Sjuk og svak. Eller noko redusert, i det minste.

Som vanleg legg eg store planar, og skal få alt på stell. Sånn går det aldri.

Soundtrack: Bon Jovi – It’s my Life

Det byrja så bra på måndagen; eg stod tidleg opp, fekk i meg frukost, vaska hus og trente yoga. Dagen etter klara eg òg å kome meg opp før fuglane feis, og I’m on a roll! ….trudde eg.
I staden rasa korthuset saman, og eg sit her i sofaen med ein pjusk voff (som overhovud ikkje har lyst å vere pjusk!) og kamille-te med honning. Eg la meg i går, og måtte pakke meg inn i to dyner fordi eg fraus. Same status i dag tidleg, så eg blei under dyna til langt på dag. Heldigvis har eg tre sjukepleiarar som fungerte som både vaskepersonale og varmeputer. Feberen ga seg, og no sit eg i staden her med bomull i hovudet, maur i halsen og ein mjølsekk i nakken.

Dùnedain brukar å ta med seg Elessär når han skal av og jobbe, men etter ein fjelltur i mørkret her om dagen rispa vetleguten seg opp i eine pota, og har fått streng beskjed av mamma’n sin om å halde seg i ro og ikkje ete bandasjen. Såret ser fint ut, men han får ikkje lov å rulle seg i gjørma dei nærmaste dagane.
Og sidan eg ikkje er i form, køyrer eg middag à la pappa-style i dag. Fleskesos til middag. Det var som regel det han tydde til når han mekka middag i min barndom, så eg har eit noko nostalgisk forhold til den retten. Har jo innsett kvifor; det er gjort på 1-2-3 og smakar NOM! 😀 Så den er klar til karen min kjem att frå bushen.

dav

Ein av planane eg hadde lagd før eg blei sofa-fast, var å kome i gong med skrivinga. Til og med det greidde eg på måndag! Resultatet blei eit LANGT og om eg sjølv skal sei det; hysterisk morosamt innlegg om husmorsyrket og løgnene til dei “perfekte” husmødrene som klarar å ha tre born, fire-rettars middag og eit hus som er strøkent. Men blogg.no presterte å SLETTE innlegget for meg då eg posta det, utan at eg fekk noko å sei i saka!! Skrivekløen forsvann som dugg for sola, og eg freste høglydd i timesvis Så eg har lært; frå no av blir kladdane mine laga i WordPad, og så publisert. Eigentleg er det verst for alle lesarane som gjekk glipp av ei særs episk lita litterær perle!
Men dårleg form til sides, så byrjar faktisk huset å ta form no! Kjøkenet er så godt som ferdig innreia, og manglar berre kartet på veggen, der eg og Dùnedain skal markere ruta vår i ferda mot å erobre verda. Som turistar, vel og merke. Eg har lagt planane om å bli verdsminister på hylla inntil vidare.
Stova er blitt superkoseleg, og soverommet treng berre ei litt meir tilpassa seng. Sånn ståa er no, må eg rulle meg ut frå under Pixie og Khavi, klatre over Dùnedain, gjennom ei lita luke mellom stigen og den opne døra, nattbordet og ein kasse som er på veg på loftet, og så hoppe over Elessär dersom naturen kallar på nattestid. For jau, me har køyseng på soverommet. Sånn familie-køyseng. Ikkje vidare praktisk, og ei fare for liv og helse under mine nattevandringar.

Men i og med at Bon Jovi atter ein gong stemmer i om at det er hans liv på høgtalarane her (Spotify står på random!) lurer eg på om eg skal prøve meg på golvet litt igjen. Verda snurrar heftig når eg reiser meg, men eg blir rastlaus av å vere så stasjonær som dette her!!
La meg leggje ved nokre bilete av livet i huset mitt, og så skal eg følgje Bon Jovi si oppmuntring om å leve livet. Så langt det lar seg gjere, om ikkje anna.

‘Lessär har ei greie med å samle putene i sofaen, og så legg han seg godt til rette og suttar på hjørnene <3

 

Glad Dùnedain har fått seg pausemat! McDonalds FTW obviously! xD

 

Finaste Khavpus som snart blir ut-på-eventyr-pus igjen, når mamma berre har fysikken til å følgje opp prosessen!
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg