Utdrikkningslag: Pride, øydelagd halebein og vibratorar!!

Så vakna eg med gangsperr i låra, eit halebein som føles som det har vore gjennom krigen og eit STORT smil om munnen. Såpass må ein tåle når dagen i forvegen var så herleg og fantastisk!! PS! Detta blir LANGT!!

Soundtrack: Eminem – Cleanin’ out my Closet

Eg har verdas beste vener. Det visste eg frå før av. Men dei arrangerte ein heilt fantastisk dag for meg i går, og eg er så glaaad! Så får det vere at eg i dag går som ei gås med isjias og eit egg klart i toaren.
Når ein når min alder så er det klart at ein har ein venekrets der det er både jobb, kids, trong økonomi og store avstandar i flokken, så eg er kjempeglad for at jentene mine hadde greidd å gjete saman ein såpass stor gjeng som dei gjorde! * bukke djupt * Eg hadde ein herleg dag som var så Lokkrisk som ein dag kunne bli!

Dùnedain var blitt involvert i planane, men den stakkars guten kan ikkje lyge og ikkje halde så godt på løyndomar. Så eg byrja å fatte mistankar både då han var veldig klår på at eg ikkje skulle overhøyre telefonsamtalar eller sjå på telefonen hans då han fekk meldingar. (og sånn i fall nokon trur eg er ei slik nyfiken drittkjerring som sjekkar telefonen til kjærasten min: Nei. Men det skjer ofte at han ber meg sjå kven han har fått melding av når han har hendene fulle med noko anna!)
Klokka halv to på natta fann han i alle fall ut at me måtte opp klokka kvart på ni neste dag, noko som blei følgd opp med eit gisp frå meg: -Eg må dusje dersom me skal noko!
-Ja, og så må du pynte deg litt. Sminke deg og sånn.
Jau. Ingenting mistenkeleg der når ein har eit mannfolk som ALDRI finn på noko frivilleg før etter klokka 15 på dagen, og JAFFAL ikkje på ein laurdag!!
Nokon hadde lagt planane for han, det var i alle fall ganske så sikkert.

Så neste morgon blei eg plassert i bilen og han køyrde meg til by’n. Til Parkveien. Vegen måtte eg finne ut av, for han var litt usikker på kvar Parkveien faktisk låg.
Og i det me svinga inn framfor Nygårdsparken utbraut eg: -Der står jentene jo!
Nett’n, Janne, Solveig, Wenche og Sara venta med frukost, og FOR ein frukost! Det var eggerøre, rundstykkjer, fruktsalat, kyllingvengjer, croisantar….Hjelpes. Og den blei innteken til nostaligiske tonar frå East 17! (aaaaw, you remembered guys! You guuys! <3 )

Bridezilla dukkar ned i koldtbordet med STOR entusiasme!

Ikkje lengje etter kom Gabbi susande på ein e-scooter og Harelabb kom hakk i hjel.
Så var det dekka for litt leik og morro medan champangekorkane small i alle rettningar. Det blei stafett (og mitt lag VANN!! Fordi eg er WonderWoman og sprang siste etappen med Solveig på ryggen!!) og pakkeleik! Og trøystepremie i form av Jägermeister til taparane. Og vinnarane. ALLE fekk Jägermeister til sjuande og sist!



Under stafetten må det nemnast at Gabbi presterte å lede meg rundt FEIL tre, så eg er mektig stolt over at me innhenta oss etterpå!! ^^

Så skulle brura pyntast opp. Og her LEIKAR me ikkje utdrikkningslag! I tillegg til kruna med fjær og rosa slep, og banner med Bride to Be, som dei allereie hadde gitt meg, blei eg stæsja opp med solbriller, verdas kulaste leggvarmarar og ein hinsides klovneparykk som ein berre MÅ elske. I tillegg fekk eg meg ein liten tuttekopp som dei passa på at til ei kvar tid inneheld noko med alkohol i. Eller vatn når eg ba om det, for til og med EG skjønar at ein kan ikkje køyre ein heildagers hurra-meg-rundt utan litt H2O i skrotten!

 

TAAA-DAAA!

Så var jentene klare til å gå for å farge byen raud. Eller regnbogefarga som kanskje var meir treffande, for i Bergen var det tid for PRIDE PARADE!!

Og dit var det me skulle etterpå. Det passa eigentleg heilt supert, for eg har ALLTID hatt lyst å gå i Pride Parade, men det har ALDRI falt seg slik at det har klaffa! Denne gongen derimot fekk me plass bak Fincken-vogna og det blei flagg og hurra og lett dans bortetter gatene!

 

 

 

Etter ein knapp pause med soft-is og ein blås i bakken peisa damene på med utfordringane. Og dei var ikkje reint få heller!

Fyrste post var levande statue. Sånn for å vere heilt sikker på at eg skulle hugse kva eg hadde drive med den dagen tok eg eit lite fall på Den Blå Steinen og herpa halebeinet mitt ganske heftig. Der og då var det ikkje så vondt, og så snart damene mine spretta spritflaska så var det ikkje så mykje eg merka til det. Kom igjen i dag, vel å merke!! Her må me ha mjuke tepper og puter og alt mogleg under stumpen for å klare å sitje oppreist….!
Men hjelpes. Det var så absolutt verd det!!

Etter at eg hadde vore statue skulle eg syngje. Akkompanjert av blokkfløyte på Torgallmenningen. Og underteikna kan berre LANGE songar. Så det blei Margit Hjukse, Kadlen og Katten og til sist Smedola Løa.


Etter det var det ned på Fisketorget for nye utfordringar. Eg måtte tigge til meg FEM ting gratis i bodane der nede. Etter å ha skaffa ei svele, ein sjokoladesmaksprøve og ei toalettmappe fekk eg beskjed om å få tak i to ting til som IKKJE kunne etast, med ein diger marshmallow i kjeften.
Og eg tok utfordringa og kom tilbake med….ein serviett og ei plastskei. Haha!

Så skulle eg proklamere eit erotisk dikt framfor Zaccen (men eg kan ikkje gjengje det her, for eg hugsar overhovud ikkje kva eg sa! Men det blei godkjend!) før Nett’n sa eg hadde heile dagen til å klare neste utfordring: Skaffe meg ein klem eller eit kyss på kinnet frå ein politimann/dame.
Verdas skjønnaste politimanna rusla rundt like bortanfor, så eg sprang bort og spurde fint om eg kunne få lov å gje dei ein klem.
Han eine sa han tykte eg var så fiiiin, og at han hadde sett meg rundt i by’n i løpet av dagen, så eg blei litt happy då! Hihi! Men klem fekk eg, og før eg fekk avslutte denne delen av galskapen måtte eg få nokon til å hjelpe meg over gata utan å snakke med dei. Det var faktisk den vanskelegaste utfordringa, for når du ser ut som eg gjorde så var eg livredd for å skremme nokon! Ein skulle tru eg var van med å freake folk ut, men då held eg meg vanlegvis på avstand og er skummel!
Men to snille damer kom til sist bort til meg og forsto miminga mi, så dei hjalp meg. <3 Skulle dei kome til å lese dette på ein mystifistisk måte, så TUSEN TAKK! 😉

Deretter var det mat på China Palace. Eg var mett som * poff * etter alle smaksprøvane, isen og ein DOBBEL frukost! Så eg klarte nesten å ete ein vårrull. Haha!
Medan me var der dukka både Linn og Ingeborg opp!

Men heilt ferdige med utfordringane var dei ikkje, for når me kom utanfor måtte eg leike blindebukk. Gjennom rulletrapper, trapper, fotgjengarovergongar….Sende ei forvirra veggalus som meg på tur med bind for augo? Galskap.

Me stansa til sist framfor Kondomeriet, og der vanka det boblevatn, jordbær og sjokoladekjeks, og eg fekk MASSE-MASSE rabattar på ting! Det kom då fram at det var til dette formålet eg hadde vore nøydd å samle inn pengar tidlegare på dagen. Eg hadde fått ein plass mellom 400 og 500 kroner som skulle gå til nye leiketøy!! Dermed gjekk eg derifrå med ein vibrerande penisring, ny Womanizer, glidemiddel med bubblegum-smak og orgasmeolje!

Den er kanskje -litt- liten, Linn??

Me reiste på laser tag på Damsgård, og til å vere litt maroder tykte eg sjølv at eg rula ganske bra. Hurra! Vann BEGGE gongane! (mistenkjer at dei kanskje LOT meg vinne, for eg var jo temmeleg ubrukeleg!!)
Og premien? TEQUILA!!! 😀 😀 😀

Regnet kom i det me gjekk utatt derifrå, og etter det skulle me berre vere inne så det passa bra.
Duggfrisk neste, og der har eg ikkje vore sidan det var ein brun sliten pub for gamle alkisar! No var det pussa opp og fresha til og heilt utruleg fint blitt! Så då kom drikkevarene på løpande band.




Det blei dansa og ledd og drukke og hoia til ut i dei små timar. I alle fall i så mange timar at me fann ut det var på tide med kvar si baconpølse og ein telefon til våre betre halvdelar om at me ville heim.

Eg kosa meg i alle fall glugg. Tusen takk for ein fantastisk dag jenter!! De er berre BEST!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg