Teater og tusletur i motvind!

Då dumpar eg ned i sofaen iført ei varm og god joggebukse, og med chipsposen på fanget. Fordi eg har fortent det. 

Soundtrack: Kurt Nilsen – Stjernesludd

Eg har nemleg gått laaaangt i motbakke OG motvind. Han karen som skulle plukke meg opp på busshaldeplassen hadde rømd på skitur, og trudde ikkje eg skulle kome heim før kring midnatt.
Då me omsider oppnådde kontakt, innsåg eg at eg ikkje kunne sitje i ein time i eit iskaldt busskur og vente på å bli plukka opp, så eg la i veg.
No har det seg slik at eg er komen i ein alder der eg tenkjer: -Åååh, guuuud! Eg har ei ein slik ein livsviktig refleks med meg på denne strabasiøse ferda! (eller noko tilsvarande og hakket mindre dramatisk)
Men samstundes var det veldig koseleg å tusle oppover bakkane medan vinden susa og snøflaka dansa i mørkret. Eg måtte berre passe på å hoppe ned i grøfta og gøyme meg i snøen når dei som ikkje kan fartsgrensa passserte.
Til slutt blei eg faktisk plukka opp, og då eg tok opp mobilen for å sjekke tilstanden på mascaren som eg var sikker på hadde gitt meg ein look som ville gjort Alice Cooper sjalu, så blei eg faktisk positivt overraska!


Eg vil påstå at den sat imponerande bra! Hurra for Estee Lauder!! Utlandet må snart opne opp att så eg kjem meg på taxfree’n og handle inn meir!!

Men kvar kom då dette kvinnemennesket frå, som la ut på tur i platåsko og flekk ny boblejakke (som er jolepresang frå gamlingane, men som eg har LOOOVA å berre bruke i dag, for så å pakke ned og leggje under treet!) med nordavind frå alle kantar?
Ho hadde vore på teater, nemleg!
Snillaste Solveig lurte på om eg ville vere med ho og sjå Don Quijote! Og så KLART eg ville!! Eg meinar, eg har hatt lyst å sjå det teaterstykkje sidan eg var lita! (jadda, eg har alltid vore litt pussig)
Blei ikkje skuffa. Eg lo godt og kosa meg masse! Eg har ikkje vore på teater på sikker 15 år, så det var absolutt noko eg sette pris på! (tuuuusen takk Solveig!! <3 )

 

 

 

 


Eg anbefalar dei som har sjansen til å få med seg denne på det sterkaste; eg STORkosa meg! 😉

Så det har ikkje blitt så mykje vasking på meg i dag. Det har gått litt i eit, får’n sei! Fyrst var eg cirka Hordaland rundt for å hente pakkar på Osøyro, Nore Neset og til sist på Strusshamn. På Strusshamn, lissom?! Det er nokre år sidan eg budde DER, men likevel insisterar diverse nettbutikkar på å sende varene mine dit, uansett kor mange gongar eg freistar å endre adresses!!
I tillegg fekk eg ei melding om at Norli hadde send meg ein pakke i dei små timar på morgonkvisten, så eg reiste og henta den, berre for å kome heim og motta endå ei melding om at dei hadde send meg ein pakke til. Eg meinar; seriøst? Driv Posten med noko slags førjolsterror i desse dagar?! Og kan nokon stoppe dei? Finst det ingen reglar mot denne typen terror?! Eg berre spør….

Men eg hadde ein del andre ærend som eg fekk ordna undervegs òg. Litt nom til helga, støvkost og andre viktige ting til hus og heim, nye gardiner, og ein bomtur til Gina Tricot for å sjå om dei framleis hadde tøflane mine, som eg tenkte å kjøpe i gåve til meg sjølv. Spoiler alert: Nope, det hadde dei ikkje.

I’ll be missing you….

 

Det var unicorn-slippers! :'( Tok bilete sist eg var innom for å vise Dùnedain noko eg ynskte meg til jol, men eg får klare meg med dei tøflane eg allereie har. Dei er litt digre og klumpete, men det er EKTE unicorns-slippers då. Av EKTE einhjørningspels. Kors på halsen.

Siste stopp på turen blei å snakke med dei som delte ut Coca Cola på Lagunen i dag, fordi han som sat og hadde så frykteleg lyst på cola ikkje ooooorka å gå sjølv.


Og deretter bar turen heim for å levere Gabbi (som blei med oss på shoppingrunden i dag) så ho skulle rekke å støvsuge og vaske ned huset før ho fekk gjestar. Det er i alle fall det eg trur ho driv med når ho ikkje er under min observasjon.
Deretter bar det til by’n for å leike kultivert kulturperson. Og no sit eg då her.

I morgon er det fram med vaskebøttene og grønsåpa igjen. Anten før eller etter eg har farta på jolemarknaden i by’n med Kriss. For i skrivande stund ser stova mi slik ut: (eg må på førehand åtvare om STERKE inntrykk!!)

Eg skjemst IKKJE – alt må bli verre før det kan bli betre! Og eg lovar på tru og ære at eg skal vise fram kor flott det blir til slutt, sjølv UTAN joletre!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg