoppa opp attmed oss, og ut kom ein herleg karakter med solbriller og hatt, og presenterte seg som Matt. Ein jævel til å hugse namna på folk, og som greidde å uttale namnet mitt riktig. 
Tida var komen for ein tur ned Great Ocean Road.

Saman med to herremenn frå Italia, to av hokjønn og to av hannkjønn frå Tyskland og ei fransk madamoselle, rulla me ut på vegen. Kamera fekk gå seg godt varme frå alle hald, men til sjuande og sist skal eg prøve å berre vise fram ei handfull av bileta som blei tekne. Ellers er eg redd eg blir sitjande og laste opp resten av kvelden.

Fyrste stopp var ein dopause på Bells Beach.
Fasilitetane var ikkje så ille som fyrst anteke, så me gjorde vårt fornødne, kika litt på surfarane som var som små prikkar der ute i bølgjene, før me hoppa ombord i bussen igjen.
Matt hadde laga eit soundtrack som matcha turen særs bra, så etter å ha fortald oss litt om at Bells Beach var nemnd i filmen Point Break (som i starten av tenåra var ein av mine favorittfilmar, fordi eg var så forelska i Keanu Reeves) guffa han Beach Boys på høgtalarane.

Me kom til The Great Ocean Road Arch, som var eit minnesmerke bygd til ære for falne soldatar under 1. verdskrig, trur eg det var? Ein port til Great Ocean Road, i alle fall. Matt fortalde at han hadde sett turistar setje opp ein tripod midt i vegen for å ta bilete av den, for så å leggje seg ned midt i vegen medan kamera knipsa. 
Dei må vel ha vore svenske?!

Eg har, heilt sidan eg kom hit, vore vannvittig facinert av husa her nede!! Det er vel og merke nesten ingen hus med meir enn ein etasje, alle husa har garasjen innebygd i sjølve huset, og ingen har kjellar! Men for nokre hagar mange har! Og for nokre utsmykkingar!!
Dette er eit døme på eit ekte meg-hus, som eg gjerne skulle hatt bygd når eg returnerte til det kalde nord:

Trafikken i Australia flyt nesten like bra som den gjer når tyskarane frå rule fritt på vestlandet heime i Noreg. Men grunna uvêr og andre uheldigheitar, var det vegrydding som var hovudproblemet her nede. Det blei noko lang kø etterkvart, og Matt klatra opp på autovernet for å prøve å finne dekning så han kunne ringje til ein kollega lengjer framme i køen og høyre kor lengje vegen skulle vere stengd.

Der stod han då framleis, då køen byrja å løysne, og alle me andre var komne innatt i bussen. Han snudde seg forvirra og lurde på kvar alle var blitt av, og frå der av løysna stemninga veldig i forsamlinga. Matt var ein utruleg herleg person; småmorosam og utruleg hyggeleg.

Me stoppa i ein liten småby ved stranda for å drikke kaffi/te og ete kjeks. 
Kristin hevda ho dreiv med australisk ekstremsport, sidan ho ikkje hadde smurd seg med solkrem, men jakka kom fort på då Matt slengde i ho at ho var “a little white girl” som måtte vere varsam i sola.

Me hoppa inn i bussen igjen, og turen held fram. Det fyrste høgdepunktet (for min del) stod for tur; me skulle helse på papegøyar og koalaer! 
Men koalagjengen var heller lite interessert i å kommunisere med desse teite turistane som kom sigande. Nokre av dei keik dovent ned på oss frå tretoppane sine, og vende tilbake til draumeland.
Derimot var papegøyane meir enn berre litt interesserte! Matt hadde med fuglefrø, og papegøyane sverma kring oss som ei fargerik tåke! Eg følte sjølvsagt ei trong til å forbarme meg over den minste og mest pjuskete av dei alle, sidan dei andre ikkje ville la han ete. Dakar vesle pippen! Eg følte for å pakke han ned i veska mi og smugle han med heimatt, men eg greidde å motstå freistinga. 
Det var derimot ein annan papegøye som gjerne ville vere med meg heim, og ikkje ville lette frå armen min då eg var på veg inn i bussen! xD Herlege små sjarmørar. Høyrer du, gubbelusk? Me MÅ få oss papegøye!! :oD

Så var det tilbake i bussen, og Matt annonserte at no skulle me på tur i regnskogen!
Turen langs Great Ocean Road var heilt fantastisk! Naturen var noko ganske anna enn dei svingete vegane på vestlandet; enorme bølgjer slo mot steile klipper, og endelause sandstrender strekte seg så langt auga kunne sjå.

Så var me ved regnskogen Otways. Ein tur på cirka 40 minutt mellom enorme tre og fantastiske svære bregner. Eg og Janne diskuterte korleis det var som å ha site i ei tidsmaskin og blir blåst tilbake i tid til då dinosaurane trampa kring på landjorda. Det var akkurat som å ha snubla inn i Jurassic Park for min del. Det var lite dyreliv å spore, men oppe i tretoppane kvitra fuglane, og me poserte i hòle tre langs med stien.

Det var sjølvsagt ein luring som kom forbi då me posèrte i treet, og ropa: -Watch out for the spider on your shoulder!
Derav dei forskremde uttrykket mitt, der eg prøver å stikke av! xD

Neste stopp var det som dei reklamerte tyngst for, og som visstnok er ein enorm turistattraksjon. Forståeleg. The Twelve Apostles. Det var breathtaking syns no eg jaffal!

Brått står det ein haug med turistar og tek bilete ned i ei grøft! Nyfikne som me er, trava eg og Kristin bort til folkemengda, og fekk auga på eit lite piggete vesen nedi graset!

Ein echidna! Han var ikkje vidare interessert i oss, men tufla litt kring og viste seg fram, før han tusla tilbake inn i det høge graset.

Så køyrde me vidare til Loch Ard Gorge, der skip hadde ein tendens til å forlise i tidlegare tider. Fantastiske fjellformasjonar og grotter, og ei nydeleg strand der eg og Janne gjorde nokre forsøk på å ta tøffe strand-hoppe-bilete, sidan me ikkje gjorde det då me var på Bondi Beach.

Det ser ikkje ut som eg har bein! xD Janne var med andre ord litt heldigare med sitt bilete! ;op

Siste stopp på turen var London Brigde, men då me stod på parkeringsplassen, oppdaga guiden vår nokre urovekkjande skyer i horisonten:

Kunne det vere ein vaskeekte australisk bushfire? Vårt neste mål låg i same rettning som røyken, så me stålsette oss og sette nasa mot flammane.
Og jammen santen. Ikkje lengje etter stod me midt i ei røyksky så tett at du kunne knapt sjå hand framfor deg. Matt konkluderte fort med at dette var ein såkalla “controlled fire”, der dei brenn av underskogen for å hindre at store brannar får bryte ut!

-We’re gonna smell like a barbeque, utbraut Kristin.
-Only if you run into the flames, svara Matt. -Let me know if you’re planning to do that!

Og så var me på London Brigde.

Og dermed var turen over, og eg og Janne returnerte til Base, medan Kristin fekk skyss til døra her ved Deakin! 
Planen for meg og Janne var eigentleg å ta oss ein runde i baren på hostellet, men i staden fann me to sovande individ på rommet vårt, så me bestemde oss for å droppe det. Heldigvis fann me ein liten marknad på St. Kilda, der me fekk shoppe litt diverse “hippie-effektar” og sett nokre ungdomar vise fram pyro-effektar. Og me var vitne til nokre artige selgjarar som sat og røykte ein joint av enorme proposisjonar! :O Haha, kva ein får oppleve når ein er på sånne turar? xD

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg