The Covid Diaries – Så gjekk det som det måtte gå

Eg hadde planar om å ta ein liten sumarferie i år. Ein bitteliten. Men at eg skulle bli tvangspålagd med nesten ein månad som sjølvstendig næringsdrivande, var meir enn eg hadde rekna med!

Soundtrack: Nick Cave & The Bad Seeds – O’ Malley’s Bar

Utepils i solnedgong. Det er slik Bergen og Bryggen er på sitt beste.
Så når vêret fyrst tillèt det, så heiv eg meg rundt og joina Nett’n på ein bytur. Det var kanskje ikkje det luraste eg har gjort, sjølv om eg kosa meg like mykje som eg alltid gjer i hennar selskap! <3 Men eg passerte tydelegvis altfor tett opptil eit individ som hosta litt i mi rettning.
Dermed kom turen til meg, og koronaen skal følgjast opp i ryddige former.

Dag 1: Tysdag
Eg hadde så mange jern i elden denne dagen at eg allreie då eg slo opp augo funderte på om eg kom til å rekkje over alt.
Fyrst på planen var nye negler hjå Elisabeth, som har privatsalong på Askøy.
Eg følte meg heilt strålande fin då me reiste heimanfrå, og det var ikkje før på vegen heimatt at eg tok til å føle meg litt…hm, “under the weather”. Hovudet verkte og eg hadde ei merkeleg susing gåande oppi toppen. Om det er normalt veit eg ikkje, men eg får det gjerne i samband med feber. Eg var litt svimmel, men feber føltes det ikkje som.
Så eg poppa eit par smertestillande og var klar til å feire bursdagen til bror min og nevøen min.
Off we go.
Men det blei ikkje akkurat betre så veldig lengje. Etter eit par timar kom hovudverken igjen og eg byrja å føle meg noko slapp.
Sjølv tenkte eg det var trykkjande vêr (torden i lufta-type) og dårleg med vatninntak frå mi si side som låg bak, men eg insisterte likevel på at me skulle hoppe i bilen og reise heim.
Og det i grevens tid! Innan me kom heim var innsida av meg fullstendig på tulletur. Eg fraus. Eg svimla. Eg klara ikkje å sitje oppreist i bilen.
Og så snart bilen rulla inn på tunet, vingla eg meg inn i senga, stupte ned under dyna og låg innpakka medan eg hutra og fraus.
Feberen lot ikkje vente på seg. Sjølv om Dùnedain påsto at det var fordi han ikkje var vidare søvnig at han vimsa oppe halve natta, så mistenkjer eg at det var min feil. Ikkje berre var han uroleg fordi han trudde eg hadde nærmare 39 i feber, men eg kan neppe ha vore  noko særleg å liggje ved sidan av så HOT som eg skulle klare å bli! 😛
Men måle feber var heilt utelukka. Kall meg prippen, men eg skal jaggu vere dauden nær før NOKO får bli køyrd opp bakvegen her i garden!!
Kort fortalt blei natta lang. Eg sov i 5 til 10 minutt, og var sikker på at det hadde gått fleire timar. Så eg sovna igjen, sov i 10-15 minutt før eg vakna igjen og tenkte at NO måtte det vere morgon. Eh, nei.
Slik held eg fram til klokka var 11 neste morgon. Då var tydelegvis feberen gått over, for eg følte meg eigentleg relativt ok? Men vent! There’s more to come…!

Men neglene blei no fine!

Dag 2: Onsdag
Dùnedain var reist til legen (nei, han hadde berre betennelse i ein fing!) då eg rulla ut av senga dagen etter. Han returnerte med test, og der var det to tydelege strekar. Anten var eg på tjukken eller så var det korona. La oss sei det heldigvis var nummer 2. Det går i det minste over!
Feberen var vekk, og i starten berre klødde eg litt i halsen og var litt slapp.
Men så kom nerve-rosene! Jepp, det ordet har eg no teke patent på. Nerve-roser.
Det er nesten som om eg har flekkar rett under huda der nervene har samla seg i små klynger så næææær overflata som dei kan kome, og desse områda blir supersensitive og til tider skyt det ilande smerter gjennom dei. Derav namnet; klynger eller bukettar med ilande nerveklynger. Whoopie! Ikkje veit eg om dette er ei normal greie når ein fyrst pådrar seg Da Rona, men eg er så heldig at eg kan kombinere det med eit knekt halebein! Og gjett TRE gongar kvar ein av desse vonde felta på skrotten min har plassert seg?
Riktig. Akkurat oppå der halebein-ao’en er.
Det minnar litt om den typen smerte eg hadde då eg hadde helveteseld, berre langt ifrå like vondt. Ville ikkje det berre vore heilt supert, om eg klarte å køyre på med ein omgong til med helveteseld når eg fyrst slit med alt dette andre?! Eg kunne jo ikkje time det betre så tett opptil bryllaupet!!

Dag 3: Torsdag
Så var me komne til dagen i dag då. Det er vondt å sitje grunna halebeinet. Det er vondt å liggje på sida grunna ryggen (som berre bestemde seg for å bli skikkeleg vond utover dagen!) og eg kan ikkje liggje på magen fordi då protesterar nakken. Står eg oppreist blir eg svimmel og då var det eigentleg ikkje så mange andre alternativ enn å hengje etter armane i ei ljosekrune eller noko slikt.
Dessutan er sofaen vår eit mareritt å sitje/liggje i når ein har vondt ulike stader, så det blir kontorstolen eller senga.
Ellers hostar eg litt. Bittelitt snufsen og klør/kitlar i halsen. Men det er all ao’en som er plagsom for min del! Eg klarar lissom ikkje å bli komfortabel uansett kva eg gjer!
Så eg poppa nokre smertestillande og sov meg gjennom mesteparten av dagen. Føler meg eigentleg ganske ok no på kvelden, så det går rette vegen! Men OMG det er VAAAAARMT!! Skikkeleg digg å liggje i senga og vri seg som ei våt vaskefille då ja!

Oppdatering følgjer så sant underteikna er i stand til å stable seg opp i sitjande stilling igjen i morgon!
 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg