Forkast alt! – Ein kritisk del av skriveprosessen.

I dag stemmer ingenting. Uansett kva for eit av skriveprosjekta mine eg opnar, så er det noko som skurrar. Til og med ting eg tidlegare har vore nøygd med, er klar for bossbøtta i mine auge.

Soundtrack: P!nk – Who Knew

Gah!! Hjernen min vil rett og slett ikkje! Ingenting stemmer; setningane er dårleg formulert, karakterane mine seier berre teite ting, og oppi skallen min har eit eller anna sett på bremsene for all kreativ tenkjing. Hurra.

Planen var å leggje fokuset på å få ferdig novellesamlinga mi; ei rekkje creepy historiar om alt frå kannibalar og seriemordarar, til varulvar og porselensdokker. Noko for ein kvar smak. Og ja; det er ein klovnehistorie inni der, for dei som tissar i buksa av slikt.
Men i dag klaffar det ikkje. Eg har opna dokument etter dokument, rista på hovudet, og fått litt tårer i augo fordi eg blir så pinleg berørt over kor dårleg eg syns det eg les er.

Det som er frustrerande, er at eg ikkje klarar å setje fingeren på kva som ikkje fungerar! I stad las eg ein setning der ein karakter skulle bli sjenert då han fortalde ei jente at han syns ho var pen. Av ein eller annan absurd grunn hadde eg lagt følgjande ord i munnen på karen: «Du er kjempepen!»
Hæ? Er det nokon som faktisk ville sagt det? I alle fall ikkje med ropeteikn på slutten. Definitivt.

Har eg nokon gong sagt til ein person eg var litt betatt av, at vedkomande var «kjempepen»? Nei. At nokon er «jævla hot» kanskje, men igjen indikerar det meir ei interesse for hanky-panky meir enn ei genuin interesse for personen.
Men fram til akkurat den settningen, hadde eg vore relativt nøygd med historia. Og så kjem han kødden av ein fyr og seier til hovudkarakteren at ho er «kjempepen», og ingenting fungerar lengjer. Heile historia blei teit, og det berre grunna akkurat det der!

Så det er der eg er i dag. Derfor bloggar eg i staden. Då kan hjernen berre tømme ut alle orda som ligg som ein propp i sluket og stengjer for flow’en. All driten. Ut-ut-ut!!

* brukar x antal minutt på å ta eit slags selfie-bilete som illustrerar håplausheita. Gir opp *

Så i prosessen med å forbetre språket mitt, måtte eg vitje www.slanguttrykk.no. I staden for å faktisk få noko brukande ut av det, blei eg sitjande og humre over uttrykk som «karusellsaft» (alkohol), «slafsemåse» (vulva….visstnok!) og «femigrillen» (solarium). Men som det ofte er med Internett, så stod det så dårleg til med både grammatikk og generelle skriveferdigheitar blant bidraga, at eg rygga ut igjen.
No går eg på butikken og kjøper påfyll av røyk og RedBull, medan eg konstanterar at denne dagen gjekk aldri så litegrann i vasken.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg