Og brått hadde eg såååå mykje på hjarta….!

Laurdags morgon vakna eg av noko som kitla meg på nasa. Det kan ha vore pusepels, voffeull eller fuglefjør, men like fult freista eg å klø det vekk. Litt i halvsøvne og noko omtåka, heva eg handa, og presterar å gje meg sjølv ein saftig knytneve i naserota.

Soundtrack: Rammstein – Deutchland

Slik starta den fyrste dagen eg kan sei var ein tilnærma fridag på særs lang tid. For her har det gått i eitt siste vekene…! Det har vore jobbing, folk som skal ha selskap, hyttetur, tanteungar, konsert, møter….Men i dag er det skrivedag. Eg har planta rompa mi godt i go’stolen i skrivestovao mi, med RedBull og god musikk, og lar skrivekløen ta over. Så langt har det ikkje gitt det heilt store resultatet, så eg freistar å samle hjernecellene i form av eit blogginnlegg.

Så, ja. Kva er det som har helde meg vekke frå dataskjermen siste vekene?
Blant anna har eg sagt ja til å filme ein musikkvideo for SandmarX (verdas beste norske rockeband!!), og dekka derfor konserten deira på Rick’s på fredag. Dunedàin var med som prod.ass., og gjekk fullstendig opp i rolla! xD Men til å vere kameradame, og utstyrt med totalt 4 kamera den kvelden, tok eg særs få bilete i form av typen som står i ro! Så eg viser til Sandy sin Instagram for dokumentasjon:

 

Når eg fyrst var der, møtte eg på Karny!

Så utruleg gøøøøy! Eg var akkurat ferdig å filme konserten, då eg snudde meg og såg denne flotte dama kome snikande ut frå skuggane! Wheeee!! Så, det måtte dokumenterast litt.

I går tok eg meg ein aldri så liten time-out. Eg gjorde ingenting. Deilige, fantastiske ingenting. Eller, eg tok oppvasken. Det får vere grenser, lissom! xD Men hovudsakeleg låg eg lett slengd på sofaen og glodde på oppussingprogram med Otto (som sånn ps er ganske hot, sånn eigentleg….?) à la Sinnasnekker’n, og dyrepoliti og folk som tek plastiske operasjonar. Eg momsa sjokolade, pizzarestar etter laurdagen, og kinamat. Eg har sagt det før, men eg seier det igjen: INGENTING slår chop suey’en til China Restaurant på Strusshamn!!!
Eg skulle eigentleg på ridetur, eller på kino for å sjå Pet Sematary, men fuck datt. Det kjem fleire dagar der eg kan planleggje ting. I går skulle eg sløve. Basta bom.

Eg avslutta dagen med ein laaaang heimespa, med peeling og andletsmaske og shaving og duck-face!

NB!! Det sit ingen på do bak meg!! Det er eit handklede. Kors på halsen.

Haha! Eg er på avvenning; eg skal slutte å slengje ut tunga på kvart einaste bidige bilete, så dette er ein potensiell ny look. U digg? Eh, neivel. * streke ut i boka *

Eg har òg prøvd noko heilt nytt, og ein smule sjølvmotseiande: vegansk milkshake. Det var….interessant. Sandy drog meg med på Kilo&Gram, som køyrer raw food og veganske alternativ. Og eg blir stadig facinert over kor mange slike sjapper som dukkar opp. Tenkje seg til at det ikkje er mange år sidan det spratt opp pannekake – og vaffelsjapper på kvart hjørne? Så var det smoothies, og no er det veganske alternativ som er greia. Eg for min del saknar pannekakene.
Men tilbake til milkshake’n. Med havremjølk.

Det hadde eigentleg vore godt, om dei berre hadde droppa strø på toppen. Eg trur det var skal frå mørke sjokoladebønner. Føler framleis eg har eit par av dei bak i ganen…

Eg må med handa på hjarta sei at eg fattar ikkje korleis dei som svergar til eit grønt kosthald held ut?! Det er heilt greit av og til, men å leve sånn utan mjølk og kjøt og egg og…mat?! Eg står litt i respekt av det. Så lengje dei ikkje freistar å food shame meg. Då er respekten vekk. * poff *

Neste post på programmet: Mat. No var eg jaggu svolten igjen. Og btw: Ella er komen inn på Kortfilmfestivalen i Grimstad!!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg