Tittei nissen! Det er berre meg!

Jøsseball. Då var me der igjen! Black Friday ligg og lurer borti horisonten, og eg tenkjer at I ÅR skal eg vere tidleg ute med ynskjelista. Sånn for spesielt interesserte.
Soundtrack: Simon & Garfunkel – Sound of Silence

Så, kva står på lista i år? Eg elskar å skrive ynskjelister. Lister generelt. Så eg hiv meg over tradisjonen, og kan herved presentere kva eg drøymer om at skal liggje under treet i år!

 

La oss starte lett:

  • Kamille-te (for det er nesten håplaust å finne til ein fornuftig pris lengjer!)

  • Sokkar. Ankelsokkar og “vanlege” sokkar. Slunkent i skuffa gitt! Gjerne gøye!

  • Dusj-såper som duftar goooodt! <3

  • Handklede – beige, brune, lilla….helst ikkje kvite! (eg har mann!!)

  • Minnekortlesar til USB-port

  • Pengar (for eg sparar til ny pc-skjerm!)

  • Parfymen Nude by Rihanna

  • Freia Boble-sjokolade, 3Monkeys-kvitvin og RedBull sukkerfri (generelt nom er alltid velkomen!)

  • Hårbørste. Ein sånn litt brei og god ein som tek flokane lett som ein plett!


Gåvekort hadde vore kjekt. Frå stader som
Let’s Buzz eller Ljungberg Tattoo (slik at eg MÅ få teke nokre av alle tattisane eg drøymer om!)
Plantasjen (for plantene mine er eit sørgjeleg kapittel og eg føler ei trong til å fornye og starte på scratch!)
H&M (fordi eg har ei ynskjeliste der, og treng ei orsaking til å korte den ned…)

Har eg nemnd at Ville Valo (eller VV som han no kallar seg?) skal ha konsert i Oslo til våren? Eg har veldig lyst på billettar. Heilt sant. Kors på halsen!!

Og eg har lengje ynska meg dørmatter som dette:

….men dei gongane eg finn dei i butikken sjølv, så slår det ikkje feil at eg ikkje har råd til dei der og då. Og så snart pengane er på konto, så er dei utselde. Bummer. Så dei får bli på ynskjelista mi, med eit håp om at EIN DAG er eg så heldig at dei havnar her hjå meg!

World of WarCraft Expansion – The War Within kjem til våren og kan førehandskjøpast! Så gjett kva? Eg ynskjer meg den!
Og Diablo IV er heller ikkje å forrakte?

Eg treng nye strømpebukser og leggings. Det vil sei; eg har i alle regnbogens fargar, men ALLE dei svarte er utslitne, utvaska, fulle i hòl, og så vidare, hei fallera. Så, eg treng svarte. Gjerne litt goth-prega, som desse her (str. L):

Eg snubla over fleire av dei hjå Outland, men gjett kva anna eg fann der?
Denne überkule gensaren her! Og tidenes mest sjarmerande cookie-jar! Så dei må få vere med på lista.

 

Og så var det FunkoPOP!’ane mine. For tida jaktar eg på tre stykkjer hovudsakeleg; Deadpool (#320) Freddy Kreuger (#2) og Wednesday (#1309).

Desse har dei både hjå Outland og Poki-Heaven (bortsett frå Freddy, kanskje….Han kan vere litt kinkig å spore til tider, but hey! Dreams are…!)

No er jo lista mi over FunkoPOP!’ar eg jaktar på ganske lang, så skulle ein likevel føle for å gå fullstendig over styr og shoppe figurar til meg, så er det fleire hòl i samlinga mi som skulle vore fylt, som til dømes:

POP!Movies – IT: Pennywise #780
POP!Movies – Interview with a Vampire: Claudia  #1417
POP!Disney – Snowwhite #339
POP!Movies – The Exorcist: Regan #203
POP!Movies – Lord of the Rings: Gimli #629
POP!Television – Buffy the Vampire Slayer: Buffy #121

Ikkje er det nøye at dei er nye heller! Eg samlar like gjerne på brukte figurar, anten i eller utan boks!

Eg treng nokre fleire joggebukser òg. Treng overhovud ikkje vere dyre greier; billege og dassete held meir enn lengje nok! Så lengje dei er behagelege, så er eg meir enn nøygd nok. Størrelse L!
I tillegg har eg forelska meg i denne morgonkåpa frå Apotek 1!

Og D&D-stæsj! Det er kanskje til no den dyraste hobbyen eg har rota meg borti, men terningar, figurar, terning-posar, monster-stat cards….Alt som har med Dungeons & Dragons å gjere er sårt tiltrengd!
Ein finn ganske masse i alle slags prisklassar under rollespelsidene til Outland då! Og eg treng det meste!

 

 

 

Eg har heller ikkje heilt gitt opp håpet om ein dag å bli den stolte eigar av ei ravnelampe!
Dei mest kjende er slike lampene er dei frå Seletti, og dei går ikkje for lommerusk dessverre. Men ein dag. EIN DAG!
I mellomtida tenkte eg å anbefale folk å sjekke ut dei fantastiske dyrelampene til KARE, som dei blant anna har her hjå Lampegiganten. Særleg den ekornlampa deira er heilt fantastisk, og så absolutt noko eg skal investere i når eg har ein plass å hengje den!

Sånn sett er ikkje eg så nøye på kven som har designa lampa EG vil ha. Eg vil berre ha ei ravn. På veggen. Med ljos i nebbet. Noko som liknar på den her på bilete.

 

 

 

 

Og til sist så er det litt musikk på ynskjelista mi som alltid:

CD/vinyl:
Lordi – Lordiveristy
P!nk – Trustfall
Rammstein – Made In Germany 1995-2011

Det var mi liste for 2023! Kva står på DI liste? 😉

Det var berre oss, kors på halsen!

Dersom me skremde vatnet av dei som tilfeldigvis var ute og traska langs gatene på Nesttun i dag, så kan eg berolege dykk med at det var ikkje russarane som invaderte oss med propellfly! Det var berre meg og Dùnedain minus eit eksosanlegg…

Soundtrack: Lordi – Celestial Serpents

I går kom endeleg underskjørtet til brudekjolen, som eg bestilte for ganske så lengje sidan. Den stakkars dama i brudebutikken orsaka at det hadde teke så lang tid, men det var litt leveringsutfordringar langs ruta i desse dagar.
Forståeleg nok; eg var berre glad til at det endeleg kom sjølv om eg føreløpig ikkje veit om det faktisk vil passe under kjolen.
Dùnedain er framleis noko * poff * etter koronarunden sin, så han søv i hytt og pine. Dermed gjekk klokka mot 16 før me omsider kunne rulle nedover mot Nesttun for å plukke opp stakken min.

Me kom berre til fyrste ferist før stakkars Till Lindmann på anlegget blei overdøvd av eit brak, etterfølgd av noko som skrapa heftig i asfalten og sikkert ga oss ein flammehale av dimensjonar.
-Kva er den lyden? utbraut eg.
-Eg veit ikkje, svara kadlen forvirra og hoppa ut av bilen (han hadde stogga den fyrst!) Ned på kne gjekk han, og mumla eit noko oppgitt “oj”.
-Kva er det?
-Eksosanlegget.
Dermed måtte mannen heilt ned på alle fire og under bilen. I pissregn og hestelort. Det kan gjerne rettast kritikk mot at eg, som det sterke og uavhengige kvinnfolket eg er, ikkje gjorde same manøver, men eg skal ærleg innrømme at eg veit like lite som kva som er under ein bil som du heilt sikkert veit om hjernekirurgi.
Så medan alle sluser sto vidopne over oss, låg han og kava i ein søledam medan han freista å få laus faenskapet, før han lempa det inn i bilen og starta motoren.
-Me får heller leve med lyden, sa han.
-Eg kan hente skjørtet mitt i morgon, protesterte eg. -Du skal sleppe å køyre Fana rundt med dette her!
-Nei nei. Eg må uansett på Biltema og kjøpe delar.
Og så rulla me avgarde, medan me pumpa opp anlegget med Rammstein i håp om å overdøve lyden på utsida.

Skjørtet blei henta, verda blei skremd og eit lite ærend som skulle innebære å hente eit skjørt og kjøpe ein sekk med kattesand enda med å inkludere ein god time på Biltema med Dùnedain springande som ein hovudlaus kylling mellom hyllene på jakt etter den rette mutteren til det perfekte røyret.
Det var min dag. Korleis har din vore?

The Covid Diaries – MAN DOWN!

Så var turen komen til Dùnedain, og ingen er så sjuk som den sjuke mann, så eg ventar i spenning på korleis dette skal utvikle seg!

Soundtrack: Seigmenn – Hva Vi Elsker

Heldigvis er eg byrja å krøkne såpass til at me kan byte om rollene. No kan han vere pasient, og eg kan vere sjukesyster.
Hjå meg er det berre litt småhosting og ein vond rygg ute og går. Mannen har derimot stigande feber as we speak.
Men i ekte sjuk mann-stil har han passa på å vekkje meg jamnleg gjennom natta for å fortelje meg at ja, han byrjar faktisk å få feber. Og no stig den. Og så frys han. No frys han faktisk litt meir, og så må han på do. Når han returnerte fraus han endå meir, og det var særs essensielt at eg kjende på armane hans fordi han hadde gåsehud.
I tillegg har natta vore i overkant varm, og eg kan fint sove gjennom varmen så lengje ikkje nokon har hudkontakt med meg og eg blir klam og guffen. Prøv å forklare det til ein stakkar som ligg og hutrar og frys ved sidan av deg!
Enden på vise var at klokka litt over 5 ga eg opp og starta dagen. Mannen har stor vifte som sirkulerar lufta, to dynar og ei bikkje som sit vakt ved senga i fall han skulle bli sjukare, atter ei bikkje som fungerar som varmeflaske, isvatn i flaske og nettbrett om han ikkje får sove.

Eg derimot, sit i stova og stirer på solljoset som kryp nedover bakkane mot huset og kvir meg til atter ein klam og varm dag. Eg kan takle det når eg er frisk, men det er eit PYTON vêr å vere uggen i!!

The Covid Diaries – Så gjekk det som det måtte gå

Eg hadde planar om å ta ein liten sumarferie i år. Ein bitteliten. Men at eg skulle bli tvangspålagd med nesten ein månad som sjølvstendig næringsdrivande, var meir enn eg hadde rekna med!

Soundtrack: Nick Cave & The Bad Seeds – O’ Malley’s Bar

Utepils i solnedgong. Det er slik Bergen og Bryggen er på sitt beste.
Så når vêret fyrst tillèt det, så heiv eg meg rundt og joina Nett’n på ein bytur. Det var kanskje ikkje det luraste eg har gjort, sjølv om eg kosa meg like mykje som eg alltid gjer i hennar selskap! <3 Men eg passerte tydelegvis altfor tett opptil eit individ som hosta litt i mi rettning.
Dermed kom turen til meg, og koronaen skal følgjast opp i ryddige former.

Dag 1: Tysdag
Eg hadde så mange jern i elden denne dagen at eg allreie då eg slo opp augo funderte på om eg kom til å rekkje over alt.
Fyrst på planen var nye negler hjå Elisabeth, som har privatsalong på Askøy.
Eg følte meg heilt strålande fin då me reiste heimanfrå, og det var ikkje før på vegen heimatt at eg tok til å føle meg litt…hm, “under the weather”. Hovudet verkte og eg hadde ei merkeleg susing gåande oppi toppen. Om det er normalt veit eg ikkje, men eg får det gjerne i samband med feber. Eg var litt svimmel, men feber føltes det ikkje som.
Så eg poppa eit par smertestillande og var klar til å feire bursdagen til bror min og nevøen min.
Off we go.
Men det blei ikkje akkurat betre så veldig lengje. Etter eit par timar kom hovudverken igjen og eg byrja å føle meg noko slapp.
Sjølv tenkte eg det var trykkjande vêr (torden i lufta-type) og dårleg med vatninntak frå mi si side som låg bak, men eg insisterte likevel på at me skulle hoppe i bilen og reise heim.
Og det i grevens tid! Innan me kom heim var innsida av meg fullstendig på tulletur. Eg fraus. Eg svimla. Eg klara ikkje å sitje oppreist i bilen.
Og så snart bilen rulla inn på tunet, vingla eg meg inn i senga, stupte ned under dyna og låg innpakka medan eg hutra og fraus.
Feberen lot ikkje vente på seg. Sjølv om Dùnedain påsto at det var fordi han ikkje var vidare søvnig at han vimsa oppe halve natta, så mistenkjer eg at det var min feil. Ikkje berre var han uroleg fordi han trudde eg hadde nærmare 39 i feber, men eg kan neppe ha vore  noko særleg å liggje ved sidan av så HOT som eg skulle klare å bli! 😛
Men måle feber var heilt utelukka. Kall meg prippen, men eg skal jaggu vere dauden nær før NOKO får bli køyrd opp bakvegen her i garden!!
Kort fortalt blei natta lang. Eg sov i 5 til 10 minutt, og var sikker på at det hadde gått fleire timar. Så eg sovna igjen, sov i 10-15 minutt før eg vakna igjen og tenkte at NO måtte det vere morgon. Eh, nei.
Slik held eg fram til klokka var 11 neste morgon. Då var tydelegvis feberen gått over, for eg følte meg eigentleg relativt ok? Men vent! There’s more to come…!

Men neglene blei no fine!

Dag 2: Onsdag
Dùnedain var reist til legen (nei, han hadde berre betennelse i ein fing!) då eg rulla ut av senga dagen etter. Han returnerte med test, og der var det to tydelege strekar. Anten var eg på tjukken eller så var det korona. La oss sei det heldigvis var nummer 2. Det går i det minste over!
Feberen var vekk, og i starten berre klødde eg litt i halsen og var litt slapp.
Men så kom nerve-rosene! Jepp, det ordet har eg no teke patent på. Nerve-roser.
Det er nesten som om eg har flekkar rett under huda der nervene har samla seg i små klynger så næææær overflata som dei kan kome, og desse områda blir supersensitive og til tider skyt det ilande smerter gjennom dei. Derav namnet; klynger eller bukettar med ilande nerveklynger. Whoopie! Ikkje veit eg om dette er ei normal greie når ein fyrst pådrar seg Da Rona, men eg er så heldig at eg kan kombinere det med eit knekt halebein! Og gjett TRE gongar kvar ein av desse vonde felta på skrotten min har plassert seg?
Riktig. Akkurat oppå der halebein-ao’en er.
Det minnar litt om den typen smerte eg hadde då eg hadde helveteseld, berre langt ifrå like vondt. Ville ikkje det berre vore heilt supert, om eg klarte å køyre på med ein omgong til med helveteseld når eg fyrst slit med alt dette andre?! Eg kunne jo ikkje time det betre så tett opptil bryllaupet!!

Dag 3: Torsdag
Så var me komne til dagen i dag då. Det er vondt å sitje grunna halebeinet. Det er vondt å liggje på sida grunna ryggen (som berre bestemde seg for å bli skikkeleg vond utover dagen!) og eg kan ikkje liggje på magen fordi då protesterar nakken. Står eg oppreist blir eg svimmel og då var det eigentleg ikkje så mange andre alternativ enn å hengje etter armane i ei ljosekrune eller noko slikt.
Dessutan er sofaen vår eit mareritt å sitje/liggje i når ein har vondt ulike stader, så det blir kontorstolen eller senga.
Ellers hostar eg litt. Bittelitt snufsen og klør/kitlar i halsen. Men det er all ao’en som er plagsom for min del! Eg klarar lissom ikkje å bli komfortabel uansett kva eg gjer!
Så eg poppa nokre smertestillande og sov meg gjennom mesteparten av dagen. Føler meg eigentleg ganske ok no på kvelden, så det går rette vegen! Men OMG det er VAAAAARMT!! Skikkeleg digg å liggje i senga og vri seg som ei våt vaskefille då ja!

Oppdatering følgjer så sant underteikna er i stand til å stable seg opp i sitjande stilling igjen i morgon!
 

 

Pixiebelle Tallulah Arorèe
-Prinsesse & Primadonna, Diva & Dramaqueen-
Fødd 2013

Pixie er visstnok ein feilprodusert vare. Ho har for masse pels til å vere ein Chinese Crested, men for lite til å reknast som ein powderpuff. Dessutan manglar ho temmeleg mange tenner fordi ho aldri mista mjølketennene sine og måtte trekkje ein heilt haug, samt at ho har eit halvt øyra etter eit ublidt møte med ein laushund i barndomen.
Men dette hindrar ikkje frøkna i å vere verdas mest perfekte hundejente i mamma sine auge. Og Pixie VEIT det.
Ho stiller særs strenge krav til korleis ei prinsesse som ho skal behandlast, og ho er van med å få det som ho vil. Bortskjemd? Ja.
Ho er i ein eigen klasse når det gjeld å furte dersom ting ikkje går hennar veg, og er ei vaskeekte mamma-jente. Bortsett frå visst mamsen er streng. Då går ho til papsen for å få trøyst.

Pixie er litt mørkredd. Og ho likar ikkje å vere aleine. Ikkje likar ho regn, masse vind, snø eller torden heller. Dette gjer det heilt klart til ei utfordring å lufte ho når ein er busett på Vestlandet.
Ho slit litt med å forstå sin eigen storleik, så alt som ser bittelite ut på avstand kan ein heilt trygt bjeffe på. Heilt til det nærmar seg, og ho innser at hestar faktisk ER større enn ho. Då er det godt at ho kan gøyme seg bak den store veslebroren Elessär og dytte han fram for å ta dei.
Men i det store og det heile er ho ei pyse av dimensjonar, som er redd sine eigne fjertar og bjeffar på magen sin når den rumlar.

Det beste Pixie veit er jordbær og banan. Så lengje bananen ikkje er overmoden. Då kan det like gjerne vere det same.
Ho er den mest morgongretne hunden du nokon gong har møtt, og skal sove mellom mamma og pappa i senga deira om natta.
Når ho møter nokon nye skapnader, det vere seg folk eller dyr, som ho ikkje har møtt før, så er ho skeptisk. Særs skeptisk. Men gje ho nokre minutt til å forstå at du ikkje er farleg, og ho ELSKAR deg.
Det går rett og slett ikkje an å mislike nurket, sjølv om ho er noko av det særaste som nokon gong har trippa kring på fire fotar.

 

 

 

 

 

Khavi Malawi Maluski

Khavi Malawi Maluski
-Assistenten & Matriarken-
Fødd 2012

Khavi er sjefen i flokken. Namnet har ho etter ein krigarhøvding i Alvefolket, men er det ein ting Khavi ikkje er, så er det ein krigar.
Med mindre nokon er stygg med nokon i syskenflokken! Då hiv ho seg ut i slåsskamp med kva som helst, for ingen rører dei ho er glad i!

Det tok lang tid før Khavi fann ut av dette med jakt. Ho flytta inn med meg medan eg budde på Askøy, og i starten kom ho stolt heim med byte to gongar: Ein gong eit eikelauv og ein gong ei larve.
Teknikken hennar var kort og greit å stupe ut i graset og håpe at ho landa på magen oppå det ho freista å fange. Det funka sånn ‘meh’.
Men etter at me flytta dit me no bur har jaktinstinkta blomstra, og no tek ho (dessverre) både mus og fuglar.
Likevel er det tørrfòr som er det beste alternativet. Ho har endå til gode å kome heim med noko som skal delast, og om det er fordi resultata er så som så eller fordi ho vil ha det for seg sjølv skal eg ikkje uttale meg om.

Kresen? Ja. Det har ho nok etter mor si. Underteikna, med andre ord.
Det skal vere Friskies, og til nauden litt kokt fisk. Noko anna dug rett og slett ikkje.

Sjølv om Khavi beskyttar flokken sin med nebb og klør om naudsynt, er ho ikkje så glad i herrepusar. Dei blir jaga frå gard og grunn så snart dei viser seg. Men andre kjetter blir ynskt velkomne med opne poter.
Ho har opp gjennom åra hatt mange pusevenninner, og ho gamlemor sjølv funderar på om jenta rett og slett er lesbisk.

Sånn til dagleg trives Khavi aller best i Skrivarstovao med mamsen, der ho kan passar på at mamma jobbar og gir ho velmeinte råd når det må til. Og ikkje minst passar ho på at mamsen tek pausar når det trengst!
Dessutan er Khavi ein pratepus. Det blir både mange og lange samtalar, der Khavi ausar av sin visdom. Ho svarar når mamsen spør ho om noko, og så kravlar ho opp på fanget mitt, set klørne i knea mine og ser lengje og tankefullt på meg. Mamsen må dermed berre innsjå at her skal det ikkje skrivast meir på ei stund.
Dùnedain påstår at Khavi må vere ei gamal sjel fanga i ein kattekropp, for ho let til å vere både grublande og klok. Ho finn ut av det ho vil finne ut av, og gir blaffen i alt som ikkje er så viktig. Og ikkje minst nyttar ho sjansen i å sjå dumt på papsen når han gjer noko som rett og slett blir for dumt.

 

Halebeinsblues!

Halebein! Halebein! 
Møt Blå Stein! 
And then there was pain …

Soundtrack: Warmen – Somebody’s Watching Me

Då eg vakna i dag tidleg var eg ganske så sikker på at ting hadde på mystisk vis klikka på plass baki systemet. Men det må ha vore dei smertestillande som framleis var ganske så aktive, for etterkvart som dagen seig på blei det klart at det ikkje sto så bra til som eg hadde håpa.

Men eg har for mykje å gjere til å liggje endå ein dag i horisontalt leie og vente på betre tider. I retrospekt kunne eg heller ha knekt foten, sjølv om vegen tilbake til kvardagen då hadde blitt noko lengjer. Men eg hadde i det minste vore i stand til å utføre litt fornuftig arbeid om eg berre hadde klart å sitje normalt!
Så no sit eg på eit lite tårn av puter og tepper under stumpen og freistar å kome gjennom arbeidsmengda mi. Det dug. Ein kan ikkje akkurat gå med stompen i fatle heller.
Dermed prisar eg høgare makter for smertestillande og mjukt sitjeunderlag, og hiv meg rundt for å gjere det som står på timeplanen.
Wish me luck! Here we go!

Utdrikkningslag: Pride, øydelagd halebein og vibratorar!!

Så vakna eg med gangsperr i låra, eit halebein som føles som det har vore gjennom krigen og eit STORT smil om munnen. Såpass må ein tåle når dagen i forvegen var så herleg og fantastisk!! PS! Detta blir LANGT!!

Soundtrack: Eminem – Cleanin’ out my Closet

Eg har verdas beste vener. Det visste eg frå før av. Men dei arrangerte ein heilt fantastisk dag for meg i går, og eg er så glaaad! Så får det vere at eg i dag går som ei gås med isjias og eit egg klart i toaren.
Når ein når min alder så er det klart at ein har ein venekrets der det er både jobb, kids, trong økonomi og store avstandar i flokken, så eg er kjempeglad for at jentene mine hadde greidd å gjete saman ein såpass stor gjeng som dei gjorde! * bukke djupt * Eg hadde ein herleg dag som var så Lokkrisk som ein dag kunne bli!

Dùnedain var blitt involvert i planane, men den stakkars guten kan ikkje lyge og ikkje halde så godt på løyndomar. Så eg byrja å fatte mistankar både då han var veldig klår på at eg ikkje skulle overhøyre telefonsamtalar eller sjå på telefonen hans då han fekk meldingar. (og sånn i fall nokon trur eg er ei slik nyfiken drittkjerring som sjekkar telefonen til kjærasten min: Nei. Men det skjer ofte at han ber meg sjå kven han har fått melding av når han har hendene fulle med noko anna!)
Klokka halv to på natta fann han i alle fall ut at me måtte opp klokka kvart på ni neste dag, noko som blei følgd opp med eit gisp frå meg: -Eg må dusje dersom me skal noko!
-Ja, og så må du pynte deg litt. Sminke deg og sånn.
Jau. Ingenting mistenkeleg der når ein har eit mannfolk som ALDRI finn på noko frivilleg før etter klokka 15 på dagen, og JAFFAL ikkje på ein laurdag!!
Nokon hadde lagt planane for han, det var i alle fall ganske så sikkert.

Så neste morgon blei eg plassert i bilen og han køyrde meg til by’n. Til Parkveien. Vegen måtte eg finne ut av, for han var litt usikker på kvar Parkveien faktisk låg.
Og i det me svinga inn framfor Nygårdsparken utbraut eg: -Der står jentene jo!
Nett’n, Janne, Solveig, Wenche og Sara venta med frukost, og FOR ein frukost! Det var eggerøre, rundstykkjer, fruktsalat, kyllingvengjer, croisantar….Hjelpes. Og den blei innteken til nostaligiske tonar frå East 17! (aaaaw, you remembered guys! You guuys! <3 )

Bridezilla dukkar ned i koldtbordet med STOR entusiasme!

Ikkje lengje etter kom Gabbi susande på ein e-scooter og Harelabb kom hakk i hjel.
Så var det dekka for litt leik og morro medan champangekorkane small i alle rettningar. Det blei stafett (og mitt lag VANN!! Fordi eg er WonderWoman og sprang siste etappen med Solveig på ryggen!!) og pakkeleik! Og trøystepremie i form av Jägermeister til taparane. Og vinnarane. ALLE fekk Jägermeister til sjuande og sist!



Under stafetten må det nemnast at Gabbi presterte å lede meg rundt FEIL tre, så eg er mektig stolt over at me innhenta oss etterpå!! ^^

Så skulle brura pyntast opp. Og her LEIKAR me ikkje utdrikkningslag! I tillegg til kruna med fjær og rosa slep, og banner med Bride to Be, som dei allereie hadde gitt meg, blei eg stæsja opp med solbriller, verdas kulaste leggvarmarar og ein hinsides klovneparykk som ein berre MÅ elske. I tillegg fekk eg meg ein liten tuttekopp som dei passa på at til ei kvar tid inneheld noko med alkohol i. Eller vatn når eg ba om det, for til og med EG skjønar at ein kan ikkje køyre ein heildagers hurra-meg-rundt utan litt H2O i skrotten!

 

TAAA-DAAA!

Så var jentene klare til å gå for å farge byen raud. Eller regnbogefarga som kanskje var meir treffande, for i Bergen var det tid for PRIDE PARADE!!

Og dit var det me skulle etterpå. Det passa eigentleg heilt supert, for eg har ALLTID hatt lyst å gå i Pride Parade, men det har ALDRI falt seg slik at det har klaffa! Denne gongen derimot fekk me plass bak Fincken-vogna og det blei flagg og hurra og lett dans bortetter gatene!

 

 

 

Etter ein knapp pause med soft-is og ein blås i bakken peisa damene på med utfordringane. Og dei var ikkje reint få heller!

Fyrste post var levande statue. Sånn for å vere heilt sikker på at eg skulle hugse kva eg hadde drive med den dagen tok eg eit lite fall på Den Blå Steinen og herpa halebeinet mitt ganske heftig. Der og då var det ikkje så vondt, og så snart damene mine spretta spritflaska så var det ikkje så mykje eg merka til det. Kom igjen i dag, vel å merke!! Her må me ha mjuke tepper og puter og alt mogleg under stumpen for å klare å sitje oppreist….!
Men hjelpes. Det var så absolutt verd det!!

Etter at eg hadde vore statue skulle eg syngje. Akkompanjert av blokkfløyte på Torgallmenningen. Og underteikna kan berre LANGE songar. Så det blei Margit Hjukse, Kadlen og Katten og til sist Smedola Løa.


Etter det var det ned på Fisketorget for nye utfordringar. Eg måtte tigge til meg FEM ting gratis i bodane der nede. Etter å ha skaffa ei svele, ein sjokoladesmaksprøve og ei toalettmappe fekk eg beskjed om å få tak i to ting til som IKKJE kunne etast, med ein diger marshmallow i kjeften.
Og eg tok utfordringa og kom tilbake med….ein serviett og ei plastskei. Haha!

Så skulle eg proklamere eit erotisk dikt framfor Zaccen (men eg kan ikkje gjengje det her, for eg hugsar overhovud ikkje kva eg sa! Men det blei godkjend!) før Nett’n sa eg hadde heile dagen til å klare neste utfordring: Skaffe meg ein klem eller eit kyss på kinnet frå ein politimann/dame.
Verdas skjønnaste politimanna rusla rundt like bortanfor, så eg sprang bort og spurde fint om eg kunne få lov å gje dei ein klem.
Han eine sa han tykte eg var så fiiiin, og at han hadde sett meg rundt i by’n i løpet av dagen, så eg blei litt happy då! Hihi! Men klem fekk eg, og før eg fekk avslutte denne delen av galskapen måtte eg få nokon til å hjelpe meg over gata utan å snakke med dei. Det var faktisk den vanskelegaste utfordringa, for når du ser ut som eg gjorde så var eg livredd for å skremme nokon! Ein skulle tru eg var van med å freake folk ut, men då held eg meg vanlegvis på avstand og er skummel!
Men to snille damer kom til sist bort til meg og forsto miminga mi, så dei hjalp meg. <3 Skulle dei kome til å lese dette på ein mystifistisk måte, så TUSEN TAKK! 😉

Deretter var det mat på China Palace. Eg var mett som * poff * etter alle smaksprøvane, isen og ein DOBBEL frukost! Så eg klarte nesten å ete ein vårrull. Haha!
Medan me var der dukka både Linn og Ingeborg opp!

Men heilt ferdige med utfordringane var dei ikkje, for når me kom utanfor måtte eg leike blindebukk. Gjennom rulletrapper, trapper, fotgjengarovergongar….Sende ei forvirra veggalus som meg på tur med bind for augo? Galskap.

Me stansa til sist framfor Kondomeriet, og der vanka det boblevatn, jordbær og sjokoladekjeks, og eg fekk MASSE-MASSE rabattar på ting! Det kom då fram at det var til dette formålet eg hadde vore nøydd å samle inn pengar tidlegare på dagen. Eg hadde fått ein plass mellom 400 og 500 kroner som skulle gå til nye leiketøy!! Dermed gjekk eg derifrå med ein vibrerande penisring, ny Womanizer, glidemiddel med bubblegum-smak og orgasmeolje!

Den er kanskje -litt- liten, Linn??

Me reiste på laser tag på Damsgård, og til å vere litt maroder tykte eg sjølv at eg rula ganske bra. Hurra! Vann BEGGE gongane! (mistenkjer at dei kanskje LOT meg vinne, for eg var jo temmeleg ubrukeleg!!)
Og premien? TEQUILA!!! 😀 😀 😀

Regnet kom i det me gjekk utatt derifrå, og etter det skulle me berre vere inne så det passa bra.
Duggfrisk neste, og der har eg ikkje vore sidan det var ein brun sliten pub for gamle alkisar! No var det pussa opp og fresha til og heilt utruleg fint blitt! Så då kom drikkevarene på løpande band.




Det blei dansa og ledd og drukke og hoia til ut i dei små timar. I alle fall i så mange timar at me fann ut det var på tide med kvar si baconpølse og ein telefon til våre betre halvdelar om at me ville heim.

Eg kosa meg i alle fall glugg. Tusen takk for ein fantastisk dag jenter!! De er berre BEST!!

Anmelding: World War Z

Amerikansk zombie/action-flick (2013)
Med Brad Pitt, Fana Mokoena & Daniella Kertesz
Regi: Marc Foster
Lengde: 1 timar 56 minutt

Puristane rasar gjerne over denne. Ingenting stemmer med romanen som Max Brooks skreiv i 2006, og Brad Pitt er den teitaste mannen i to sko. Men eg likar denne filmen. Faktisk så godt at eg har sett den….litt vel mange gongar. 

 

Zombiefilmar er min favorittsjanger. Og eg kan ikkje sei eg har sett veldig mange dårlege filmar med Brad Pitt heller. Eg syns han er ein flink kar.

Denne gongen er han ein FN-etterforskar som må reise jorda rundt for å finne ein kur eller eit eller anna som kan hjelpe menneskeheita i

kampen mot zombiane som er i ferd med å ta over verda.

Vanlegvis tek zombie-sjangeren for seg korleis nokre få utvalde strevar med å overleve i ei (post-)apokalyptisk verd, der dog-eats-dog er refrenget.
Denne gongen får me ein litt annan vri, og eg syns det er heilt greit.
Eg likar at det startar så koseleg, med ein heimeverande pappa som mekkar pannekaker og ein familie som leikar 20 spørsmål saman i bilen. Sånn akkurat i det helvete bryt laus.
Det blir action og skyting og ein mann som blir sliten mellom familien og plikta til å hjelpe menneskeheita, og det funkar. Syns eg.
Dessverre er det enkelte ting som ikkje funkar, som at zombiane spring. Eg veit ikkje kor mange gongar eg må understreke dette før nokon i filmbransjen tek meg seriøst, men om det er levande daude som utgjer zombietrusselen, SÅ KAN DEI IKKJE SPRINGE!! Dei skal slepe seg framover som ei altoppslukande masse og gnage laus på eit kvart lem dei kjem over. Det er zombiar.
Om ein vel å lage ein annan vri på det, sånn som dei til dømes gjorde i 28 Days Later eller oppfølgjaren; okay. Men då er dei strengt tatt ikkje zombiar lengjer, utan at det for så vidt gjer så mykje. Cred til britane for den anyways.

Innimellom haltar grafikken litt. Eg føler gjerne eg sit og ser på nokon som spelar ein eldre versjon av Resident Evil meir enn ein faktisk film som har hatt eit ganske så allright budsjett (190–269 million dollar), og ein kan ikkje klandre tida for dårleg animerte zombiar heller. Det har blitt laga mange gode filmar med betre grafikk lengje før Brad byrja å rulle rundt i zombie-pit’n.

Nokre logiske bristar er det òg, som når Pitt’ern flyg på kryss og tvers rundt kloden med militærflyet sitt, og me sit att med inntrykk av at kvar flygning tok omtrent like lang tid som strekninga Bergen-Oslo. Det blir litt teit. I tillegg får det vere måte på kor mange gullhår den fyren skal ha i ræva gjennom filmen. At han ikkje gjekk av med pensjon etter å ha vunne hovudpremien i LOTTO ein 8-10 gongar, er eit under.

Men til sjuande og sist ser eg veldig mellom fingrane på alle tinga dei har tulla med i denne filmen. Det blir aldri keisamt, og sjølv om eg føler det stort sett er meir action enn skrekk, så har det nokre skikkeleg intense scener som dreg heile bøtteballetten opp på eit eige nivå.
Folk kan krangle til dei blir blå i trynet med meg om dette, men eg syns filmen er verd å sjå. Igjen og igjen og igjen ….obviously.

Topp 100 Horror Movies!

Skrekkfilmar er ein av mine aller største lidenskapar. Eg ELSKAR skrekk. 
Så her er mi liste, med anmeldingar, av skrekk og gru som eg har kosa meg med gjennom tida. 
Den vil konstant endre seg etterkvart som eg bestemmer meg for at ein film er betre enn ein annan! Enjoy!

1)  World War Z – 2013
2) It Comes at Night – 2017
3) Our House – 2018
4) Texas Chainsaw Massacre – 2022
5) Day of the Dead: Bloodlines – 2018

Note: Denne lista baserar seg på det EG meinar er viktig i skrekkfilm-samanheng. Historia/manus, kor intens den blir, effektar og foto, blant anna. Eg er ikkje kresen på skrekkfilmar, men eg ER kresen når det kjem til kva eg kallar ein GOD skrekkfilm!