Blåmåndag: Skinnsyk

Categories Film, Forfattaren & Filmskaparen, Kjære Dagbok

Eigentleg er dagen derpå etter ei filminnspeling minst like spennande som dagane på sett; ein veit lissom ikkje heilt korleis ein har det når ein vaknar opp og er ute av filmbobla!

Soundtrack: En Vogue – That’s What Christmas Means To Me

Sidan Remi var fråvèrande siste dag på sett, så måtte måtte me inn med litt klipp-og-lim for å få han med på fellesbilete vårt!

 

Hovudet er framleis ganske omtåka etter å ha hatt ti tusen tankar i skallen på ein gong. Samstundes tek det litt tid før ein landar; du er både sliten og gira på ein gong, og sjølv om skrotten er plassert i kontorstolen og skal skrive bok, så klarar ikkje resten av deg å hengje med fordi du framleis er i den verda du har eksistert i dei siste dagane. Og så er du tom. Det er som om ein har tømt sjela si, akkurat som då eg sat her framfor skjermen og hadde skrive siste kapittel i bokserien Søstre. Som med all kunst legg ein att litt av seg sjølv i det ein skaper, men fy faen for ei kjensle det er!

I helga hadde me innspeling av skrekk-kortfilmen Skinnsyk, skapt og produsert av Alien Ghoti AS. Min debut som filmregissør på noko anna enn musikkvideoar sidan eg var filmstudent. Vanlegvis er eg produsent, men denne gongen var den rolla overleten til Jonny Bjørkhaug. I tillegg hadde eg scenografi, sminke/kostyme, og spelte ei lita rolle. Me hadde med oss Wenche Christin Olsen på foto, Christina Vestgård på lyd og to fantastiske skodespelarar, Camilla Grindheim Larsen og Sunniva Ervik Mjønes. I tillegg var Romeo Ma, Remi Pedersen, Trond Stikholmen og min eigen kjære Dùnedain med som klapparar, røykmaskinoperatørar, SoMe-ansvarleg og generelt assistentar.

Film er på mange måtar ein livsstil. Det er hardt arbeid, men eg elskar det. Sjølv om dagen gjerne startar i 5-6 tida på morgonkvisten, og ein er kanskje ikkje i seng før kring midnatt, så er det verd kvart augneblink. Stemninga og humoren, mykje latter og masse prøving og feiling.
Fyrste dagen kom me til ein iskald location, for sidan me hadde fått låne huset våga me ikkje å ha ovnane ståande på over natta. Me tok sjansen dagen etter, og det gjekk heilt fint! Huset står framleis! ^^
Me hadde fått lov å bruke eit nydeleg lite hus på Sotra, som var heilt perfekt for å lage den gufne stemninga me var på jakt etter. Skinnsyk handlar om to systre som møtes for fyrste gong på fem år for å rydde ut av dødsboet etter bestemora deira. Men mormor var alt anna enn den koselege gamle dama som strikka gode votta, leste eventyr på senga og sløkte ljoset klokka åtta. (fritt etter Vinskvetten)

Tida flyg når ein har det så kjekt på jobb som det me har, sjølv om dagane blir lange. Og det er mykje venting medan kamera blir rigga, ljos blir flytta og skodespelarane blir instruert. Heldigvis har denne gjengen allereie ein felles produksjon bak seg, og alle veit kva dei skal gjere! Då blir det GØY å arbeide saman! <3

Så mange detaljar om sjølve filmen vil eg ikkje ut med, men me vonar me skal klare å få den med på i alle fall nokre filmfestivalar i det komande året! Då satsar me på at me ser DEG der!

 

Klappe-Trond med stålkontroll på galskapen. Likar me å tru.

 

The Director in action!

 

Med eit minimalistisk crew må til og med regissøren sjølv ned på golvet og lage movie-magic frå tid til anna! (og då eg fyrst var komen under trua resten av gjengen med å la meg bli liggjande der sidan eg ikkje kom meg fram att utan hjelp!!)

 

Lokkri godt nøygd med kaoset ho har laga.

 

Så kom Pesta-kostymet mitt til nytte igjen likevel! Kven skulle trudd det?

 

Guten i røyken aka Remi den Innrøykte, ivrig i tenesten!

 

Tabita! <3

 

Den sigrande parten i ein filmproduksjon må utan tvil vere RedBull …!

 

På eit punkt kjem regissøren til den konklusjonen at ein like gjerne kan gje opp og la skodespelarane få seigle sin eigen sjø …

 

1. desember, og Sunniva og Dùnedain stilte med litt jolestemning på sett. Det blei nisseluer og adventljos, med tilhøyrande allsong. Eller duett. Godt mogleg det berre var Lokkri og Sunniva som sto kring bordet og ralla.

 

TTT: Ting Tek Tid. I alle fall på eit filmsett der lyd og ljos skal klaffe med skodespelarar og ein lettare forvirra regissør!

 

Sunniva viser stolt fram blåmerket som Lokkri har trylla fram på handleddet hennar!

 

Omrigg!

 

Produsenten blei glatt kasta på gongen, og der måtte han sitje og sture til han fekk lov å leike med oss igjen etter opptaket!

 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *