Eit tilbakelagd kapittel i Soga om ZombieDoll

Tre mannfolk. Sju marsvin. Fire bikkjer og tre kattar. Tre kaniner. Og to undulatar seinare.

Soundtrack: Frost og Thèoden-konsert

Då var nøklane levert, og eg har gnagsår opp til albogane etter å ha skurt hus i vekesvis. Huset på Askøy er historie, og eg har forflytta meg langt oppi ein dal så langt frå folkeskikken som eg overhovud kunne kome.
Det er noko litt vedmodig med å flytte frå ein plass der eg har budd i 11 år. Eg og eksmannen min flytta dit i 2007, mest av alt fordi me kunne ha så mange dyr som me overhovud kunne klare å huse der!
Me flytta inn med eit marsvin og to kaniner, og fekk kort tid etter verdas snillaste voff; Maggie.
Så dreiv me dyrehage der i mange år, før gubben min flytta ut og snudde snuten tilbake mot Sogn & Fjordane.
Kæsskiss flytta inn, og med han følgde det pusar. Etter fem år blei det slutt mellom oss, og eg møtte Dùnedain. Og no startar det nye kapittelet i eit koseleg, raud hus, med ein pus, to voffar og to undulatar.
Og her ser det ut som eit bomba horehus, i alle fall fram til eg no har fått sortert alle kassane som står i stova, og karen min har snekkerert på plass alle dei praktiske løysningane eg kjem opp med medan eg ryddar.

Men den vetle stovao mi vil for alltid ha ein spesiell plass i hjarta mitt. Late sumardagar med meir eller mindre vellukka grillfestar, døra som alltid stod open for alle som ville stikke innom, skrekkfilmkveldar, dyrehage, tårer og latter, frustrasjon og glede. Eit bittelite kvitt hus, som eg framleis er overbevist om at er heimsøkt av ei lita jente og ein gamal mann. Plommetreet som blei hausta to gongar i løpet av alle dei åra, og mine desperate og noko mislukka forsøk på å halde ein hage.

 

Soverommet, tidleg utgåve.

 

Barnerommet til vetleschnuppa til eksmannen min <3

 

Kjøkenet mitt

 

Stova – blei oppgradert bittelitt etterkvart!

 

Før eg fekk fjernsynet opp på veggen, og ein lysare, mindre sofa! ^^

 

Frå eit av dei noko lunde vellukka grillparty-forsøka våre!
Maggie Megumi Miraquel – verdas snillaste voffejente, og min fyrste eigne hund!

 

Stova mi sånn den såg ut på slutten!
Jolestemning i stoveglasete <3

 

Takk for no, Askøy! Me har pakka siste rest på flyttelasset, og etterlet oss ein Dùnedainsk pingvin til dei som overtek etter oss. <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg