Koala, kenguru, vombat og tjeld. I fin harmoni.

Så var det vel på tide med ein update igjen, etter langt om lengje. Det har vore nokre hektiske dagar, det er jaggu greit! Men no har eg fått tatt meg ein iskald dusj, kjøpt ei diger flaske pepsi max, og slengd meg på senga. Akkurat no er det på det kaldaste det har vore i Sydney sidan me kom, og trass i det silar sveitten.

No har det seg slik, at trass i at dei her på hostellet me bur rekamerar med at du får ein halv time internett når du sjekkar inn, og ein halv time internett pr. drink du kjøper, så har dei ikkje eit nettverk som er oppegåande. Dermed blir det ein kjapp og grei kladd på laptop’en, som forhåpentlegvis blir mogleg å få publisert ein gong i løpet av natta, om me tek kveldsmaten på McDonalds. Der har dei nemleg gratis internett til alle sine kundar. Snille Ronald ;op

Eg skal òg prøve å få delt opp det me har drive med siste tida i fleire kapittel, slik at folk slepp å sitje og skrolle gjennom ti tusen sider, fordi Lokkri har så mykje på hjarta.

 

Ein dusj var som sagt på sin plass, etter å ha trava kring eit forstad-område der solsteiken var verre enn i Sahara. Ærande vårt der var dyrehagen Featherdale Wildlife Sanctuary. Eit lite stykkje himmelrike for sånne dyrefanatikarar som meg!! Eg fekk kose med koala, ha ein lengjer og innhaldsrik samtale med ein kenguru, og ein svart kakadue-herremann prøvde å antyde til meg kor mykje han hadde lyst å bli med meg heim. Vombatane var dessverre heller lite interessert i å vise seg frå sine betre sider, så me fekk så vidt eit glimt av ein av dei i vaken tilstand, der ho (trur det var ei ho?) var på veg frå ei seng til ei anna. Herlege dyr.

I motsetjing til veldig mange andre dyrehagar her nede, var det ikkje så dyrt der ute i Blacktown, og ikkje var det så stort eller vanskeleg å finne fram til. Men den varmen?!

Og så hadde dei ein TJELD der! W00t?? Merkelegaste dyret å ha i ein dyrehage??

 

Kenguruar og wallabee’ar gjekk stort sett fritt kring på området, saman med emuar og ein del fuglar. Koala’ane sat i meir «opne» bur, og nokre av dei var tekne ut og hang og sov på nokre staurar, der folk kunne kome bort og bli teke bilete av attmed dei. Dei trekte ikkje ei mine sjølv om det glimta i blitzlamper frå alle kantar! Men då det gjekk mot stengjetid gjekk me tre tilbake til koala-avdelinga, og då var desse sjarmørane vakna til livet og var litt meir mottakelege for merksemd og kos.

Det var òg ein kenguru som budde vegg i vegg med koala’ane, som sette stor pris på alt av merksemd han kunne få frå folk kring seg. Og så likte han godt å bli klødd i nakken, så eg og han blei ganske fort BFF’s!

Eit anna nurk som gjorde stort inntrykk, var ei svart kakadue som held til i eit bur cirka midt i parken. I det eg gjekk forbi, kom han susande og sette seg i gitteret attmed der eg stod. Han bukka og laga lydar og var særs selskapssjuk! Og som dei fleste veit skal det ikkje så mykje til før denne dama lar seg sjarmere. Det var like før han blei med meg i kofferten heimatt!

Eg og Kristin gjorde eit forsøk på å få vaska klede no nettopp, sidan fleirtalet av klesplagga me har dratt med oss etterkvart er gjennomsveitta og har havna i den søte skitentøysposen til Kristin. Men ingen har sagt det skal vere lett å klare seg i det store utland! Etter å ha både prøvd og betalt OG fylt på vaskepulver på begge dei to vaskemaskinene som står oppe på taket her, innsåg me at dette nok var teknologi som låg eit par skritt framfor vår utvikling. Ikkje FAEN om den ville fungere! Lille Kristin blei sinna, og eg veit ikkje kor lurt det faktisk er å protestere når ho kjem i det lune! xD

Reine klede blei det i alle fall ikkje, men i og med at me faktisk fann ein klesbutikk der prisane ikkje kosta det kvite ut av augo på oss, har i alle fall eg fått kjøpt inn nokre klesplagg så eg klarar meg til me snur nasa tilbake mot Melbourne og Geelong.

Solbrend er eg òg blitt. Eg prøvde å overtale jentene til å sjå litt mellom fingrane på eit av bileta eg tok idag, og innrømme at eg hadde fått bittelitt skilje akkurat mellom den raude brystkassa mi og dei kvite puppane. Men nei, Kristin stod på at det nok meir raudt enn brynt, uansett kor mykje godvilje ein la til.

Heldigvis er det mest raudt på skuldrane. Ellers er eg framleis ganske så bleikfeit over det heile. Eg satsar på at det kjem seg dersom me faktisk klarar å kome oss på playa’n i morgon!

1 kommentar
    1. Kjekt å få ein liten rapport. Du fall ikkje for fristelsen til å opna eit bur eller to når du frekventerte i Zoo?
      Kos dykk vidare, no har det vel alt gått ei veke sidan du reiste frå vinteren i Begen?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg