Sydney. Byen med dei rare i.

 

Dagane i Sydney har vore alt anna enn keisame. Me kom hit på torsdag, og landa på flyplassen etter at mørkret hadde lagt seg. Eg hengde meg stort sett berre på dei to driftige damene som leda an, i og med at dei er særs organiserte på dei fleste områder. I’m just in for the ride (and the fun). Litt tog og litt buss, og brått stod me på Town Hall og leita etter rett rettning til The Strand Hotel, der me etter planen skulle bu denne veka.

Det viste seg ikkje så vanskeleg å finne når alt kom til alt, men det som møtte oss var kanskje noko litt anna enn me hadde venta. Ein pub.

Sjølvsagt virka det litt pussig, så me leita etter ein annan inngong. Me fann den «bak» pub’en, men det var ingen resepsjon å sjå. Etter litt fundering, oppdaga me at her skulle ein faktisk henvende seg i baren!

Javel, så gjorde me det. Der blei me møtt av ei forvirra blondine som ikkje kunne finne oss i systemet. Ho leita og leita, henta sjefen som leita meir. Me prøvde å forklare at det var ein skotte som hadde teke imot bestillinga, og i følgje han skulle alt vere i orden. Men nei; det var ingen Janne i systemet deira. Derimot greidde dei å spore opp ei Danne, som hadde reservert rom for tre…i mars.

 

Så stod me der då. Det var ingen rom ledige for natta, sa han i baren. Han som hadde teke imot bestillinga var der, drita kanon, og ikkje særleg til hjelp.

Vår kjære pessimist Kristin stod ute i gongen og passa bagasjen, med eit saleg «kva-var-det-eg-sa»-blikk. Sjølvsagt måtte det vere noko som gjekk gale!

Heldigvis fekk managaren ordna opp; fyrst skulle han prøve å finne oss eit nytt hostel, som han ville betale for. Dette viste seg ikkje å vere det enklaste i verda, men derimot skulle me få lov å bu på kvar vårt rom gratis for natta, og me skulle få eit 4-mannsrom berre for oss sjølve ut resten av tida me hadde booka for. Til redusert pris. Og som endå eit plaster på såret, fekk me kvar sin gratis pils (eller, Kristin tok vatn) medan me venta på å få sjekke inn.

Det einaste problemet var då at me skulle liggje med ein haug framande folk. Ein av oss ville havne på rom med 2 ukjende, ein med 3 ukjende, og den siste stakkaren måtte dele rom med 9 ukjende individ. Etter loddtrekning blei det Kristin. Ho virka så lei seg då ho trakk det kortaste strået, at eg tilbydde meg å byte. Det viste seg vel å merke å vere det smartaste valet eg gjorde så langt i ferien, for dei 9 eg budde med var særs hyggelege og rolege mennesker.

På det fyste rommet låg ein herremann i boxershorts og lufta lysken. I og med at Kristin akkurat hadde gitt meg eit lynkurs i det nedkjølande «stjerneprinsippet», som går på at ein skal liggje med spreidde armar og bein for å få nedkjølt hovudblodårene, knakk både eg og ho saman i latterkrampe etter å ha observert liggjestillinga til denne karen. Lyskemannen.

Det andre rommet hadde sauna-temperatur.

Eg derimot, vakna relativt frisk og opplagd dagen etterpå, og tusla meg inn på felleskjøkenet for å møte dei to andre klokka 8 neste morgon. Eg fekk selskap av ei kakadue som hadde vagla seg utanfor kjøkenglaset.

I baren/resepsjonen prøvde ein fyllesjuk skotte å sende oss på endå ei natt til på kvar vårt soverom, men det ordna seg. Me havna der me skulle til sjuande og sist.

Menneska her i byen er av det orginale slaget, det er jaggu greit. Dessverre har eg ikkje tid til å oppsummere den tannlause friaren min, og den tannlause aussien på toget, den topplause rotekopp-dama og padlemannen. Det får me ta i neste innlegg!

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg