Anmelding: Shelley

Categories Film

Nordisk film har ei eiga evne til å vere så kunsternisk og teatralsk at det er til å sovne av. Og jammen tviheld dei ikkje på dette til siste andedrag! 

Nordisk skrekk  (2016)
Med Ellen Dorrit Petersen, Cosmina Stratan & Peter Christoffersen
Regi: Ali Abbasi
Lengde: 1 time og 32 minutt

Det var ein time og tretti-to minutt eg ikkje får igjen av livet mitt. Faktisk blei minuttane så mange og lange at filmen måtte sjåast i to omgongar.
Me møter Elena (Cosmina Stratan) som kjem til Sverige for å vere hushjelp for eit par som er busett langt pokker-i-vold vekke frå folkeskikken, i eit hus utan straum eller innlagd vatn. Dei dyrkar sin eigen mat og held høns, og drøymer om å bli foreldre. Louise (Ellen Dorrit Petersen) slit med å bli gravid, og ho klarar å overtale Elena til å bære fram eit barn for ho. Men noko mystisfistisk skjer med den stakkars hushjelpen når fosteret byrjar å vekse i magen hennar.

Vakre bilete til tross, så blir dette både langdrygt og keisamt. Det er litt som å sjå eit fyrsteutkast til Rosemary’s Baby, der Polanski hadde teke noko beroligande før han peisa på.
Dialogen er lite overbevisande. Måten karakterane snakkar til kvarandre blir så unaturleg, for ingen snakkar slik! Alle me møter gjennom filmen glir på eit vis i ei dramatisk tåke, og når dei opnar kjeften blir det nærmast like svevande det som kjem ut.

Så er det plottet då. Ein ond baby.
Born kan vere hinsides skremmande om det blir gjort på rett måte, men ikkje ein augneblink får me kjensla av at det er vesle Shelley som er skummel. Ho er berre ein baby som ligg og stirer på folk, og all verdens lydeffektar og overdramatiske fakter på dei som møter ho gir oss eit anna inntrykk. Shelley er berre ein baby. Ho er lita og søt og ser heilt uskuldig ut. Hadde det bygd opp litt meir mystikken kring dette nurket, så kunne det ha funka, men det er ingenting skremmande med denne søtnosen. Ho har verken horn eller splitta tungespiss.
Og kvar er greia med alle desse nakne damene? Både Petersen og Stratan kler av seg i kunstens namn, så her er det både pupp og mus! Men pikk og pung glimrar med sitt fråvèr.

Om ein likar nordisk film med lange vakre og dramatiske naturbilete, og tankefulle kunstpausar, så er dette filmen for deg. Men som skrekkfilm er ikkje dette noko å rope hurra for. Om ein er nøydd å pause ein grøssar for noko anna enn å roe nervene, så har regissøren bomma grovt.

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *